Ei fin bok, med korte historier om fortid og nåtid i denne sammesatte byen. Det er også mange flotte bilder i boka. Absolutt verdt å ta med i kofferten når man skal til modernismens hovedstad :D Alnæs har tydeligvis vært der mye.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Jo, eg kan vere einig med deg, slik i hovudtrekk, og eg hadde då òg boka med i kofferten, eller rettare sagt i handbagasjen slik at eg kunne lese boka på veg til Barcelona.

Også no, etter turen, er boka fin å bla i. Alnæs trekkjer fram mangt og mykje frå Barcelonas historie, både politikken, litteraturen og kunsten. Det andre forfattarar, som George Orwell og Nordahl Grieg, har skrive om byen, er heldigvis med. Interessant for oss er at gata "Carrer de Ferran er oppkalt etter den despotiske kong Ferdinand som Henrik Wergeland skriver om i sin diktsyklus Spanjolen”.

Forfattaren skriv Malaga for Málaga (s. 24) og Per Krogh for Per Krohg, dvs. den norske målaren som hadde utstilling vegg i vegg med Mirò i Paris. Vidare må han vel meine omvendt når han (s. 24) skriv om den yngste systera til Picasso at ho heitte "Conchita, eller Concepción som hun ble kalt"; Conchita er nemleg kjælenamnet på ei som er døypt Concepción (som tyder “unnfanging", etter Jesu syndefrie unnfanging). Ja, dette veit jo du, då, men eg berre nemner det mens eg er i gang, i tilfelle det kunne komme forfattaren for øyre. Adjektivet proletær er forresten ikkje det vanlege på norsk; arbeidarrørsla har nok for det meste brukt proletarisk (s. 60). Og når han seier (s. 56) at "særlig sosialistiske og kommunistiske land" sendte deltakarar til Folkeolympiaden i 1936, er han i beste fall upresis i språkbruken.

Dette var feil eg oppdaga på flyet utan andre oppslagsverk enn meg sjølv, og då blir eg litt skeptisk til forfattaren - som nesten ikkje opplyser om sine eigne kjelder!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaTor-Arne JensenJarmo LarsenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilTine SundalsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie StensethBeathe Solberg