Hehe veldig enig med det du skriver, og titelen burde sjølvsagt vore Breaking Down ;) Historia er veldig tynn, karakterane ganske livlause og dei einaste formene for overrasking ein støyter på er negative. Som når dei store slaga vert avblåst..
Bella si vidare utvikling er ikkje spessielt vanskeleg å skimte frå starten av, og eg meinar eigentleg at Meyer er feig som velger å la ho bli ein "snill vampyr", utan blodlyst, eg trur eg hadde likt historia betre om eg hadde fått opplevd ei mørkare utgåve av ho, men dette hadde nok ført til mange skuffa og sure småjenter.
Eg synes også at den bodskapen som indirekte kjem frem i boka er litt kvalmande; "La meg døy så vi kan leve lukklege og elske kvarandre i all evighet".
Eg har i grunnen ikkje så stor tru på forkjølelse, sidan eg aldri er sjuk, men sikkert mange som vil dra nytte av dette =)
Eg ser også at du har skifta til meir haustlege fargar, dette var lurt! No kan ein skimte menneske Norah bak alle fargane ;)
Slik skal det vere! Stå på! =)
Hehe, sitter du også klar med penn, i stadig jakt etter nye gullkorn?
Du skriver veldig mange sitat! ;)
Takk for flotte svar. Bøkene dykk viser til har vore, og er, til stor hjelp. Stjerner til alle ;)
Litteraturteori kan vere spennande, men akk, så tungt..
Eg lurer på om det er nokre oppegåande bokelskarar som kan anbefale meg bøker om litteraturteori. Emner eg er spessielt interessert i for augeblikket er: Dekonstruksjon, russisk formalisme og amerikansk nykritikk.
Someone once said that a great general can lead even the weakest army into victory. Clearly whoever said that never met these losers.
There is at least ONE good thing about war. For some reason it makes women extraordinary pliant and horny
”Jack og Fables” er ein spin-off til den meir kjende serien ”Fables” med Jack (som i Jack og bønnestengelen) i hovudrolla. Han er det ein kan kalle ein typisk antihelt, med sine narsissistiske og skruppellause haldningar, og det kan verke som dei einaste måla hans er å ligge med flest mogleg og bli rik. For å oppnå dette går han ikkje av vegen for å dolke sine venner eller elskarar i ryggen. Likevel brukar dei fleste planane hans å slå tilbake på han til slutt. Ein kan seie at det er ganske mykje meir svart humor i denne serien enn i Fables.
Serien presenterer også ei rekkje nye overnaturlege skapningar, som vert kalla ”literals”, og er personifikasjonar av språklege verkemiddel og sjangrar . Jack vert til dømes god venn med ” the Pathetic Fallacy” som er ein personifikasjon av antropomorfisme (besjeling), og Deus Ex Machina (Dex) dukkar tidvis opp og reddar dagen når alt ser som svartast ut. Vi støyter også på sjangerpersonifikasjonar som Fantasy, Blockbuster og Noir.
For ein litteraturstudent som er glad i språklege verkemiddel, var det ganske artig å sjå korleis desse vart framstilt med menneskelege eigenskapar. Eg var i byrjinga litt skeptisk til serien, sidan eg er utrulig glad i ”Fables” og var redd for at denne skulle øydelegge, men alt i alt synes eg at det var ein solid serie med mykje bra plot og humor i seg.
Nei så flott! Eg gjorde nokre halvhjerta forsøk på å finne skodespelet, men klarte ikkje å finne ut kva det heite originalt. Flott at du gjorde litt research. Trur nesten eg må lese det no. =)
Og eg er enig i at Anne Marit Jacobsen hadde mykje utstråling på scena. Sjølv om eg kan tenkje meg at det hadde kome betre frem om ho hadde hatt ei rolle som ikkje var hovudrolla ;)
Dette er en skikkelig slukebok som jeg trygt kan anbefale videre. En spennende ungdomsbok om tidsreiser og en liten dash med kjærlighet. Heldigvis er forfatteren av en litt annen oppfatning av forelskelse enn mange andre som skriver ungdomsbøker for tiden, her er det ingen som bedyrer evig kjærlighet fra første stund.
Det er mange referanser til filmer og musikk(som faktisk passer inn i boken) som de fleste unge menneske vil kjenne igjen.
Da tror jeg jeg skal vente med å handle inn treeren til en dag jeg har behov for lesestoff.
Underholdende men for min del var mysteriet(ene) denne gangen litt for opplagt.
Enig! :)
"Historien om.." bøkene var faktisk svært populære i klassa mi då eg gjekk på barneskulen. Eg trur omlag halve klassa på eit eller anna tidspunkt las ei av desse. Sjølv ploga eg igjennom mange av dei. Favorittane var Historien om Florence Nightingale, Jeanne d’Arc og Columbus. Synd om desse bøkene går i gløymeboka.
Eg trudde det skulle verte enkelt å ramse opp nokre "samtidsdømer" på kvinneskikkelser som har festa seg på minnet, men det viste seg å vere vanskelegare enn eg trudde. Faktisk var den einaste kvinneskikkelsen eg kom på, Marianne i Erlend Loes "Tatt av kvinnen.
Vel eg ser ikkje heilt problemet her, sjølv om ein høyrer eller les ei bok, gjer ein vel seg opp omlag dei same meiningane. Boka endrar ikkje innhald sjølv om det er i eit anna format.
Sjølv høyrer eg mykje på lydbok, og særleg krim synes eg er passar til dette formatet. Dessutan hender det at eg faktisk veklser mellom å lese i boka, og å høyre lydboka. Dette synes eg er greit om det er delar av boka som eg synes eg bør kikke nærare på.
Eg kom nettopp igjen frå teater (dns) og har sett "Min familie" av Tracy Letts, og med Anne Marit Jacobsen i hovudrollen. Eg hadde ikkje høyrt om skodespelet, og heller ikkje forfattaren bak det før, og dessutan er det lenge sidan eg har vore på teater, så var ganske forventningsfull.
Eg likte stykket svært godt! Ein kan vel omtale det som eit familiedrama, med ei mengde intriger, forvikklingar og skjulte løyndommar.
Eg lurte på om det var nokre andre her på bokelskere som har sett stykket, og kva dykk synes. Thoughts?
Då foreslår eg at du startar på nytt. Eg synes du hadde satt opp gode kriterier for korleis du tenkte at romanen skulle utformast. Einaste problemet var at starten var litt tung, det er ikkje alle som vågar å hive seg på eit slikt prosjekt når starten er så (orsak ordbruken) svulstig..