Lesinga går litt "så der" for tida...Men, som kveldslektyre har eg ei spesiell bok om ei kvinne og ein hauk, nemlig H for hauk av Helen McDonald.
Så har eg bladd og lese litt i Juleroser 2016 som Herborg Kråkevik er ansvarleg for. Har iallfall likt det vesle eg har lese til no!
Ha ei fin veke og ei triveleg adventstid!
Så vakker du er
Så kvit og tyst du er
Du funklar i svevnen
Berre sov, du, sov
Eg ligg her, eg
Og ser
Og ventar
Frå "Jolekveldar i livet til Kåre K" av Kim Leine
Eg er enig med deg i at boka ikkje når heilt opp. Eg likte aller best å lese om overfarten til Eilert, ei reise som var meir enn utfordrande. Det var også interessant å lese om dei ulike familiemedlemmane og korleis dei takla det å skulle etablere seg i eit nytt samfunn.
Men, likevel opplevde eg boka som middels, sånn samla sett.
Det går fryktelig tregt hos meg for tiden, jeg har holdt på med It av Stephen King i flere uker og er omtrent halvveis. Det er ikke noe galt med boka, det er bare jeg som ser mye på tv og hører på pod-cast. I pod-verden er jeg også i kategorien krim fra virkeligheten, denne gangen med Real Crime Profile der ekspertene diskuterer virkelige saker. Akkurat nå går det i O.J. Simpsons sak og hvordan den portretteres i tv-serien i forhold til virkeligheten. De tar også for seg Making a Murderer og andre høy-profil saker. Og min personlige mening er at krim passer til alle årstider.
God adventshelg!
Hmmmm...dumt at du misser lysta til å lese av desse omtalane. Men, ser at mange andre omtalar er svært positive, så om du les dei kjem kanskje lysta tilbake? :-)
Eg har vore så heldig at eg har fått heim ei fin utgåve av Tante Pose. Har lese nokre få sider, og synest det er fornøyelig! Å få ei Tante Pose på besøk i jula var såvisst ingen spøk, nei, og det finst kanskje fleire av hennar kaliber også i dag??
Har også starta på ei bok som har blitt skubba bakover i lange tider, nemlig Utstøytt av Heidi Hjorteland. Det er ei bok om mobbing, og derfor ikkje vidare lystelig innhald. Men, det er aktuelt no som før. Kan kanskje ikkje seiast å vere mellom det fremste innanfor litteratur, men det eg har lese til no har iallfall vore OK.
Kan elles slutte meg til dei som framhevar "Sjakknovelle". Ei god bok, faktisk ein av mine favorittar.
God helg, med eller utan ei god bok!
I dag fekk Vigdis Hjorth Bokhandlerprisen for denne romanen.
Av ein eller annan grunn har eg likevel ikkje lyst til å lese den, men - det er mulig at eg bommar totalt?? Tida får vise....
PS Kanskje det er fordi eg har dårlige erfaringar med eit par av hennar tidlegare bøker??
Eg har nettopp avslutta ei bok som har stått i hylla lenge, Fire dager, åtte år. Jau, der var no ein god dose spenning, og eg likte godt at det var basert på ei verkeleg hending som sjokkerte mange. Men, slutten gjorde at eg kanskje er litt mellomfornøgd.
No har eg leita fram Hvitt hav som eg skal lese i ein lesesirkel eg er med i. Skal bli spennande å sjå om eg likar den like godt som forgjengaren, De usynlige.
Ha ei god helg! :-)
Det er en trist dag idag, Leonard Cohen er død.
Eg er enig i omtalen din, sjølv om mi bok er ei papirutgåve. Eg hadde lagt boka på vent lenge, var ikkje så motivert til å lese om slutten av eit liv, det er så trist, liksom, sjølv om vi veit at sånn er det...
Men, boka gjorde inntrykk. Det med ombytting av roller når sjukdom og alder gjer kvardagen vanskeleg, og den omsorga sonen hadde for faren var god å lese om. Men, kampen mot byråkratiet i helsevesenet er ikkje kjekt, og det verste er at den har mange av oss møtt, og mange vil møte det i ein eller annan samanheng.
Det er ei varm bok med mykje kjærleik og fortviling, og den er aktuell for mange!
Eg må tilstå at eg har vore på biblioteket og lånt boka, men den ligg uopna i bokhylla. Av ein eller annan merkelig grunn freistar den lite.
Det er mulig at eg tek fullstendig feil, at den kanskje viser seg å vere ei bok som gir mykje.
Så eg får vente og sjå på vurderingane som kjem undervegs.......
Jeg er jeg.
En viktig person.
Den viktigste i hele verden.
Men jg kan ikke være/kan ikke bli jeg uten andre.
I så fall er jeg/blir jeg ingenting - usynlig - og det vil jeg ikke være.
I forhold til deg - den viktigste personen i hele verden.
Kyss meg!
Arild Nyquist, Høst i august, 1992
Elly bur saman med ei ustrukturert mor, ein noko fråverande far og storebror Joe. Elly opplever noko ekkelt, noko ho nesten ikkje skjønar. Stor vert derfor gleda når ho på julekvelden får kaninen gud av Joe. Med gud kan ho snakke om alt, og han er så snill og trufast, kan endåtil svare henne.
Elly får ei venninne, Jenny Penny. Ho vert den einaste og beste venninna hennar. Så når far får mange pengar, og dei reiser til Cornwall for å starte eit pensjonat, er Elly alt anna enn glad. Ho gjer alt ho kan for å halde kontakten med Jenny...
I del to er Elly vaksen, og møter både menneske og hendingar som skal prege henne i ulik grad.
Twin Towers 9/11 i New York får store konsekvensar for både henne og dei andre i familien. Kjærleik og omtanke vert viktigare enn alt!
Eg veit ikkje kor boka har hamna i mine hyller, og forventningane var så som så, men dette var ei bok som gav meg mykje!
Ein oppvekstroman som eg ville skulle vare lenge, lenge - og ei katastrofe som sette spor.
Fortener mange lesarar!
Spennande....
Eg opplevde Renberg sin første nynorske roman som intens og spennande.
Jørgen og Vibeke lever eit tradisjonelt liv med syslar heime og på jobben når Steinar og familien flyttar inn i nabohuset. Det skjer noko nytt i den vesle Vestlandsbygda, og dei får nesten overraskande god kontakt med Steinar. Han vert svært så synleg!
Trass i alt det vanlege, kvardagslege, så kjem uhyggen krypande inn i forteljinga.
Måtte berre lese litt til, og litt til...må sjå kor det går....
For meg vart dessverre slutten eit lite antiklimaks, derfor landa terningen på 5.
Dei siste par dagane har eg kosa meg stort med Da Gud var en kanin av Sarah Winman. Kjem til å lese del to no i helga. For meg har dette til no vore så triveleg at eg nesten ikkje vil det skal ta slutt. Ein flott oppvekstroman!
Saman med gemalen lyttar eg til Jeg skal vise dere frykten av Nikolaj Frobenius. Han skriv godt, utan tvil, det er berre det at vi har lytta litt i rykk og napp, så eg har ikkje greidd å få heilskap i historia.
Kva som blir neste prosjekt, det lurer eg på. Fekk heim fem nye bøker i går, så om det blir ei av dei, eller....
Ha ei god helg, kos deg med boka di! :-)
Man kan si mye om kandidatene og valgkampen, men for meg er det ingen tvil om at en av de er en større trussel om de får tilgang til kofferten. Og hvem som har mest kunnskap og er best kvalifisert til å være en av verdens mektigste ledere er det vel ingen tvil om, for de fleste.
Fantastisk! Dette var Trumps siste sjanse til å vise at han hadde kunnskap og løsninger, men som vanlig gjorde han det motsatte. Jeg trodde først det var et stort sosialt eksperiment at Trump stilte til valg, men nå lurer jeg på om han ikke er en skap-demokrat som egentlig ønsker Clinton som president..
Det går fortsatt i It av Stephen King på bok-fronten, sakte men sikkert leser jeg videre.
God helg til dere alle!
Det er ingen murstein når det gjeld sidetal, men for meg var det ein murstein reint innhaldsmessig! Trur eg sjeldan har vore meir mentalt berørt både under og etter lesing av ei bok!
Men, boka er god- ynskjer deg og dei andre lukke til med felleslesinga!
Skal passe på å legge inn en kommentar når jeg kommer så langt. Det har fortsatt ikke skjedd så mye, bare tegn på at det kommer :-)
Jeg kjøpte den etter tips fra deg og en annen, det har bare tatt litt tid før jeg kom igang. Nå er jeg bare 50 sider inn i den, men den er lovende så langt.