Fyldig og veldig god bokomtale! Eg òg las Mississippi som lydbok. Boka fenga meg. Då eg berre lytta til boka i bilen, blei det til at eg til tider køyrde veldig langsomt, og kunne bli sitjande i garasjen ei stund. Eg er einig i både dei positive og dei negative sidene du la fram. Var noko skuffa over slutten, som var ganske open. - Eg valde ei positiv tolking... Kjem til å følgja forfattaren Hillary Jordan vidare.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg skjønar ikkje at Syv dager med tirsdagsdamene er blitt så populær. Det må vel vere reklamen.
Boka fenga ikkje meg..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er einig i at Tjenestepiken som forsvant er lettlesen og fornøyeleg. Handlinga i boka er lagd til India. Hovedpersonen er privatdetektiven Vish Puri, middelaldrande, busett i Dehli. Ein likandes type. Forfattaren, Tarquin Hall, har god kjennskap til India, og skapar eit truverdig miljø. Han har skrive tre bøker om denne detektiven. Dette er nummer to.
Eg las boka i påskeferien, og tykte det var koseleg ferielektyre.
Ein kan vel seie det er ein slags indisk parallell til Damenes detektivbyrå av Alexander McCall Smith.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg lika Himmelens fange like godt som Vindens skygge. Zafon skriv veldig godt og medrivande. Historia om Fermin blir rulla opp i denne boka. Her er mykje tragedie. Fengsel og pinsler. Men også ein del humor. Det var vanskeleg å legge boka frå seg før ho var utlesen....

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne bokhandelen høyrest ut til å vere interessant. Synd eg bur så langt vekk... Elles kan du glede deg til å lese om Innhaugfolket på nytt. Eg tykte "gjenlesinga" var flott. (Lydbok)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Historia til Gøran Rosenberg sin far er interessant, men for meg blei boka litt langtrukken. Forfattaren tar med mange fakta om krigen og om samfunnsforhold i svensk etterkrigstid, og ein del av dette blei noko turt, tykkjer eg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det finnes mennesker hvis livsmaksime kan uttrykkes i disse ord: Skjær pent av osten.
Olaf Bull

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg òg lika Harold Frys uytrolige pilgrimsferd veldig godt. Ein stillfarande roman, men med eit innhald som fenga. Ein blir glad i hovudpersonen, Harold. Pensjonist som går England på langs fordi han trur han ved dette kan helbreda ei tidlegare venninne som er døyande av kreft. Vi får skildring av reisa, samstundes som vi bitvis får vite om livet og problema hans, og om forholdet hans til kona og sonen.
Boka er velskriven og gripande. Ho inneheld vakre naturskildringar. Ei bok eg nok kjem til å lese omigjen.
Rachel Joyce seier i eit intervju: "Looking back, doing the book was about trying to keep my dad alive". Han hadde òg kreft. Dette er med til å gi boka større truverdighet.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg har begynt å lese Huset av støv og drømmer. Og trur eg kjem til å vere einig i din karakteristikk av boka. Forfattaren, Brenda Reid, ser ut til å ha god kunnskap om Kreta og kulturen der på 30-40-talet, men handling og karakterar verkar noko overflatiske. Eg er berre halvvegs ennå, så det kan kanskje betre seg. Eg er ikkje heilt fornøgd med språket. Har også funne nokre skrivefeil.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kjempeflott bokmelding av Der solen går ned! Eg er einig i din vurdering av romanen. Baha Tahir er ein forfattar eg ikkje hadde høyrt om før, men eg vil nok lese fleire bøker av han.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har ikkje sett filmen, men skal nok gjere det snart. Har lese gode anmeldelsar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har nettopp lese Åndenes hus for andre gong, nå som lydbok. Er einig med deg i at denne boka høyrer til blant Isabel Allende sin aller beste bøker. Hadde nesten gløymt kor god ho eigentleg er. Romanen er medrivande, - her er kjærleik, tragediar, spøkelser, politikk... Alt vove inn i forteljinga om ein familie, og på eit tydeleg bakteppe av Chile si historie frå 1900 til 1973.
Boka er godt lesen av Birgitte Victoria Svendsen.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ei veldig god bok frå Kader Abdolah, ein iransk flyktning og forfattar, busett i Nederland. Boka handlar om ein flyktning frå Iran som bur i Nederland. Han har fått tilsendt nokre kladdebøker med nedtegnelsar som faren, som er død, hadde gjort opp gjennom livet. Problemet er at desse er skrivne i ei slags spikerskrift. Faren, Aqa Akbar, var ein døvstum teppereparatør og hadde aldri lært å lese og skrive, men etter han såg ei eldgammal innskrift, laga han si eiga skrift. Sonen, Esmaìl, vil skrive faren si historie og må prøve å tolke skrifta.
Vi får ei fin historie om faren sin oppvekst og ungdom, og etterkvart om familielivet med kone og barn. Esmail hadde eit nært forhold til faren. Han tok vare på han, var delvis tolken hans og prøvde å få han til å forstå verda og samfunnet.
Etterkvart kom Esmail til Teheran på universitetet, og kom inn i motstamdsrørsla mot regimet. Noko som førte til at han måtte flykte frå landet.
Dette er ikkje berre ei familiehistorie. Boka har eit bakteppe av iransk historie og kultur frå fleire tiår idet 20ende århundre, opp til år 2000. Tida med dei to siste shahane, Mosadegh og Khomeini.
Ein medrivande, godt skriven roman som burde interessere mange!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Tap er en erfaring som leder inn på en ny vei.
En anledning til å tenke på en ny måte..
Tap er ikke slutten på alt, men slutten på
en bestemt måte å tenke på. Den som faller ett sted,
reiser seg opp på et annet sted. Det er livets lov.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg lånte lydboka Christianus Sextus 1 på biblioteket, og såg med forventning fram til endå ei Falkberget-bok- (Har nett avslutta Den fjerde nattevakt). Men cd-ane var så hakkete at eg valde å avbryte. Ikkje var ho så godt lesen heller. Må nok ty til papirutgava og finna ei anna lydbok til bilen...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg skammer meg ikke i det heletatt over at jeg leser serieromaner.Ikke alle er like bra,men sånn er det med alle bøker. En god serie er fult på høyde med en god bok mener jeg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

DOGG
Har du kjent dogga
ein tidleg morgon?
Krulla tærne om grasstrå,
kjent dogga svala.
Har du sett dogga?
Krystallar på blad,
funklande
i den rennande sol?
Eit lite univers
speglar seg
i kvar ein dråpe.

Utdrag frå dikt av Ånund K. Homme

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg les denne boka for tredje gong, denne gong som lydbok. Fantastisk godt lesen av Hildegun Eggen. Falkberget er ein forfattar som verkeleg tåler å bli lesen fleire gonger!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

I AUGUSTKVELDEN

Sørausten stryk gjennom mogen åker
og voggar, voggar dei gylne aksa
i roleg rytme i augustkvelden.
Det heile vert meg til halvgløymt minne
om far som stod her på åkerreina
i augustkvelden for lenge sidan,
gammal, gråhærd og bøygd av slitet.
Han står der, han stod der
i alvorstankar, med knepte hender,
og takka Gud for den gode grøda.

Johan Veka (Eg ser, eg minnest...)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

God anmeldelse,Chatrine. Eg er einig med deg i di vurdering av boka Fruen av Saronno. Ikkje blant dei store romanane, nei. Litt interessant at romanen byggjer på nokre historiske personar og på legenden om opphavet til likøren Amaretto. Marina Fiorato gir oss også kjennskap til historiene om nokre helgenar (som Luini malar). Som du seier: "Ei sukkersøt kjærleikshistorie"- med ein viss underhaldningsverdi.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Heidi HoltanChristofer GabrielsenKirsten LundHarald KSilje-Vera Wiik ValeNora FjellimgeSigrid NygaardHanneEllen E. MartolHanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødSynnøve H HoelPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsvein