Skulle eg ha valt meg ut éi lydbok og høyrt på opplesinga opp att og opp att og opp att resten av tida mi som bilist, ville eg ha valt ut "Juvikfolke".
'Jeg vilde da se igjen Kristin vår - den vakreste rosen i Norddalen.'
Eg trur at ingen les bøker som dei synest er dårlege.
Fint med ei bok om "Brand". Norsk litteratur er ganske fattig i 1860-åra, med unntak ab Ibsen og Vinje pluss litt Bjørnson. Denne boka om "Brand" gir nye perspektiv på verket; særleg glad er eg for Eirik Vassendens "Ibsens 'Brand', Collins Ibsen og Carlyles helter - heroismen revisited".
Kjempemorasam komedie: Kvinnene i Athen og Sparta går til sex-streiki protest mot krigen (mellom Athen og Sparta). Flott, Aristofanes!
Grei innføring i det som austkyrkja står for, men prega av trongsyn overfor ande tolkiningar. Ingen kandidat til økumeniske prisar, men det ser ikkje ut til at forfattaren har slike ambisjonar heller. Eg kjøpte boka i eit kloster i Hellas pg lærte mykje av å lese henne.
Ja, det er akademikarar her. Men eg seier som Paulus: Her er det ikkje spørsmål om jøde eller grekar. mann eller kvinne, træl eller fri - for vi (og her følgjer eg opp sjølv) er alle eitt i Bokelskere.no. Mor mi var fabrikkarbeidar før ho gifte seg. For den fyrste lønninga si, kanskje i siste halvdelen av 1940-åra, kjøpte ho ein serie med bøker av Jules Verne. Å vere bokelskar har ingenting - eller i alle fall: lite - med utdanning å gjere. Eg tenkjer ikkje over kva bakgrunn andre bokelskarar måtte ha - at eg har mest felles med dei som har den same bakgrunnen som eg sjølv, er greitt nok, men det store ved denne nettstaden er at vi er forskjellige, og at det vi har felles, er gleda over å lese.
Turgenjevs "Rudin", Ola Vikers "Ulvegraven" og Knausgårds "Ute av verden".
Flott at du les "Lysistrata"!
Dette minner meg om då kona mi skulle kjøpe ei Bellmann-plate til meg i Trondheim. Ekspeditøren hadde spurt: "Med han sjølv?"
Sterk kost dette, om den unge mannen som får status - særleg blant damene - fordi han seier at han har drepe far sin. Litt av ein helt, altså, og litt av ein kritikk frå Synge si side av forholda i Irland. Eg såg stykket på Det norske teateret for nokre år sidan, friskt og grønt som Irland sjølv.
Femenalt var det. Går ganske greit det da. Trodde en stund at jeg måtte slette dem og legge dem inn på nytt. Kjekt at det er slike som deg her inne. Takk for det....
Jaha!! Men hva gjør jeg steg for steg for å samle alle C hyllene til en C hylle ,uten for mange omveier???
Mulig du har rett om skrivehjelp.Det jeg hørte om Forsyth og hans skriving for 20-25 år siden var at han hadde solid research om steder og temaene i bøkene sine.. Ludlum har jeg lest noen av, falt ikke helt i min smak den gangen...
Nå har jeg 7 bokhyller på C. De skulle jeg gjerne samlet til en hylle. Den hadde jeg tenkt skulle hete C,for da ville alle forfattere på C havnet på samme hylle....
Om forelsking og alderdom. Og liv.
Har en bokhylle på C, og en hylle merket Coppel.. Gjorde som du sa, men da har jeg plutselig to hyller på C
'Kristin,' sa presten strengt. 'Tør du hovmode dig slik at du tror du evner å synde så stort, så Guds miskunn er ikke større -.'
Akkurat ferdig med boken. Forsyth er en av mine favoritter så nå har jeg lest alle hans bøker. Den hadde sine spennende øyeblikk, og var ganske informativ. Hevneren synes jeg var veldig god. Tror ikke man kan stoppe kokainindustrien for godt på noen måte, bare dempe den for en stund.
Enkelte bøker er det knytt sterke minne til - som denne: To veker i Delfi, i 2005, for å studere gresk språk og kultur ved det europeiske kultursenteret der. Det er i slike samanhengar ein skjønner korfor Apollon valde seg Delfi. Ja, så vakkert er det der. Havet, like ved, himmelen, skogen og fjellet. Sikadane. Og maten og vinen. Badestranda ei lita bussreise unna. Og heile tida kunne boltre seg i gresk tenking, gresk kunst, gresk litteratur og ikkje minst gresk språk - det klassiske og det nye. Vandringar i Apollons heilgdom; det er her boka "Delphes" kjem inn: Å gå i heilgadommen med denne boka er noko av det største eg har gjort. Stoppe opp og sjå, sjå samanhengar, sjå føre seg korleis prosesjonane lyt ha gått her, korleis teaterframsyningane lyt ha vore, korleis idrettsleikane har utspelt seg på stadion der. Den vesle boka gir innføring - og så byrjar staden å leve inni meg.