Godt sagt! (0) Varsle Svar

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ida Lorentzen fascinerer meg med måleria sine av rom. Her er ho saman med ein forøpar, dansken Vilhelm Hammershøi, på Blaafarveværket i 2005. Einndel av bileta hennes er laga som kommentar til replikkar i "Hamøet". Jo, her er samanheng med Shakespeare ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

På greskkurset eg var på i Delfi i 2005, hadde ein svensk professor ei fengslande førelesing om eit par namn i bysantinsk litteratur. Ho tilrådde, for vidare lesing, "Bysantinsk litteratur" av Jan Olof Rosenqvist. Eg lånte boka på biblioteket etterpå - og vart hekta på litteraturen i det bysantinske riket. Kanskje altfor kortfatta og overflatisk framstilling, men grei som innføring. Dette skal eg drive meir med!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

'[...] What two letters of the alphabet are there that express perfection?'

'What two letters - express perfection? I am sure I do not know.'

'Ah! you will never guess. You' (to Emma), 'I am certain, will never guess. I will tell you. M. and A. Emma. Do you understand?'

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Vakkert er det på Shetland, og det kjem så absolutt fram i denne boka. Shetland er hav og sand og øyar og moar - og fish'n chips rett frå havet. Det er Lerwick, med norsk kafé, og Scalloway, med krigsmuseum, nesten meir norsk enn skotsk. Øygruppa ligg nærmare Bergen enn London. Å sjå på dei vakre fotografia er boka er invitasjon til å lengte tilbake. Så er det vel også det som er meininga.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Man finner neppe noen vitenskap som det koster så meget strev å lære som aritmetikk.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg held ein knapp på "Stille flyter Don" av Mikhail Sjolokov, om menneske i kamp med fiendar og med seg sjølv under samfunnsomformingar. Og så har vi Aiskhylos' "Orestia", "À la recherche du temps perdu" av Marcel Proust, "Juvikfolke" av Olav Duun, "Kristin Lavransdatter" av Sigrid Undset, "Little House on the Prairie" av Laura Ingalls Wilder, Ole E. Rølvaags bøker om norske utvandrarar i USA og Vilhem Mobergs bøker om dei svenske. Dantes guddomlege komedie lyt vel òg kunne reknast som ein god serie. James Fenimore Coopers bøker om Leatherstocking er eg ikkje ferdig med. Og "Hellemyrsfolket" av Amalie Skram, John Galsworthys "The Forsyte Saga" og Sigrid Undsets "Olav Audunsøn" har eg til gode.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg prøver å ta føre meg, litt systematisk, dei landa som har ein kultur og eit språk som interesserer meg (og då blir det både drama, romanar og poesi). Så for tida er det Spania og Latin-Amerika. På reiser les eg alltid bøker frå språkområdet, så det kjem til å bli litt italiensk dette året òg. Og så bytter eg på med faglitteratur; her er eg inne i ein periode med historie (Afrika og deretter det amerikanske kontinentet), religionsvitskap og litteraturvitskap. Pluss Platon (er halvvegs), Ibsen, Undset, Homer og Vergil som eit nærmast kontinuerleg fundament.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Jo, det er det vel, men etter kvart, no som eg kjenner historia gjennom den engelske originalen, filmane på kino og i fjernsynet og på dvd og no til sist i omsetjing til norsk som lydbok, er det nok romanen som kunstverk som opptek meg - korleis forfattaren byggjer opp historia, som ho veit slutten på, heilt frå fyrste setning. Austen har planen klar, og ho lagar opp- og nedturar i forholdet, nøye planlagde, og med sidespor som illustrerer og kontrasterer hovudhandlinga og held lesaren i spenning. I dette landses universet er kvinna ei vare, og Austen er for tidleg ute til at ho problematiserer dette i særleg grad. Heldigvis, det seier no eg på ein 8. mars, fekk vi Camilla Collett her i landet, litt seinare. Men du verda så fin ein roman (om enn noko einstonig innlesen)!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg har òg denne utgåva. Arne Worren, som står for den nye, har sagt at kvar generasjon treng si omsetjing. Eg klarte meg godt med Grønvold (reknar med at Kjær stod for språkpussinga, særleg av dei lyriske partia. Kven av dei som er best når det gjeld å liggje nær originalen, veit eg ikkje.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg kom på romanen "La Storia" av Elsa Morante (gripande!) og romanane "Jeg elsket Tiberius" og "Den fønikiske trappen" av Elisabeth Dored. Dei to sist nemnde har ufortent komme i den litterære gløymeboka. Elles ser eg ein episode av BBc "Rome" på dvd ein gong i veka. Verkeleg interessant - om storpolitikk og vanlege menneske. Caesar har eg mange bøker om, og eg driv for tida og registrer forlaget Sfinx' "Imperium Romanum", som eg las i for nokre år sidan. Nok å ta av!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jan E. Hansen gav for ikkje lenge sidan ut ei ny bok om Roma. Også Thomas Thiis-Evensen og Trond Berg Eriksen har ganske nyleg gitt ut bøker om denne vidunderlege byen. Og ta med Sigrid Undsets "Jenny". Hansen, Thiis-Evensen og Pollestad har forresten gitt ut "Tre muntre herrer i Roma".

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sigrid Undsets "Våren" har eg ikkje lese enno, men "jenny" kan eg nok assosiere med denne årstida (og andre). Elles burde ein lese Thoreaus "Walden" fire gonger i året, éin for kvar årstid.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Danskane kan det! Eit verk i tre bind om "den universelle magt, som ligger i begrebet Imperium Romanum", "hvordan dette imperium blev skabt og hvordan universalitetstanken fik så stor betydning for etftertiden". I fyrste bind 13 artiklar om Romarriket, frå Rudi Thomsens "Imperiedannelser før Rommerriget" til Lars Boje Mortensens "Folkevandringerne og Imperium Romanum". Alle som skal til Roma, burde i det minste få rabatt på museumsbesøk om dei kunne dokumentere kunnskap om monarki, republikk og keisardømme på bakgrunn av denne boka!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

[...], men du er mest stri når du elsker mest, [...].

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Så får en mann tåle det, når han avler avkom av sitt legeme, at det svir i hjertet om han mister dem eller verden går dem imot.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det vet du nu vel, Kristin min, uvis er den som gråter et menneskes bortgang - hellere have dig Krist enn jeg, har du vel hørt sagt; jeg trøster mig fast til Guds miskunn.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ikkje verst (av d'Artagnan, altså. Som kjent var han ikkje nokon kløppar i engelsk.).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er einig i vurderinga di av "Gilgamesj", som eg har i ei anna utgåve, men det blir litt rart når systemet til bokelskere.no fører til at Per Seyersted nesten står som forfattar av dette verket. Eg har forresten stor respekt for Per Seyersted; eg hadde han som lærar i amerikansk litteratur, og har vel nesten aldri hatt ein betre førelesa.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

RuneKirsten LundHeidimgeKjerstiDagfinn JakobsenInger BjørndalJulie StensethIna Elisabeth Bøgh VigresomniferumCamillaBerit RPiippokattaFride LindsethTurid KjendlieAnniken RøilAnne-Stine Ruud HusevågMargrethe  HaugenHarald KVibekeEster STore HalsaBjørn SturødCecilie69Per LundSverreTine SundalJane Foss HaugenRandiAMartesiljehusmorEli HagelundAlexandra Maria Gressum-KemppiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterTanteMamieStig TTone HAud Merete RambølSynnøve H Hoel