Å få beskjed om at det har kome ei ny bok på norsk av den amerikanske forfattaren Kristin Harmel, er for meg det same som å få beskjed om at ein dag, om ikkje lenge, blir ein "sitje i sofaen heile dagen og lese-dag".

Harmel er ein flink historieforteljar, og sjølv om litteraturen ho skriv ikkje er av typen som utfordrer deg som lesar mest, er bøkene som regel såpass spennande skrivne at dei er vanskelege å leggje frå seg. Som regel er også språket godt, sjølv om eg tykte årets roman, Vingårdens hemmelighet, var noko svakare enn dei eg har lese tidlegare.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Forlaget skriv i omtalen sin av Ida Tufte Michelsens debut Alma Freng og solfangerne (Aschehoug 2020) at det er eit "magisk eventyr om heltemot, hevn, uvanlige vennskap og utrolige krefter", og at boka passar perfekt for alle som elskar Harry Potter-bøkene og bøkene om Ingenlund. Eg er veldig enig, og vil leggje til at sjølv om biblioteket har merka boka med at ho passar best for barn i 5. til 7. klasse, så er det ingenting i vegen for at ungdom og vaksne kan lese henne (sjølv om framsideillustrasjonen kanskje har eit litt barnsleg uttrykk). Romanen er overraskande, spennande, og var vanskeleg å leggje frå seg for meg (46 år). Etter å ha lese ferdig sit eg og håper intenst på at dette er bok nummer ein i ein serie som skal vare og vare.

Anbefaler deg å leggje på sprang til bokhandlar eller bibliotek. Boka er perfekt som julegåve til ein Harry Potter-elskar nær deg! Ho finst både som bok og lydbok.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Julie Stokkendal debuterte i fjor på Kolon forlag med romanen Dagene. Eg fekk ikkje med meg boka då ho kom, men heldigvis hadde nokon sett henne på feil plass i biblioteket mitt. Då eg rydda i skjønnlitteraturhylla for vaksne for nokre veker sidan, fann eg henne. Då eg slo henne opp på nettstaden Bokelskere.no, fann eg ut at ho hadde eit gjennomsnittleg terningkast på 6 blant dei som hadde lese og vurdert boka der. Det, saman med ei framside eg likte, gjorde at romanen blei med meg heim. Det angrar eg ikkje på.

Julie Stokkendal skriv godt. Det fascinerer meg at ho får teksten til å spegle korleis hovudpersonen Tea har det. Trivst ho og har det godt, spring teksten av stad, slik tida gjer når ein har det fint. Står det motsett til, når Tea mistrivst og strevar, luggar teksten og går sakte framover.

Forlaget skriv: "Tea og moren flytter fra byen til bygda for å starte på nytt. Tea prøver å finne seg til rette i det nye huset, hun går mellom rommene og venter på noe, leter etter noe, men hun vet ikke hva. Hun vokser opp, får venner, møter Markus, mens moren fortsetter å lengte etter pappaen som forsvant før Tea ble født.

«Dagene» er en roman om å være datter, mor og kvinne. Om ensomhet, tosomhet og kjærlighet, om å få lov til å være barn og å få lov til å bli voksen. Om å si ja og nei. Og om håp."

Anbefaler at du finn fram te, teppe og godstol, og tek 'Dagene' med inn i hausten din.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Utan ei anbefaling frå ei god venninne er eg ikkje sikker på om eg ville ha kome så langt som å lese denne. No er eg glad for at eg gjorde det. "Hva hun klager over når hun klager over husarbeidet er en roman om moderne samliv. Om troskap og utroskap, moderselskap og seksualitet - og om kunsten å finne veien tilbake til seg selv" skriv forlaget. For eiga rekning legg eg til at boka er overraskande lettlesen. Kan anbefalast!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Olaug Nilssens nye roman er svært god, og svært viktig. Han gjev innsikt i menneskesinnet og samstundes samfunnskritikk. Han gjev innblikk i korleis kvardagen kan vere for enkelte pårørande, når systemet som skulle ha gjeve ei reell og varig avlasting ikkje virkar, og viser samstundes at det kan vere vanskeleg å ta inn over seg for dei som står rundt. Han er nominert til Brageprisen 2020 i klassen for skjønnlitteratur (prisutdelinga skjer 26. november), og eg vil på det sterkaste anbefale deg å lese han. Om du ikkje fekk med deg den førre romanen hennar, Tung tids tale, som kom i 2017 og vann Brageprisen same år, anbefaler eg deg å lese den òg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Etter at eg las Camilla Sandmo sin første ungdomsroman, Kan vi bare late som, var eg rask med å bestille Definisjonen av umulig, sidan eg likte den første så godt.

Hovudpersonen Hanna er på ferie hjå bestefaren på den flotte Vårøya, og nyt det. Her har ho i tillegg til bestefaren ferievenninna Olivia, som ho pleier treffe kvar sommar. Denne sommaren er som alle dei føregåande, men likevel ikkje, skal det vise seg. Kva tema som er med i denne har eg ikkje lyst til å skrive om, sidan dei ikkje er opne frå starten. Men også i denne er forelsking ein viktig ingrediens. Det er mange kloke unge i denne romanen, og som lesar får ein eit stort ønske om at det skal gå dei godt.

Eg gler meg til neste bok av denne forfattaren, og eg veit at eg kjem til å anbefale både denne og den førre til unge lånarar i biblioteket.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I motsetnad til dei to ungdomsbøkene eg las i sist veke, som inneheldt mange tema i ein roman, er Maiken Nylunds nye bok om Rikka, Nå eller aldri, Rikka, som er skriven for ein noko yngre lesar, full av kvardag. Det opplever eg som både befriande og truverdig. Rikka har framleis skilte foreldre, og sjølv om begge foreldra er trygge vaksne, er det ikkje bare bare å vere barn som skal sjonglere mellom to heimar. Barneperspektivet på desse vanskane er synleg og svært godt ivareteke i romanen, og eg blir rørt av å tenkje på kor godt det vil vere for barnelesaren som kanskje står i ein liknande situasjon å lese ei bok som så tydeleg set ord på dei heilt sikkert gjenkjennelege tankane og kjenslene ein kan ha når dei vaksne ikkje heilt evnar å setje seg inn i korleis barnet har det.

Elles er det gryande forelsking som er viktigast for Rikka denne gongen, med dei forviklingane det fører med seg.

Eg koste meg då eg las denne, akkurat som eg gjorde med førsteboka Rikka på ordentlig og forever, og håper på meir av både Rikka sjølv og av nyintroduserte tante Anne, som ser og forstår, stiller dei rette spørsmåla og våger å seie frå.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Når ein slit litt med lesekonsentrasjonen, men likevel har lyst til å lese ei god historie, då er ein god ungdomsroman fin å ty til. Førre veke las eg to, Sinne av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen og Definisjonen av umulig av Camilla Sandmo. Eg likte begge godt, trass i at eg då eg las begge, hadde ei kjensle av at forfattaren prøvde å få inn litt vel mange tema i ein tynn roman.

I 'Sinne' treffer vi Synne som har ADHD og nyskilte foreldre. I tillegg til ADHD og skilsmisse med tilhøyrande utfordringar, er minst seks andre tema tekne opp. Mobbing og forelsking er bare to av dei. Trass i mange tema likte eg boka svært godt. Herleg å lese ei bok om ein femtenåring, både kjenne seg igjen og ikkje kjenne seg igjen, lære noko, og få ei forteljing som både har godt språk og er truverdig, og som samstundes er tynn (fysisk sett), og med mindre tekst per side enn ei vaksenbok ville hatt. At Synne stadig refererer til bøkene om Harry Potter, som også eg er svært glad i, vert ein humoristisk superbonus eg set ekstra stor pris på. Eg blei veldig glad i Synne, og anbefaler deg å lese boka om henne, uavhengig av alderen din. Det einaste ankepunktet eg har om 'Sinne' er dette: Appellerer omslaget til målgruppa romanen eigentleg er skriven for? Det appellerer nemleg ikkje i det heile til meg (eg valde boka fordi eg fekk henne anbefalt, men eg er ikkje i målgruppa, så det speler lita rolle), og eg håper at mange ungdommar vel denne boka i bokhylla ho står i, og ikkje minst les henne. Forhåpentlegvis har eg ingenting å bekymre meg for, og i bibliotek og bokhandlar anbefaler vi jo
bøker uavhengig av utsjånad, og så god som ho er, burde ho vere lett å formidle.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne ville eg likt å lese då eg var tenåring! Og som 46-åring liker eg ho også godt, og kunne godt tenkt meg at leseopplevinga varde lenger. I Camilla Sandmo sin ungdomsroman Kan vi bare late som treffer vi eg-personen Emma, som er 14 år, driv med kunstløp og speler dataspelet Sims. Ho har ingen venner på ungdomsskulen ho går på. Ho trivst godt med skøyter på beina, men har ikkje same ambisjonane for kunstløp som mora har på hennar vegner. Vanskar med foreldra og deira forventningar, relasjonen til den flinke storesystera, ønsket om å bli likt og få venner, å vere forelska og å få sitt første kyss er blant ingrediensane her, og alt er sydd saman med godt språk og slik at ein har lyst til å "bare lese eitt kapittel til" før ein legg frå seg boka. Kan anbefalast, både for ungdom og for vaksne som ikkje har gløymt korleis det kan vere å vere ungdom. Gler meg til å lese meir av denne forfattaren!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kohts bok er lettlesen og raskt lesen, men denne boka gløymer ein ikkje fort.
Då Christine Koht blei kreftsjuk våren 2019, tok ho kontakt med journalisten og forfattaren Joachim Førsund, og i lag med han laga ho podcast frå sjukesenga. Kohts bok er framhaldet på samtalane frå den gongen.

Joachim Førsund skriv så ein kan høyre Christine. Og vi som har høyrt podcasten Koht vil leve, har heller ikkje vanskar med å høyre hans eigen, rolege stemme. Innimellom dei godt gjengjevne samtalane kjem også Førsunds litterære stemme fram, og den er vakker.

Det er ei sterk og fargerik historie som vert fortalt, og historia i lag med bileta som innleier kvart kapittel, gjev viktig lærdom, høg lått og innimellom også tårer. Aller mest rørte faktisk biletet frå vigsla av ekteparet Koht/Rygg meg, der dei flotte, spesialdesigna bryllaupskleda så veldig speglar den sprudlande Christine og den trygge, rolege Pernille, og der lukka på biletet står i så stor kontrast til alt paret hadde bak seg av strev og vanskar.

Takk, Christine Koht, for at du vågar å vere så open og vise dine sårbare sider! Og takk, Joachim Førsund, for at du skriv ned dette opne, såre og sårbare, men også likevel samstundes klarer å formidle sprudlinga og livsgleda! Denne lesaren sit igjen klokare, takknemleg og nokre tårer fattigare.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Når jeg blir eldre enn moren min ble
skal jeg ikke lenger tenke på henne
som en mor som forlot meg
Men stå ved graven og tenke på henne
som på et barn:

Lille barn, du engstelige uskyldige
Lille møll som brenner av seg føttene
ved å lande på lyspæren
Lille vet-ikke vet-ikke-blomst
Orker-ikke-å-blomstre-mer-blomst

Vrange jeg-vil-bare-dø-barn
Vrange dere-klarer-ikke-å-holde-meg-barn

Være mors mor, ikke sørge med barnetårer
Sørge med vise tårer
Går det an?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Dei som var i den lågaste enden av rangstigen, fekk stadige påminningar om det. Morfar vart fram til dødsdagen sin fuktig i auga når han fortalde om då skolen arrangerte hopprenn. Han var flinkast og hoppa lengst av alle. Men fyrstepremien gjekk til son til læraren. Lærarsonen var fødd til slike prisar, det var ikkje bestefar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den einaste vegen til anerkjenning og status i eit liv som husmannsson låg i hardt arbeid. Då hadde ein i det minste noko. Ein var ein skikkeleg arbeidskar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Mor fekk aldri jobb på posten. I staden fekk ho og far meg. Eg kravde mykje, så ho vart gåande heime i årevis for å passe meg. Det var alltid noko å gjere med meg. Det var stadige undersøkingar, operasjonar, behandlingar, medisineringar, legetimar og besøk hos spesialistar. Men mor lærte mykje av dette. Ho måtte sette seg inn i eit profesjonelt språk rundt helse, ungar og det å vere annleis.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Om folk som ikkje veit at eg er homo, spør om eg har ungar, hender det seg at eg spøker med dei. Då seier eg at eg og sambuaren min dessverre ikkje kan få ungar. At vi har prøvd og prøvd. Då blir dei så triste i auga. Så bryt eg den triste stemninga med å forklare at sambuaren min, Peder, manglar noko spesialistane kallar livmor. Då ler dei sjokkert. Igjen, det er eit privilegium for homofile å få lov til å vere vulgære på eigne vegner.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Den som har ein storebror som min, er heldig. Alle skulle vi hatt eit digert sett av storebrør, slik at det alltid var nokon der som kunne seie sikkert om det vi opplever i livet, er farleg, om det går over, og om det vil ende godt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg kjende lenge på ei redsle for at eg skulle bli ein av dei som kom heim på besøk og trudde dei var noko. Ein som såg ned på dei som vart flytta frå. Eg er framleis redd for det.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg voks opp i ei bygd der dei som har flytta inn, er innflyttarar etter tiår, og der dei som har flytta ut, held fram med å vere samtaleemne - fordi dei har flytta ut.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Vi hadde absolutt alt då eg var unge, berre ikkje så mykje pengar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det er som om jeg har vært en tur i telefonkiosken og skiftet til superheltkostymet mitt. Nå er det jeg som har kontroll. Jeg har superkrefter, og styrer økonomien med stø hånd.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Vigdis VoldMads Leonard HolvikPiippokattaEivind  VaksvikRisRosOgKlagingKikkan HaugenLailaKaramasov11Bente NogvaNina J.B.Tove Obrestad WøienMorten MüllerTor Arne DahlEgil StangelandLilleviLindaBOddvarGGro-Anita RoenAgnete M. HafskjoldKirsten LundTanteMamieLars MæhlumCecilie MEileen BørresenBård Støremay britt FagertveitAndré NesseKristin_PirelliMorten JensenAvaÅsmund ÅdnøyMarenLene AndresenKaren PatriciaSynnøve H HoelNabodamaMaikenHeidiBjørg L.