Her finn du verka til Dickens med fine kommentarar.
Me har boka som felleslesing i norskfaget på 9. trinn, som ei av fleire førebuingar til 2. verdskrig. Når eit heilt trinn les ei bok saman, får ein undervegs gode samtalar og refleksjonar rundt tema og bodskap. Kunne dette ha skjedd? Blir me i så stor grad påverka av det rundt oss, at våre eigne verdiar og haldningar forsvinn? Korleis kan me hindre at me sjølve blir utsett for negative påverknadar, korleis kan me stå opp for det me trur på, osv.
Ei flott bok eg håpar vil bli lese av mange ungdomar, - gjerne vaksne og. Les då gjerne boka "Gutten i den stripete pyjamasen" først.
Nå går eg berre og ventar på at boka skal bli filmatisert.
Det er nokre år sidan boka kom ut, men sjølv "fann" eg boka nett nå. Dette var ei fin bok å lese, om besteforeldregenerasjonen min, og korleis situasjonen var for mange av dei norske jentene, - og tyske soldatane, som forelska seg i kvarandre. Nett slik som mi bestemor gjorde. Nettopp derfor las eg nok boka farga av det eg har høyrd om bestemor og mamma sin situasjon.
Eg har ikkje mykje å føye til anna enn: LES boka.
Nydelig novellesamling - anbefales!
https://tinesundal.blogspot.com/2018/11/jern-og-metall-noveller-av-levi.html