Så morsomt Kari :-)
Ja så absolutt! Lista mi var skammelig fri for kvinnelige forfattere, i dag ville jeg helt klart tatt med både Rshøi, Stien og Munro, pluss Lydia Davis, Dorothy Parker, Marie Aubert, Merethe Lindstrøm og Flannery O'Connor for å nevne noen.
På denne nettstaden gir ein gjerne stjerner til gode omtalar, men det er også vanleg å gi ei stjerne til innlegg i ein diskusjon - for å vise at ein er enig med vedkommande. Ein kjapp titt på stjernene i denne tråden viser at du har støtte frå dei fleste. Det må vera rom for både korte og lange omtalar på bokelskere.no.
Eg les som regel tre bøker samstundes, slik at eg har noko å variera i. Denne helga les eg
Som ebok: Rigels øyne, avslutninga av Roy Jacobsen sitt
stillferdige drama om Ingrid Barrøy
I papirformat: Beretningen om Jon Bentson av Vera Henriksen;
framhald av den meir kjende Beretningen om Bent Jonson
(Trollsteinen, Pilegrimsferd, Blåbreen, Staupet,
Skjærsild)
Ragde har eit lett, sprudlande og skravlete språk. Ho vekslar ganske så elegant mellom Erlend og Krumme sitt småbarnsfar- og luksusliv, Torunn og Margido sine gravferdsoppgåver og Tormod sine gammalmannsproblem og tilbakeblikk. Men altså - for meg vert det for mykje skravling. Såpass mykje at eg må ta lange pausar for å orka å lesa vidare. For mange ord, for mykje mas og for mange ting. For mange handlerundar og for mange oppramsingar. For mykje matprat og for mange uinteressante detaljar.
Liebhaberne vart ei høgst varierande leseoppleving. Enkelte hendingar er skildra på ein veldig fin og varm måte, medan andre deler av boka er irriterande og unødvendige. Det låg lenge an til eit terningkast 3 - men avslutninga gjer at eg puttar på enno ein prikk.
Slutten gjev oss ei påminning om at sjølv om døden kan ramma brått og brutalt, må livet gå vidare. Gjennom tårene kan ein skimta både håp og framtidstru.
Øystein Wiik har sin eigen stil, han leikar seg med krimsjangeren, skriv forbløffande lett og ledig - og med tonnevis av snert og sjarm. Enkelte scener er hysteriske og kallar på humring og gapskratt - eller på kvalme og ubehag. Andre deler av boka er så spekka med teknologiske og tekniske detaljar at ein mistar litt fokus.
Dødsrytteren har kjappe sceneskift og perspektivskift, cliffhangers og korte kapittel, noko som gjer boka tempofylt og drivande. Wiik pøser på med krimverkemiddel og krydrar det heile med usannsynlege krumspring og blod og gørr.
Hartmann og Wiik har sjarmert meg nok ein gong, men "heilt overbevist" er eg ikkje. Til det er boka for omfattande - og ho inneheld fleire handlingstrådar som er unødvendige og/eller uavklarte.
Eddi Stubb er sympatisk og i motsetnad til mange andre krimheltar; tilnærma normal. Likevel vart dette ei leseoppleving under middels. Det heile er tamt og tregt - og når det endeleg byrjar å bli bittelitt spennande har ein forlengst skjønt korleis det heng saman. No er det ikkje slik at eg må ha action og full gass heile vegen for å bli engasjert, men det er ein heil del som skurrar i denne historia.
Avslutninga på historia er eit antiklimaks, "poesispråket" er jålete og konklusjonen min vert difor terningkast 3 minus..
Sansom sine skildringar av London og England på 1500-talet er levande skildra og etter det eg kan forstå; historisk korrekt. Både miljø, samfunnsforhold og historiske detaljar gir inntrykk av realisme og truverdigheit. Bygningar og gater, ver og klima, matvanar og klestil - alt dette gir lesaren ei slags historisk byvandring - og i tillegg får ein spennande, finurlege og gåtefulle kriminalhistoriar. Persongalleriet er rikt og mangfoldig og svært mange av personane er verkelege historiske personar. Mange av dei hendingane det vert fortalt om har også rot i det som verkeleg skjedde, men Sansom har gjerne ein eigen vri på kva og korleis. Alt vert fortalt gjennom augene til hovudpersonen - den melankolske og lojale Shardlake.
Dramatikken tek ingen ende i denne bokserien, men for kong Henrik VIII nærmar det seg slutten. Intrigane, maktkampen og motsetningane i hoffet og geheimerådet tilspissar seg. Ingen vil vera tapande part i det som foregår; straffa er hard og brutal for dei som går imot gjeldande styre og lov. Kjetterbåla er mange og torturistane har travle dagar. Ingen kan stola på nokon, heller ikkje kongen - og slett ikkje dronninga. Enkelte sentrale maktmenneske og aktørar har bokstaveleg talt mista hovudet medan andre er sleipe (og/eller lure) og snur kappa etter vinden.
Sansom gir oss levande skildringar frå både kongelege gemakkar, fangekjellaren i Tower, daglegliv i Londongatene, samt glimt frå boktrykkar- og andre handverkarverksemder. Samstundes får ein skarpe og interessante karakteristikkar av både historiske og fiktive personar. Noko som er spesielt fascinerande er innblikket ein får i korleis tudormenneska tenkte og oppførte seg. Det enorme klasseskiljet; dei øverste på samfunnsstigen sin groteske rikdom og dei lågaste som befinn seg i desperasjon, naud og armod. Kor vidtfemnande religionen var; å vera utan gudstru var nærast utenkeleg i dåtidas samfunn. Sakføraren Shardlake, som ser kor øydeleggjande striden mellom tradisjonell og reformistisk kristendom er, prøver alt han kan å halda seg nøytral og upartisk. Det vert naturleg nok vanskeleg for han.
Heilt til slutt i denne 700 siders mursteinen gjer forfattaren greie for historiske fakta og presenterer teoriar vedkommande dei mange dramatiske og turbulente hendingane som fann stad i England i 1546-47. Eg vil tru at det kjem fleire bøker i denne serien - avslutninga tyder på det - sidan Shardlake får ein ny spennande oppdragsgjevar.
Aslak Nore er ein dyktig forfattar som med innsikt, balanse og forteljarglede skriv om menneske som står framfor store utfordringar. Ulvefellen er ein spionthriller med handling frå krigens dagar, ei fascinerande historie og "befolka med" med ekte og interessante karakterar. Boka er velkomponert, lærerik, detaljrik og svært spennande. Det handlar om moral og umoral, svik og lojalitet, om korleis krig og konflikt grip inn i den enkelte sitt liv og om kva enkeltmenneske kan vera i stand til å gjera når situasjonen tilseier det.