Den beste boka eg las i januar var Sekstitallet av Ketil Bjørnstad. Hyggelig og interessant å gjenoppleve hendingar frå det tiåret. Bjørnstad skriv også humoristisk om barndommen sin.
Ei anna god bok var Timen før midnatt av Ida Simons.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Koseleg julelesing,

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne helga skal eg lese Sin egen herre av Halldor Laxness. Eg las boka for mange år sidan, men ettersom ho har fått så god omtale på Bokelskere i det siste, vil eg lese ho omatt. Gledar meg!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Reading is to the mind what exercise is to the body.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Jeg ligger langt på ettertid men sier meg enig med det meste her. Jeg likte boken den første halvdelen men så gikk den bare nedover for meg og hovedkarakteren begynte å irritere meg. Skrivemåten er veldig treg. Ting blir dradd ut så langt det kan virker det som. Den falt rett og slett ikke i smak. Leste selv Trekkoppfuglen rett før, og den gikk bedre å lese siden Murakami har en annen skrivestil. Klarer ikke helt å nyte noe når hovedkarakteren plager livet ut av meg. Det å skrive i førsteperson bør sjeldent bli brukt, det pleier å gå dårlig for seg, som her. Hadde det vært i tredjeperson hadde det kanskje hjulpet?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne helga les eg Morgon og kveld av Jon Fosse. Spesiell og gripande bok.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Boka er nok godt skriven, men eg tykkjer det er rart at ei dame som er så dement at ho ikkje hugsar frå den eine augneblenken til den andre, ofte kan ha reflekterande tankerekkjer. Det ville vore meir "ekte" om forfattaren hadde skrive boka med hovudpersonen Maud i tredje person. Då kunne det vore forfattaren sine refleksjonar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

De beste boka eg las i januar var Ensomheten i Lydia Ernemans liv av Rune Christiansen. - Nydeleg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar
              DET ER LANGT MELLOM VENNER

.
Det er langt mellom venner.
Mellom venner står mange bekjentskaper
og mye snakk.
Venner ligger som små lysende stuer
langt borte i fjellmørket.
Du kan ikke ta feil av dem.

                                                            Kolbein Falkeid
Godt sagt! (14) Varsle Svar

Artig tråd dette her!
Eg les Herr Fikrys litterære liv av Gabrielle Zevin. Veldig koseleg bok!
Denne blir eg ferdig med før helga er omme, så eg vil gå vidare med Ensomheten i Lydia Ernemans liv av Rune Christiansen.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Den boka eg lika best i 2014 er Slåttekar i himmelen av Edvard Hoem.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg fekk boka eg ønska meg:
Slåttekar i himmelen av Edvard Hoem
Elles fekk eg:
Ensomheten i Lydia Ernemans liv av Rune Christiansen
Siste samling på jentenes bensinstasjon av Fannie flagg
Så fekk eg eit gavekort. Skal kjøpe Søstrene Makioka av JUnichiro Tanizaki for det.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kaffe med musikk er ein lettlesen underhaldingsroman med mykje humor. Kan tenkje meg at Karin B.Holmqvist sjølv har tatt busstur til julemarknad til Tyskland for å studere forhold og typer.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne siste boka til Gaute Heivoll er fengslande og tankevekkjande. Eg lika henne like godt som boka Før jeg brenner ned.
Eit ektepar tek seg av fleire "åndsveike" personar. Deriblant ein søskenflokk på fem, som alle er åndsveike. Dei behandlar alle med godhet og respekt, dei blir som ein del av familien. Eg-personen i romanen er sonen til dette ekteparet, ein person som Heivoll har hatt samtalar med. Handlinga spenner over eit tidsrom frå 40-åra til 1996. Vi får innblikk i små og store hendingar i familien. Heivoll sjølv seier at romanen handlar om "fødsel, om død, tap, gjenforening og det å være menneske uansett om man er åndssvak eller åndsfrisk". Han seier òg at dette er hans muntraste roman. Ein kan "humre litt oppi det tragiske".
Handlinga i romanen føregår i nabobygda mi. Vi les om navngitte personar som ein har høyrt om. Dei omtalte prestane budde forresten i den gamle prestegarden som ligg rett over vegen for meg. Lesinga blei på dette viset meir "nær".
Boka er fin og medrivande, eg klarte mest ikkje å legge henne frå meg før ho var ferdiglesen. Vi får òg mange gode naturskildringar. Absolutt ei bok¨å anbefale!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Bonnie Jo Campbell serverar ei sterk historie på eit fint og malerisk bakteppe av natur og elv. Karakterane er for det meste interessante og truverdige. Hovudpersonen, Margo, møter mykje motgang, men ho ser ikkje på seg sjølv som offer. Ho er sterk og sjølvstendig med stor overlevelsesevne. Romanen har ein slutt som kanskje tyder på at det kan komme ein oppfølgjar...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har tidlegare lese Glassblåseren av Murano av Marina Fiorato og var mellomfornøgd. Sienas datter er eg direkte skuffa over.Romanen minner om ein del ungdomsbøker eg las i mi lærartid. Kampen mellom vonde og gode, der dei gode sigra. Innhaldet er lite truverdig og, som du skriv, - språket er fullt av klisjear. Historia er forsåvidt spennande, - måtte lese for å sjå korleis det gjekk. Hadde i grunnen venta meir av ein forfattar som har studert italiensk historie....

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Snø a Maxence Fermine er ein vakker, poetisk og gripande roman. Eg "las" han som lydbok. Historia om haikudiktaren Yuko er kort (ein CD). Ho er enkelt skriven, ikkje noko overflødig. Ein kan vel nesten seie i "haiku-stil". Ei bok eg garantert kjem til å lese omatt!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Veldig fin bokomtale! Eg er einig i det du skriv. Solfuglen er ein gripande og medrivande roman. Ein sterk debut av Christie Watson. Ho har òg mottatt nokre prisar for boka. Ho viser at ho har god kjennskap til landsbyliv i Nigeria. Det var interessant å lese om ungjenta Blessing og om livet hennar saman med familien i den vesle landsbyen i Nigerdeltaet. Romanen inneheld dramatikk og tragediar, men òg mykje godhet, klokskap og kjærleik.
Boka er omsett til fleire språk. er også utgitt i Nigeria, der ho er godt mottatt.
Nå er forfattaren i gong med ny roman, Where Women are Kings. Eg gledar meg til den kjem.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Norske stiler av Lars Saabye Christensen er ei artig lita bok. Eg lo så tårene trilla mange gonger. Forfattaren er ein stor humorist. Trur ein kan svare Ja påspørsmålet Dagbladet stilter på framsida av boka:`"Blir dette årets morsomste bok?"

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har les denne boka på norsk. En sang fra fortiden. Tidlegare har eg lese Arven og Det du ikke ser av Kathrine Webb, men denne siste tykkjer eg absolutt er best.Fortids og nåtidshistoriene er fint fletta saman. God komposisjon og godt språk med lite klisjear. Karakterane er godt skildra. Romanen er lang, men har god driv. Mange hemmeligheter som blir fint og tildels overraskande avslørt. Vel verd å lese.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Ingunn ØvrebøJulie StensethVibekeKari FredriksenPiippokattaTore HalsaAnne-Stine Ruud HusevågDemeterSynnøve H HoelToveIngunn SBertyAkima MontgomeryFrode Øglænd  MalminAud Merete RambølSol SkipnesJoakimEli HagelundTone HFredrikEllen E. MartolKathinka HoldenKirsten LundFlettietteritaolineCathrine PedersenVariosaIngeborgElisabeth SveeAlice NordliMarianne  SkageAnneWangGroGunillaKaren PatriciaBeathe SolbergRonnyChristofferAstrid Terese Bjorland SkjeggerudTatiana Wesserling