Eg har ikkje sett på fjernsyn sidan Oliver Twist gjekk i jula, men måndag skal eg sjå Mord på Orientekspressen. Interessant er det at dette dreier seg om filmariseringar av litterære verk som eg er glad i. Men eg bruker fjernsynet til å sjå ein dvd-film kvar fredag, for tida serien om Roma. Fjernsyn eignar seg betre til slikt enn datamaskina, synest eg. Valet eksisterer i grunnen ikkje for meg, sjølv om eg godt kunne ha klart meg utan fjernsyn, men eg kan ikkje tenkje meg eit liv utan familien min - som - av grunnar eg ikkje skjønner - vil behalde fjernsynsapparatet.
Bøker på språk som eg ikkje kan, vil eg helst lese på norsk. Altså: Anten på norsk eller i original. I original les eg norrønt, islandsk, dansk, svensk, færøysk, engelsk, tysk, italiensk, fransk og kastiljansk. Når eg les tekster på angelsaksisk, klassisk gresk, latin og russisk lyt eg bruke ordbøker og grammatikkar, men det går. Greske og latinske tekster finst i mange gode tospråklege utgåver (originalspråket pluss fransk, tysk, italiensk eller engelsk). Det er då så artig! I dag har eg kasta meg over katalansk.
Her kan eg vere einig med deg. Eg har gjennom fleire tiår lese om Miss Marple, Hercule Poirot, Sherlock Holmes og Maigret med stor glede. Eg deler den kritikken mange har retta mot bøkene om desse heltane mine fordi slt skjer innanfor eit borgarleg univers der harmonien blir oppretta att etter at den skyldige er avslørt. Samtidig meiner eg at ein kriminalroman, som eg helst liker å kalle sjangeren, ikkje nødvendigvis blir betre om forfattaren trekkjer inn andre faktorar enn dei individualpsykologiske for å analysere brotsverket og forbrytaren, men prøver å finne årsakene i samspelet mellom det personlege og det sosioøkonomiske. Så derfor seier eg som deg: Det er ikkje eit spørsmål om ja eller nei til kriminalromanar, nei. Inntrykket mitt er at romanfigurane i mange moderne kriminalromanar er flate som fjøler og at forsøka på å gjere dei interessante er klønete og kunstige.
Og kjærleik? "What should writers have done if there hadn't been marriage and death?" sa professor Bjørn Tysdahl i ei førelesing om Arnold Bennets Anna of the Five Towns på Universitetet i Oslo hsusten 1994. Og her kunne ein vel føye til love ...
Som alle andre bøker: Dette er ei bok av si tid - og blir ikkje dårlegare av den grunn. For ein strålande pedagogisk idé å lære bort svensk historie og geografi gjennom skjønnlitteraturen, med ein overordna pedagogisk bonus til hovudperson og lesar! Boka vekkjer minne, frå dramatiseringa i Laurdagsbarnetimen i gamle dagar, der særleg scenene med tranedansen og Kebnekaise gjorde inntrykk. Eg kjøpte boka i Laholm sommaren 1988 og har lese i ho på reiser til og i Sverige. Så vart slike reiser litt meir underbara ...
'Du snakker som du har vett til,' svarte Erlend; han lo en liten skjør, hostende latter, 'og gjør ikke mor deres den sorg at dere slekter på mig - hun har hatt nok å drages med siden hun fikk mig -'
I dag, 23. april, Sankt Georgs dag, er verdas bokdag - og tragisk nok Shakespeares dødsdag. Gratulerer (med bokdagen, altså)! Bokdagen starta i Barcelona, så derfor har eg i dag lese ferdig ei bok om denne byen og skal ta fatt på ei lærebok i katalansk. Og sjølvsagt lese vidare i Don Quijote!
Jo, eg kan vere einig med deg, slik i hovudtrekk, og eg hadde då òg boka med i kofferten, eller rettare sagt i handbagasjen slik at eg kunne lese boka på veg til Barcelona.
Også no, etter turen, er boka fin å bla i. Alnæs trekkjer fram mangt og mykje frå Barcelonas historie, både politikken, litteraturen og kunsten. Det andre forfattarar, som George Orwell og Nordahl Grieg, har skrive om byen, er heldigvis med. Interessant for oss er at gata "Carrer de Ferran er oppkalt etter den despotiske kong Ferdinand som Henrik Wergeland skriver om i sin diktsyklus Spanjolen”.
Forfattaren skriv Malaga for Málaga (s. 24) og Per Krogh for Per Krohg, dvs. den norske målaren som hadde utstilling vegg i vegg med Mirò i Paris. Vidare må han vel meine omvendt når han (s. 24) skriv om den yngste systera til Picasso at ho heitte "Conchita, eller Concepción som hun ble kalt"; Conchita er nemleg kjælenamnet på ei som er døypt Concepción (som tyder “unnfanging", etter Jesu syndefrie unnfanging). Ja, dette veit jo du, då, men eg berre nemner det mens eg er i gang, i tilfelle det kunne komme forfattaren for øyre. Adjektivet proletær er forresten ikkje det vanlege på norsk; arbeidarrørsla har nok for det meste brukt proletarisk (s. 60). Og når han seier (s. 56) at "særlig sosialistiske og kommunistiske land" sendte deltakarar til Folkeolympiaden i 1936, er han i beste fall upresis i språkbruken.
Dette var feil eg oppdaga på flyet utan andre oppslagsverk enn meg sjølv, og då blir eg litt skeptisk til forfattaren - som nesten ikkje opplyser om sine eigne kjelder!
Og byggverket er betre enn romanen. Eg var der no i april; denne kyrkja som skal vere bygd av og for folket, gjorde eit mektig inntrykk. Ikkje langt frå sjøen og Plaςa Pau og innimellom tronge gater ligg ho, med høge kvelv og jomfru Maria ved alteret. Eg klarte lett å tenkje meg hovudpersonen Arnau her inne i mørkret på 1300-talet. No, på skjertorsdag i 2011, sat nokre medlemmer av eit kor inne ved eit hjørne og song, nesten uhøyrleg, latinske hymnar. Stemningsfullt!
Formidabelt av Bokklubben - dengong bedrifta enno heldt seg og oss! med eigen lyrikklubb - å gi ut tospråkleg utgåve med dikt frå det som med rette heiter gullalderen i spansk lyrikk. Somme av løysingane til gjendiktaren Kari Näumann kan vere mindre heldige enn andre, men alt i alt: godt arbeid!
Barokkskodespelet framfor noko. Og likevel ikke så fjernt frå vårt eige: Når Jeppe vaknar i baronsenga og spør seg om han søv eller er vaken, er det nettopp eit ekko av Calderón de la Barca.
Eg har aldri heilt klart å engasjere meg i dette tidlege stykket av Ibsen, men radioteaterversjonen snudde verkeleg litt på innstillinga mi. Så friskt, vårleg og eventyrleg! Else Barratt-Due og Helge Andersen har bearbeidd stykket, Else Barratt-Due har regien og Lars Lillo-Stenberg har komponert frisk musikk som Åsmund Feidje har arrangert for Kringkastingsorkesteret. Når Heidi Gjermundsen Broch syng vakkert og yndig og blir føld opp av Kåre Conradi og ei rekkje andre gode stemmer, blir dette muntert og - atter ein gong - friskt.
Eg likte dette innlegget (fordi eg er enig - he-he). Ein kan berre utvikle noko godt når ein har eit aktivt forhold til stoffet sjølv. Eingong eg hadde den same klassa i norsk og engelsk, dreiv vi med Hamlet i begge faga, litt på norsk og litt på engelsk, dramateori og dramatisering, nærlesing og tolking. Og til alt hell kunne vi avslutte prosjektet med å sjå ei knalloppsetjing av stykket på Oslo Nye Teater! Dette gjekk godt nettopp fordi eg var tent på stykket.
Då eg hadde lagt inn denne boka, som eg las i 2004, tenkte eg at eg skulle skrive at fyrste delen var kjempeinteressant og elegant skriven, så eg vart berre riven med og måtte lese og lese og lese, men at det så dabba av i siste delen og eg vart sitjande og lure på kva denne romanen eigentleg var om. Så då har vi vel oppfatta dette romanprosjektet likt ...
Takk for rådet! Såg Miró på Høvikodden i fjor sommar!
Eg skal til Barcelona, så eg har med to spanske forfattarar: Benito Pérez Galdós og Miguel de Unamuno. Pluss Karsten Alnæs si bok om byen og Herman Lindqvists Historien om Spania. Då burde flyturen kunne gå greitt! La catedral del mar har eg lese, så no skal eg sjå katedralen!
Så koseleg å lese Walter Scott - eg hadde Waverley som reisefølgje gjennom Skottland i 2004. For på enkelte litterære område er eg romantikar; eg liker å sjå korleis Scott bruker skotsk historie og folklore når han skal få Edward Waverley til å utvikle seg, til å bli danna - i den eigentlege tydinga av ordet. Dramatisk og spennande, meisterleg komponert er denne romanen. Jo, Scott fortener sitt monument i sentrum av Edinburgh ...
Je me révolte, donc nous sommes.
Ragnar Hovland: "Sveve over vatna", Ludvig Holbergs komediar, Molières komediar og Wodehouse: "The Girl on the Boat" og "Barmy in Wonderland".
Der gaar en Nemesis igjennem Livet; / At rømme væk fra den, er Ingen givet!
Jeg spiler min Vinge, hejser mit Sejl, / Suser som Ørn over Livssjøens Spejl; / Agter gaar Maagernes Skare. / Overbord med Fornuftens Ballast kun! / Kanhænde jeg sejler min Skude paa Grund; / Men saa er det dog dejligt at fare!