OKTOBER

Oktober er haustgul lauvskog
og snøydde åkrar og blakke bøar.
Oktober er månad med vinterdagen
og løne vottar på primstaven.
Oktober ber med seg vind og væte
og mørke kveldar med innesæte.

Johan Veka

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Denne boka når nok ikkje opp mot Pinnsvinets eleganse. Ho er "lausare"i formen, ein får ikkje så godt kjennskap til personane. Men nå er det jo hovedpersonen Pierre Arthens, kjend matkritikar, som er viktig med sine sterke og svake sider. Han ligg for døden og gjenkallar dei beste smakane av mat han har ete. Det eg lika best i boka, var desse skildringane av mat, - smak, utsjånad og kjensle. Muriel Barbery må vere ein gourmet sjølv, som kan skape så fine beskrivelsar.
Eg las boka på engelsk, men har lyst til å lese henne på norsk òg, for å sjå korleis omsetjaren har formulert seg om maten. Har gløymt for mykje av skolefransken min til å lese boka på originalspråket.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hugsar at vi las noveller av Guy de Maupassant på gymnaset. Tenkte nok mest på oversetjinga enn på litterær kvalitet den gongen.
Sølvfaks har eg lese fleire gonger. Først som barn,så for eigne barn og ein del gonger for skoleklassar. Fin bok!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk for tipset!!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Boka er straks sett opp på "skal-leselista" mi! Er glad i italia og prøver for tida å friske opp mitt halvgløymde kurs-italiensk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jalnabøkene las eg òg i min tidlege ungdom. Lurer på korleis eg ville lika dei nå....?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er nå ferdig med å lytte til Frøydis Armand si opplesing av Den elskelige giftblandersken. Boka er full av overraskande hendingar, spenning, svart humor og tragikomikk. Mykje å le av. Av bøkene eg har lese av Paasilnna, er dette den eg har lika best.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I eit par dagar har eg kosa meg med lett lesnad, Etter begravelsen av Agatha Christie (lydbok). Ikkje av dei mest kjende av bøkene hennar, og ikkje av dei aller beste heller, men grei nok. Ei tradisjonell Christie-bok med handling lagt til eit engelsk herskapshus, mord og mordforsøk med fleire potensielle skuldige. Som vanleg klarer ein ikkje å gjette seg til kven mordaren er før Poirot kjem med løysinga.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I OKTOBERKVELDEN

I oktoberkvelden
når tussmørket svartner,
stjernene brister ut på himmelen
og henger som gylne lauvblar
i svarte, dryppende bjørkekroner.

I oktoberkvelden
når himmelen kommer deg så nær at
du synes stjernene ringler sprøtt og skjelvende
fordi du subber borti dem med hatten. Da
føler du at du er
en borger av Melkeveien.

Hans Børli

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg har ikkje lese innlegget hans, men han høyrest ut til å vere ein skikkeleg tørrpinn, - som ikkje har oppdaga rikdommen i skjønnlitteraturen!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

VÅREN BEGYNNER OM HØSTEN

Det ryker og fyker fra stengler og strå.
Det bugner av moden frukt.
Vinden virvler en sky av små
former og farger ut i det blå.
Det vrimler av frø på flukt.

De danser og stanser. Hvert frø er en drøm,
en verden hvor våren bor.
Noen seiler på bekkens strøm
I tjernet legger en del på svøm
og noen glir ned i jord.

Det fryser. Det lyser av snø på fjell
og livet får karrige kår.
Men vinteren taper allikevel.
Spirer lever bak brune skjell
og er en ukuelig vår.

Dagny Tande Lid

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg er einig i at Enken er ein spennande, velskriven spenningsroman. Historia grip ein frå første avsnitt. Enka, som ho for det meste er kalla, er på vill flukt med svograne og fleire hundar i hælane. Ho har myrda mannen sin, som er deira bror.Flukta ber henne ut i den Canadiske villmarka. Ho, som er ei nitten år gammal prestedotter og oppdregen til å bli ei fin dame, må tåle harde strabasar som nesten tek livet av henne. Ho møter ein del personar som er både interessante og fargerike.
Forfattaren har eit godt og poetisk språk og gode karakterskildringar. Slutten er overraskande, men i grunnen forståeleg når ein ser på enka slik ho har utvikla seg til å bli.
Håpar på ny bok frå Gil Adamson.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Gled deg!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

For meg spelar det ikkje så stor rolle om ei bok er tjukk eller tynn, dersom ho elles er tiltalande - til dømes av omtale eller framside. Men det krev noko meir tiltak å starte på ei tjukk bok. Eg fekk nyleg ei bok som viste seg å vere på 1176 sider frå amazon.com. ("...And Ladies of the Club" av Helen Hooven Santmyer).Ho er The #1 New York Times Bestseller, og har flotte kritikkar. - - Men eg kjenner at eg må mote meg opp litt før eg startar lesinga.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har nettopp begynt på Enken av Gil Adamson. Boka teiknar til å vere ein thriller. Gledar meg til helg og lesing!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ei veldig fengslande og tankevekkjande bok.Det er mest utruleg at ei så oppegåande kvinne som Jeannette Walls har hatt så vanskeleg barndom. Mora sa: "Det som ikke tar livet av deg, gjør deg sterkere." Det stemmer vel her. Foreldra var idealistiske, dei oppmuntra barna til å bli sjølvstendige, lærde dei om musikk, kunst og vitenskap. Men var likevel veldig sjølvsentrerte, egoistiske og ansvarslause. Jeannette samanlikna seg og søskena med kaktusar, - dei fekk tjukk hud og vaks trass i karrige kår. Ho syner inga sjølvmedkjensle og dømer ikkje foreldra i si usentimentale skildring av barndommen. Dette er ei bok det var vanskeleg å leggje frå seg før ho var ferdiglesen. Ho får meg til å tenkje på boka Engelen på det sjuende trinn av Frank McCourt, som òg skildrar ein vanskeleg barndom.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Var på helgetur til Oslo for å sjå operaen Tryllefløyten. I Oslo Opera var det også Bokfestival. Eg fekk diverre ikkje med meg noko av programmet der, men fekk fylt ein bokbag for 499 kr. Eg klarte å presse nedi 15 bøker.
Utanom seks barnebøker var fangsten:
Til musikken av Ketil Bjørnstad
Den rettferdige av Helene Uri
Sjakk matt av Jostein Gaarder
Kafka på stranden av Haruki Murakami
Humlehonning og Hakkepølsa av Torgny Lindgren
De krenkede av Åsne Seierstad
Skråninga av Carl Frode Tiller
Insekter og småkryp i vann og vassdrag

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg las Jeg, Phoolan Devi for fleire år sidan. Ei bok eg hugsar ennå,- på vondt og godt. Mykje dramatikk. Hovudpersonen gjorde inntrykk, - sterk og modig jente!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg var på nippet til å skaffe meg lesebrett, men slutta det av då eg fekk tenkt meg betre om. Bøkene eg kjøper, - og likar - , deler eg gjerne med barna mine, eller venner, så dei òg kan få glede av dei. Elles kjem vel teknikken til å utvikle seg slik at det kan bli vanskeleg å ta vare på bøker på gamle lesebrett etter som tida går. Papirbøker har ein alltid for hand.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har sett med forventning fram til ny bok av Gaute Heivoll. Kongens Hjerte byggjer, som den førre, på ei faktisk hending, denne frå 1775, frå den tida då radesjuka herja. Denne boka er ulik den førre, ho er ikkje akkurat ein "pageturner", men fengar ein likevel. Ei bok for dei som har sans for godt, poetisk språk og ypperlege skildringar. Ein får både nydelege naturskildringar og biletlege, realistiske skildringar av sjukdom og elende. Det nære forholdet mellom far og dotter kjem fint fram i korte, men likevel ganske beskrivande dialogar. Ei bok som vil sitje lenge i sinnet.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

SolveigLilleviKirsten LundKjerstiReidun SvensliPiippokattaMathiasMarenIngunn ØvrebøJulie StensethVibekeKari FredriksenTore HalsaAnne-Stine Ruud HusevågDemeterSynnøve H HoelToveIngunn SBertyAkima MontgomeryFrode Øglænd  MalminAud Merete RambølSol SkipnesJoakimEli HagelundTone HFredrikEllen E. MartolKathinka HoldenFlettietteritaolineCathrine PedersenVariosaIngeborgElisabeth SveeAlice NordliMarianne  SkageAnneWangGroGunilla