Eg har for vane å kjøpe ei lita bok om kvar by eg er i. I Berlin i 2006 vart kjøpet ei bok med stort sett fine fotografi og relativt opplysande tekst. For meg er Berlin fyrst og fremst den byen som den unge Emil i Erich Kästners roman møtte og fekk hjelp av "detektivane" i, men det går òg an å nyte andre ting i byen ved Spree med så mykje historie.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den 27. januar 2005 heldt professor Alain Finkielkraut foredraget "L'identité européenne" i det franske kultursenteret i Oslo. At 27. januar er datoen som Auschwitz, gav han høve til å reflektere litt ekstra over den europeiske identiteten. Foredraget er gitt ut på fransk og norsk, ganske godt omsett av Thomas Lundbo, og sjølv om eg vel kunne ha valt ein del andre innfallsvinklar og verdiar, deler eg konklusjonen hans om nasjonen framleis er den beste ramma for å utvikle demokratiet. Her ser ein tydeleg for ein klar reiskap det franske språket er for tanken.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kanskje ikkje utan grunn var "The Merchant of Venice" pensum i gymnaset i gamle dagar. "hamlet" er så spennande at det grip ein fyrstegongelesar, "Romeo og Julie" har ei kjend handling som burde eigne seg til møte med Shakespeare, og "The Tempest" er ei fin, poetisk avrunding av forfattarskapen. "King Lear" og "Richard"-stykka bør du vente med å nyte.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ein sjeldan studie, dette, i splitta personlegdom hos litterære figurar (eller "karakterar", som dei feilaktig blir kalla i våre dagar): Ei rekkje forfattarskap blir gjennomgått - og forfattaren har tileigna boka til foreldra sine, som, heldigvis for han, "are quite unlike most of the parents described in the following pages".

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I dei siste åra har dei klassiske filologane byrja å interessere seg for mellomalderlatin, og dansken Lars Boje Mortensen gir i dette heftet ei innføring i litteratur på mellomalderlatin. Ei kortfatta litteraturhistorie, rett og slett. Fint!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det vrimlar av bøker om gresk og romersk mytologi, men Chr. Gorm Tortzen, ein av Danmarks kapasitetar på gresk og romersk språk og åndsliv, går ikkje i den same fella som andre. Her er inga oppramsing lik dei i konkurrerande verk; i staden følgjer Tortzen den greske historikaren Apollodors' systematiske gjennomgang av den greske mytologien. Stamtavler hjelper til med å halde orden i sakene (og i hovudet).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Litt tørr, men så positivt, då, at boka har med heile området! Og FOR ei historie! Vi får grei innføring i vanskelege periodar på 1800- og 1900-talet, og også oppsummeringar og konklusjonar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jo, grei innføring. Ikkje så spenstig, akkurat, men med perspektiv på dei ulike fasane i norsk kyrkjehistorie.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Den perfekte reiseføraren til Hellas - i alle fall når ein vil konsentrere seg om hellenismen. Forfattaren går til dei bibelske kjeldene, Apostelgjerningane og breva, men også til andre kjelder om historia til dei stadene som Paulus skal ha vore på. Eg hadde med boka på ein tur til Tessaloniki og strøka austanfor, Paulus skal ha skrive brev til forfedrane åt innbyggjarane her, og eg følte at eg var på skikkeleg historisk grunn med ein åndeleg dimensjon.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kort og poengtert. Set opp det viktigaste på ein klar måte.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vakker bok! Kombinasjon av historie, kultur og turgåing! Til konsultasjon før og etter turar i Nordmarka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg oppfattar "lesemåte" som det ein får med seg, ja, det ein merker seg og legg vekt på ved ei bok. Nettopp fordi ein del sosiologiske trekk ved samfunnet er under endring, kunne det ha vore interessant kva som ville liggje til grunn for og kome ut av ei slik undersøking i dag.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

1997-utgåva av "Dette er Cuba!" lånte eg på biblioteket i samband med eit studium i latinamerikansk kultur. Eg er einig i at boka gir eit nyansert og pirrande bilete av dette karibiske landet. Særleg artig var det å lese om våpentransporten frå Raufoss som kom til Castro i staden for til Baptista! Og no har eg kjøpt den ferskaste utgåva til stabelen med ulesne bøker ...

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg var så heldig å vinne fyrste omgang i dag - og vel meg årets bok om Ibsens "Brand", med Erik Bjerck Hagen som redaktør. Ikkje lett å bestemme seg! Takk!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fin som grammatisk fyrstehjelp. Forklaringa av konjunktivbruken er så absolutt godkjend!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Å kunne bruke eit fremmendspråk er ikkje eit endepunkt på ein skala; det finst ulike gradar av kompetanse. For den som ikkje kan andre uttrykk i spansk enn dei som blir brukte til å bestille øl, vil denne boka representere eit stort framsteg. Her er dialogar med uttrykk som ein kan more seg med å bruke, og som ein ofte vil kunne høyre i Spania. Eg vann boka i ein konkurranse, og har hatt gleda av m.a. å spele det fyrste sporet på cd-en som er med, til elevar som ikkje hadde hatt spansk før. Dei forstod riktig mykje! Lurt opplegg!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Du kan vel merke innlegga og kopiere dei inn i eit worddokument slik at du både kan lagre dei elektronisk i området ditt og ta utskrift? Eg for min del kjem til å ta vare på dei mange gode innlegga om Shakespeare!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Grundig, særleg om André Malraux (og det er jo han som har skrive ein av dei aller største: "La condition humaine"). Interessant metode.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Svært grundig og systematisk behandling av dei viktigaste grammatiske temaa i spansk. Lærerike forklaringar, tydelege eksempel og nyttige oppgåver - med fasit.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg tenkte at det med barnet ville framprovosere reaksjonar og dermed auke salet. Det er jo gripande, då. Eg skal leite litt etter kjelda mi for påstanden om manglande samanheng med faktiske forhold, men dette kan ta tid. Lang tid, med travle dagar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

marvikkisNabodamaTatiana WesserlingBeathe SolbergKaramasov11FredrikAnne Berit GrønbechIngeborg GKjell F TislevollKirsten LundMarianne MVibekeKaren RamsvikLailaPiippokattalillianerHilde Merete GjessingNorahRonnyHeidi LBeate KristinIrenelesermarithcHarald AndersenAnniken RøilNina M. Haugan FinnsonTine SundalbEeMeFKaren PatriciaEgil StangelandAnnaHarald KOle Jacob OddenesYvonne JohannesenGrete AastorpLyriaBjørg Marit TinholtBjørg L.Ellen E. MartolAnneWang