At selvmord mislykkes er ikke nødvendigvis den mest bedrøvlige sak i verden. Ingen kan lykkes med alt.

Godt sagt! (32) Varsle Svar

Nettopp ferdig med denne, og er litt i stuss om kva eg synes.. På ein måte var det spennande å bevege seg vekk frå den faste "krim-sona", eg vanlegvis vankar i (Noreg, Sverige og England), men eg er endå usikker på om eg var så nøgd med historia og plottet.

Eg tykkjer i grunnen boka minner svært mykje om Snømannen, av Nesbø. Skilnaden er vel den generelle elenda som pregar dei fleste av karakterane i "Myren". Mange mørke og dystre personar her!

Men til tross for alt dette tungsinnet, er jo Erlendur ein spenande karakter som ein får lyst å følgje vidare. Trur eg skal prøve meg på den neste boka også =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

jeg skal ikke gå inn på kritikken av Frode grytten og arrangementet på Litteraturhuset, bare påpeke en viktig ting om vår gjests forhold til spørsmål. Han har selv ønsket spørsmål fra publikum, og da særlig dumme spørsmål, som er et han liker aller best. Han har tidligere bl.a. hatt spalte i en japansk publikasjon hvor han svarer på nettopp spørsmål av sorten hva er den beste pastasausen og hvordan skal jeg bli kvitt min kone.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Artig "problemstilling" Rose-Marie. Etter litt tenking kom eg frem til at eg ikkje er flau over å ha lese nokon bøker, sjølv om eg i førstninga var sikker på at eg kunne ramse opp ein god del.

Men det eg kanskje er litt flau over, er den haldninga eg har hatt til nokre bøker, før, og medan eg las dei. Særleg gjelder dette bøker som ALLE roser opp i skyene, til dømes Knausgård sin Min Kamp. Dess meir ros ei bok får, dess meir skeptisk vert eg.

Eg las også bibelen for nokre år sidan med eit einaste mål - å finne mest mogleg dritt. Eg fann frem boka for ei tid til bake og såg at eg hadde streka under alt av tvetydige, vulgære og sjikanerende setningar. Dette skammar eg meg litt over no.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ted McKeever, Jason (så klart!) og Chris Ware! :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fantastisk liste! Veldig nyttig! :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dersom du har som ambisjonar å lese verket på både norsk og engelsk, må du nesten berre prøve deg frem. Sjølv startar eg lesinga med nokre samandrag eg finner på nettet, slik at eg får oversikt over karakterane og handlinga. Så lese eg verket på engelsk, og til slutt lese eg det på norsk, i tilfelle det var noko eg skulle ha oversett i den engelske versjonen. Shakespeare engelsk er poetisk, men tungt.

Såg at dei hadde nokre bøker på bilioteket med engelsk/norsk, annankvar side, men eg synes det verkar rotete!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Orsak, eg får skulde på ein tåkelagd persepsjon. Poesien, tja, eg likar å forstå alt eg leser og samstundes halde ein god fart, Shakespeare sitt språk får meg til å stoppe opp og stusse litt vel ofte.. Er usikker på om dette er positivt eller upositivt(?)

Lukke til med omsettinga di, flott hobby, sjølv maler eg.

Ikkje noko problem, eg er vand til å lese alt med tvisyn og rekna med at du var ein skøyar. =p

Tja, no har ikkje eg lese dette stykket ("Julius Caesar"?), så eg føler ikkje at eg har grøde til å kunne utale meg om tydinga på "tide of times", men eg reknar med at dette som så mykje anna er tvetydig, og dermed vanskeleg for ein omsettar å.. omsette. Synes derfor det er flott at han lar orda stå, slik at vi vanlege dødlege kan gjere forsøk ;)

Forresten synes eg at du også skal vere med i Shakespeare gruppa vår, nesten berre gamlingar her, så "ferskt blod" kan kome godt med ;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Bra at du står på Tone =) Sekundærlitteraturen trur eg at eg skal vente med, sjølv om det freistar =)

Eg er ikkje så nøye på rekkefølga, så lenge det vert lese! (og så lenge eg slipper å lese alle dei historiske stykka eller tragediene etter kvarandre..)

Er enig i at magien gjer seg i stykket, Ariel har eg ikkje sett så mykje på endå, men eg synes han minner ein del om Pukk i "en midtsommernattsdrøm", begge er magiske vesner som tjener sine herrer, sjølv om ein kan spørre seg om Pukk roter det til med vilje =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Enig at det kjem ann på oversettaren. Sjølv har eg støtt på mange svake omsettingar, men det eg har lese av Shakespeare til no,(på norsk altså), har eg vore svært godt nøgd med, var einaste i "en midtsommernattsdrøm" at eg reagerte litt på nokre namnendringar..

Eg synes flyten i språket er svært godt bevart, og at du, monsieur Røkkum, er litt snobbete som hevder noko anna! =P

Hmm, ja eg ser at dei linjene du viser til, ikkje er av dei sterkaste og mest velklingande omsettingane, men så altfor gale er dei ikkje!

Fekk lyst å prøve meg som omsetter:

Du er ruinen av den edleste mann/Som noen gang levde i tidenes ... - og her vart eg usikker - "vekslende vann"? eller "farvann"? Kanskje "historiens tidevann".

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"Kysset som fikk snøen til å smelte" av Tor Fretheim. Nydeleg tittel, heilt grei bok!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har no lese både den engelske og norske versjonen av dette stykket, og må innrømme at Shakespeare fungerer vel så godt på norsk!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

hehe, hadde nett tenkt å legge ut denne sjølv ;)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Etter å ha høyrt mykje negativt om Sandemo tenkte eg det var på tide å prøve meg på denne svært så uglesette forfattaren, og eg må innrømme at eg vart positivt overraska!

Nokon språkleg meister kan ikkje Sandemo anklagast for å vere, men både historia, språket og karakterane var heilt greie, etter mitt syn.

Einaste eg faktisk misslikte var "erotikkdelen", men no har eg i alle fall fått augene opp for kva omgrepet "husmorsporno" tyder.

Eg kjem neppe til å fullføre serien, men har skaffa meg dei fire første bøkene på lydbok, så kjem nok til å høyre desse.

Godt sagt! (4) Varsle Svar
  • Jeg sverger på at jeg skal ta hevn. Ved alle mine fofedres graver! Dette er det verste jeg har sett!
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fint å se at det er fler som reagerer på språket i oversettelsen..trodde muligens jeg satt med "piggene ute". Det er selvfølgelig mulig å lese bøkene på originalspråket, men når den skal benyttes til høylesning blir det brått værre.... - Kom gjerne med tips til gode oversettelser i samme genre, det trengs! :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hehe, er du også ein av dei som kan stå i timesvis fremfor spegelen, å tenkjer at du kunne drukna i ditt eige speglbilete, medan sola, månen og mange stjerner krinsar rundt deg? ^^

Lukke til med Aschehoug! Stor tru på eiga evne er ein dyd!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ok ;) Ser at jeg ikke hadde fått med meg at handligen måtte være fra samme landet som forfatteren.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har De ikke lagt mærke til, at de mennesker der ude ved det åbne hav er ligesom et folk for sig selv? Det er næsten som om de leved havets eget liv. Der er bølgegang – og ebbe og flod også – både i deres tænkning og i deres fornemmelser. Og så lar de sig aldrig omplante.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Jeg er så enig.. Det var faktisk ikke så morsomt som det kunne ha vært.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Ina Elisabeth Bøgh VigreLinda RastenRoger MartinsenHarald KTonje-Elisabeth StørkersenAlice NordliElisabeth SveeStig TEivind  VaksvikTovesveinKorianderTone SundlandSigrid NygaardTonje SivertsenTorTone Maria Jonassenanniken sandvikHilde H HelsethLars MæhlumMarit AamdalTanteMamiePiippokattaReidun VærnesSilje HvalstadFrisk NordvestBente NogvaMorten MüllerTor-Arne JensenKirsten LundDemeterSynnøve H HoelBjørg L.BenteNicolai Alexander StyvemarvikkiskntschjrldBeathe SolbergJulie StensethMaren