Haha....den såg ikkje eg! :-) Men jammen er det heilt utruleg kva "kviger" kan få til :-)
Du har så rett, Gretemor! Det står faktisk på s 82 i mi utgåve. Dei gamle seilskutene gjekk nok ikkje så fort. Såg på nettet at dei som utvandra frå Norge til Amerika ofte måtte vere to tre månader om bord i skuta. Det er nesten utenkjeleg i vår tid!
Ellers så likar eg boka så godt at eg har bestemt meg for å kjøpe..........
For meg er dette - iallfall til no - ei bok som får tankane i sving. Reisa frå Danmark til Grønland er alt anna enn ein luksustur.
Vår hovudperson Martin prøver å gjere det beste ut av forholda, han må berre konstatere at lopper og lus vert nær han undervegs. Han imponerte med sitt kjennskap og vennskap med kua Roselil som gir mannskapet nødvendig vitamintilskot på overfarten. I si pleie og omsorg for henne framstår han som meir sympatisk enn før....
Men, han verkar både feig og likegyldig i forhold til den vesle skipsguten som får ein så ublid lagnad! Trist å lese!
(Elles så lurer eg på kor lang tid ei reise frå Danmark kunne ta i 1787. Kapittelet er frå juni til august det året. Dei hadde nokre stopp undervegs, og dei opplevde å ligge i vindstille ei stund...likevel verka det som svært lang overfartstid. Har prøvd å leite på nett om kva som var vanleg, men fann det ikkje ut.)
Og når reisa er over, når han går i land...
....helt tilbake til Lier og barndomshjemmet, han er ikke vekk ennå. Ikke helt vekk. Det er fortsatt en lenke. Men når han går i land er han vekk. Da er han fri.
Jeg har lest flere bøker av Jørn Lier Horst, og likt dem godt. Men denne ble dessverre for kjedelig og flat.
Har lese Kapittel 1 om åra i København frå 1782 til 87.
Norske teologistudent Morten Pedersen, eller Falck som han likar betre, er ein underleg skrue.
Eg veit ikkje heilt om eg likar han så godt. Han er oppteken av "det annet kjønn", på ein måte som ein ikkje forventar av ein som skal stå på preikestolen og forkynne.?
Eg skjønar heller ikkje hans forhold til Abelone...Og det er spesielt med korset som innleier større avsnitt i teksten.
Men, Kim Leine skriv godt. Eg har ikkje lese noko av han før. Han skildrar tankar og handlingar hos hovedpersonen så ein nesten kjenner dei er verkelege. Han skildrar også miljøet og tida med innsikt.
Lurer på om han skriv så språkleg konservativt i andre bøker, eller om det er bevisst for å vise tida det er frå. Ma ord som galanteri, trolovet, uterlighetene er ikkje ord som er dagligdagse i vår tid.
Er glad for å vere med på denne felleslesinga. Trur eg/ vi får mange opplevingar utover i ei spesiell bok.
Ha ei God Påske vidare!
Kjend kunstnar på tampen av livet
Romanen har to forteljarstemmer. Det er Herr M, som eigentleg er vår kjende Evard Munch, og så er det Doffy, døypt Dorothy.
Det er krigsåret 1942. Munch lever stille og tilbaktrekt på sitt Ekely. Han er tung til sinns, einsam og og får gjort lite. Bronkitten styrer dagane hans. Han tenkjer tilbake på barndom og ungdom, og på at han miste fleire kjære i lungesjukdom.
Så kjem våren, med sol og varme, og med den ei uredd studine som ringer på hos han og spør om han treng modell. Ho kan stille opp, og ho treng pengane. Det er knapt med det meste i krigsåra, og litt ekstra pengar vil hjelpe på.
Det endar med at ein surmulande Munch tek henne inn som modell, på heilt eigne vilkår.
Boka skildrar forholdet mellom den aldrande, sære målaren, og den blonde, frimodige studenten - eit forhold som etterkvart får eit erotisk preg.
Haavardsholm fortel godt, med både humor og varme, og han hadde etter mi meining fortent fleire enn dei 18 lesarane som har boka i hus. Berre slutten drog noko ned, synest eg, så derfor vart det terningkast 4+
Eg kviskrar det nesten...;-), men eg blir med. (Du skjønar at eg hadde ein lovnad i heimen om å redusere kraftig på "skal-lese lista" mi, men boka er komen i hus. Ei bibliotekutgåve som ser ut til å ha gleda mange.)
Siden forsvinner han på ny inn i blåfargen som han ødsler ut over lerretet. Det gjelder å gripe øyeblikket, med uforstyrrelig konsentrasjon - ikke å la seg vippe av pinnen, hverken av tannleger eller husholdersker.
Det er med malerier som det er med folk - de må vise om de er noe tess eller ikke, de må vise at de duger.
Er heilt enig med deg i at denne gir meir enn dei to første. Det konfliktfylte kjærleiksforholdet mellom dei to venninnene er fascinerande. Synest forfattaren er svært personleg i skildringane, og at ho har fått med mykje om både familiane og om mafia, i tillegg til den politiske utviklinga i Italia på 60 og 70-talet.
Gler meg til å lese fjerde og siste boka, den står i hylla og ventar.....
Nynorsk spenning
Psykologen Ina Grieg vert kontakta av styraren ved Hagaheimen, ein institusjon for kriminelle. "Den stumme",valdsdømte, har rømt frå avdelinga. Ina Grieg kjenner rømlingen frå før, ho har vore ein av få som har greidd å få kontakt med han.
Og ikkje langt unna har det skjedd eit dobbeltdrap.
På same tid vert sjukemelde etterforskar Hugo Fannrem kontakta om ei drapssak som vert forelda om to dagar. Ein journalist vil at han tek tak i saka som har band tilbake til Svanviken arbeidskoloni i Møre og Romsdal. Trass i at Fannrem har hatt ei tung tid, kjenner han at arbeidslysta kjem sigande tilbake ....
Dei to sakene vert litt etter litt samanknytte, og det viser seg at vonde hendingar frå Svanviken og behandlinga av romanifolket der spelar ei rolle. Om dei ikkje lærte seg norsk levemåte, vart borna tekne frå dei. Svanviken hadde lite å vere stolte av!
Boka er spennande og velskriven av forfattaren som i år er festspeldiktar ved "Dei nynorske festspela"
I den vesle landsbyen Gosseli i Kina bur 197 funksjonshemma menneske, og så nokre få friske, då.
Dei blinde, einøygde, halte, døve, stumme og lamme har fredfylte dagar i utkanten av det meste, men dei samarbeider og er tilfredse med livet.
Så rammar naturtragedien dei, tørke og uår vert katastrofalt! Gode råd blir dyre.
Distriktsleiaren kjem då med ein vanvittig og god ide: Gosseli må kjøpe liket av Lenin frå Russland. Mange vil kome for å sjå, noko som igjen vil føre til nødvendige inntekter og mat. Og- for å få nok pengar til å finansiere kjøpet, må dei bruke det dei har; nemleg ein underhaldningstrupp som kan opptre mot ein liten sum.
Med sitt sjølvkomponerte, originale program legg dei halte, døve, stumme, blinde.... i veg. Og i starten er dette suksess! Tilskodarane strøymer til, og det same gjer pengane. På ganske kort tid vert Gosseli ein del av det kapitalistiske Kina, noko som igjen får store følgjer både for truppen og Gosseli!
Boka er original både i språk og innhald, og den har rikeleg med setningar og formuleringar som er overraskande og latterframkallande.
Eit verk som fortener mange lesarar!
Har holdt på med denne noen uker. Den begynte bra, veldig bra, men etterhvert har jeg fått litt problemer. Sliter med å komme meg igjennom. Den er litt merkelig også... Det at en person liksom er så vanlig at man ikke legger merke til ham... Det virker usannsynlig. Jeg har 100 sider igjen. Syns det hele ble litt langdrygt. Men det er dumt å legge den vekk når det er så lite igjen... Er usikker på om jeg vil lese denne forfatteren igjen.
Å, kor dumt, Lillevi! Håper du kan bli med seinare, det er så kjekt å lese innlegga dine! :-)
Eg greier nesten ikkje å bestemme meg, har fleire gode nordiske bøker som eg kunne ha tenkt meg å foreslå, ma Bli Bjørk av Mette Karlsvik. Hadde vore interessant å lese noko frå Island, og boka har fått gode kritikkar.
Trur likevel at mitt forslag blir: Emma og Uno av Märtha Tikkanen. Boka handlar om det turbulente forholdet mellom forfattaren sine besteforeldre. Kanskje det kan vere ei bok som evt kan gi ein god diskusjon??
Men en forsinket seier kan være en like sterk nervepåkjenning som stadige nederlag.
Ja, dette var jammen triveleg! Luringen Henry er både sympatisk og utspekulert. Rett ein kar som lurer både vener og dei meir ukjende!
Måtte humre meir enn ein gong.
Du har rett i at mange scener er svært så visuelle.
Alt i alt er det ein intrikat roman, med både humor og spenning- underhaldande! ....og lettlese!
Trur eg endar med terningkast 5, men det er kanskje snilt, då......
Då er "Pesten" avslutta her i huset. Det har vore ei spesiell bok på mange måtar, ei bok som både gir ettertanke og grøss.
Fleire stader har eg sett at romanen er eit bilete på nazismen, kanskje både som ideologi og som konsekvens av det nazismen førte med seg.
Eg opplevde det som spesielt at rottene som kom som varsel på død - og seinare som varsel om betre tider. Korleis ein skal tolke det, veit eg ikkje .....
S220 i mi bok var innhaldet skildra nesten som om det skulle vere frå ein tysk konsentrasjonsleir, med massedød og massegraver. Ekkelt......
Eg opplevde også at Camus framstilte "Pesten" som ein fiende med menneskeleg trekk.
Mi bok er proppfull av merker eg har sett for gode uttrykk og skildringar, trass i eit innhald som ikkje er av det mest lystelege slaget - når ein ser bort frå det menneskeleg samhaldet og den omtanken dei hadde for kvarandre.
Eg er glad for å ha lese boka som kan framstå som eit bilete på både tidlegare og noverande diktatur og autoritære system.
Kar: 5
Sitat frå Wikipedia:
På ett plan er Pesten blitt lest som en allegori over kampen mot nazismen, men vanligvis er det romanens diskusjon av menneskenes grunnvilkår som framheves. Ved å legge handlinga til et samfunn som utsettes for ekstreme påkjennelser, isolert fra omverdenen, demonstrerer Camus her en egen form for eksistensialisme.
Denne helga har eg fått lese max, ma bibliotekboka Arv og miljø av Vigdis Hjorth som var - for meg - uventa god. Så har eg saman m gemalen høyrt ferdig Magnetisørens femte vinter av Enquist, også den lånt på biblioteket. Vi måtte ha ei bok i bilen sidan vi har køyrt til å frå til ymse besøk nokre dagar. Hjelpe meg, for eit tema med skildring av ein mektig svindlar. Men, også Enquist skriv godt.
I kveld får eg starte på Pesten igjen, før eg gløymer alt. Litt uvant for meg å bruke så lang tid på ei bok.
Kvifor eg les?? Det er sjølvsagt fordi det gir dagane mine innhald på så mange vis. Eg begynte å lese frå eg lærte meg bokstavane, og trur eg heile mitt liv har hatt ei bok på nattbordet. Bøkene gir meg så mange opplevingar, både vonde og gode som eg ikkje ville ha vore utan.
Og...i morgon skal eg hente Mammutbestillinga mi. :-) :-)
Ha ein fin kveld, og kos deg med boka di!
Så har også eg lese boka om Berglijot og familien, og deira arvestrid. Mi utgåve vart henta på biblioteket etter lang ventetid, og forventninga mi var heller liten. Men, dette vart ein roman som fenga meg. Eg var kanskje litt stuss over nokre endringar i skrivestil undervegs, men innhaldet hadde spenning og driv.
Eg er ganske sikker på at mange har opplevd konfliktnivået i familien når det gjeld arv og fordeling, noko som gir gjenkjenning på eit eller anna plan. Og når familien endåtil er splitta på det nivået som Hjorth skildrar her, så er det sterkt å lese.
Alt i alt - ei bok som gjorde skepsisen min til skamme!
Her vart det terningkast 5