Eg syntest at dette utsagnet var såpass på kanten av nyare biolgisk forsking at eg ikkje trekte det fram. Men på den andre sida siterer eg ofte noko som eg ikkje er einig i, berre det er godt formulert eller fordi eg vil merke meg kvar i ei bok det står ...
Du ser nedanfor her at Hedvig og eg har skrive litt om forfattaren Laura Kieler.
Petter Larsen, kulturredaktør i Arbeiderbladet bad meg for noko over tretti år sidan om eit bidrag til ei artikkelsamling om arbeidarar og dikting, som han skulle redigere saman med Kjell Sandvik.
Eg skreiv ganske utfyllande, under tittelen "Tradisjon og fornying i arbeidarlyrikken" om "Harry Hermansen, Tor Jonsson og Rolf Fredheim i litterær og sosial samanheng". Dette var eg arbeid eg likte, så får andre dømme om kvaliteten. Boka har med ein klassiskar, Hans Heibergs "Arbeiderbevegelsen og litteratuen" frå 1935. Dessutan har Olav Dalgard eit oversyn over "Norsk arbeidarlitteratur fram til 1940". Særleg interessant er det å lese Hans Børlis eiga tekst "Slik begynte jeg".
Elles er her tekster av Kåre Holt ("Litt om arbeiderlitteratur - eller Kunsten å bli klasseforræder"), Willy Johansen ("Arbeideren og bøkene"), Petter Larsen (om Gro Holm), Rolf Opås ("Slik har det gått med meg ..."), Nils Johan Rud (om Arbeidermagasinet), Kjell Sandvik ("En proletars litterære bekjennelser"), Dag Skogheim (om arbeidardikting i nord) og Geir Vestheim (om Thorleif Auerdahl).
Litt av eit selskap eg kom i! Men altså: Dette er eit seriøst emne. Det har med klasse og verdiar å gjere. Og det kan ein ikkje stille seg likegyldig. Her er nokre av dei forfattarane samla som gav stemme til arbeidarklassas erfaringar.
Da vil jeg foreslå en bok av Halldór K. Laxness - Brekkukotkrønike!
Kunsthistorikaren H.P. L'Orange skreiv ei rekkje essay, for det aller meste om Roma, sjølvsagt. Som få andre kunne han lese byen som ei bok, som eit bilete, som arkitektur - og beskrive kva han såg på ein forunderleg klar og konkret og samtidig abstrakt måte. Om vår tid har andre tolkingar, verkar ikkje dette inn på gleda det gir å lese og nyte L'Orange. Ikkje rart at han kom i serien "Norske essayister"!
Dette er ein klassikar. Arvid G. Hansen, ekskludert frå NKP i 1949 som tilhengjar av Peder Furubotn, laga den fyrste systematiske framstilling av korleis arbeidarar har vore skildra i norsk litteratur frå Wergeland og framover. Då eg som eitt av emnekretsane til nordisk hovudfag spesialiserte meg på nordisk arbeidardikting, ville professor Willy Dahl at eg skulle ha eit teoretisk verk med på pensunlista - og kom med framlegg om Arbeideren i norsk diktning. Boka var utseld, men eg fann ho på biblioteket i Trondheim. Eg kan enno hugse korleis eg, lent opp mot ein vegg, stod og bladde i boka før eksamen. Og når ein er så heldig at ein er utstyrt med fotografisk minne, var det berre - på eksamen, der eg fekk som ei av oppgåvene å gjere greie for litteratursynet til Hansen - berre å "bla" i minnet, ta fram kvar enkelt side, rekapitulere kva som stod der - og samanfatte det synet som forfattaren tydelegvis hadde arbeidd ut frå. Dette var artig! Og det gjekk svært så bra til eksamen. Seinare kom eg over boka på eit antikvariat og kjøpte ho.
Her ser vi altså arbeidaren frå Wergeland via Sivle, Hamsun og Collet Vogt og Falkberget, Uppdal og dei store i mellomkrigstida (Rudolf Nilsen og Nordahl Grieg og Arnulf Øverland og Arne Paasche Aasen) til Elling M. Solheim og Alf Prøysen.
Eg er glad for at eg har denne boka. Litteratursynet til forfattaren kan diskuterast, men han var ein pioner!
Artiklar om Kierlighed uden Strømper, Den Stundesløse, En fallit, Gengangere, Agnete, Vår ære og vår makt, Medmenneske, Gitrene, Fugleelskerne og Kvinnene langs fjorden.
To om vår dramatikks meisterverk: Asbjørn Aarseth om "Scenisk rom og dramatisk erkjennelse i Ibsens 'Gengangere' og Helge Rønning om *'Gengangere' - et familiedrama"; det er jo nettopp det det er, eit familiedrama, eit drama om den borgarlege familien - og dermed det borgarlege samfunnet - i krise.
Olav Duuns store roman Medmenneske vart dramatisert, og Leif Longum og Rune Olav arseth skriv om dette dramaet ("klassisk drama me depisk opphav"). Rart at eg skulle registrere denne bpoka no i dag, når eg skal møte Rune O. Aarseth i fagleg samanheng måndag!
Men altså: Bokelskarar med sans for drama (den litterære sjangere) har interesante perspektiv ¨å hente her!
Då er vi to. Men heldigvis kan ein sjå kva ein har tebkt å sitere. Unnskyld: tenkt.
Kvar enkelt av oss er etter kvart ikkje éin, men fleire. Og desse personlegdomane (min trykkfeil - har retta det i originalen nå; takk skal du ha - hastverk er lastverk, ville Sancho Panza ha sagt) som følgjer etter einannan, som oppstår av einannan (altså at den eine personlegdomen vår skapar den neste), bruker å gi einannnan (betre norsk: framstå seg imellom som) dei merkverdigaste og forunderlegaste kontrastar.
Ikkje rart av Google får problem med trykkfeila mine. Den dårlege tastaren er ikkje berre éin av personlegdomane mine; han er med i alle ...
Det var dette eg tenkte på - å møtest der, altså. Det med representant var mest sagt i spøk, da ... Eg er i ein av dei vakraste byane, Trondheim, den dagen det er møte, men når eg får meir informasjon om prosjektet, skal eg gi lyd frå meg, og eg ser fram til oppsetjinga i den vakre byen Bergen.
Nei, du har rett. Meinte Bisettelsen. Har retta det nå. Takk. Ventar med Bisettelsen.
Cada uno de nosotros es, sucesivamente, no uno, sino muchos. Y estas personalidades sucesivas, que emergen las unas de las otras, suelen ofrecer entre sí los más raros y asombrosos contrastes.
José Enrique Rodó: Motivos de Proteo
Ei vakker, passe stor bok om Vatikanstaten er dette; eg har ho på italiensk, men eg lagrar versjone på engelsk, som Rose Marie hadde funne. Her finn eg dei fotografia som eg aldri ville ha klart å ta sjølv, av både byggverk, måleri og skulpturar, og med opplysande tekst. Skulle gjerne ha teke ein tur ditt att, her og no. Sist eg var i Peterskyrkja, var på messe med Johannes Paul II, forresten.
Mang ein bokelskar lyt erkjenne at smak er individuelt. Liker du ikkje jordbærsyltetøy, då, seier folk til meg, det som er så godt? Språket i Bernhard Hvals forsnakkelser har eg faktisk ytra meg positivt om her,men eg sluttar meg til dei negative vurderingane som andre har komme med i dei trådane som er om denne romanen. Eg har ein tendens til å måle alle bøkene hans opp mot Beatles, som er heilt topp fordi eg kjenner meg att i miljøet, i det å vere ung i seksti- og syttiåra, i å bli (meir) vaksen, i det saftige språket. Boka om Bernhard Hval blir for fjern for meg på dei felste måtar. Eg kan ikkje heilt forklare dette med jordbærsyltetøy med vitskaplege termar heller. Men då ser eg at Ann Christin åtvarar meg mot Bisettelsen - og så får vi sjå berre eg kunne finne att romanen ...
Fin bok om dei mange kunstskattane i Palazzo Altemps, rett ved Piazza Navona. Mange bokelskarar er òg Roma-elskarar, har eg skjønt. Så fint!
"Bedre kan det ikke gjøres," skal Lars Saabye Christensen ha sagt om denne romanen. Det var då ei uvanleg låg list han har begynt å operere med, denne Saabye Christensen (kanskje derfor han skriv dårlegare bøker enn før?).
Eg har no hørt alle dei lydbøkene på biblioteket som eg synest at eg ville høre. Eigentleg kunne eg ha klart meg med å høre "Juvikfolke" opp att og opp att, men så tok eg fatt øvst til venstre, på "As". Og der var Aarø.
Eg syntest at historia - ikkje kvar enkelt historie, men summen av dei - var fullstendig usannsynleg. At Elvira skulle møte på alle desse menneska som var involverte i einannan - nei, slikt passar ikkje i dag. Karen Sundt skreiv slike bøker, og ho måtte jo leve av dei særeigne trekka ved kolportasjelitteraturen.
No finst dei gode parti innimellom her, skildringar med nerve, poesi og realisme. Forfattaren har lært seg mykje god skriveteknikk, som når det gjeld komposisjonen, som du nemner, men ho lyt ha noko å formidle òg, da. Det er her det sviktar. Kjærleikens vilkår, ja vel, men alt heng ikkje saman med alt i så stor skala som forfattaren legg opp til her.
Aleksander den store og den gordiske knuten blir nemnd, og eg sit i bilen og ventar på at nokon skal skjere igjennom her. Det skjer ikkje. Det burde det ha gjort.
Opplesaren, Anna Bache-Wiig, er heldigvis med på å trekkje inntrykket opp. Ho formidlar miljø og sinnsstemning på ein imponerande måte!
Flott at det ordna seg! God lesing!
Ho har laga eit hørespel om Kieler, og dette stykket har vorte omarbeidd til ein sceneversjon som har gått på Hålogaland teater. Eg kan ikkje uttale meg om kvaliteten på det. Eg berre kom på dette da eg såg det du skreiv om Nora.
Jeg har kun lest "Trist som faen", og det var så triste greier at det ikke har fristet å prøve meg på flere av hans bøker. Jeg har også fremdeles til gode å møte noen som har likt bøkene hans ...
Mykje interessant sosiologi her. Lurer på kva det neste blir ...
Eg har tid til andre aktivitetar enn litteratur og språk. Fyrst og fremst familien, medrekna katta, og mat og vin - det siste - det siste, vinen, altså - berre i helgene. Eg trener etter måten mykje; det er fordi ryggen krev si tid i treningsstudio (med lydbok) og svømmehall (utan lydbok - kunne ikkje nokon finne opp eit eller anna her?). Og eg liker betre enn dei fleste å gå tur i skog og fjell - og då høyrer eg ikkje på litteratur. Litt film (fransk, spansk, italiensk, latinamerikansk) på kino og dvd. Fjernsyn blir berre brukt til å sjå filmatiseringar av litterære verk, anten som eige program eller - aller helst - på dvd. Ein del teater og kunstutstillingar blir det, men her er eg kresen. Frimerkesamlinga dreiar seg stort sett om merke med litterære motiv: Forfattarar og personar i dei litterære verka. Dette er veldig morosamt!
Elles skriv eg. favorittsjangeren er brevessayet - lange julebrev til familie og venner, med utgangspunkt i bøker eg har lese sidan sist.
Og reiser: Roma, Skagen, København, Paris Granada, skotske øyar, Irland - og Roma, Roma, Roma.