Gyldig grunn.
Ja, så klart. "Uhøytydelig" seier forlaget på omslaget av lydboka, om Herrmanns måte å fortelje på. Eg ville heller ha sagt: "elegant" - eg blir jo rett og slett høgtidsstemd av å høyre på denne mannen. Nøye utstudert er både ordval og syntaktiske konstruksjonar, og det er utruleg kva han får gitt av informasjon om byen som eg håper å få reist til i samband med Dickens-jubileet i 2012.
Men han gjer feil, han òg, til og med: Han kallar Akhilleus for ein gresk krigsgud og Mithras for ein romersk krigsgud. Huff og huff for vranglære. Og lydboka har eit tillegg som er rotete presentert, for ein stor del reprise av fakta frå den opphavlege delen og i alle tilfelle ikkje lese med den same varmen som elles. Så heilt topp er ho ikkje, denne lydboka, men likevel god nok til at du bør kaste deg over dei andre bøkene hans, Rose-Marie. Har du gjort det, da?
Her er det tjukke bind II av Decameronen på norsk. Dette er altså ei fullstendig utgåve slik at vi altså har alle dei ti historiene frå alle dei ti dagane. Som skikken var på 1300-talet og seinare (som vi merker, vi som les Cervantes), innleier eit samandrag kvar novelle - som her: "To menn er meget sammen. Den ene ligger med konen til den andre; men han blir vár det og lager det sånn med konen hans at han blir låst ned i en kiste, og på den forlyster han seg så med konen hans!"
Trur ikkje La Galatea finst på norsk, nei - da hadde vel forlaga brukt det i reklamen for Don Quijote ...
Dessverre kan ein berre gi éi stjerne per innlegg.
At eg seier at eg ikkje har hørt om eit uttrykk, inneber at eg ikkje har hørt om det - og ikkje at eg ikkje trur at det eksisterer :-) Eg hugsar foresten uttrykket "å trekke blank" frå dei barndommens gutebøker som eg enno er svak for.
Du får stjerne for engasjement og plausible forklaringar, men eg kan ikkje her og nå (karakteroppgjer i skolverket) avgjere kor rett dette er. "Arma negra" har eg ikkje hørt om. Eg trur ikkje at den spanske utgåva hadde kommentar her, men eg skal ha dette in mente. Vi står på til gjensidig horisontutviding! Men om eg går i mål med inneverande bolk til rett tid, er eit anna spørsmål ...
Jo.
Fekk dei to svære binda i gåve til førtiårsdagen i 1992 og las dei i 2003. Lang leveringstid her. Før var det noko som heitte Ring Bok i hovudstaden, nede i Grensen, men det er visst ikkje der lenger. Skal gi deg tips om eg kjem over dei einstad.
Slett ikkje unyttig lesing, dette - Ane Hoel, skodespelar og høgskolelektor på den sida av Mjøsa som har den beste utsikta, har fått kommande lærarar til å skrive om Ibsen. Noko av bakgrunnen er at Ibsen ikkje står nemnd i dagens læreplanar for grunnopplæringa. Dette er, kan eg forklare, ei følgje av dei generelle retningslinjene som Stortinget har bestemt skal gjelde for læreplanarbeidet, ikkje av vonde tankar hos rådgivarane i Utdanningsdirektoratet.
Men sjølv om enkelte av artikkelforfattarane har svært lite nytt å komme med, finst her mange godbitar som er med på å gi meg nye perspektiv på Ibsen, og det er slikt som eg blir glad av! Redaktør Hoel er vel den beste, der ho tek føre seg "Hedda Gablers ensomhet", men særleg gledeleg for meg er Egil Bogfjellmos "En psykoanalytisk lesning av mødrenes rolle i Brand og Peer Gynt", Eldbjørg U. Rønnebergs "Ellida - ei kvinne i eksistensiell krise" og, ikkje minst, "Om ikke å realisere idealet bak sitt virke. Lungstarnd og Ballested som bilde på Ibsens kunstnere" av Marte Monsen.
Artiklane byggjer i liten grad på moderne forsking samanlikna med alle referansane til eldre studiar. Det er no så. Men høgskolelektoren i norsk burde ikkje ha late dei kommande lærarane få publisere artiklar som vitnar om til dels alvorleg svikt i kjennskapen til elementære rettskrivings- og teiknsetjingsreglar.
Denne utgåva kom ut i 1990 (Forum folag i samarbeid med Ring bok, står det); fyrsteutgåva kom i 1934. Eg har òg ei anna utgåve på norsk (illustrert, ja), men eg inn henne ikkje - har nokon lurt med seg dei erotiske novellene? Dette er vel ei utgåve frå Bokklubben, med utdrag (men den som eg viser til, er altså heilt komplett!!!!), omsett av Oskar Braatens son Bjørn Braaten, hugsar eg. Kva Decameronen er? Ei samling forteljingar, slik den meir kjende samlinga Canterbury Tales er, der ramma er nokre folk på flukt frå pesten i 1340-åra, og så underheld dei einannan med historier, for det meste - aller meste! - erotiske. Eit vanleg oppslagsverk gir deg nok detaljar. Men Baocaccio står altså for dei fyrste novellene i litteraturhistoria.
Midt i blinken for meg - for å bruke ein klisjé som grekarar og romarar nok ville ha tilrådd meg å styre unna: Om korleis den greske og romerske antikken har vore med på å forme vår eigen litteratur, frå Teodorik Munk via Holberg til Svein Jarvoll - og meds topp hos Wergeland, Welhaven, Collett, Ibsen, Lie, Bull og fleire - og også om "Antikkens fravær i norsk lyrikk i mellomkrigstida". Fælt at styresmaktene gjennom over hundre år gradvis har kutta tråden til antikken; no er gresk og latin på veg inn att, men er det for seint?
Fyrste bindet av den fyrste norske utgåva av Il Decamerone, omsett av Henrik Rytter, og med illustrasjonar av Arent Christensen. Stor - på alle måtar: Dei fyrste novellene finn vi her. Verken meir eller mindre.
Bindet inneheld Parmenides, Theatetos, Sofisten og Statsmannen. Tungt stoff, Om einskap og eksistens, om statsmannskunst. Burde vel ha lese boka eit par gonger til, men fyrst vil eg gjennom alle dei ni binda med Platon.
Dei skreiv jo så mykje, desse forfattarane, så dette er vanskeleg å svare på. Scott og Zola og Balzac har jo haugevis - nei, eg veit ikkje.
Og det er det! Har retta det nå. Har av og til for mange bøker i hovudet! Takk!
Herleg frå romantikken: Om Rob Roy og kampen for skotsk sjølvstende. Eventyrleg, spennande. Eg er som pastor Manders hos Ibsen, eit stort barn - eg elskar Sir Walter Scott og lèt meg forføre av skildringane, intrigane, kjærleiken og spenninga ...
Og til sjuande og sist er det det språklege som er viktig i eit essay, tonen i det, sidan lesaren ikkje eigentleg skal lære noko, men ha ei litterær oppleving, omtrent som det skulle gjelde ein roman.
(Ragnar Hovland)
Å, eitt av leseønska mine er å ta fram Walden att og lese vårkapitla om våren, sommarkapitla om sommaren, haustkapitla - ja, du har vel skjønt den draumen eg ber på. Håper å kunne starte til sommaren!
Dei andre romanane hans kjem nok ikkje opp mot denne, men Babylon Badlands kan vere verdt å prøve seg på. Elles slår eg eit (lite) slag for novellene.
Takk!