Det er kanskje litt urettvist å gje denne boka terningkast fire, det kunne kanskje vore ein femmar - men det blei berre endå ei bok om USA, liksom. Men grei nok. Eg las kvar side med interesse. Allereie på veg til å bli gløymd. Bortsett frå - USA er eit bra land, trass alt. Kjedeleg er det ikkje. Det fortalde boka meg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Antologien Stig Hansén och Clas Thor: Århundradets reportage er en storartet del av den nyere verdenshistorien fortalt gjennom engasjerende reportasjer og gode introduksjoner av tospannet Hansén og Thor.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Antologien Stig Hansén och Clas Thor: Århundradets reportage er en storartet del av den nyere verdenshistorien fortalt gjennom engasjerende reportasjer og gode introduksjoner av tospannet Hansén og Thor.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

den har solgt djevelsk godt og er utsolgt allerede, med mindre man finner en butikk med stabler fra tak til gulv...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg jobber ved norli i bogstadveien og har funnet ut at det er allerede 20 titler som er utsolgt. tror butikker over hele landet har satset stort på mammuten i år. skal ha en fin arbeidsøkt i morgen for å plukke kundebestillinger som nærmer seg 100 stk. Veien (The Road) er en av de titlene vi har satset på ettersom den er en knakende god bok. håper å få tid til å plukke fra hyllene og krydre boksalget med titler fra eget lager.

Håper dere får en fin mammut!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det var et godt forsøk, men noe sprikende i kvalitet. Tredje del var sterkest.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har funnet en perle: "Århundradets reportage" som er samlet og redigert og utfyllende presentert av Stig Hansén og Clas Thor.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Anbefaler Samlede Jens Bjørneboe for en god pris.

Ellers lover jeg utvalgte godbiter ved Norli Bogstadveien!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Som bibliotektilsett kan eg berre lova deg at desse bøkene har vore populære! Så populære var dei at ungdommar som aldri las ei einaste bok gjekk og venta på neste bok i serien.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei fin samling essays om litteratur, personlege minne, noveller og byar. Ei bok eg kjem til å lesa i frå tid til annan i tida frametter. (Herleg at Pamuk har med ein lengre artikkel om ei av mine desiderte favorittbøker som også er ein av hans favorittar: 1700-tals romanen Tristram Shandy av Laurence Sterne. Ei bok som aldri kjem til poenget - om det i det heile finst noko poeng, då.)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eller fleksicover /flexicover

Godt sagt! (0) Varsle Svar

No veit eg det - det heiter fleksiband

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Med Bibelen som roman har forfattaren lukkast godt - dette er spanande som ein fantasyroman, det er stoff me alle burde kjenna, ei bok du ikkje legg frå deg når du først har teke fatt - det er Bibelen, for svingande! Men boka får eit digert minus for språket, som til tider blir vel mykje trivielt og liknar på kiosklitteratur. Eg har likevel teke til å fundera på om boka ikkje fungerar best slik likevel, så frå eit tenkt terningkast fire får boka ein femmar. Trass alt. Prøv denne!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Stein Rivertons Jernvognen som hørespill er sabla bra hørespill som er bygget på en av norges beste krimromaner.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det var djervt gjort! Godt valg!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg meiner å ha lese ein stad at John Fante er ein slik "forfattarane sin forfattar". Det finst nemleg nokre slike - forfattarar som ikkje har noko stort namn mellom lesarar flest, men som er høgt verdsette mellom kolleger.

Eg har eit personleg døme på dette, frå mitt kjennskap til romangiganten Johannes Heggland (som då han nærma seg 90 år skreiv på sjette bandet i serien "Tusen vårar"). Han las berre ein einaste forfattar på slutten av livet - Jens Tvedt. Og kven har høyrt om 1800-tals forfattaren Jens Tvedt, som skreiv bøker med emne frå bygdelivet i Kvinnherad? Ingen, skulle eg tru. Mest ingen. Og like fullt var det ingen annan forfattar ein så røynd kollega som Johannes Heggland sette pris på å lesa. - Eg får slik skrivelyst av å lesa han, sa Heggland.

Det same skjer med meg når eg les John Fante.

Amerikanaren John Fante skreiv få bøker. Trass i at dei sterkaste romanane hans handlar om unge menn med idealistiske forfattardraumar, unge menn som lengtar slik vekk frå det daglegdagse kavet dei er fanga i at det er direkte smertefullt, selde han sjela si til Hollywood - det er iallfall slik eg tolkar det. I tillegg til at han tidleg vart sjuk og seinare miste synet. Det vart filmmanus og jobbing for føda og berre nokre få romanar utgjevne i hans levetid, trass i at Sigurd Hoel var tidleg ute og innlemma "Vent til våren, Bandini" i sin legendariske gule serie allereie på 50-talet. For eit par år sidan var John Fante aktuell på nytt med ei ny omsetjing av "Ask the dust" ("Spør støvet", Arneberg Forlag ) samstundes som boka også kom i filmversjon i fjor.

Kva er det som gjer John Fante så spesiell? Eit svar ligg i dei smertefulle siste linene i den første boka av John Fante eg las, "1933 var eit dårleg år", som vart gjeve ut etter Fante sin død, av enka i 1985. Hovudpersonen lengtar intenst etter eit anna og betre liv. Slik sluttar boka:

"Det kom ein bil inn på stasjonen og han gjekk ut for å betena den. Eg tok opp pengerullen og gjekk bort til blandaren. Den var bulkete og sønderslege som henda til far min, ein del av livet hans, så merkeleg fjern, som frå eit land langt borte, frå Toricella Peligna. Eg la armane kring den og kyssa den med munnen min og grein for far min og alle fedre i heile verda og for sønene også, for at eg levde i ei tid som denne og for meg sjølv, for no måtte eg reisa til California, eg hadde ikkje noko val, og eg måtte lukkast."

Det gjer han ikkje, han lukkast aldri. I alle høve om ein skal sjå på "Spør støvet" som ein slags oppfølgjar (sjølv om hovudpersonen her er ein annan). Tvert i mot - om det var ille før, så går det rett inn i katastrofen no.

Ikkje ukjende Charles Bukowski seier det slik om den gjengse litteraturen han fann på biblioteket som ung forfattarspire:

"Det verka som alle heldt på med språktriks, som om dei som mest ikkje sa noko i det heile teke, blei sett på som glimrende forfattarar. Verka deira var ein mikstur av spissfindigheit, handverk og form..."

Men det var før han snubla over ei bok av John Fante. Det var som han hadde funne gull på søppelfyllinga, skriv han. Her var det endeleg ein mann som ikkje var redd for kjensler. Ein som har noko å fortelja. Og ein som kan skriva. Byrjar du først på ei bok av Fante er det vanskeleg å stoppa. Nei, han er ikkje redd for dei sterke kjenslene, på grensa til sentimenalitet. Alt saman er så inderleg, forferdeleg sårt og vondt, side opp og side ned.

Fante var sterkt oppteken av Hamsun, og om eg skal hosta opp ei innvending mot Fante (men det vil eg i grunnen ikkje) så er det nettopp dette - "Spør støvet" kan lett lesast som ei hardkokt utgåve av "Pan" - det er då også herfrå tittelen på boka er henta. I boka spelar Fante dessutan uhemma opp til den store amerikanske forfattarmyten: det unge, miskjente, pengelense forfattargeniet som sit einsam på eit tarveleg hotell og hakkar i veg på skrivemaskina si og sender den eine forteljinga etter den andre til magasin-redaktørar i New York og samlar på haugar med rejection slips.

Men gløym at eg nemnde noko om Hamsun - Fante står på eigne bein

Du kan få eit spark i magen og smerten gjev seg etter kvart. Men smerten John Fante påførte meg sit der enno. Og den kjem på nytt no når eg les "Spør støvet". Så vondt hadde eg det også då eg var kring 20 - i årevis.

I bøkene til Fante kjenner eg meg att. Det er det mange som gjer.

PS! Ved søk på "1933 var et dårlig år" får eg null treff - men det er ei j.. bra bok av Fante det også, kom ut på Tronsmo for ein del år sidan.

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Det var en blanding av en roman og en halvbiografisk greie om Isabelle Eberhardt.

Sitter igjen med samme følelsen jeg fikk etter å lest Kamelskyer av Tvorvald Steen der han skildrer Saladin samtidig med en ung mann fra vår tid: Den historiske/biografiske biten er den beste delen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Da anbefaler jeg deg å lese den i lys av Axel Jensen sin Ikaros og Paul Bowles sin Med himmelen som tak.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Stemmene fra Marrakech - opptegnelser efter en reise av Elias Canetti.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jo, nå har jeg summet meg. Det er en absolutt god debutbok. Jeg liker veldig godt fortellerstilen med å la et ord eller et uttrykk binde sammen flere ulike hendelser.

Men det er som i denne som i Innsirkling; den virkelige store litteraturen hadde det blitt hvis han hadde hevet historien enda et hakk. Det er noe som mangler. Noe som gjør at boken midtveis eller mot slutten begynner å gå på tomgang.

Hovedfiguren i Skråninga blir en halvbror av Elling. Av og til blir noen av bildene og beskrivelsene litt for karikaturmessige og med det lite troverdige.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilBeathe SolbergDemeterElin FjellheimPer LundAkima MontgomerySigrid NygaardJørgen NTorill RevheimAndreas HesselbergPiippokattaLene AndresenIreneleserEli HagelundReadninggirl30Kirsten LundEvaTine SundalBård StøreHanneStig TVannflaskeVibekeGodemineGro-Anita RoenBjørg L.Jane Foss HaugenAnne Berit GrønbechMartinNorahAstrid Terese Bjorland SkjeggerudRuneGro Anita MyrvangHilde H HelsethEllen E. MartolRoger MartinsengretemorAnne-Stine Ruud HusevågHeddaMSt. Ynghead