Som eg skulle ha sagt det sjølv. Bortsett frå at eg ikkje har hundar, - men har katten på fanget...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ein grundig og veldig god anmeldelse av Amin Maalouf si bok Verden i ubalanse! Mange fine sitater. I grunnen kunne ein sitere heile boka. Viktig, interessant og tankevekkjande stoff, framstilt på ein fengslande måte. Utfordringane til verdssamfunnet er enorme, og Maalouf er både pessimistisk og håpefull. Det spørst berre kva steg som blir tatt mot ei god løysing. Han meiner at ein i alle fall må satse på kultur og litteratur, - som du også har sitert ovafor.
Eg skulle likt å vite korleis Maalouf ser på "Den arabiske våren" og finanskrisen i Europa. Vi får kanskje ei ny bok etterkvart.

Eg har stor sans for Amin Maalouf som skjønnlitterær forfattar. Las fleire av bøkene hans i "midtausten-perioden" min.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

LYKKA

Det er med lykka som
med ville dyr i skogen:
Den blir tillitsfull
og nærmer seg leirplassen din når
du ikke lenger jager etter den.

Hans Børli

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Om vi vil opprettholde borgfreden i landet, i byen og bydelen, hvis vi ønsker at det menneskelige mangfold skal vises gjennom harmonisk sameksistens snarere enn gjennom spenninger som leder til vold da kan vi ikke tillate oss å kjenne de andre bare på en overfladisk, grov og tilfeldig måte. Da må vi kjenne dem inngående, nært, intimt. DET KAN BARE SKJE GJENNOM KULTUREN. OG FØRST OG FREMST GJENNOM LITTERATUR. ET FOLKS INTIMITET LIGGER I LITTERATUREN.
(Mi utheving)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg må sei eg likar boka Erobreren betre enn TV-serien, - etter første episode iallefall. Serien verkar springande og usamanhengande. Håpar det blir betre seinare.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

NÅR DAG DET VAKNAR
Når dag det vaknar på kvite vidder,
og sola ror seg or austerleid.
På ski eg skrid her, og mo aleine.
Og heilag ro over høgan hei.

Og fjell i vester vert tårn, portalar,
på kvite, strålande tempelhall.
Og mjell er snøen. Og foss er frosen
og prydd med blåblanke iskrystall.

Her stig mot blåne mitt snøfjells-Noreg
med stilla stor over solstrådd tind.
Og med meg ber eg, når all er dagen,
dei kvite vidder i hug og sinn.

(Johan Veka, frå Eg ser, eg minnest...)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Einig. Dalai Lama si bok er for alle, uansett religion og tru. Fin og tankevekkande.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg les Verden i ubalanse av Amin Maalouf. - Viktig bok!!
Elles lyttar eg til LIttle Women av Louisa May Alcott. (Lasta ned frå I-tunes. Uavkorta versjon).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Er einig i at boka er lettlesen med godt språk. Eg las Vann til elefantene av same forfattar tidlegare. Samanlikna med den tykkjer eg ikkje Apehuset er fullt så god. Men boka var interessant og lærerik. Bonoboer er apar eg ikkje visste noko om frå før. Sara Gruen har sett seg inn i livsforma og språket deira, så det ho skriv om dette er heilt truverdig. Eg lika framstillinga av hovudpersonane, forskaren Isabel og journalisten John.
Første del av boka fenga, så kom ein noko langsom midtdel, og så tok boka seg godt opp på slutten.
Fint med forfattaren sitt etterord.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Var ikkje det Olav Åsteson i Draumkvedet?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så interessant! Godt gjort!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er eigentleg ein liten song eg lærte i småskolen for MANGE år sidan. Kanskje han sto i ei lesebok...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Gratuleler Charles Dickens med dagen!!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Trur nok det er nokså rektig,det du skriv. Men Elstad fekk mange lesarar. Eg lika best dei første bøkene hennar. Dei byggjer på hennar eiga slektshistorie. Elles gir ho eit godt tidsbilete i romanane sine. Personskildringane er heller ikkje verst.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Mange interessante bok-/forfattarforslag i denne tråden. Fleire har eg lese, men ein del står att ennå.
Vi har òg Anne Karin Elstad, - ein forfattar som har skildra kvinner i ulike livssituasjonar og tidperiodar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Nei, sjå snøen.
Han ligg kvit og fin på heile bøen.
Løynleg kom han, som på kattefot.
skjulte med si dun kvar rubb og rot.
Med du sov i natt,
med du sov.

Diktar ukjend (for meg iallefall).

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Så har eg lytta meg gjennom Snorre 1, 2 og 3, - ca 30 timar. Her får vi soga om norske kongar fram til den siste kongen av Hårfagreætta på 1100-talet. Ei "nøktern" skildring av maktkampar og krigar. Det var ikkje enkelt når kongane hadde søner med fleire kvinner, og alle desse sønene hadde arverett. Dette førte nødvendigvis til mykje ufred,brutalitet og vald. Ikkje akkurat lysteleg lesing, men det var interessant å følgje Snorre si skildring av dei ulike kongane og dei politiske tilhøva.
Eg har lese ein god del historiske romanar, så eg kunne ein del noregssoge frå før. Nå har eg lært ein del meir, men her er så mange detaljar at det er mykje eg ikkje greier å hugse.
Litt artig å sjå at mange personar har eit karakteristisk tilnavn til førenavnet sitt. Tilnavna til kongane kjenner vi til, men ein finn mange andre òg. Ein prest har Langtale som tilnavn, ein skald Skvaldre. Elles finn ein Stuttfell, Sprakalegg, Istervom, Hardmage, Sneis (=pinne) osv...
Eg har i mange år hatt som mål å komme gjennom heile Heimskringla. Nå er eg godt fornøgd med at eg har gjennomført det.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Høyrde òg på dette programmet. Silvia Henriksdotter høyrest ut til å vere ein klok og reflektert forfattar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg fann diktet på Twitter. Ein som kallar seg "Torvald Tu" skriv sitat frå Torvald Tu sine skrifter. Litt om gongen, så eg "samla saman" dette diktet. Biletet "Sylvrimkåpe" er så fint, tykkjer eg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Thomas Lodge?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundKjerstiReidun SvensliPiippokattaMathiasMarenIngunn ØvrebøJulie StensethVibekeKari FredriksenTore HalsaAnne-Stine Ruud HusevågDemeterSynnøve H HoelToveIngunn SBertyAkima MontgomeryFrode Øglænd  MalminAud Merete RambølSol SkipnesJoakimEli HagelundTone HFredrikEllen E. MartolKathinka HoldenFlettietteritaolineCathrine PedersenVariosaIngeborgElisabeth SveeAlice NordliMarianne  SkageAnneWangGroGunillaKaren PatriciaBeathe Solberg