Ei stor, lita bok! Sommaren 2009 studerte eg spansk i Salamanca og var innom eit utdrag av "Lazarillo de Tormes" i original, som eg tidlegare kjente frå Sigmund Skards omsetjing frå 1970-åra. vel heime skaffa eg meg utgåva i Thorleif Dahls kulturbibliotek - ære vere Aschehoug for denne serien - og koste meg med heile originalen saman med det som altså er Olaug Berdals omsetjing, forord, etterord og notar. Dette gav lesinga ein ny dimensjon. Originalen er ikkje lett, men Berdal var til god hjelp. Boka er eit av dei mange verka som viser Spania frå undersida. Lærerik - på mange måtar! Og så har eg altså sett statuen i Salamanca av Lazarillo og den blinde herren hans. Estupendo!
Sprudlande, eventyrleg - det spanske samfunnet sett nedanfrå, starten på den moderne romanen. Ekstra interessant fordi eg i fjor var i Salamanca, der det står statue av Lazarillo med den blinde herren. Ei bok som vekkjer gode minne om litteraturstudiet mitt i Salamanca!
Eg høyrde på høyrespelelet med ungane mine, så las vi boka - og så høyrde eg høyrespelet att som lydbok i bilen for nokre få år sida. Like spennande! Eg synest faktisk at høyrespelet er best!
Ja, "Tour du monde en 80 jours" er og blir ein tidlaus favoritt. Eg har repetert boka i form av Radioteatrets versjon frå 1959, som har gått i radioen i sommar - med Claes Gill som Phileas Fogg. Strålande! Og operaversjonen går i fjernsynet for tida: Nei, og nei - spenning og eventyr, leik og moro, og satire av dimensjonar ...
Hos meg høyrer Robert Musil enno til dei ulesne. Og så har eg nokre hol i romanane til Dickens. Ikkje har eg lese Tor Ulven heller. Det er dette eg tenkjer mest på. Kvifor bruker eg då tid på "Berhard Hvals forsnakkelser"?
Eg klarer ikkje heilt å bli gripen av Bahá'í, heller ikkje fullt ut å skjønne tankegangen, men eg er glad for å sjå at denne religiøse retninga er ein alliert i kampen for universell fred!
Nettopp kommen heim etter den årlege turen til Blaafarveværket - denne gongen var tittelen på utstillinga "Sammen". I katalogen blir tre kunstnarpar presenterte: (1) Oda Krohg og Christian Krohg, (2)Julie de Holmberg Krohn og Xan Krohn og (3) Unni Askeland og Sverre Koren Bjertnes. For meg, som har tolking av litteratur som del av yrket, er det fascinerande å lese korleis kunsthistorikarar tolkar måleri og fortografi. Forfattarane er Tommy Olsson, Allis Helleland, Knut Ljøgodt, Kari Lien og Ina Johannesen. Olsson trekkjer fram Tor Ulven, mens Helleland gir oss Walt Whitmans tekst som har inspirert Askeland til uttrykksfulle måleri. Jo, her krysser litteratur og kunst einannan, til glede for lesaren!
Bokklubbens "Verdens hellige skrifter" er eit prisverdig initiativ, og ein lyt vel finne seg i at ein del bind er ganske fjernt frå hovudinteresseområda. Bindet med "New Age"-tekster kjem for meg heilt klart i denne kategprien. Men det var verkeleg interessant å møte Emanuel Swedenborgs "Om Himmelen og Helvete" her; ingen som har lese Maria Gripes bøker gløymer vel nokon gong denne svenske filosofen! Her er han - om enn på norsk ...
Ta romanen i porsjonar. Eg har lese litt vekselvis på norsk og spansk, sett filmversjonar og har no boka på mp3-spelaren. Etter kvart lærer eg boka å kjenne. Suerte!
Som spansklærer er det flaut å innrømme at jeg ikke har lest Don Quijote. Jeg har den på både norsk og spansk i flere utgaver. Jeg har lest mange utdrag av den, men kommer bare aldri i gang med å lese hele boken. Det skulle egentlig være mitt prosjekt for sommeren, men ferien var over før jeg fikk sukket for meg. Altfor kort!;-) Kanskje den heller får være målet for høsten.
Ja, dette har du heilt rett i. Forferdeleg å lese om korleis slavane vart behandla av danskane.
Mosterens raushet gjenkjente de som en stadig gjentatt holdning, også i noen av hennes romaner som når hun hadde latt Jenny si: 'Det er bedre å få for lite av det nødvendige, enn aldri å kunne få litt av det som er overflødig.'
En annen gang måtte Fredrik Paasche og Sigrid Undset søke dekning i en snøgrop. Han hørte at hun mumlet et eller annet midt i flyduren; hva var det hun sa? ropte han over til henne. - Måtte fan ta Hitler, sa jeg! ropte hun tilbake.
Eg sluttar visst aldri å undre meg over at enkelte forlag skryt så uhemma over elendige bøker at nokon til slutt trur at ei bok er god når forlag og bokklubbar har lovprist makkverket lenge og høgt nok. Eg kjøpte "Om så det gælder" i Skagen i fjor - og fatta samanhengen (kven som var skurken og korleis no dette vville gå) etter at få sider var lesne, på ferie i vårt blide naboland. Og dette skulle liksom vere spennande om andre verdskrigen i Danmark?
Kjenner eit par som reiste i fotspora til Thorkild Hansen og brukte bøkene hans som reiseførar.
For ei veksling mellom fortid (danske slavar i Karibia) og notid (forfattaren på reise på øyane der slavane arbeidde på sukkerplantasjane)! Fortida kjem nær oss; det er som om vi opplever slaveopprøret på kloss hald! Dette er stor litteratur!
Gripande om dei kåra som danske slavar måtte leve under på overfarta frå Afrika til Amerika.
Like lite som Lars Saabye Christensens "Herman" handlar om å miste håret, handlar Merete Morken Andersens "Hav av tid" om sjølvmord. Det burde eg ha visst, men eg grudde meg litt for å gå inn i denne romanen fordi eg jo visste at hovudmotivet var sjølvmord. Så viser det seg raskt at dette er ei bok om kontakt og isolasjon, om ansvar og oppbrot, om å finne saman. Det er så gnistrande godt gjort - ikkje rart at forfattaren fekk kritikarprisen i 2002! Eg har lese Morken Andersens "Skriveboka", og det er ein fryd å sjå korleis den skjønnlitterære forfattaren Morken Andersen praktiserer det som teoretikaren Morken Andersen forklarer om gode skriveteknikkar! For eit poetisk språk!
Sjæl, vær trofast till det sidste! Sejrens Sejr er alt at miste. Tabets alt din Vinding skabte; - evigt ejes kun det tabte!
Eg har lese boka på engelsk, og eg vart ikkje imponert over verken språket, synsvinkelbruken eller komposisjonen. Dette var elendige saker, søtsuppe av verste slag. Klart at sjølve historia om den spanske borgarkrigen er fengslande og dramatisk, men denne delen av boka verkar som eit kunstig poeng, utan kjøt og blod og heilt kjemisk fri for medviten bruk av litterære verkemiddel. Og alle som så vidt har lese skjønnlitteratur, anar samanhengen etter nokr efå sider av borgarkrigsdelen.