Heldgvis finst det eit korfatta oversyn også over den lange, danske kongerekkja. Heller ikkje ein republikanar skal gå seg vill i jungelen. Her kom usikre namn og slektslinjer på plass. Litt av kvart å halde styr på, men ved hjelp av Dehn-Nielsen går det bra!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"Sverige eller Danmark?" er spørsmål i Aftenpostens "Reise". Eg lyt svare Danmark - pga. kafeane med sild og flæskesteg og leverpostej og rødspette og Tuborg og Gammel dansk. Her er boka med kafeane og maten. Særleg flæskesteg på Sorgenfri er god.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Nei, det er visst "L'Oreille Cassée". Elles takk!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, det var denne her, ja. Tusen takk! Treng tittelen for å vise til ei litt uheldig form for politisk kultur (maktskifte i form av statskupp) i den spanskspråklege verda. Så no skal eg bestille den franske utgåva.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg ser at du har Tintin-bøker. Har du den boka der Tintin er in Sør-Amerika og opplever statskupp på statskupp i si jakt etter noko som har med ein statue å gjere? dersom svaret er ja: Kunne du sende meg den franske tittelen på boka?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, ingen tvil om likt syn på kvaliteten på innhaldet, når det gjeld ansvaretvårt overfor andre. Eg har verket i tre bind og finn ikkje sitatet i farta, men eg er usikker på om Kjetsaa har brukt "å" alle dei stadene der du har dette ordet (i staden for "og").

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Utfyllande og med treffande eksempel. Til å lære av.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eit fint supplement til andre bøker om diktanalyse; her er intervju med Rolf Jacobsen og Paal Brekke ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fortidas makt over sinna er eit tema som engasjerte både Marx og Ibsen. Her følgjer Giles Trmlett opp på sin måte: Korleis Spanias fortid rir landet som ei mare. Nyttig for å forstå landet i dag.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har du no sitert heilt rett her?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jo, da, ei kort innføring - greitt nok, men ikkje akkurat spenstig.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Artig, slentrande og samtidig seriøs og informativ om bakgrunnen for og innhaldet i dagens Spania. Ei nødvendig bok, skulle ein tru.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så godt redigert denne boka er, av Martin Nag og Finn Pettersen, i Nordahl Griegs ånd: reisebrev, avisreportasjar, intervju - mykje "nytt" stoff, for det meste om borgarkrigens Spania, men òg viktige tekster frå tida etter at fascismen også nådde landet vårt, og Grieg gav livet sitt. Ja, ei reise gjennom Griegs tid og vår tid.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Der er vi nok heilt på linje. Sunde kan jo skrive; forteljinga har nerve og perspektiv.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Som gymnasiast gjekk eg inn i ein bokhandel og spurde: "Har De bøker om litterær analyse?". "Kva er det for noko?" spurde bokhandlarmedhjelparen, og eg skjønte korleis det måtte vere å spørje etter torskelever i ein fiskebutikk og bli møtt med eit blikk like intelligent som ein torsks. Men eg fann boka sjølv, og har aldri angra på kjøpet. Ennno dannar mønsteret i denne boka for tolking av dikt og noveller i gjerninga som lesar, evig student og lektor.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Latin lærte eg meg sjølv av denne boka for mange år sidan. Litt seinare hjelpte ho meg under meir seiøse studiar språket, og seinare i livet sitt og mitt har ho alltid stått til teneste når uklare ting dukkar opp.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja visst, han engasjerer, også når hans skildrar det som ofte oppfattast som trivialitetar ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

All erfaring tilseier at kanon er vanskeleg å setje opp - utan eg derme der nokon kulturrelativist. Men "steinbra, reflektert og velskrevet" (og går derfor utanpå Solstads 1970-talsromanar. Fyrst og fremst ei åtvaring mot fascismen, eit forsvar for den lovleg valde spanske republikken og ei hudfletting av den borgarlege, passive humanismen. Eit tankekors av dimensjonar at heller ikkje modellen for Kira slapp unna Stalins terror.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Edvard Hoem engasjerer, passe subjektivt og passe objektivt. Han seier at "Nederlaget" ikkje er skriven på bakgrunn av borgarkrigen i Spania, men som kommentar til dei ulike fraksjonsstridande i Sovjetunionens kommunistiske parti. Men Grieg var då vel meir vidsynt enn som så - det var neppe berre éi hending i samtida som fekk han til å skrive eit historisk skodespel. "Nederlaget" samanfattar nok "alt": ulike syn på strategi og taktikk i Spania så vel som i Sovjetunionen, Hitlers og Mussolinis opprustning, vegen fram ...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I 1962 ville Nordahl Grieg ha vore 60 år. Det var han for god til - han måtte kjempe mot fascismen, om nødvendig med livet som innsats. "Dø om du må," skreiv han ein gong. Men denne minneboka viser at han tankane hans levde i 1962, slik dei enno er aktuelle i dag. Her er gamle og nye ting, umåteleg variert, av og om Grieg, tekster av forfattarar, skodespelarar, litteraturforskarar i inn- og utland. Arne Pettersen skriv om møte med modellen for romanfiguren Kira i "Ung må verden ennu være"!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Eli HagelundAlexandra Maria Gressum-KemppiKirsten LundsiljehusmorAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterTanteMamieStig TTone HAud Merete RambølSynnøve H HoelBenedikteIna Elisabeth Bøgh VigreBente NogvaGrete AastorpJulie StensethLene AndresenNinaEllen E. MartolElin SkjerengTatiana WesserlingKarin BergKari FredriksenMorten MüllerMartinmarithcGeir SundetEvaNorahFindusTone SundlandmarvikkisKristine LouiseAnniken RøilAnne-Stine Ruud HusevågEgil StangelandEmil ChristiansenHilde H HelsethPia Lise SelnesHarald K