Eg starta lesinga i dag, og boka er som du seier! Originale, livlege skildringar, underfundige språklege konstruksjonar og levande skildringar av høgst individuelle figurar. Sjå berre korleis Dickens bruker språket for å individualisere figurane (som å skrive ven for when) (det står ein del i biografien til Peter Ackroyd om at Dickens var ein meister til nettopp dette. Eg gleder meg til å gå vidare!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, stå på med dette tiltaket! Men eg vil gjerne ha ein liten pause - ok med start 15.8. og fyrste bolk til sundagen etter. Men gjerne litt færre sider frå gong til gong, kanskje?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg vart litt skuffa over biografien som Peter Ackroyd har skrive om Charles Dickens; det var mest fordi eg har lese boka hans om William Shakespeare tidlegare? Ackroyd registrerer det som skjedde og sper på med nokre sitat og har ein del velformulerte kommentarar, men elles blir dette nesten grått.

Men visst her er høgdepunkt; Ackroyd klarer å vise ganske fint korleis Dickens "relished the idiosyncrasies and mannerisms of his characters; once they had been created they continued to live within him as so many imaginary companions whom he delighted to introduce to others on appropriate occasions. What is more significant, perhaps, is the fact that he 'saw his characters in the same way that he had seen the characters of his childhood reading." Og slik held han fram med å fortelje kor levande romanfigurane vart for han som hadde skapt dei - og då er det vel ikkje så rart at dei blir levande for oss òg.

Eg finn berre éin feil i boka (eiptaph for epitaph, s. 138), men så kunne då forfattaren verkeleg ha vore flinkare til å føre opp og drøfte kjeldene sine!

Det er forresten viktig å få med seg at "Dickens actually underplayed the horror of life in the Yorkshire schools" (s. 142) - så var det altså verre på ordentleg!

I epilogen når Ackroyd dei høgene som boka om Shakespeare er så full av, så desse få sidene er det ein fryd å nyte.

Alt i alt gir boka god bakgrunn for å lese verk av neste års jubilant. Og eg kjem nok uansett til å skaffe meg biografiane om London (!) og Sir Thomas More.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

NORA
Prægtigt! Men er jeg ikke også snil, at jeg føjer dig?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

NORA går op og ned
En mand kan meget bedre klare sligt noget, end et fruentimmer -

Godt sagt! (0) Varsle Svar

NORA
Men din datter har da visst glemt dig.

BARNEPIGEN
Å nej såmæn har hun ikke. Hun skrev da til mig, både da hun gik til præsten og da hun var blevet gift.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"To kill a mockingbird"... "Drep ikke en sangfugl" heter den på Norsk .

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hei. Ser ut til at jeg har alle sammen . Skal jo en tur til Vikersund utpå høsten. Kan ta de med da. I kveld drar vi på hytta ved Marvik. Fiske makrell og sjøørret. "Stien mot fortiden" ble nyutgitt i 06 med ny tittel "Ragnarokk"

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg har ca 30 bøker skrevet av E.S.Gardner og de fleste er med Perry Mason. Usikker på om de har handling fra rettsal da jeg ikke har de her jeg er nå for tiden.Har bare lagt inn 6 stk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hørt mye rart,men bøker om HOMO/LESBE ,nei det har jeg ikke hørt om.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sidan sa Herren til Moses: '[...] Far opp til det landet som fløymer med mjølk og honning! Men eg vil ikkje fara med deg, for du er eit stridlyndt folk; elles kunne eg gjera ende på deg på vegen.'

(2 Mos 33, 1-3)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, og denne børa er vel førebudd. Jo fleire gonger ein les eit verk av Ibsen, desto meir ser ein samanhengar - dette gjeld også her. Etter få sider er vi rett oppe i alt saman: pengar, lån, arv og kvinnas stilling i ekteskap og samfunn. Og sjå korleis Ibsen utnyttar rommet med dørene, der nokon går inn og andre ut - heile tida, nesten. Dette skapar bokstavleg talt dramatikk; opptrinn etter opptrinn, replikk etter replikk, har ein dobbel funksjon - både å avsløre fortida og samtidig drive handlinga framover.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

NORA
[...] Torvald, kunde ikke du tage dig af mig og bestemme, hvad jeg skal være, og hvorledes min dragt skal være indrettet?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

NORA
[...] En datter skulde ikke have ret til at skåne sin gamle dødssyge fader for ængstelser og bekymringer? Skulde ikke en hustru have ret til at redde sin mands liv? Jeg kender ikke lovene så nøje; men jeg er vis på, at der må stå etsteds i dem, at sådant er tilladt. Og det ved ikke De besked om, De som er sagfører? De må være en dårlig jurist, herr Krogstad.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vi er mange titusenar som dei siste dagane har sunge Nordahl Griegs "Til ungdommen". Biskop Kvarme siterte frå Griegs "17. mai 1940": "Vi er så få her i landet, / hver falden er bror og venn." Lat meg òg få minne om det kanskje aller, aller viktigaste, frå "Den menneskelige natur":

Fortvilelsen kan være bunnløs,
så hvorfor kan ikke håpet?

Godt sagt! (12) Varsle Svar

I dagens bolk, som eg sender kommentar til før ein liten ferietur (som m.a. vil gå forbi Utøya; slik er dei tilfeldige tinga i livet), møter vi kraftig krangling, i kap. XLV, om “la duda del yelmo de Mambrino y de la albarda” – om Mambrinos hjelm og det som i den spansk-danske ordboka mi er sett om med “paksadel”, men så er vel “eselsal”, det mest presise, då. Det spanske ordet yelmo er sjølvsagt germansk av opphav; det kjem av helm, som har gått til hjalmr i norrønt (og hjelm i moderne norsk) pga. den lydovergangen som heiter bryting. Og salen – var det eit barberbekken, bacía?

Nicolás, barberen vår, hausar opp stemninga; han vil drive spøken vidare (“llevar adelante la burla”) og soknepresten støttar opp: Her skal dei gi don Quijote vatn (eller heller: vind) på mølla.

Vi får tre nye gjester, “vogtere av veifreden”, står det; Cervantes seier cuadrilleros. Den spansk-spanske ordboka mi er taus, men den spansk-danske ordboka forklarer at ein cuadrillero er ein “sjakbajs” eller ein bandeleiar. Heldigvis har eg Politikens retskrivnings- og betydningsordbog i huset, kjøpt i Skagen for nokre år sidan, og her får eg vite at sjak er “flok, bande”. Litt rart at desse skulle passe på freden etter vegen, men også her kan eg vike for Grønvold og Kjær. Kanskje ikkje bande har negative konnotasjonar på dansk? Likevel: Enn om eg hadde klart å ta dei på noko …

Eg er ikkje sikker, men eg kunne tenkje meg at Cervantes her gjer narr av disputasar. Vi har tidlegare sett korleis don Quijote har drøfta konflikten mellom penn og våpen, og her blir det altså disputt om noko er hjelm eller barberbekken og esel- eller hestesal. Eg tenkjer på disputasane hos Ludvig Holberg i Peder Paars og Erasmus Montanus - kanskje er vi inne på noko av det same hos Cervantes?

I alle fall blir det mekling, og don Quijote får halde fram med å tru at han har hjelm og ridesal og at han oppheld seg på ei borg, “hasta el día del juicio”, heilt til dommedag. Men kva hjelper det, når ein av desse cuadrilleros har arrestordre på don Quijote fordi han sette galeislavane fri?

I kap. XLVI ser vi korleis don Quijote er riddar i det som hos Holberg heiter «udi egen Indbildning» (eit av stykka hans heiter *Philosphus udi egen Indbildning), en su imaginación», som det står hos Cervantes. Don Fernando betaler rekninga på borga – unnskyld: vertshuset – og så er don Quijote klar til å fullføre det store eventyret sitt. Dette prosjektet blir hindra av krangling med Sancho Panza, som jo har oppdaga at Dorotea ikkje er så fin ei dame som herren hans trur. Eg synest forresten at det er viktig å merke seg at Sancho Panza, i motsetning til herren, avviser hekseri som forklaring. Sancho Panzo er forskjellig frå don Quijote – «Sólo Sancho, de todos los presentes, estaba en su mesmo juicio y en su mesma figura; el cual, aunque le faltaba bien poco para tener la mesma enfermedad de su amo», men det held altså hardt, av og til, å ha sunn dømmekraft.

Planen til barberen og soknepresten er å låse don Quijote inn i et bur på ei vogn som blir trekt av oksar, og hovudpersonen blir endå sikrare på at han har med hekseri å gjere. Cervantes viser kor samansett den til tider kloke Sancho Panza er ved at han lèt han snakke om «las escrituras andantes», altså om dei vandrande skriftene i motsetning til dei vandrande riddarane.

Eg nemner at verten gir soknepresten «Novela de Riconete y Cortadillo», som Murillo seier at Cervantes truleg hadde skrive i 1604, men som vart publisert i 1613 før vi får ei oppvisning i kritikk av riddarromanar – og eg skulle tru at det er Cervantes sjølv som bruker el canónigo de Toledo, domprosten, til å kritisere denne litteraturen, men frå mi side kjem det altså ingen kommentarar til dei forfattarane og dei titlane som blir nemnde. Det som står klart, er at don Quijote fram til kap. XL held fram med å forveksle røyndom og fantasi.

Kva meir kan så Murillo, han som kommenterer den spanske utgåva mi, hjelpe oss med denne gongen?

I kap. XLV, når diskusjonen går som hardast, blir don Quijote mint om ei tilsvarande scene, “la discordia del campo de Agramante”, usemja i Agramantes leir, og han ber barberen og soknepresten ta rollene som kong Agramante og kong Sobrino. Dette er to karar som opptrer i Ariostos Orlando Furioso, i songane 14 og 27, og som altså mekla i ein strid (som ikkje dreidde seg om nokon hjelm, berre så vi veit det).

I kap. XLVI ber han oss leggje merke til alle dei kyrkjelege allusjonane i kranglinga mellom don Quijote og Sancho Panza. Uttrykket reducille al gremio de su gracia («i Eders bevågenheds skjød,» seier omsetjarana mine) har kaptein Ruy Pérez brukt i kap. XL, seier han.

Då blir eg borte frå diskusjonen ei stund - saman med henne som eg ser meg «ayuntado en santo y debido matrimonio con [mi] querida Dulcinea de Toboso», altså ho som eg har bøygd nakken min saman med under ekteskapets milde åk.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Da jeg har litt for mange bøker må jeg prøve å kvitte meg med en del.Har samlet i mange år og det på alt mulig.. Regner med at jeg har 8-9000. Pr. i dag har jeg jeg lagt inn 4288 stk.Se etter der, og hvis det er noen her som har noen ønsker utover det, så er det bare å si ifra ,så skal jeg se etter om den/de finnes i mine hyller. Hadde tenkt å beholde noen spesielle forfattere.Pris pr stk.: Fra kr.25.- og oppover. (Måtte legge inn en bok for at listen kunne vises.)


Godt sagt! (6) Varsle Svar

NORA
[...] Å, lad mig holde hende lidt, Anne-Marie. Mit søde lille dukkebarn!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

RANK
Ikke passiar her i luftdraget!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

NORA
Jeg har en sådan umådelig lyst til at sige: død og pine.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Tor Arne DahlHanneMads Leonard HolvikMcHempettIngvild SAlice NordliPiippokattaNorahChristofferBeathe SolbergBeaKareteIngunn SKirsten LundVannflaskePernille GrimelandOleL. SeljeliKnutMRisRosOgKlagingTone HellinoronilleCathrine PedersenTorill RevheimDemeterAnn Helen EMarit FagernesAlexandra Maria Gressum-KemppiHeidiEivind  VaksvikTove Obrestad WøienLena Risvik PaulsenmarvikkisKjell F TislevollHelena EBeate KristinWenche VargasMarianneNEster SAstrid Terese Bjorland Skjeggerud