FRU RUMMEL
[...] Vil De tænke Dem, hun klipped håret af sig, og så gik hun med mandfolkstøvler i regnvejr.
You need not rest your reputation on the dinners you give.
Så du er godt i gang! Vi får diskutere dette i løpet av Dickensåret!
Ja. på mange måtar er eg einig med deg - men sp er det dette med utviklinga, da. Ordet bok var opphavleg ei tavle av bøketre med runer på, og ei slik tavle er vel ganske så ulik det vi i dag forbind med bok. Kanskje var det nokon som protesterte da pergament vart samla i "bøker" òg? Så eg - som kan vere konservativ på ein del område - har komme til at eg godt kan vere med på å operere med "lydbok" og "e-bok".
Skjønner. Takk for info. Skal sjekke ham ut. :)
Ikkje godt sagt, dette heller, men viktig å merke seg kvar Martin Luther ytrar seg slik.
At øvrigheten er ond og urettferdig, gir ingen unnskyldning for sammensvergelse eller opprør. For å straffe ondskapen, det tilkommer ikke enhver, men bare den verdslige øvrighet, den som bærer sverdet. Slik sier Paulus i Rom 13 (v. 4) og Peter i 1 Pet 3 (kap. 2, v. 14) at den er innsatt av Gud for å straffe de onde.
Høres veldig bra ut. Synes mye god krim kan tape seg på at tempoet går for raskt.
Er det slik med Perssons bøker at man bør begynne med første utgivelsen for å bli kjent med detektiver og lignende, ala Wallander,Beck osv?
Eg syntest at det var eit poeng som absolutt kan forsvarast å vente med vindmøllene. Elles kjente eg att ein replikk frå bind II. Kostyma har eg ikkje greie på, nei.
Kjenner du ordninga med vekas e-dikt?
Eg kan ikkje ta stilling til ei bok som eg ikkje har lese, men eg vil gjerne nemne at eg for snart tjue år sidan, i USA, kjøpte bøkene The European Discovery of North America og The European Discovery of South America. Desse titlane inneber ein innfallsvinkel til kulturmøta der vest enn den som eg syntest mangla i lista til Hart over viktige hendingar i renessansens Europa.
Det kan vere klokt av ein forfattar å leggje slike ord i munnen på ein som går for å vere galen. Det kjem meir i bind II.
Og eg som trudde at dei som budde på den vestlege halvkula, alt hadde oppdaga at dei var der ...
Ja, eg skal handle inn dei bøkene av Dickems som eg manglar av Dickens, og så akal eg setje opp utkast til leseplan for både The Pickwick Papers og andre verk. Gleder meg! Lisa har alt starta, ser eg.
Eg har ferie, ja, men ikkje frå bøkene ...
Vi går her (i mi utgåve: kap. XXXVI–XXXVIII) fyrst vidare med “la historia de la famosa infanta Micamicona” (infanta er “prinsesse” på spansk), men får raskt besøk. Før den vakre María kjem, rekk Sancho Panza lite korrekt å kalle herren sin “señor Triste Figura”, men tek dette att med ei velvald omsnakking: “hovudet” som don Quijote hogg av “kjempen”, altså vinsekken, var “la puta que me parió”, den hora som fødde “meg” – klokeleg sagt i staden for “la puta que te parió”, hora som fødde “deg”, altså don Quijote – som er det som han eigentleg ville ha sagt, seier kommentator Murillo. Sancho Panza fortel at “la reina” (“dronninga”) har forvandla seg til “una dama particular”, som vel lyt omsetjast til “ei heilt vanleg kvinne”. Men ettersom don Fernando vil at Doretea skal halde fram i rolla som “hermosa señora”, gjer ho som han seier, lydig som ho er, og ho forsikrar don Quijote om at det som ho har fortalt, er sant.
Og så kjem det altså nye folk til vertshuset. Den mannlege gjesten – “el captivo”, “slaven” - er “de edad poco más de cuarenta años”; dette at han av alder ikkje var mykje over førti år passar bra, meiner Murillo, med at Cervantes var på denne alderen i 1589–1590, og han lovar seinare å forklare meir om dette med alderen. Så vent litt; når vi ser på neste bolk, kjem forklaringa.
Vennene våre i vertshuset meiner at ettersom den unge dama ikkje sa noko, “debía ser mora, y que no sabía hablar cristiano”: Ho var sikkert maurar – som var namnet på arabarar og berbarar – som ikkje kunne tale “kristent”, dvs. kastiljansk. Slaven opplyser at jenta er “mora en el traje y en el cuerpo”, maurisk i klede og lekam, men er svært så kristen i sjela: “en el alma es muy grande cristiana”, om enn enno udøypt. Og så kjem noko som ikkje er nemnt i den norske utgåva mi: Der Grønvold og Kjær skriv “Disse ord vakte hos alle tilhørerne lyst til å få vite hvem maurerinden og slaven var”, har Cervantes “Estas razones puso gana en todos …”, altså med manglande samsvar mellom subjektet (estas razones - 3. person fleirtal) og verbalet (puso - 3. person eintal), noko utgivarar har prøvd å løyse på ulike måtar, anten ved å skrive “Con estas razones …” (“med desse orda”) eller endre puso til pusieron (3. person fleirtal). Dette var artig, og eg takkar Murillo for fotnoten!
Eg held fram med å følgje Murillo: Grønvold og Kjær skriv at slaven seier at namnet på jenta er “Lela Zoraida”, men Cervantes skriv lela Zoraida, for – seier Murillo - lela svarar til det spanske señora og kjem av eit nordarabisk ord. Zoraida tyder ”Pleiadar” (altså dei sju stjernene som vi kjenner frå gresk mytologi). Personen Zoraida er henta frå ei historie som Cervantes dramatiserte i komedien Los baños de Argel, der den vakre maurarjenta heiter Zahara. Historia skal byggje på livet til dotter åt ein viss Agi Morato, Zahra, som hadde ei mor som var kristen og som hadde vorte teken til fange i Argel (dvs. Alger) i 1529. Det var der, i 1574, at Zahra gifte seg med Abd al-Malik (som var fødd i 1541 og som i komedien heiter Muley Maluco), som vart sultan av Marokko i 1676 og døydde i 1578 i kamp mot portugisarane. I komedien blir det ikkje noko av bryllaupet mellom Zahara og Muley Maluco fordi Zahara flyktar til Spania med slaven, don Lope. Den historiske Zahra gifte seg for andre gong med Hasan Bāšā, som var “herren” (el dueño”) til Cervantes då han sat i fangenskap i Algérie.
Dette var kortversjonen. Det er nok rett at macanga tyder “nei”, for Murillo skriv som forklaring “dette er nei”. Så set dei seg til bords, alle saman, og don Quijote held ein tale, der han m.a. uttaler: “Quítenseme delante los que dijeren que las letras hacen ventaja a las armas” – “vik frå meg, dei som seier at lærdom har forrang framfor våpenkunst”. Her, forklarer Murillo, tek don Quijote opp eit tema som vart diskutert under renessansehumanismen. Når don Quijote i neste kapittel trekkjer seg tilbake frå militærlivet, svarar dette til livet til den meinige soldaten. Vidare i talen siterer don Quijote Det nye testamentet, m.a. eit kjent vers frå juleevangeliet (Luk 2,14). Dei andre sitata er henta frå Luk 10, 5, Matt 10,12, Joh 14,27 og Joh 20,19. Murillo hadde òg referansen til det som Homer fortel om Skylla og Kharybdis (Odysseen, XII og XXIII), så slapp eg å slå opp.
I det som hos meg er kap. XXXVIII, er un coleto acuchillado omsett med “en sønderhugget lærkøllert”. No trur eg ikkje at eg har nokon lærkøllert i garderoben, men ordet er brukt av Holberg, så slikt finst. Den meir moderne spansk-danske ordboka mi set coleto om med “tætsiddende skindvams” (Cervantes har her eit ordspel, som – saman med ein del andre litt spesielle konstruksjonar – skal få liggje i fred). Den djevelske oppfinninga (“diabólica invención”) som don Quijote fornnar i talen sin, er det som på spansk heiter arcabuz, som er hagebøsse på dansk, og som gammal militærnektar melder eg pass her. Men vår venn siktar (bokstavleg talt) heilt tydeleg til ei vending i Orlando furioso.
Da har eg sett filmen. Bortsett frå når eg er sensor eller sjølv driv med ein eksamen (og eg erklærer unntakstilstand i heimen), er eg aldri inne klokka halv to på ein sundag. Då er eg ute, som regel i skogane opp mot Vardal, som Hamsun skriv om i Mysterier, der eg har mitt Walden. Men i dag stod eg opp grytidleg og tok skogsturen, drog heim, tok på T-skjorta frå Toledo med don Quijote-motiv og sette meg til å sjå Grigorij Kozintsevs filmatisering av Don Quijote, med ei skål oliven og eit glas kvitvin (sundagsmiddagen hadde eg gjort klar dagen før). Jo, da – ein vanleg spelefilm kan ikkje bli anna enn utvalde scener, og eg synest at Kozintsev hadde komprimert stoffet godt. Og skrella vekk tilsvarande. Slik er det; bok er bok, og film er film. Det var mykje tragisk over riddaren her; han kjempar for det gode, men verda tok ikkje imot han.
Eg angrar ikkje på at eg måtte omorganisere litt for å få sett filmen (særleg scenene i vertshuset var da nesten kostelege!). Og så lærte eg at riddar på russisk heiter “рыцарь”. Verre var det ikkje.
Eg har lese innleiinga til Samfundets støtter i kommentarbindet i "Henrik Ibsens skrifter". For å setje det litt på spissen: Kommentarane seier at bakgrunnen for stykket er medierevolusjonen og særleg telegrafen. Ikkje eitt ord om den raske utviklinga av produksjonsforhold og produksjonsmiddel her i landet, ikkje eitt ord om forholdet mellom klassene. Og så treng ein ikkje lese meir enn eit par sider i sjølve stykket før ein ser kor oppteken Ibsen var nettopp av dette ...
FRØKEN BERNICK
Ak, jeg ed ikke hvad jeg skal sige. Tidt, når jeg går dernede i skolestuen, ønsker jeg at jeg var langt ude på det vilde hav.