Ei bok som viser oss eit kvardagsmenneske som er med på å skape verdshistorie gjennom aktiv kamp mot fascismen: Vetla Veslesens bror Helge Hansen blir her portrettert slik at vi forstår kva okkupasjon og motstand inneber. For ein kamp! Ei innvending blir likevel at forfattaren kanskje gjer stoffet for lokalt og at det fungerer best i Hansens nærmiljø? Kunne betre forlagshjelp ha lyft boka opp på eit meir allment plan utan at det gjekk ut over den personlege tonen? Ikkje alltid er det like lett for ein utanforståande å følgje trådane - sikkert eit resultat av at forfattaren står så nær stoffet. men lyft no boka fram!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg deler vurderinga di av denne boka, men det er interessant at boka kom på det tidspunktet ho kom - sett i lys av dagens konflikt mellom verdiar frå etterfølgjarane dei to kulturane som Holland skildrar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Godt gjort av det klassiske miljøet i Noreg å gi ut eit tidsskrift om antikkens språk og litteratur! I nr. 82 er nordmennene òg aktive: Egil Kraggerud skriv om Sallust (Cat. 57.4) og Horatius (Ars Poetica 119-120), men heldigvis òg om vergil ("Two Cases of Emendanda in the Eclogues"), Hélène Whittaker tek opp den interessante fjerde eklogen hos Vergil (i lys av dei eleusiske mysteria) og Johan Henrik Schreiner tek føre seg slaget ved Phaleron. Sjølv om denne lesaren på langt nær kan vurdere dette stoffet i den same augehøgda som artikkelforfattarane, gjer det godt å lese grundige behandlingar av den litterære og språklege kulturarven vår.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Åge Fjeld, 88 år ung, er kjend som usjølvisk talsmann for arbeidsfolks rettar, særleg lokalt - i Moss -, men er òg aktiv nasjonalt, i det siste i kampen mot ulovleg politisk overvaking. Sjølv om boka hans med minne frå antifascistisk arbeid, kommunepolitikk, fagforeingsarbeid, fredsarbeid og internasjonal solidaritet kunne ha tent enormt på profesjonell konsulenthjelp, er ho viktig og fortener å bli lesen som eit handslag til ein stor mann av det stoffet som ei god framtid blir laga av.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, eg driv med latin, ja, og har ein liten eksamen. Ein Roma-tur med "Med dikterne ...", der eg står oppført som gratulant, hører med til planane.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, det skal vere sikkert og visst! Denne gongen var vi i San Clemente, Museo di Roma (flott utstilling med måleri som viste il Risogrimento), Sant'Andrea della Valle og The Keats-Shelley House av nye plassar - i tillegg til repriseturar til koselege stader. Og så går bokelskarar i bokhandlarar, då - kjøpte Roma-fararane Keats og Shelley og dei lokale Gramsci, Fo og Tabucchi. Og er i gang med å planleggje neste tur ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tilbake til Roma, ja: Her hos meg har vi reist tilbake til Roma fire gonger; det hjelper nemleg å kaste mynt i Fontana di Trevi. Denne gongen hadde eg altså med "Romersk religion" - eg trur nok at moderne forskarar, som det blir vist til i forordet, har rett i at romersk religion er spenstigare og meir fleksibel enn mange meinte før, men tekstutvalet gir likevel god dekning for tradisjonelle oppfatningar om at det regelbundne stod sterkt. Her i boka møter vi tekster av Cicero, Ovid, Plutark, Cato, Augustin og andre - fyrst og fremst Vergil. Godt at vi har Egil Kraggeruds gjendikting å ause av! Mn utgivarane har, kanskje for å spare plass, trykt Vergil delvis som prosatekst, utan omsyn til at Kraggerud har prøvd å få fram Vergils versemål, og då blir lesinga kronglete når vi møter inversjonar i prosatekster. Bortsett frå dette - og at omsetjarane både bøyer norske verb feil og feilaktig bruker "*Dere" som høfleg pronomenform i staden for "De" - byr utgåva på få irritasjonsmoment. Derfor er det berre å nyte tekstene, som handlar om generelle oversyn og karakteristikkar, om historie og mytar, teikntyding, spådomskunst, heilage stader og heilgdomar, kalenderar, presteskap og mykje anna, m.a. eit utal ritual, bøner og hymnar. Særleg interessant var det å lese Mithras-tekster fordi vi var i restane av Mithras-tempelet under San Clemente-kyrkja. Jo, antologien med romersk religion gjorde opphaldet endå rikare!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei koseleg trykksak om nær og lokal historie. Godt at nokon tek vare på slikt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er tilbake frå Toscas Roma - tidsnok til å rekkje "Tosca" i radioen i går kveld. Nei, Roma skuffa ikkje!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

På farssida stammar eg frå Røyken, og i "Røykenbok", opphavleg gitt ut i 1928, har læraren åt far min skrive om alt frå planteliv til fabrikkar, for ikkje å snakke om mykje gammalt sagnstoff. Godt å ha ein del av røtene sine mellom to permar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk skal du ha! Fin blogg!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så "Bukkefesten" er filmatisert?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dersom eg klarer å reinskrive manuskriptet, kjem dokumentet på Internett, kanskje ved årsskiftet. Av Vargas Llosa kjenner eg best "La fiesta del chivo", som burde vere eit stjerneeksempel på ein komposisjon i - ja, akkurat: - nobelprisklasse. Litt lang å lese i skolen, kanskje, men noen utdrag kunne gjere seg for å vise korleis forfattaren nærmast går i Ibsens fotspor med ein retrospektiv teknikk. Sjølv har eg gått i fotspora til romanfigurane i Santo Domingo og Moca i Den dominikanske republikken ...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ingen tvil: "Amor en los tiempos del colera" ("Kjærleik i koleraens tid") av Gabriel García Márquez og Sigrid Undsets "Kristin Lavransdatter".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tilbake frå ei veke i Roma med Antonio Gramscis "Quaderni del carcere" I-IV i kofferten har eg lese opp att Roger Simon: "Gramsci's Political Thought". Tittelen held kva han lovar; dette er ei innføring - og for ei innføring! Klart og enkelt lagt opp, med parallellar til det som for Simon var samtidig britisk politisk realitet. Boka viser at Gramsci er aktuell i ei verd som skrik på endring.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg kan jo slutte meg til rekkja av dei som har lese begge bøkene - som eg har har skrive før, har eg vore gjennom det spansk og på dansk-norsk, og for tida repeterer eg verket som lydbok. For eg blir aldri ferdig med det; ein kan ikkje krysse av for mannen frå La Mancha. Nyleg hadde eg forresten ei førelesing om korleis ein kan bruke "Don Quijote" (og annan spanskspråkleg litteratur) i skolen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"A Christmas Carol" av Dickens er alt nemnd, men i alle tilfelle bør du òg innom Alf Prøysens "Snekker Andersen og julenissen". Og så kan du prøve å få tak i Hans Aaneruds forteljing "Tyv i lyset". Hugs at Ibsen i "Et dukkehjem" legg handlinga til jula for å få fram kontrasten mellom forventning om lykke og harmoni og dei realitetane som pregar det borgarlege samfunnet ...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dette er sånn jeg også har det! S er gul hos meg og. Jeg antar at I-en din er hvit, det er min også. Rart at synestetikere ofte gir samme farge til bokstavene. Lurer på hva synestesi skyldes, og hvorfor man ender opp med å knytte den ene bestemte fargen til akkurat det tallet/ den bokstaven :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk for boktips! :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg er også synestetiker, men det strekker seg ikke lenger enn til at jeg sanser farger ved bokstaver og tall. Som en følge av dette har forskjellige navn og nummer ulike farger. Jeg føler ikke at det preger meg i særlig grad i noen sammenheng, heller ikke når det kommer til litteratur. Det eneste er at jeg kanskje husker relativt godt som en følge av dette, som Ellen nevner nedenfor.

Synestesi er et interessant fenomen, men jeg har ikke klart å oppdrive mye informasjon om emnet. Jeg har kun truffet en annen synestetiker, det var ganske morsomt da flere av våre bokstaver og tall har samme farger. Noe forskning har bekreftet er tilfelle blant synestetikere. Forskning har også vist at så og si ingen synestetikere ville vært foruten "lidelsen" sin.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilAnne-Stine Ruud HusevågMargrethe  HaugenHarald KVibekeEster STore HalsaKirsten LundBjørn SturødCecilie69Per LundSverreTine SundalJane Foss HaugenRandiAMartesiljehusmorEli HagelundAlexandra Maria Gressum-KemppiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterTanteMamieStig TTone HAud Merete RambølSynnøve H HoelBenedikteIna Elisabeth Bøgh VigreBente NogvaGrete AastorpJulie StensethLene AndresenNinaEllen E. MartolElin SkjerengTatiana WesserlingKarin BergKari FredriksenMorten MüllerMartin