Mitt profilbilde er eit foto av eit porselensfat eg har malt etter inspirasjon av Bjørn Winblad.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

FLUEN

Jeg sat og skrev og søkte svar
på de problemer som jeg har.
Da kom en flue til mitt bord og slog seg nede blant mine ord
og tænkte på en fluemage....
og på en oversukret kage....
og på en solplet på en væg...
og på om lidt at lægge egg.
Der sat den i min fine skønskrift
og tænkte på sin sult og kønsdrift.
.......
Jeg ramte fluen med et smæk,
og nu er dens problemer væk.

Piet Hein

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Hvergang jeg begår en fejl, glæder jeg mig, der begik den, for det var rimeligvis ikke nogen andre, som jeg ville ha kunnet tilgi den.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg òg lika denne boka av Kader Abdolah veldig godt, men ikkje fullt så godt som Huset ved Moskeen. Sidan Kongen er ein "romanbiografi", er han så pass prega av fakta, slik at kunstnarleg utfalding blir meir begrensa.
Det var interessant å lese om tidsrommet mellom einevelde og utviklinga mot eit parlament og ein grunnlov i det gamle persiske riket. Det politiske maktspelet i forhold til Russland, England og delvis Frankrike var òg interessant å få innblikk i. Sjahen sin vesir, som arbeidde for modernisering, var forfattaren sin tippoldefar. (Kanskje det var difor han blei framstilt som ein person uta lyte og feil?) Det var i dette "spelet" ayatollaene begynte å utvikle politisk makt. Artig med fatwaen mot tobakk dei fekk i stand for å svekke det engelske monopolet på tobakk. (Dette gitt av sjahen). Alt i alt ei interessant og velskriven bok !

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg er einig i di vurdering av Nuria Esponella sin roman. Boka byggjer til dels på historiske personar og hendingar i Nord Spania sist på 1100-talet.
Handlinga går føre seg i eit benediktinarkloster.Hovudpersonen, Blai, er foreldrelaus og er trell der. Han kjem i lære hos ein kjend bilethoggar som arbeider i klosteret, og blir forelska i dotter hans. Ho elskar han òg, men ho er allereie forlova med ein adelsmann.
Så forsvinn relikvier etter apostelen Peter frå klosteret....
Ja, her er ingredienser til det som kunne ha blitt ein stor historisk roman, men rotete komposisjon og til dels dårleg språk øydelegg.
Boka blei kåra til beste historiske roman i 2009. Men konkurransen kunne ikkje vore stor, tenkjer eg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar
  1. Ja.
  2. Handlar mest aleine. Då treng ingen vente på meg.
    Når og kor ofte eg kjøper bøker kjem an på kor ofte
    eg er ein stad der det er ein bokhandlar. Min
    yndlingsbokhandel, som også er den næraste, ligg fire
    mil unna. Så det kan bli kjøp av ei eller
    fleire bøker i månaden.Handlar òg på nett.

  3. Forfattar, tittel, anbefaling, baksidetekst
    eller framside.
  4. Skjønnlitteratur, historiske bøker,reiselitteratur
  5. Kjøper mest nye, men også brukte frå antikvariat.
  6. Eg brukar nok meir pengar enn eg tykkjer er greit.
    Har ein karakterbrist her...
  7. Prøver av og til å begrense kjøp for å "lese unna",
    men sprekk gong på gong.Har veldig mange bøker
    på vent.
  8. Det varierar. Det spørst kor freistande bøkene er.
  9. Pris eller innbinding spelar inga rolle.
Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det ser ut til at eg har lese 19 av desse bøkene. Fleire andre freistar, ja.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har lytta til lydboka. Karsten Alnæs har gitt ei kort og grei oversikt over viktige bolkar i Norges historie. Mange småfortellingar gjer at boka ikkje blir ei rein historiebok. Desse illustrerande glimta frå folkelivet gjer boka meir interessant og lærerik.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vatn er sterkaste drykken, det dreg både sag og kvern.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Berre bok gjer ingen klok.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

I HUSET BORTENFOR...

I huset bortenfor huset
bortenfor huset til snekker Kvikk.
i rommet innfor rommet
innenfor rommet til hans butikk.
Bak skapet bakenfor skapet
bakenfor skapet til hans madam.
Der ligger faren til bestefaren
til bestefarens søndagskam.

Inger Hagerup

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Eg lika veldig godt bøkene til Knut Hauge. Sagaen om Ulfsætta i 8 bind skildrar ei slekt frå 1700-talet opp til vår tid.Handlinga går føre seg i Valdres. I tillegg til ei medrivande handling får vi òg ei skildring av forandringane som gjekk føre seg i bygdesamfunnet.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eit dikt av Halvor Sandsdalen:

Gå ikkje der gjerdet mitt ligg nede
- der muren er låg.
Søk ikkje etter der eg er veik
- - - om du er min ven.

Ulven bryt gjerdet der det er ringt
og kliv muren der han er låg.
--- men du skal gå inn til
meg gjennom ledet.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Veldig artig bokleik. Eg oppdaga han ikkje før fortellingen var ferdig, men har lese gjennom han. Festleg historie blei det. Takk til alle bidragsytarane!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Pippi Langstrømpe av Astrid Lindgren

Godt sagt! (2) Varsle Svar

JUNIKVELD

Kvite blomar på raun og hegg.
Og fjell i auster i ysmeblått.
Kvitye blomar ved stovevegg.
Og dag som møtest med dimd og nott.

Lette småsky som driv og driv
og kverv i rømda i vesterleid,
lette småsky og mjuke sviv.
og lengt mot høgfjell og ville hei.

Kvite blomar... eg plukkar ein.
Og vindgræl kviskrar om notta no.
Kvite blomar det drys frå grein.
og alt er stille og draum og ro.

Johan Veka

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg er heilt einig i det du har skrive her. Nostradamus testamente er ei interessant, spennande og lærerik bok. Tom Egeland er ein god og kunskapsrik forfattar. Utruleg så mykje kunnskap om historie, religion og religionsfilosofi han formidlar i bøkene sine. Likevel klarer han å få heilstøypte,fengande og rimeleg lettlesne romanar rundt det. Håpar det kjem ei ny bok om Bjørn Beltø, - og eg er veldig spent på kva historisk stoff forfattaren vil ta for seg då.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fin liste! Har lese 49 av desse bøkene. Har i bokhylla nokre fleire, som nok skal lesast ein gong...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

DU KOR FAGERT!

Du kor fagert det er, dette land me har fått,
med ein storfeld natur - som eit lysande slott!
Det er høgreist og fritt, det er veldig og vidt.
Og vårt heimland her nord, ja, vårt heimland her nord
det er trygt, det er godt.

Det er festleg og fint, dette land som er vårt.
For all verdi sitt gull me`kje byter det bort.
Her er høgfjell og hav, her er lyng, her er lav.
Denne heim fekk me kjær, om vår vinter er lang
og vår sumar er kort.

Her er sjøar og skog, her er brear som skin.
Kringom nutane ligg snøens lysande lin.
Her er fjellheimen vill, her er skogbygdi still.
Her er dalar som går og så milelangt når
djupt i landet vårt inn.

Dette landet er vårt i frå nord og til sud.
Våre fedrar det fekk som ei gåva frå Gud.
Haust og vinter og vår, og i sumaren klår
han det kler i så fint, han det kler i så fint
og so festleg eit skrud.

Trygve Bjerkreim

Til lukke med dagen!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

NØKKELEN

Har du aldri funne nøkkelen
til den sjuande porten.
Leit under dei vises stein
leit i nattergalens hjarta
leit bak det mellomste håpet,
leit på det øverste trinnet
av draumars himmelstige.

Åse Marie Nesse

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Morten BolstadHilde H HelsethMetteKirsten LundTove Obrestad WøienPer LundAnniken RøilIreneleserIngunnJRandiAEllen E. MartolBeathe SolbergEgil StangelandKristina Jernstrøm LyseboJulie StensethPiippokattaTom-Erik FallaTrude OmaBjørg Marit TinholtNicolai Alexander StyveKjerstiStian AxdalDaffy EnglundelmeEivind  VaksvikAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMarianne MJan-Olav SelforsHilde Merete GjessingHeidi BAnne Berit GrønbechStig TSvein Erik Francke-EnersenTanteMamieBjørn SturødIngebjørgHeidiNina M. Haugan FinnsonMaikenFarfalle