Eg meiner å ha lese ein stad at John Fante er ein slik "forfattarane sin forfattar". Det finst nemleg nokre slike - forfattarar som ikkje har noko stort namn mellom lesarar flest, men som er høgt verdsette mellom kolleger.

Eg har eit personleg døme på dette, frå mitt kjennskap til romangiganten Johannes Heggland (som då han nærma seg 90 år skreiv på sjette bandet i serien "Tusen vårar"). Han las berre ein einaste forfattar på slutten av livet - Jens Tvedt. Og kven har høyrt om 1800-tals forfattaren Jens Tvedt, som skreiv bøker med emne frå bygdelivet i Kvinnherad? Ingen, skulle eg tru. Mest ingen. Og like fullt var det ingen annan forfattar ein så røynd kollega som Johannes Heggland sette pris på å lesa. - Eg får slik skrivelyst av å lesa han, sa Heggland.

Det same skjer med meg når eg les John Fante.

Amerikanaren John Fante skreiv få bøker. Trass i at dei sterkaste romanane hans handlar om unge menn med idealistiske forfattardraumar, unge menn som lengtar slik vekk frå det daglegdagse kavet dei er fanga i at det er direkte smertefullt, selde han sjela si til Hollywood - det er iallfall slik eg tolkar det. I tillegg til at han tidleg vart sjuk og seinare miste synet. Det vart filmmanus og jobbing for føda og berre nokre få romanar utgjevne i hans levetid, trass i at Sigurd Hoel var tidleg ute og innlemma "Vent til våren, Bandini" i sin legendariske gule serie allereie på 50-talet. For eit par år sidan var John Fante aktuell på nytt med ei ny omsetjing av "Ask the dust" ("Spør støvet", Arneberg Forlag ) samstundes som boka også kom i filmversjon i fjor.

Kva er det som gjer John Fante så spesiell? Eit svar ligg i dei smertefulle siste linene i den første boka av John Fante eg las, "1933 var eit dårleg år", som vart gjeve ut etter Fante sin død, av enka i 1985. Hovudpersonen lengtar intenst etter eit anna og betre liv. Slik sluttar boka:

"Det kom ein bil inn på stasjonen og han gjekk ut for å betena den. Eg tok opp pengerullen og gjekk bort til blandaren. Den var bulkete og sønderslege som henda til far min, ein del av livet hans, så merkeleg fjern, som frå eit land langt borte, frå Toricella Peligna. Eg la armane kring den og kyssa den med munnen min og grein for far min og alle fedre i heile verda og for sønene også, for at eg levde i ei tid som denne og for meg sjølv, for no måtte eg reisa til California, eg hadde ikkje noko val, og eg måtte lukkast."

Det gjer han ikkje, han lukkast aldri. I alle høve om ein skal sjå på "Spør støvet" som ein slags oppfølgjar (sjølv om hovudpersonen her er ein annan). Tvert i mot - om det var ille før, så går det rett inn i katastrofen no.

Ikkje ukjende Charles Bukowski seier det slik om den gjengse litteraturen han fann på biblioteket som ung forfattarspire:

"Det verka som alle heldt på med språktriks, som om dei som mest ikkje sa noko i det heile teke, blei sett på som glimrende forfattarar. Verka deira var ein mikstur av spissfindigheit, handverk og form..."

Men det var før han snubla over ei bok av John Fante. Det var som han hadde funne gull på søppelfyllinga, skriv han. Her var det endeleg ein mann som ikkje var redd for kjensler. Ein som har noko å fortelja. Og ein som kan skriva. Byrjar du først på ei bok av Fante er det vanskeleg å stoppa. Nei, han er ikkje redd for dei sterke kjenslene, på grensa til sentimenalitet. Alt saman er så inderleg, forferdeleg sårt og vondt, side opp og side ned.

Fante var sterkt oppteken av Hamsun, og om eg skal hosta opp ei innvending mot Fante (men det vil eg i grunnen ikkje) så er det nettopp dette - "Spør støvet" kan lett lesast som ei hardkokt utgåve av "Pan" - det er då også herfrå tittelen på boka er henta. I boka spelar Fante dessutan uhemma opp til den store amerikanske forfattarmyten: det unge, miskjente, pengelense forfattargeniet som sit einsam på eit tarveleg hotell og hakkar i veg på skrivemaskina si og sender den eine forteljinga etter den andre til magasin-redaktørar i New York og samlar på haugar med rejection slips.

Men gløym at eg nemnde noko om Hamsun - Fante står på eigne bein

Du kan få eit spark i magen og smerten gjev seg etter kvart. Men smerten John Fante påførte meg sit der enno. Og den kjem på nytt no når eg les "Spør støvet". Så vondt hadde eg det også då eg var kring 20 - i årevis.

I bøkene til Fante kjenner eg meg att. Det er det mange som gjer.

PS! Ved søk på "1933 var et dårlig år" får eg null treff - men det er ei j.. bra bok av Fante det også, kom ut på Tronsmo for ein del år sidan.

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Viser 4 svar.

Eg har ikkje vanskar med å skilje fiksjonen frå røynda (noko som ikkje alltid er så viktig å kunne, men nokså praktisk), det hender likevel eg ligg vaken om natta og tenkjer på Camilla Lopez. Spør støvet er ein varde i boksamlinga mi. Takk for gode ord og tankar rundt John Fante.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

ja, i n d e r l i g er ordet. Og ekte, direkte og gjenkjennbart. Fante har vært ukjent for meg. Til nå. Takk for din formidling og "tips" vedr. denne utrolige forfatteren:)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg elsker bøkene til John Fante!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg henger meg på som en stor Fante-beundrer. Da jeg oppdaget ham var det en helt fantastisk følelse av "ja, her er det en virkelig stor forfatter". At jeg aldri hadde hørt om han fant jeg ubegripelig! Bare synd at han skrev så få bøker! Jeg har også lest endel biografi om ham, og det var nok ikke et enkelt liv han hadde.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Harald KalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaKirsten LundJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob Sæthre