HANDLING
Seriens første bok – opnar med ein Jarle Klepp på veg til skulen etter endt juleferie. Han går i andre klasse på Kongsgård – ein vidaregåande skule i Stavanger sentrum. Her likar han seg sånn passeleg godt – han har funnet si plass, føler han. Saman med bestekompissen, Helge, og kjærasten, Katrine, utgjer dei ein fin liten trio som trur og brenner for det same. Mykje av det same, iallfall. Eller? Dette er nemleg noko som skal endre seg litt for Jarle i tida framover, dette med at alt han trur på kanskje ikkje er så enkelt, så svart på kvitt. Jarle skal oppdage ein del nyansar av grått denne vinteren/våren. For på denne dagen her, etter juleferien, skjer det noko som skal forstyrre denne vesle triangelen av lukke og tryggleik – og kva anna enn eit anfall forelsking kan vel forstyrre idyllen meir? Jo, forboden kjærleik som ein ikkje innser at er kjærleik, ein forelsking ein ikkje vil ha og som ein ikkje klarar skru av. Det er nemleg ein ny elev på skulen denne dagen. Han heiter Ynvge. Og han vekker nye kjensler i Jarle som Jarle både vil utforske og samstundes ikkje. Jarle er ambivalent. Jarle er forelska. Og det skal endre på mykje, både for han og for dei rundt han. I tillegg til dette hovudplottet, får vi som lesarar også eit visst innblikk i fortida – via korte tilbakeblikk får vi eit inntrykk av ein barndom med alkoholisme, ustabile forhold heime, og konfliktar som til slut førte til skilsmisse.

DET EG LIKAR SÅ GODT MED DENNE SERIEN OM JARLE:
+ energi og futt og fart
+ humor i bøttevis; både via handling/plott, men også gjennom språket
+ ingen ”daude” parti; ein rekker ikkje bli rastlaus og lei mens ein leser, det er god driv heile vegen.
+ Bilete mitt av Jarle Klepp er komplett; eg føler verkeleg eg blei kjend med han gjennom desse bøkene. Eg følte eg visste litt kor han sto og stilte seg mtp diverse tema… litt sånn ”Typisk Jarle å reagere slik!” – og då skal ein kjenne eit menneske (eller fiksjonell karakter….) ganske godt. Samstundes kjenner eg han ikkje heilt – for eg lærte heile vegen noko nytt om han. Ja, Jarle Klepp slutar aldri å overraske – og nettopp dette gjer han så ekte, for slik er det med menneske ein kjenner godt ”in real life” og – dei har mange lag og uansett kor godt man trur man kjenner sine vener vil ein ALLTID kunne oppdage noko nytt ved dei.
+ Elskar at stadene er ekte, sikkert ekstra gøy for meg som rogalending sidan eg kjenner meg att.
+ Nostaligisk og tidsriktige skildringar gjer at ein kan føle seg ekstra engasjert og medrevet (men for yngre lesarar kan dette kanskje ha motsett effekt – at ein ikkje kjenner seg att…tamagocchi, kva var det?, liksom. Sjølv hugsar eg godt datadyr-dagane, men for ein tenåring i dag er nok dette heilt gresk)
+ Setter enorm pris på kor djupt forfattaren har gått inn i hovudet til Jarle Klepp – det kjem klart ut av teksten at dette er basert på noko ekte – om ikkje handlinga er reell, så er iallfall kjenslene i boka bygga på noko ektefølt. Det kostar å skrive på denne måten kor ein utleverar og visar fram hovudpersonens innste kjensler på denne måte.
+ Trass i mange såre episodar og ein tøff barndom, leser eg bøkene med eit smil. Eg får genuin medkjensle for karakterane – ikkje berre for Jarle. Og, denne sympatien er ikkje eit resultat av at karakterane har det vanskeleg; dei vert ikkje skildra som stakkarslege, hjelpelause ofre, men som heile menneske med mange lag.

(Utdrag frå omtale av heile bokserien - henta frå bloggen min https://spraakraadblaagg.wordpress.com)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

KORT INFO:
Novellesamling beståande av sju noveller fordelt på 174 sider
Svært ulike noveller som samstundes har noko til felles; nemleg at hovudpersonen er ein mann (ofte i midten av tretti-åra) og at denne mannens liv (på den tida novella foregår) i stor grad blitt påverka av ei kvinne, eller mangelen derav. Altså er kvinner og menn ein slags fellesnemnar for novellene
Nokre er meir ”absurde” og overnaturlege, mens andre er meir realistiske.
Lettlest, humoristisk og lada av ein stemning prega av mystikk

TANKAR / DOM:
Sjølv er eg ikkje særleg begeistra for noveller generelt – trur det er fordi eg føler eg ikkje får nok, det blir liksom litt for kort. Og ofte er endingane opne, og likar å ha ein slags ”closure” når eg leser ferdig. Men av og til, som no, passar det fint med nokre noveller. Denne gong fordi eg nettopp hadde lese ut The Color Purple – ei bok som rørte meg så djupt at eg ikkje heilt klarte gå laus på noko nytt. Så desse novellene passa perfekt då dei er kjappe å lese, skriven på enkelt språk, og ikkje krev at ein ”forpliktar” seg til mage sider og timar for å lese ferdig.

Les denne boka dersom du vil ha:
– underhaldning- noveller du kan lese fleire gonger
– Lesestoff som er enkelt å plukke opp og legge ned att utan å måtte finne ein passande plass å stoppe opp; ein kjem kjapt inn i handlinga
– varierte historier
– humor og mystikk i eitt og same jafs.
– ei bok du kan lese litt i utan å måtte lese ferdig; les ei novelle, les fem, legg boka bort og finn fram igjen seinare.

Oppsummering av novellene: (Utan «spoilers»)
1. ”Drive My Car” – skodespelaren Kafuku ansetter ei stygg, ung jente til å vere sjåfør for han. Ikkje sida før kona dauda har han hatt ei kvinne i bilen, og at ho no er der får han til å tenke på kona si meir enn før. Etterkvart som han blir vant med å ha henne der i bilen opnar han opp for henne og fortelle om fortida si; mellom anna om konas utruskap – som dei to no diskuterer ein del; kvifor? Korleis? Var det hans skuld?
2. ”Yesterday” – Då Tanimura var student og arbeida på kafé, møtte han Kitaru, som fort blei ein kamerat. Kitaru strauk på eksamen fleire gonger og kom ikkje inn på universitet. Han ba Tanimura om å ta kjærasten med på nokre dater slik at han kan fokusere på studiane, og slik at ho ikkje stikker av med nokre andre … Så forsvinner Kitaru …
3. ”Det selvstendige organ” – Hovudpersonen her heiter også Tanimura, men det er ikkje klart om dette er same person som frå føre novelle, det kan ein nok som lesar sjølv vurdere. Tanimura fortel her om ein plastisk kirurg han ein gong kjende. Denne mannen var ein evig ungkar på over femti år. Så ein dag fortel denne kirurgen at han har forelska deg i ein dame med ein son, og at han ikkje kan oversjå forelskinga. Men ho er gift og vil ikkje forlate mannen sin. Og dette ser ut til å gå så sterkt inn på han at han ikkje klarar takle det.
4. ”Sjeherasad” – ei sjukepleiar/hjelpepleiar kjem på besøk til hovudpersonen to gonger i veka. Ho har med seg det han treng av dagligvarer og liknande, for han kan ikkje forlate leilegheita. Og så har dei sex saman. Han veit ikkje heilt om det er ei av pliktane hennar i forbinding med arbeidet, men han likar det godt og seier difor ikkje noko på det. Det han likar best er etter sex-en, for då fortel ho alltid spanande historier; mellom anna om sitt føre liv som niøye, og om nokre hendingar i ungdomstida då ho blei besatt av ein gut i klassen.
5. ”Kino” – kona er utru, og det med ein av hans kolleger. Då han brått tek dei på fersken, er ekteskapet over. Kino seier opp jobben, og flytter inn i tantas tidligare bustad kor han startar ein pub som han kallar opp etter seg sjølv; Kino. Ting går greit ei tid. Men så startar rare ting å skje, og han må til sist reise vekk ein stund for å kome seg i sikkerheit. Rare ting fortsetter å hende. Kanskje er det sorga frå brotet som heimsøker han? Han høyrer dunking, som frå ei hjarte, overalt.
6. D”a Samsa ble forelsket” – ein mann vaknar opp i eit tomt soverom. Tidligare var han ikkje denne mannen, trur han. Men no er han ein mann. Og han er åleine i eit tomt hus. Og han er naken og svolten. SÅ han eter, og finner seg ein morgenkåper. Og så kjem ei dame på besøk for å fikse ein lås…
7. ”Menn uten kvinner” – Ein mann får vite at ei tidligare kjærast har begått sjølvmord, noko som utløyser ein lang tankerekke og fleire refleksjonar som ender med ein slags konklusjon, som på eit vis summerer opp heile novellesamlinga: Nokre gonger kan tapet av ei kvinne betyr tapet av alle kvinner.

(utdrag henta frå bloggen min https://spraakraadblaagg.wordpress.com)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Can anything be more boring than an upper-class Englishman? she Said. They remind one of bloody mushrooms."

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Følgende er utdrag av ein lengre anmelding frå bloggen min
https://spraakraadblaagg.wordpress.com/2018/11/15/tankar-om-the-color-purple/

Kort om handlinga:
boka omtalar liva til ein gruppe svarte menneske i tida mellom dei to verds-krigane
Vi følgjer to hovudpersonar: Celie og Nettie – to systrer med vært ulike livsforløp: den eine blir gifta bort som tenåring, ho andre ”kjem seg unna” (med systras hjelp) og ender opp som misjonær i Afrika
historia blir fortalt via brev skrivne av dei to systrene
Boka gjer eit solid og realistisk innblikk i livet til dei to systrene, og til menneska rundt dei

Celie – er den eg vil seie er hovudpersonen her, mens Nettie blir ein slags bi-hovudperson, om det går an å seie. Celie blir transformert i denne boka – frå ei taus og lydig spinkel jentunge som ”berre” tar i mot alt som kastast på ho – mishandling, vald, svik … Livet hennar endrar seg, sakt men sikkert, i det ho blir ven med Jazz-artisten Shug Avery. Endringane skjer gradvis, og ein legg ikkje heilt merke til at det frå side til side, men innan boka nærar seg halvvegs er det ei ny – og samstundes den same, gode gamle – dama som skriv.

MINE TANKAR
Om å lese boka: det var ikkje ”berre berre” for meg i starten, for ho er skriven på eit språk som er tilpassa hovudpersonen og som reflekerar hennar utdanning (eller mangel derå); altså er ikkje språket «rett fram» og formulert slik ein er vant med. Det er ikkje grammatisk korrekt, det manglar komma, dialogar står litt i hist og her midt i teksten, ein del ord er feilstava – stava etter uttale. Eg sleit altså ein stund med dette, MEN når eg først kom inn i handlinga blei eg også vandt med å lese det slik det sto, og eg blei fort oppslukt. Så – om du leser denne på engelsk, vær obs på dette og ikkje legg bort boka, for når ho først drar deg inn … ja då er vegen til fengsla kort.

Eit par ting eg merka meg som gjorde at denne boka traff så godt
+ kjensler over alt på kvar side – utan at det nokon sinne står formulert direkte som i at ”I felt that …”. Kjenslene berre traff meg, utan at eg no i ettertid kan hugse å ha sett dette skriven direkte ned.
+ Trass i vald og enorm undertrykking, framstår ikkje karakterane som stakkarslege. Heller enn berre å føle medynk, kjente eg at eg genuint heide på desse folk, at eg ville dei vel. Eg brydde meg på ordentleg om kva som skulle skje, og kjende det på humøret mitt undervegs mens eg las – eg blei genuint glad når ting gjekk litt betre, og sinna når ting ikkje var som det skulle.
+ Dette er ein dyster og trist bok, men eg har smilt fleire gonger undervegs, for det er mykje humor også her, på eit vis…
+ Eg likte jo ikkje språket i starten, men no i ettertid kan eg ikkje tenke meg ein betre måte å fortelle denne historia på. Det ville ikkje vore det same.
+ Å beskrive boka med eitt ord er ikkje mogleg, men … eg sit likevel igjen med eitt ord om denne boka, og det er sikkert ikkje politisk korrekt mtp kor brutal ho i blant er…. Men altså. Denne boka er VAKKER. Karakterane, samhaldet, kjenslene, styrken … Og eit ord til: MEKTIG.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"I plan to make them by hand. Every stitch I sew will be a kiss."

Godt sagt! (0) Varsle Svar

But I just feel funny living in a square. If I was square, then I could take it better, she say."

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne boka kjøpte eg litt sånn spontant etter å ha fått ho anbefalt frå fleire hald. Dessutan har eg sett at filmatiseringa er å finne på Netflix – og eg vil gjerne sjå filmen; men så har eg jo ein slik livsregel som seier meg at eg må lese boka først, så då gjorde eg det. Kan ikkje seie at eg angrar, men … eg kan heller ikkje seie at boka gjorde så sterkt inntrykk som eg kanskje forventa

KORT OM HANDLING
(Det kan verke som om eg røper vel mykje her, men det gjer eg i grunn ikkje – for boka startar med ein prolog som vil fortelle deg akkurat det same.)
Etter å ha overlevd tenesta som soldat i krigen får Tom for arbeid som fyrvaktar. Det betyr at han i lange periodar er åleine på den vesle øya med fyrtårnet. På eit av oppholda/feriane i den næraste hamnebyen treffer han ei jente. Etter ei tid saman giftar dei seg, og ho blir med han ut til fyrtårnet for å leve der ved hans side. Dei forsøker å få barn. Det endre med spontanabortar. Noko som går sterkt innpå Izzy. Så ein dag, blir ei lita robåt skylla i land. Og i den båten ligger ein daud mann, og eit levande spedbarn. Toms samvit og plikt-kjensle blir overmanna av Izzys behov og kjærleik for barnet, og dei let vere å varsle om kva som har hendt. Dei antar at mora er daud, faren gravlegger dei, og jenta fostrar dei opp som om ho var deira. Men så går tida. Kjenslene bygger seg opp, samvit, tvil. Tom er den som bærer med seg mest anger og tvil, medan Izzy er overbevist om at dei har gjort det riktige.

PLUSSAR:
+ relativt originalt plott
+ ikkje så lett å vie korleis det skal ende, sjølv om ein nok heile vegen trur at ein veit kor historia er på veg
+ enkelt å henge med i handlinga
+ flotte skildringar av landskapet i sør-Australia – og skildringane er med på å skape stemning og måle fram fine bilete av handlinga som utspeler seg

MINUSAR:
- Litt for treigt
- Litt for mykje ”tristesse”; sakna at alt det såre og tunge skulle bli jamna litt ut ved bruk av humor, vittige replikkar, nokre litt lysare episodar.
- Sakna energi i teksten; dette heng kanskje i hop med føre punkt. Det blir litt for treigt og lite variert. Triste og dramatiske ting skjer og ein blir slik sett engasjert i fortellinga. Men eg sakna litt futt og energi, litt meir driv.
- Karakterane er litt for lite utvikla, syntes eg. Med over fire hundre sider finns det meir enn nok plass til å la karaktertrekka få boltre seg litt meir. Kom liksom ikkje heilt under huda på karakterane her, og med denne handlinga og tematikken - ville eg personleg – fått mykje meir ut av boka dersom eg følte eg kjente karakterane betre enn kva eg gjorde.

TANKAR/DOM
Historia er fin og spennande, og eg likar godt korleis ingenting her er svart på kvitt. Sjølv om historia er litt ”treig”, er ho fengande. Eg sleit litt dei første tretti-førti-femti sidene, og sjølv halvvegs inn i boka kunne eg i blant tenke at dette gjekk trått og treig. MEN innan den tid var eg gripen av handlinga og ville vite korleis det enda, så historia er absolutt fengande og engasjerande.

Og eit lite råd før du går laus på boka - Her må ein verkeleg gå litt i seg sjølve også, for elles er det svært enkelt å dømme desse menneska i boka – ikkje berre Tom og Izzy, men alle dei andre som også spelar med i historia. Klarar ein å legge vekk ”dommen” sin, søke litt i seg sjølv og våge å tenke etter på ein sjølv ville gjort (ikkje kva du TRUR du kanskje kunne greidd, kva som er riktig og moralsk – men kva du VERKELEG ville gjort i deira situasjon) – då trur eg du vil få mykje meir ut av boka enn om du går laus på ho med hovudet lyfta og nasen i sky, som eit bedrevitande og moralsk overlegent menneske.

Boka er kanskje spesielt interessant for dei som er foreldre, planlegger å bli mor/far, er svært glad i barn og familie. Eller berre for deg som vil drøyme deg vekk i andres pinsel… Til deg som vil lese noko søtt og bittert. Og til deg som har litt tålmod å gå på, for handlinga utspeler seg, som sagt, ganske så treigt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (3) Varsle Svar

LYDBOK: En avtale med livet”, Cecila Ahern(lesen av Siv Charlotte Klynderud)

A. Kvifor eg valte denne?
– lysten på noko lett, feel-good, chicklit-isj
– Har lese ein del andre bøker av Ahern, og likt dei godt. Perfekt ”guilty pleasure” – den type bok eg likar å lese ein gong i blant, men ikkje ofte.
– har lytta til fleire lydbøker lesen av XX og likar måten ho leser på
– Konseptet om Livet som ei menneske verka absurd nok til å vere morosamt

B. Kort om handlinga
– Lucy Silchester har det ikkje så bra; det er slut med kjærasten, ho trivst ikkje på jobb, bilen streiker, utgiftene ballar på seg, ho har eit noko anstrengt forhold til foreldra – særleg mora si og opplever at ho aldri er god nok, og i tillegg bur ho i ei lita leilegheit ho ikkje heilt føler seg heime og vel i. Ho sliter med å innsjå og innrømme at ting ikkje er så bra –både overfor seg sjølv og for andre. Ho gøymer seg bak ei smilande, spydig og vittig fasade, og ho lyger om det aller meste til dei aller fleste. Men så ein dag… ein dag blir ho innkalla til eit møte med Livet; ein mann som ser ut til å vere omtrent i same tilstand som livet hennar – sliten, magert, grått, tynnslitt … Livet og Lucy må omgås, og saman arbeider dei for å stable både livet og Livet på beina at.

C. Stemme/lyd
Første gong eg høyrte Siv Charlotte Klynderud lese var då eg lytta til ”En dag i juni” ) – og eg elska den boka, og også lesestilen til Klynderud. Så Så kombinasjonen av Ahern og Klynderud tenkte eg at var bankers.

D. Plussar or minusar
+ Originalt plott – det lova jo godt, utgangspunktet og idéen vekka interessa, men resultatet…:
– Det blei for fjollete, dette
– lite truverdig
– for ”grunne” karakterar
– tvungen og tidvis unaturleg humor; som om forfattaren prøvar litt for hardt
– for overflatiske og grunne karakterar

E. Terningkast/dom
terningkast2Har i grunn ikkje så mykje positivt å seie … Hadde det ikkje vore for den flinke opplesaren, ville eg ikkje ha fullført denne lydboka.

Det er såpass sjeldan at eg leser ”chick-lit”, så når eg først skal gjere det vil eg verkeleg at boka skal levere; at ho skal gje meg noko; kjensler, nostalgi, ei tåre, eit smil…noko klissete. Denne blei eg i grunn berre irritert over.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lydbokversjon av Etter styrten”, Michel Bussi (lest av Kim Haugen)
A. Kvifor valgte eg denne?
– Nyfiken på meir fransk litteratur; har lese ein del, men ikkje så mykje. Det vesle eg har lese har derimot verkeleg falt i smak. Dessutan er eg glad i Kim Haugen si røyst og lese-stil. Handlingsreferatet/omtalen appelerte også:

B. Kort om handling
– Eit fly styrtar og alle passasjerane, utanom ei jente, daudar. Ho er eit spedbarn. Men kven er ho? Det var to spedbarn på flyet. To familiar melder seg som pårørande, ingen av dei kan bevise at dei er relatert til barnet (heller ikkje DNA gjer einstemmige svar). Atten år seinare – på jentas attenårsdag – starter fortellinga. Ho har då vekse opp hos den eine av desse to familiane. På attenårsdagen mottar ho papirar knyta til etterforskinga av saken hennar. Den eine av familiene engasjerte ein privatdetektiv for å løyse gåta. No får ho notatene hans. Finner ho noko svar? Boka fortelles frå fleire ulike karakterar sine ståstadar – broren hennar, begge dei aktuelle familiane, detektiven, andre som observerer dei.

C. Stemme/lyd
Kim Haugen. Eg fann denne boka på Storytel ved å søke om namnet hans. Eg har ikkje elska alle bøknene eg har høyrt han lese, men stemma og stilen han leser på gjer at bøkene uansett blir underhaldande. Innleving utan at det blir kunstig, behageleg og jamnt tempo, diaoger med liv og futt i – slik at det skiller seg ut frå det som ikkje er dialogar.

D. Plussar or minusar
+ Originalt plott
+ Likandes karakterar
+ Spenning og mystikk
+ Ei gåte man ikkje klarer å ”gjette” seg fram til med det første

– Tidvis litt vanskeleg å tru på alt; for å nyte denne boka anbefaler eg å berre godta det som står, ikkje ver for kritisk. Berre lytt og lik!
– eg sleit ein del i starten med å skilje dei to familiane frå kvarandre – rett og slett fordi namna er franske og i mine utrente øyrer lød det veldig likt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

HANDLING:
Då barndomskameraten mister livet, vender Håkon nasa heimover til Lillehammer, kor han ikkje har vore sida ungdomsskuletida. Her vert han og kameratgjengen frå dei dagane samla igjen, og det som skjedde den gong kjem skate men sikkert til overflata.

  • PLUSSAR +
  • Thriller-bok som samstundes også kan opplevast som ein kortform av barndomsroman.
  • Lettleseleg
  • Alt heng i saman – alle dei lause trådane eg fann undervegs blei samla veldig fint og naturleg opp
  • På knappe 200 sider blir ei stor fortelling fortalt; dette er eit plott som lett kunne blitt halt ut og blitt skriven på dobbel så mange sider– at historia er så komprimert gjer at:
  • ein som lesar held fokuset
  • Det blir ingen ”daude” punkter; spenninga er der heile tida

– MINUSAR –
– språk; heilt ok, men boka ville vore betydeleg betre om språket var hakket kvassare. Tenker meg bøkene til f.eks Peter May kor gode historier blir til knakande gode romanar fordi dei formidlast på eit fantastisk flott språk. Språket her er ikkje dårleg, men det er ikkje noko å skrive heim om – det løfter ikkje romanen opp. Kort sagt; eit meir særprega språk, eit annleis språk enn det som er brukt ville løfta kvaliteten av sjølve historia betrakteleg.
– Dette seier eg så og seie aldri: Boka blir litt for kort! For lite og for enkelt til at eg blei kjend med hovudpersonen; tankar, kjensler, verdiar osv… får jo eit visst inntrykk, men ikkje heilt nok til at eg genuint klarte ”bry meg” om han som person. Altså; litt for lite personleg engasjement frå mi side.

DOM/ANBEFALING
Kort sagt – ein spennande thriller, ei bok som fortel svært mykje trass i sine få sidetal. Ei bok som underheld og byr på spenning, men som dessverre ikkje skapar noko varig inntrykk. Ei bok eg las, ei bok eg koste meg med, og også ei bok eg kjem til å gløyme ganske kjapt.

Les denne om du vil ha ei bok som:
– du kan lese på ein dag – ho går kjapt unna
– leverer spenning og eit godt plott
– Er fri frå klisjéar
– Inneheld mystikk og gåter til siste side
– utfolder seg i eit veldig passeleg tempo
– kombinerer thriller-sjangeren med ein kortform av oppvekstroman.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg har lest en del av Hjort, og det som fascinerer meg er at jeg ALDRI vet hva jeg får. Noen av bøkene har jeg likt godt, mens andre (faktisk de mest "oppskrytte") har jeg lidd meg gjennom, funnet plagsomt repeterende og flate. Arv og miljø likte jeg ikke. Selv om gjentakelsene nok er bevisst, som hjelpemiddel, ble det bare masete og kjedelig. Trodde flere ganger jeg leste samme side om igjen, men sp var bare innholdet veldig likt... Boka "Hjulskift", "et norsk hus" og "Tretti dager i sandefjord" falt bedre i smak :-)

Ofte finner jeg EN "ny" forfatter og blir oppslukt, og vet noenlunne hva jeg kan forvente , men ikke med denne dama.."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har forsøkt å unngå omtalar, men har ikkje greidd å halde meg heilt unna heller – så eg har skumlese litt her og der, nok til å få med meg at både kritikarane og ”vanlege” lesarar er veldig splitta. Og etter å ha lese boka sjølv, kan eg faktisk forstå det.

HANDLING – Det er vanskeleg å gjenge handlinga utan å røpe noe viktig. Det er også vanskeleg å oppsummere ei bok på 700 sidar på få ord, men eg forsøker:

Hovudpersonen, ein mann i midten av tretti-åra (som hovudpersonar i Murakami sine bøker jo ofte er…), får kvardagen snudd på hovudet då kona brått og uventa seier at ho vil skilje seg, at ho har funnet ein annan mann. Det blir slut. Og han bruker dei neste månadene på å køyre rundt i Japan på må-få. Søv litt her og litt der; telt, ymse motell, osv. Til vanleg arbeider han som portrettmålar, noko som sikrar han trygg inntekt, men som ikkje var den vegen han ville gå. Det skulle vere ei midlertidig ting. No ser han moglegheita til å realisere kunstnardrøymen – måle det han sjølv vil, og ikkje måle berre for å tene pengar. Via ein kunstnar-kompis får han ein stad og bu også; faren til denne kunstnarkompissen ligg på sjukhus og heimen hans står tom; det ville berre vore til hjelp for alle dersom nokon ville bu der og ta seg av huset. Så dit går turen – til ei lita fjellbygd langt vekke frå sivilisasjonen, til eit hus på toppen av eit fjell. Her skal han bu mens han finner ut av kva han skal gjere.

Kompissen sin far, som i budde der før, var også kunstnar – ein veldig kjent ein óg. Så han forventar å finne inspirasjon og ny giv her. For å sikre seg litt inntekt takkar han også ja til å undervise kunst-kurs to-tre gonger i veka.

Lerreta forblir blanke – han klarar ikkje måle noko som helst. Så, ein kveld finner han eit bortgøymd maleri på loftet i huset. Han pakkar det opp, og så startar mystiske ting å skje:
1) Bilete viser seg å fortelle noko om kunstnaren som malte det – altså han som budde i huset før, og som no ligg senil som ei fjøl og ventar på dauden på sjukhus. 2) Litt etter blir han kontakta av agenten sin – ein av naboane her oppe på fjellet har fått med seg at han er portrettmålar, og vil gjerne ha eit. Beløpet han tilbyr er såpass høgt at han går med på å måle eit siste portrett likevel. Desse to mennene – målaren og kunden – blir etter kvart ganske godt kjent, og å måle portrett blir ikkje det einaste han skal hjelpe til med.
3) Fleire netter på rad vaknar hovudpersonen av ei bjelle. Han sporar lyden og finner ut at lyden kjem frå bakken, frå eit område tildekt av store stein. Saman med denne nye venen/kunden/naboen sin skaffar dei utstyr og får gravd opp steinene og finner til slut eit djupt hol i bakken, noko som liknar på ein brønn.

– Desse tre tinga; bilete på loftet, det nye bekjentskapet og bjella i bakken får ein rekke hendingar til å utfalde seg.

DET EG LIKTE
+ originalt og ufortseigbart plott
+ herlege karakterar!
+ god spenning
+ stemning som er til å ta og føle på
+ lause trådar som verker meingslause der og då, men som etterkvart blir samla

  • Elskar FANTASIEN til Murakami !!
  • at ikkje absolutt alt henger i hop; slik er det jo i livet også – alle dei raude trådene, alt det som hender oss i kvardagen – det henger ikkje alltid i hop, nokre gonger berre skjer ting.
  • den litt sære humoren som finnst gjennom heile boka

TING EG LIKTE MINDRE:
– tidvis meir langdrygt enn kva godt er
– I blandt blei enkelte ting her gjentatt til det keisamme; unødige påminningar om enkelte karaktertrekk og forklaring av ting som alt er blitt forklart tidligare; som f.eks at hovudpersonen vil formidler meir enn eit menneske sitt fjes når han målar portrett – han vil formidle personens indre også. Dette står skriven fleire gonger gjennom boka, som om eg som lesar gløymer det så snart eg har lese det.

DOM/ANBEFALING:
Les denne om du vil:
– ha ei bok å bruke tid på, ei bok å nyte, drøyme deg vekk i.
– kjenne ein unik, lada spenning kombinert med mystikk
– prøve noko ”nytt”; altså vere opensindig ig mottakeleg for ei god historie utan noko eintydig slut.

Eg likte boka! Men … eg er ikkje heilt uparktisk sidan eg er såpass stor fan av Murakami – eg ville sikkert like det også om han skreiv ei tusen-sidars bok om meitemark…
Om du allereie er fan av Murakami, vil du truleg like denne godt. Om du derimot ikkje har vore fan av bøker som Kafka on the Shore og 1Q84, bør du kanskje stå over denne då stilen er litt lik.
Eg kan lett forstå den blanda kritikken av boka, for denne vil nok falle best i smak hos dei som veit kva dei kan forvente av Murakami og som alt er litt kjent med nokre av hans tidligare romanar.

Utdrag får bloggen min - http://spraakraadblaagg.wordpress.com

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ah... Eg har innsirkling - trilogien på lista mi for denne månaden, gleder meg! Har lese Skråninga og Begynnelser frå før og elska dei. Ser fram til meir Tiller

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I morgen skal eg på forfattartreff på biblioteket med sjølvaste Tore Renberg!
Helgas bok startar er på i morgon - "Det er du som er Bobby Fischer"
I lydbokverda har eg blitt hekta på Lacey Flint - serien av SJ Bolton. Har lytta til dei første to bøkene denne veka og starta i dag så. Vidt på bok nr tre. Herleg med slike bøker ein blir hekta på :-)

Blir neppe mykje lesetid denne helga. I morgen er det forfattarmøte, kafé og spasertur på planen. Sundag gjeng med til ei klatreøkt og forsinka bursdagsfeiring med familien... Eg har nemlig gått hen å blitt heile TREDVE år gamal denne veka!!!!! Er eg heldig kjem. Eg. Heim. Frå selskap med ei ny bok i handa og kake i magen

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Denne boka vert skildra somhysterisk morosam, og jo, ho er morosam – og det er ikkje på grunn av tematikken, snarare på tross av. Det er forfattarinna si evne til å formulere karakteranes tankar og kjensler som gjer at denne boka kan oppfattast som humoristisk. Eg smilte fleire gonger mens eg las, men eg sat likevel ikkje igjen med tankar om at dette var hysterisk morosamt. (Kanskje har det heller aldri vore forfattarinna sin plan, men snarare kritikarar og andre lesarar som har opplevd ho slik?)
Det sagt – så betyr ikkje det at boka ikkje er god, for det er ho –knakande god! Det betyr berre at – slik eg opplevde det – dette ikkje først og fremst er ein ”humor-bok”; men heller ei bok kor det humoristiske språket gjer at fortellinga blir underhaldnade og utholdbar. Utan det vittige språket ville boka fort blitt sytande, negativ og tung. Slik ho er no formidlar boka ei gjenkjenneleg fortelling om eit familieliv på godt og vondt; kjensler, truskap, usikkerheit, søken på noko nytt, meininga med livet, val av partnar, nye forhold, gamle forhold, finne seg sjølv, kven er eg aleine vs kven er eg saman med andre?

  • Lettlest
  • herleg språk
  • realistisk
  • ei sluke-bok som ein leser ut i løpet av ei lita helg
  • ei bok det er enkelt å plukke opp; ein mister ikkje tråden, ein trenger ikkje sette livet på vent for å kome seg gjennom.

Ein MEGET sterk firar. Skrivemåta og handlinga gjer meg litt assosiasjonar til mellom anna Marit Eikemo, og det er kanskje nettopp derfor eg ikkje trillar ein femmar – for eg syntes Eikemo leverer hakket betre. Ikkje at det eigentleg skal sammenliknast, bøkene er heilt ulike, men det setter liksom ein slags standard likvel.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Gjennlesing – har tidligare lytta til lydbokversjonen (den ligger på Storytel og er utruleg flott utført), men eg var ein smule u-oppmerksam den gong, pluss at eg i seinare tid har skaffa meg alle Murakami sine bøker. Etter mykje Harry Hole vart eg freista av å lese noko heilt anna … og nettopp dét; ”noko HEILT ANNA” – summerer i grunn opp heile denne boka.

Dette er Murakami på sitt mest absurde. Dette er ein slags thriller-scifi-fantasy-drama. Sær sær sær sær sær. Eg visste kva eg gjekk til, og elska boka. Hadde nok ikkje vore like postiv dersom eg gjekk laus på denne og forventa å finne noko i form av hans mindre absurde bøker som Norwegian Wood (OMTALE HER).

Boka tek føre seg to univers, som på sett og vis er lenka saman:
Ein ingeniør får eit oppdrag som viser seg å vere langt meir omfattande enn han trudde, eit oppdrag som skal få store konsekvensar for hans liv og eksistens; eit jobboppdrag han på sett og vis ikkje kan kome unna, som om skjebnen har bestemt at det er han som må gjere dette.
Ein ung man arbeider som drøyme-lese på ein liten plass som heiter ”The End of the World.” Han er relativt ny i byen og hugser ikkje heilt korleis han kom eller kvifor. Men no er han der. Og hans jobb er å lese drøymene som ligg lagra i dyre-skaller i akrivet på biblioteket.
Kapitlene i boka er inndelt slik at annakvart kapittel fortel om det eine universet – altså vekslar handlinga fram og tilbake. Og akkurat det syntes eg at gjer boka ekstra les-bar!

PLUSSAR:
+ Originalt og morosamt
+ spenning
+ herlege og originale karakterar
+ Ein kan velgje å kose-lese boka, eller ein kan gå grundigare til verks – begge deler funerer godt”
+ Det finnst eit haug av lause tråder og samanhangar mellom dei to universa.
+ ei bok man kan lese igjen og igjen og stadig oppdage noko nytt i.

MINUS:
– tidvis litt langdrygt (særleg avsnitta om einhjørningane blei litt tørt)

NB! Når ein les slike bøker, absurde og sprøe, er det ein klar fordel å “berre” lese – godta det absurde og ikkje leit for mykje etter noko djupare samaneheng. Verkeleg berre les og drøym deg bort og lett bort det som heiter fornuft og logikk. Det vil gjere opplevinga av akkurat denne boka til ein heilt annan enn om du opnar ho med kritisk og analyserande hensiktar.

Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.34
Firaren gjenspegler dei andre bøkene av Murakami – som eg stort sett har gitt femmare og seksare. Denne er knallgod, men når ikkje opp til dei beste av han.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Politidrap: ikkje berre eit, men fleire. Eit mønster viser seg – politifolka som blir drepne blir gjort det på ein måte som har klare fellestrekk med mordsakar dei har mislykkast i å løyse. Politimester Bellman kjem ingen vei med saka på eigahand og må til sist svelgje ein kamel (eller fem) og gå til Hole for å få assistanse.

Dette er ein berg og dalbane av ei bok. Spenning, spenning, spenning! Ein av dei betre i serien. Ein verkeleg ”side-vender” på godt norsk, ei av dei beste i Hole -serien

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Handlinga bygger vidare på bok nr ti i serien om Harry Hole, så for akkurat denne boka er det heilt klarte ein fordel å ha lese ”Politi” først.

Tinder, dating, romanse … slik opnar boka. Via tinder-appen blir dater arrangert. Ein av dei mange herrene som brukar appen har imidlertid andre hensikter enn romanse. Damer i tjue og trettiårsalderen blir funnen drepte på usedvanleg vis – med bitemerker, som av ein vampyr. Felles for offera er at dei nyleg har vore på date og at daten blei arrangert via Tinder

Harry, som har slutta i politiet, slått seg til ro med eit A4-liv – som foreleser ved polithøgskulen og gift med Rakel – blir trukket inn i saken; noko han først seier nei til, men så er det jo dette med han som slapp unna i forrige bok då … Sakte men sikkert gjer han etter og let seg trekke inn i saken – sjølv om han helst ville vore foruten for å varne om dette nye livet som han gjerne vil ”ha i fred” og uforstyrre. Men så … altså… vampyrisme, drap, brutalitet, ein etterforsking som tryglar han om hjelp, og eit personleg motiv i form av hevnlyst gjer at han altså går med på å bistå politiet – noko som: 1) setter fart i etterforskinga og jakta på gjerningsmann, og 2) rokker ved Harrys ”nye” livsstil og harmoni.

Dette er den (foreløpige) siste boka om Harry Hole. Meiner å ha lese at det kjem ein ny bok no i starten av 2019 – noko som var mykje av grunnen til at eg i år las heile Hole-serien på ny.
Nesbø leverer – både mtp plott (som aldri er ”oppbrukt”), karakterar (som er truverdige og likandes!) og språk (artige formuleringar, ”ekte” dialogar, billedlige scener, god flyt!).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den siste tida har eg kome over ein masse middelmåtig krimbøker og har lenge sakna den type krim som gjer meg hekta. Der kor både krimsaka og karakteranes personlege drama engasjerer. Det skjedde endeleg her. Likar karakterane og likte plottet. Kanskje litt for utruleg til å vere truverdig vil nokon seie men samstundes er det jo faktisk slik at mykje av det som faktisk foregår ER villare enn kva den mest kreative kriminalforfattar kan klare å dikte opp.

Etter å ha avhøyrt eit vitne og på veg mot bilen sin får Lacey Flinn auge på ei knivstukken dame, som blir det første av mange brutale drap. Drapa har litt for mange ting til felles med Jack the Ripper - saka frå 1888-1891-isj tida til at det kan oversjåast. Lacey blir involvert i saka, både som etterforskar, vitne og også reint personleg. Det var nemleg ikkje tilfeldig at det var nettop ho som traff på det første offeret. Vi følgjer etterforskinga på jakt etter gjerningsmann og motiv. Og vi får etterkvart også vite meir om Lacey flint som person

Boka bygger seg fint opp, er aldri for langdryg, har eit flott karaktergalleri og ja, syntes dette var eit friskt pust inn i den elles litt innestengde krim-atmosfæren. Gjekk rett laus på bok nr to i serien... Og så langt fenger den faktisk endå meir

Endelig ei krimbok utan utallige, meiningslause "twister *, og ei bok kor ting ikkje vert overforklara og gjentatt i det uendelege. Tomme opp!

Og som lydbok var denne fantastisk fint lesen av Kristine Rui Slettemarken

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Ellen E. MartolHelen SkogBertyBerit RJarmo LarsenTuridmajaTheaPiippokattaEgil StangelandEster SAgnete M. HafskjoldAnneWangAlice NordliTonesen81Jan-Olav SelforsTanteMamieHarald KHenrik  Holtvedt AndersenMorten BolstadLisbeth Marie UvaagKirsten LundTine SundalDemeterMargrethe  HaugenEli HagelundGodemineHilde H HelsethMads Leonard HolvikHilde Merete GjessingVibekeTherese HolmmarithcIreneleserkntschjrldmay britt FagertveitMathiasLene AndresenMorten MüllerReidun SvensliMaren