Ja, det er akademikarar her. Men eg seier som Paulus: Her er det ikkje spørsmål om jøde eller grekar. mann eller kvinne, træl eller fri - for vi (og her følgjer eg opp sjølv) er alle eitt i Bokelskere.no. Mor mi var fabrikkarbeidar før ho gifte seg. For den fyrste lønninga si, kanskje i siste halvdelen av 1940-åra, kjøpte ho ein serie med bøker av Jules Verne. Å vere bokelskar har ingenting - eller i alle fall: lite - med utdanning å gjere. Eg tenkjer ikkje over kva bakgrunn andre bokelskarar måtte ha - at eg har mest felles med dei som har den same bakgrunnen som eg sjølv, er greitt nok, men det store ved denne nettstaden er at vi er forskjellige, og at det vi har felles, er gleda over å lese.
Turgenjevs "Rudin", Ola Vikers "Ulvegraven" og Knausgårds "Ute av verden".
Flott at du les "Lysistrata"!
Dette minner meg om då kona mi skulle kjøpe ei Bellmann-plate til meg i Trondheim. Ekspeditøren hadde spurt: "Med han sjølv?"
Sterk kost dette, om den unge mannen som får status - særleg blant damene - fordi han seier at han har drepe far sin. Litt av ein helt, altså, og litt av ein kritikk frå Synge si side av forholda i Irland. Eg såg stykket på Det norske teateret for nokre år sidan, friskt og grønt som Irland sjølv.
Om forelsking og alderdom. Og liv.
'Kristin,' sa presten strengt. 'Tør du hovmode dig slik at du tror du evner å synde så stort, så Guds miskunn er ikke større -.'
Enkelte bøker er det knytt sterke minne til - som denne: To veker i Delfi, i 2005, for å studere gresk språk og kultur ved det europeiske kultursenteret der. Det er i slike samanhengar ein skjønner korfor Apollon valde seg Delfi. Ja, så vakkert er det der. Havet, like ved, himmelen, skogen og fjellet. Sikadane. Og maten og vinen. Badestranda ei lita bussreise unna. Og heile tida kunne boltre seg i gresk tenking, gresk kunst, gresk litteratur og ikkje minst gresk språk - det klassiske og det nye. Vandringar i Apollons heilgdom; det er her boka "Delphes" kjem inn: Å gå i heilgadommen med denne boka er noko av det største eg har gjort. Stoppe opp og sjå, sjå samanhengar, sjå føre seg korleis prosesjonane lyt ha gått her, korleis teaterframsyningane lyt ha vore, korleis idrettsleikane har utspelt seg på stadion der. Den vesle boka gir innføring - og så byrjar staden å leve inni meg.
CECILY: [...] When I see a spade I call it a spade.
GWENDOLEN [satirically]: I am glad to say that I have never seen a spade. It is obvious that our social spheres have been widely different.
One should always have something sensational to read in the train.
Denne boka har eg fått av forfattaren - "A Kjell con muchísimo cariño, para que nos tenga siempre cerca a la ciudad y a mí". Og no har eg brukt boka som reiseførar i Granada (når eg ser bort frå Roma: Vakrare by finst ikkje!). Store kunnskapar har forfattaren, og dei blir sakleg og grundig formidla utan at ein - bokstavleg talt - går seg bort.
The last time I delivered it [i.e. this sermon] was in the Cathedral, as a charity sermon on behalf of the Society for the Prevention of Discontent among the Upper Orders.
Nok ein roman der Dickens tek parti for dei svake. Lang, men full av liv og liding.
I ei oppsetjing som Fjernsynsteateret hadde for mange år sidan, der Lise Fjelstad spelte Nora og Knut Risan - som døydde for kort sidan - hadde rolla som Helmer. Det er om å gjere at vi som ser på, skal oppfatte at Helmer er erotisk oppteken av kona si. Derfor ser vi at Helmer står med ei kanne med vatn og vatnar blomane samtidig som han lèt fingrane gli lett - og naturleg! - opp og ned langs tuten.
Ja. Da blir det smaksak om ein vil ha dette som "liste" eller som fiks ferdig "leseårsrubrikk".
Det er nok liste du meiner. Opprett lista, klikk på bøkene dine - og du får spørsmål om du vil leggje henne til lista (som lyt vere open).
Arma virimque cano
Arma uirimque cano,
Om "Kjærlighetens Komedie" kan eg seie det same som dei som har trekt som konklusjon at dette ikkje er Ibsens beste. Legg forresten merke til at norsk litteratur i 1860-åra ikkje har så mykje å by på, bortsett frå Vinje. Når det gjeld dei orda som har vore diskuterte, vil eg føye til at "Straamand" har ei tyding i tillegg til "fugleskremsel", nemleg ein stråmann, som jo ikkje har vorte mindre aktuelt, i finanssamanheng, etter Ibsen. For Jakobsstigen (symbol på menneskas veg til Gud) - viser eg til 1. Mos 28.10-15.
JACK: I am sick to death of cleverness. Everybody is clever nowadays. You can't go anywhere without meeting clever people. The thing has become an absolute public nuisance. I wish to goodness we had a few fools left.
ALGERNON: We have.
JACK: I should extremely like to meet them. What do they talk about?
ALGERNON: The fools? Oh! about the clever people, of course.
JACK: What fools!