Watching children sleep makes me feel devout, part of a spiritual system. It is the closest I can come to God.
Rundt rekna er vel svaret nei, kanskje. Det er nok det klassiske som dominerer hos meg, men hyllene mine er så unge enno at dei ikkje gir noko bilete av det som eg har arbeidd med.
Henrik Ibsen laga karikaturteikningar, og m.a. desse presenterer Martin Nag i dene samlinga med tekster i vidt forskjellige sjangrar. Verkeleg interessante, desse karikaturane, ein forstudie til rollefigurar! Som tidlegare trekkjer Nag fram kvekarane, desse pionerane for åndsfridom her i landet, t.o.m. i ein dokumentarroman om ei av kvinnene i denne rørsla. Tre miniskodespel og analysar av norsk åndsliv og litt av kvart. Mytar, kallar han det. Skulle eg gi eit råd, måtte det bli å samle tekstene tematisk og byggje dei ut til eit heile i staden for å spreie dei på dei årlege binda. Men pioner er han, Martin Nag - av kvekarætt og -ånd!
Jo, ein blir fascinert her - tenk å skrive fotnotane til livet, då! Og om ein filolog ler av realistmiljøet han skildrar, ser ein fort at holdningane som dei representerer, ikkje er særeigne for dette miljøet ...
Takk for lista! Her står det dårlegare til: 13.
Den Narnia-boka som ligg til grunn for den nye Narnia-filmen, Jane Austen's "Emma" før filmatiseringa går i fjernsynet, kanskje - og dette har eg hatt som plan jul etter jul - Gabriel Scotts "Tante Pose" - pluss dei som eg held på med elles for tida.
KOKKEN: Aa, snille, - spar! / Husk paa de Sma, jeg hjemme har! / PEER GYNT: Jeg trænger Livet mer end du, / for jeg er ungeløs endnu.
Har ein del - men ikkje mykje - til gode i Dublin når det gjeld litteratur. Joyce-museet og heimen til Wilde.
Forholdet hans til Hitler er omdiskutert. Her er ei side som forsvarar Wodehouse mot britiske skuldingar: http://www.pgwodehousebooks.com/war.htm
Ja, så klart. Har føyd han til - har attpå til vore på grava hans i Paris.
Jo, her er (lange) avsnitt. Det fine med språk er at ein ikkje treng å skjønne alt for å ha eit utbytte!
Roman om syndflodsåret - av godt Mendoza-merke, om ei nonne, om ei forføring ...
The [Second] Congress [of the Russian Social-Democratic Labour Party, 1903] decisively rejects terrorism, i.e., the system of individual political assassinations, as being a method of political struggle which is most expedient at the present time, diverting the best forces from the urgent and imperatively necessary work of organisation and agitation, destroying contact between the revolutionaries and the masses of revolutionary classes of the population, and spreading both amomng the revolutionaries themselves and the population in general utterly destorted ideas of the aims and methods of struggle against the autocracy.
Viktig for å forstå Lenins strategi i form av arbeidet med program for partiet før det vart splitta.
Ikkje her og no, men eg såg nok denne serien i Norlis antikvariat i Oslo i haust. Kanskje du kan kontakte eit antikvariat?
William Shakespeare, Jonathan Swift, Walter Scott, Jane Austen, George Elliot, Charles Dickens, Elizabeth Gaskell, William M. Thackeray, Thomas Hardy, Robert L. Stevenson, Oscar Wilde, Arthur Conan Doyle, James Joyce, Daphne du Maurier, Arnold Bennet, D.H. Lawrence, Brendan Behan - for berre å ta litt frå dei britiske øyane. "To Kill A Mockingbird" er ei av verdas beste romanar, men altså frå USA - om det er britisk og irsk du er ute etter. I Edinburgh lyt du gå i Writers' Museum!
Ikke snakk til meg om havet, / for den mørke smerten spirer / i oliventrærnes jord / under raslingen fra løvet.
Rart at denne mannen ikkje tok avstand frå fascismen. Eg las "The Girl on the Boat" for førti år sidan, og hugsar enno korleis eg lo.
Del I: Som vanleg om kvekarar og andre sider ved Ryfylke-kulturen, Nordahl Grieg, Knut Hamsun, russarane - men også om forfattarar frå Hedmark og Polen. Del II: Ein tidelgare upublisert brevroman, "Helene", frå 1955. Del III: Essays frå det moderne Noregs åndsliv. Del IV: Dikt frå perioden 1947-1989. Del V: Meir om Ibsen. Alt i same ånd som før, men alltid litt nytt: Her særleg om Ibsen som karikaturteiknar. Tekstene frå den hardaste perioden av den kalde krigen seier litt av kvart om vår islagde nære fortid.