Denne siste boka til Gaute Heivoll er fengslande og tankevekkjande. Eg lika henne like godt som boka Før jeg brenner ned.
Eit ektepar tek seg av fleire "åndsveike" personar. Deriblant ein søskenflokk på fem, som alle er åndsveike. Dei behandlar alle med godhet og respekt, dei blir som ein del av familien. Eg-personen i romanen er sonen til dette ekteparet, ein person som Heivoll har hatt samtalar med. Handlinga spenner over eit tidsrom frå 40-åra til 1996. Vi får innblikk i små og store hendingar i familien. Heivoll sjølv seier at romanen handlar om "fødsel, om død, tap, gjenforening og det å være menneske uansett om man er åndssvak eller åndsfrisk". Han seier òg at dette er hans muntraste roman. Ein kan "humre litt oppi det tragiske".
Handlinga i romanen føregår i nabobygda mi. Vi les om navngitte personar som ein har høyrt om. Dei omtalte prestane budde forresten i den gamle prestegarden som ligg rett over vegen for meg. Lesinga blei på dette viset meir "nær".
Boka er fin og medrivande, eg klarte mest ikkje å legge henne frå meg før ho var ferdiglesen. Vi får òg mange gode naturskildringar. Absolutt ei bok¨å anbefale!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Og ikke minst en varm historie om guttens forhold til sin mor.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Enig med deg Astrid, det var virkelig en tankevekkende bok om utfordringer med å ta seg av barn og voksne i nød, de såkalte åndssvake som det hette på den tida.
Oppbyggingen av fortellingen drev meg framover. Ivrig for å få med meg slutten på en bok som er basert på en sann historie. Gripende om disse menneskeskjebnene som kom til et forpleiningshjem i en liten families regi. Varm og god bok å lese

Godt sagt! (2) Varsle Svar

En meget interessant roman - i tråd med hans "Før jeg brenner ned". Det blir spennende med virkeligheten gjendiktet på denne måten, skriver godt gjør forfatteren også. Noen tanker om romanen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Anne Berit GrønbechFarfalleMarianne MHarald KLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieAlice NordliStig TNerakntschjrldMarit HøvdePiippokattaTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland Skjeggerud