Sjølvbiografien til gruvearbeidaren som etter andre verdskrigen vart medlem av regjeringas i Frankrike. Heroisk framstilling, men neppe utan grunn. Om klassekamp i Frankrike, nasjonal motstandskamp og strid for fred. Mykje om Thorez, men òg om den kjempande franske arbeidarklassa.
Så poetisk om han som aldri hadde sett havet! Om lengsel, om horisontar.
Ting i Ibsens liv som kjem att i skodespela - fint tillegg til forståinga av skodespela. Det finst snart ikkje grenser for kva ein del folk synest at det er interessant å trekkje fram. Så sant ikkje desse detaljane får skugge for diskusjonen om tematikken, les eg gjerne om dei.
Ein kunne tru at artiklane i tidsskriftet til Sigrid Undset-selskapet (eg har fått endra nemnaet frå det hålause "Sigrid Undset Selskapet" til det korrekte "Sigrid Undset-selskapet") ville vere drøvtygging. Men nei: Alltid noko nytt, alltid nye innfallsvinklar, så godt som alltid nytt syn på kjende ting. Her skriv Jannicke Karin Solheim om "Sigrid Undset og Sannhet", Else-Britt Nilsen om "Kvinner i middelalderens kirke", Sigrun Slapgard om "Sigrid Undset og Sunniva-legenden på Selja", Nan Bentzen Skilleom "Å leve årstidenes eventyr" og Ingunn Aagedahl Schinstad om "I Undsets hage" (litt sært, då, men det høyrer vel med). Mest interessant for meg er Vera H. Føllesdals artikkel "Hva ligger i tittel 'Gymnadenia'?", der ho går imot rådande oppfatningar og presenterer ei fullt ut truverdig og sannsynleg tolking. Nei, eg angrar meg ikkej for at eg meldte meg inn i Sigrid Undset-selskapet!
Sigbjørn Obstfelder står i sentrum i denne samlinga med tekster av ymse slag - "Myten om Vigavågen og Hjelmeland i Sigbjørn Obstfelders hjerte" og "Lysets dikter. Om den sosiale kvekerdom hos Sigbjørn Obstfelder". Nyttig!
Om endring i eit lokalsamfunn sedd gjennom augo til faren åt forfattaren. Om smått og stort - småbruk, familie, industri og ikkje minst okkuoasjon og motstandskamp. Men forfattaren har ei tendens til å blande inn nesten alt mogleg som har tilknyting til faren, på ein slik måte at linjer og perspektiv kjem i uorden. Her ville redigeringshjelp ha vore ein stor fordel.
1 stor porsjon mørdeig, 3-4 epler, 4 ss sukker, 2 ts kanel, 1 dl rosiner, 1 ss revet sitronskall, 1 egg
Søtt og godt. Særleg engelsk eplepai
Ja, i serien "Thorleif Dahls kulturbibliotek": http://www.aschehoug.no/litteratur/lyrikk/katalog?productId=676774
I like måte!
Ja, "Rolandssangen" er heftige saker! I fjor hadde eg ei gruppe elevar som med fynd og klem dramatiserte ei av scenene då vi dreiv med mellomalderlitteratur (kjepphest og ishockeyhjelmar), tydeleg inspirerte av skildringane i det utdraget som vi las på norsj. I fjor sommar møtte eg nokre italienske jenter som hadde lese utdrag på fransk Dei var ikkje så oppgløde som du er i di grundige vurdering, men alt dette viser at mellomalderdiktinga talar til oss også i dag. Eg håper å kunne ta verket på gammalfransk ein gong. No som du har lese om Roland, bør du vel lese "El Cid", då?
Det store med denne boka er at Mehren både er sterkt personleg og har eit overordna perspektiv på seg sjølv og vår samtid. Nei, eg er ikkje einig i alt som Mehren seier, men eg er - for det meste - imponert over måten han seier det på.
Endå ei gjendikting til norsk av Neruda! Flott! Fløgstad overgår ikkje forfatatren, men skapar praktfull poesi ut av den spanske originalen - om kjærleiken. Lærerikt forord av José María Izquierdo.
Vogna Terje Rødberg entret på Grefsen stasjon var av den typen som ble innført med privatiseringen av jernbanestrekningen: Tiltalende nok, men seteryggene hadde en merkelig, buet form som ikkje bidro til å stramme opp holdningen. Etter en halvtime følte han seg svært lite komfortabel.
Kanskje ville eg ikkje ha lese denne kriminalromanen om eg ikkje hadde kjent miljøet og forfattaren, tidlegare kollega frå skolen som han er. Dei siste åra før pensjonsalderen arbeidde han i industrien. Og det er nettopp dette som er bakgrunnen for romanen: Toten og Gjøvik, industrimiljøet på Raufoss og skogane vestover mot Land. Dette er ein fin debut; boka er godt komponert, og forfattaren legg ut spor som - slik dei skal i ein god kriminalroman - blir tydelege og meiningsfulle etter kvart som saka blir oppklart. På dei siste sidene framstår heile handlinga som logisk; fælt lite er overraskande sjølv om eit par lause tråder nok blir hengjande i lufta. Ein av personane burde ha vore introdusert tidlegare, det er litt feil i det som står på tysk, seimikolon blir ikkje brukt i samsvar med reglane for teiknsetjing og ein restaurant som blir nemnd, er i røynda stengd på sundagar. Dette er detaljar. Lindviksmoen har mange skildringar som ikkje berre er (delvis) gode i seg sjølv, men som òg er med på å leie den merksame lesaren fram mot oppklaring. Jo, brikkene fell på plass. Likevel framstår boka som heilskap som noko kantete og grov til skjønnlitteratur å vere - men med gode tilløp til å bli ein levande roman, ein roman som pustar.
Mest om Olav H. Hauge, Knut Hamsun og, ikkje minst, Henrik Ibsen og Majakovskij. Men minst like interessant er utdrag frå overvakingspolitiets mapper om Martin Nag, eit halvt hundre års overvaking av ein lovlydig forskar.
Ser ut til at du alt er godt inne i Shakespeare. Stå på!
Riktig lærerik og variert - tradisjonelt og relativt nytt.
Oj! Dessverre er eg berre i byrjarfasen når det gjeld å leggje inn bøker, så du finn neppe noko i den elektroniske samlinga. Men her er det som eg kjenner til: Peter Ackroyds "Shakespeare. The Biography" er svært nyttig særleg for bakgrunnen til Shakespeare, men har lite om verka. Laurie E. Maguires "Studying Shakespeare. A Guide to the Plays" ser verka frå ulike perspektiv, og blir derfor, etter mitt syn, litt rotete. Jan Kotts "Shakespeare - vår samtidige" meiner eg å hugse som kjempegod. Vidare har eg "Shakespeare's Later Comedies. An Anthology of Modern Criticism Edited by D.J. Palmer". Men i mi tid som student - ja, eg er dessverre i den alderen der ein seier slikt - kjøpte vi hefte i serien "Methuen's Study-Aids", der kvart hefte hadde tittelen "Notes on Shakespeare's ..." (og så namnet på stykket). Enkelte studentar las berre desse hefta, og eg møtte seinare ein som var stolt av at han hadde inngått primærtekstene. Eg har seinare sett at også "York Press (Longman)" har serien "York Notes on ..." - og så t.d. "Romeo and Juliet". Det finst altså bøker og hefte om kvart verk. Methuen-hefta var på rundt 40 sider, og York-boka om "Romeo and Juliet" er på 120 (her er det òg ein del gloser).
For ein del år sidan gav Aschehoug ut serien "Norske forfattere i nærlys", der Willy Dahl skreiv om Ibsen - 75 sider om ein del av verka. Dahl kombinerer på ein måte perspektiva til Horst Bien i "Henrik Ibsens realisme" med nærlesinga til John Northam i "Ibsen. A Critical Study" og "Ibsen's Dramatic Method". Nyare bøker om Ibsen (Moi, t.d.) har eg dessverre ikkje.
Grundig! Lett å finne fram i! Nødvendig!