Kjekt du likte bøkene!
Kan eg få spørre deg kva du ikkje likte?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lene Kaaberbøl kjem til Falturiltufestivalen på Stord no i helga. Eg skal intervjue henne om Sølvhesten (og Katrionabøkene).
Er det nokon bokelskarar som lurer på noko, eller vil helse og seie noko til Lene?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

God leselyst! <3
Håper du blir positivt overraska!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Åh, så fint!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hei!
Eg er heilt enig i at bok 1 både har litt treige passasjer, og ein del andre svakheter.
Eg håper likevel du vil lese bok 2 i serien. Ein lærer mykje av å skrive ei bok. Andreboka er strammare, råare, og er rett og slett ei mykje betre bok enn den første.
Kjærleik og leseglede - frå forfattaren. <3

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"Sushi Warehouse på charles de Gaulle terminal 2E hadde et formidabelt utvalg av norsk mineralvann. Jed bestemte seg for Husqvarna, som skulle være et mineralvann fra midt-Norge" HUSQVARNA ??? Really? Var det det beste han kom opp med?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

hehe, ble litt paff når jeg leste den setningen der i boka ja, kan ikke si beskrivelsen var særlig treffende ;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Den var ikkje så vanskeleg å lese, etter mi meining, men krev at ein berre følger med i periodar, let seg flyte med teksten og først samlar meining og forståing undervegs. Utruleg vakkert språk og fine skildringar, eit imponerande handverk, rett og slett ein imponerande roman.

Men sjølve innhaldet, tankane som blir formidla, var gammaldags kjønnsfascisme, på kjent vis pakka inn i kjærlege skildringar av individ og mytologisk overbygg.

Forfattaren røper oppsiktsvekkande lite innsikt i eigen tenking, det er som han stoler blindt på si eiga verdsforståing, og dermed ikkje stiller dei avgjerande og enkle spørsmåla til seg sjølv om sitt eige fundament, og dermed bygger heile den fantastiske romanen på eit grunnlag eg ikkje kan akseptere. Ikkje som kvinneleg lesar. Og eg er overraska over at det aldri er blitt drøfta i omtaler eg har lese av denne boka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Manden påstår den er veldig morsom, då. Så den ligg no på nattbordet, men det dyngar seg litt andre bøker oppå den.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mine favorittar til no er Guy Gavriel Kay sin trilogi om Fionavar, og den enkeltståande Tigana. Han er passeleg tradisjonell, samstundes som han har truverdige, fine karakterar, myteskillz og interessante plott.

For tida les eg Joe Abercrombie, eg likte veldig godt Best served cold, og er i gang med trilogien om same univers. Her er det skit og banning, humor og gustne gråsonar, ikkje noko som helst svart-kvitt, kan hende litt i overkant morbid humor for folk flest? Men eg ler og ler av den istykkertorturerte torturisten Glokta, som er så jævla sur heile tida.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Er på side 105, og er så langt både med og spent på kva som kjem. Litt irritert over spoilere i intervju, eg sit alltid og ventar på at det som allereie er fortalt til pressa skal bli ferdig, så eg kan komme i gang med det eg ikkje veit.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg opplevde den som vakker, pirrande, ubehageleg. Og språket er som flytande glas, heilt umogleg å få tak i, tilsynelatande nesten ikkje der.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Ah, takk for tips! Og så blir eg jo glad i hjerterota over at du likte boka mi.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Bøker må no gjerne vere litt triste. Og enig: Boka var fin!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Råaste boka eg har lese på det eg kan huske.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg orka heller ikkje lese meir enn første kapittel. Eg forsto at forfattaren ville fortelje ei viktig historie, at han ville opprøre meg, bevege meg, få meg til å lære noko, engasjere meg. Men språket forhindra meg i alt det.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For meg er dette ei bok som er nærast perfekt. Eg elskar karakterane, måten eg blir kjend med dei, måten dei blir kjend med kvarandre og seg sjølve. Lange passasjar der eg får noko å tenke på, andre deler av boka der eg berre opplever. Ikkje forutsigbar eller forløysande, men likevel utruleg sterk.

Ei aldeles nydeleg bok.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Fint du likte den, og takk for anbefaling!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg les jækla treigt. Kva anbefaler du mest?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

NorahG LHarald KHanneToveRisRosOgKlagingHilde H HelsethKirsten LundEmil ChristiansenAnne-Stine Ruud HusevågTraltemay britt FagertveitMarteLyriaIngunn SEllen E. MartolToneTanteMamieAmanda ADolly DuckBjørg L.Kristine LouisePiippokattaGrete AastorpMonica CarlsenLillevisveinBjørn SturødGrete AmundsenKatrinGsiljehusmorTine SundalJulie StensethLena Risvik PaulsenKaren PatriciaKarin BergelmeStein KippersundHeidi BIngvild S