Sikkert interessant! Dostojevskij og Hamsun er kontrastar og parallellar, sjølvsagt mest det siste. For meg er "Pan" den største av Hamsuns romanar, kanskje fordi eg er eit slikt eit skogmenneske ...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sjølv om nobelpris i seg sjølv kanskje ikkje er noko objektivt argument for kvalitet, er det nok synet ditt som eg er mest einig i i denne desse diskusjonane om "Markens grøde". Eg synest ikkje at det er vanskeleg å vere ueinig med Hamsun og samtidig bøye hovudet for måten han skriv på.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Betre enn mange andre innføringsbøker - eit positivt trekk av forfattaren å vedgå korrigeringar av Øivind Andersen (sikkert lurt å høyre på han ja).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Overflatisk og lite problematiserande.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette nummeret av Agora handlar om italiensk filosofi; Antonio Gramsci – og aktualiteten hans – er no så vidt nemnd, heldigvis, og gir Ragnar Braastad Myklebust, som har skrive forordet, rett i at det har skjedd ei nyorientering innanfor Gramsci-tradisjonen i Italia, og det er denne utviklinga som heftet tydeleg illustrerer. Men ikkje å gå tilbake til Togliatti og også vurdere aktualieten hans synest er overraskande. For bokelskarar bør absolutt Luigi Pareysons essay “Lesning og utførelse” studerast grundig; det er om møtet mellom lesar og kunstverk og “fortolkerens dobbelte bevissthet”. Pareyson blir studert grundigare i ein lesverdig artikkel av Jens Viggo Nielsen, “Luigi Pareyson og eksistensialismen”. Eg blir glad for å bli opplyst – i Augusto Ponzio og Susan Petrillis “Semioetikk, bioetikk og etikk som førstefilosofi” – at Roman Jakobson “omformulerte Terents’ utsagn ‘homo sum et nihil umani a me alienum puto’ til ‘linguista sum et nihil linguisticae a me alienum puto’”. Slik skal det vere!. Elles skriv Cristina Corradi om “Marxismenes historie i Italia” – ja, slik er det i Italia - og Mårten Björk om ”Kommunism och antipolitik. Utvägar och flyktforsök från kapitalets reella underordning”, utan at eg skal seie meg einig i eitt og alt. Og her er endå meir tankesnadder. Ein får utvida horisonten og brynt seg – det er mykje som går føre seg intellektuelt sør for Alpane!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, einig. På ny og på ny. hadde mange års pause før eg tok att romanen som lydbok. Lokal, t.o.m, - Hamsun var vegarbeidar m.m. på mine trakter, og nemner skogane her. Menneskeskildringane gjer inntrykk!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, så sant, så sant. Eg repeterte "Den fjerde nattevakt" som lydbok. Så frisk, så levande, så djup og mangesidig - og så gjennomkomponert: Det er berre å nyte korleis natur og miljø dannar ramme for spelet med kjærleik og død. Eg vart glad av denne boka, for ho er skriven av ein som kunne sitt fag og kjente menneska.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Verre.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jo, men i iveren - for å sjå positivt på det - lèt han dette private prosjektetbskugge for alle dei millionane som døydde pga. den ideologien som han slutta seg til. Ikkje med eitt ord nemner han dei. Eg høyrde denne boka i lydbokversjon som repetisjon i Hamsun-året 2009, og synest at Arne Thomas Olsen ikkje kjem lytefritt frå lesarjobbe. Men mangesidig, det var Hamsun.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Prefiero utilizar mi lengua materna en situaciones comunicativas tales como esta: Jo, men når konklusjonen er "Faglig og didaktisk trygge lærere burde være en viktig forutsetning for skolepolitikk og lærerutdanning" (kva det no måtte tyde - på kva måte kan lærarar vere føresetnad for lærarutdanning?), synest eg at også forma på ein rapport har ein del å seie. Elles er eg som lærar alltid positiv i utgangspunktet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nyttig undersøking om holdningane som språklærarar har til fag og undervisning, men ville ha tent på at uklar norsk hadde vorte retta på før publisering.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fascismens grenser kan vere flytande og uklare - og derfor er vel Hamsun både vakker og farleg?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Fin blogg. Men sjølv ein ekstra time no natta mellom laurdag og sundag gir meg høve til å setje meg inn i denne og andre fine bloggar. Lesing får gå føre!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Les Nordahl Griegs essay om Hamsun, det seier no ég!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Historia om Benoni og Rosa i eitt bind - dobbeltperspektivet blir tydelegare; romanen las eg for mange år sidan, og lydbøkene har eg høyrt på i 2010. Linjer til "Pan", ein av aller største, er her òg. Om pengar og kjærleik og stoltheit. Med humor og glede og hamsunsk glimt i auget.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tynn og upresist om idehistorie.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Frå Pierre Abélard, eller Peter Abälard, som han heiter på tysk, til Klaus Zwelling. Opp til to sider - og meire til for enkelte - per filosof, heldigvis.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Presis oppsummering!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, slik er denne boka. "Fornøyelig" er ordet. Einig i at opplesaren er ok.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, så absolutt!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Emil ChristiansenHilde H HelsethPia Lise SelnesEgil StangelandHarald KLinda NyrudKirsten LundToneMads Leonard HolvikPiippokattaSol SkipnesAQuariusInger-LiseTove Obrestad WøienlittymseRonnyEivind  VaksvikMarit AamdalAstrid Terese Bjorland SkjeggerudRufsetufsaHilde Merete GjessingKine Selbekk OttersenCecilie EllefsenDemeterAlexandra Maria Gressum-KemppirubbelmarvikkisNina J.B.Marianne AugustaKristine LouiseTore HalsaRisRosOgKlagingKjersti SLilleviTanteMamieAlice NordliritaolineAnneWangnefertitiKathrine