Kan du gi meg nokre eksempel på "merkverdige og avskrekkende legninger"? =)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Då eg gjekk på barneskulen lærte også eg mykje nyttig, og spesielt sløyd og geografikunnskapane har festa seg på minnet. På sløyden lærte eg å pusse ein oppsaga plankebite og kalle det ei skjerefjøl, og ein gong klarte eg, med stor hjelp frå sløydlæraren min, å lime i hop 5 plankebitar, som gav resultatet bokhylle. I geografien lærte eg at Bhutan er eit land i Asia og at 0,2 prosent av det totale arealet i Finnmark er dyrka mark.

Det einaste eg kan hugse frå religionsundervisninga er at vi måtte lære oss dei 10 boda og fader vår utanav, og at eg måtte, saman med halvparten av gutane i klassa, stå fremme ved tavla og skamme meg fordi eg ikkje hadde øvd godt nok.

Utover dette lærte eg naturligvis også å lese, skrive og rekne. Eit av dei første orda eg lærte å lese/skrive var "sil". På den tida viste eg ikkje kva ei "sil" var for noko, men no veit eg at ei "sil" er det vi i heimbygda mi kallar eit dørslag.

Alt i alt er eg godt nøgd med utbyttet av dei 6 første åra i grunnskulen.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Eg er enig i at Kipling skildrer ein streng moralsk orden, "jungellova", som alle som lever i jungelen er plikta til å følgje. Likevel er eg litt usikker på om godt og vondt har noko med livet i jungelen å gjere. Meiner å hugse at "karma-regelen" berre hadde med menneska å gjere, men at den der er svært gjeldande. Noko vi ser eksempel på i den delen der Mowgli følgjer etter og observerer kva som skjer med tyvane som har stjåle "the kings ankus".

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du er med andre ord ein meget stor fan av Dan Brown ;)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Tja eg har vel ein del sære lesevanar. For det første klarer eg ikkje å berre lese ei bok om gangen, eg må alltid ha 3-4 bøker frå ulike genrer, samt også eit par lydbøker tilgjenglege, dette fører til mange uferdige bøker.

Eg kan lese over alt uansett støynivå, untatt når det er sambuaren min som er kjelda til støyen.

Eg reknar ofte ut kor mange prosent av boka eg har fullført, medan eg les.

Eg må ha ei "dobok".

Eg sovnar alltid med ei lydbok på øyret, og meiner bestemt at eg klarer å absorbere det meste av innhaldet, medan eg søv ;)

Og ikkje minst; eg legger til boka på "bokelskere" med ein gang den er fullført.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Brida er ikkje Coelho si beste bok, men eg synes likevel at det er her han presenterar sine mest tankevekkande visdomsord.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ingen vet hva som kan skje i neste øyeblikk, og likevel fortsetter folk å gå videre. Fordi de har tillit, fordi de har tro.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Du drukner ikke av å falle i vannet, men av å oppholde deg for lenge under overflaten.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Ei bok eg alltid kan vende tilbake til. Skildringa av det livet Mowgli lever, djupt inne i den indiske regnskogen, er utrulig levande. Jungelen fremstår som eit reint og urørt paradis, der det ikkje eksisterar bekymringar, utover å få dekka sine basisbehov. Eit paradis eg alltid vil lengte etter.

Den siste avskjeden mellom Mowgli og dyrevennene hans er ei utrulig sterk leseoppleving, og rører meg kraftig. Jungelen vil for alltid vere stengt for Mowgli, og eg kan ikkje fatte at han ønsker å forlate paradiset får å tre inn i menneskesamfunnet.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Likte tittelen på denne boka svært godt, så den måtte berre lesast. Vart litt skuffa over boka, men synes skildringa av sjølve kysset var poetisk og vakker.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Aaah, det var slik det var. Nei eg hugsa ikkje så mykje frå den boka anna enn dette utsagnet, som eg vart gåande å gruble over, av ein eller annan grunn. Men det seie vel seg i grunnen sjølv at det var ein fleip, var ikkje Hughes halvt kinesisk halvt jamaicansk, medan ho dama (hugsa ikkje namnet) var britisk.

Uansett, takk Beate! Der vart det ein laus tråd mindre å halde greie på =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Heilt enig. Ideen er svært god, ganske artig å støyte på skikkelser frå gresk mytologi i ein annan kontekst. Dessverre var boka ganske gjennomskueleg, språket platt, og der var alt for mange kunnskapsbrist frå forfattaren si side.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja den gjekk litt for treigt. Men det er noko på slutten av den boka eg ikkje heilt fekk med meg og som har irritert meg i ettertida. Det er noko detektiven, Jonathan Hughes, forteller om ho dama som hjelper han med etterforskinga, på ein av dei siste sidene: "Ho er egentlig min mor, men..." (husker ikke helt ordlyden). Er dette ein realitet eller byggjer det meir på det tette forholdet som har oppstått mellom dei, gjennom etterforskinga? Ein slags intim spøk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Veldig fin bok om den vesle, mørkhuda jenta Lee, som reiser ut på eit farlig eventyr for å redde faren sin. På reisa møter ho den snille kjempen "Bayou", som er ein personifisering av ei sakteflytande elv. Han hjelper ho på ferda, og vernar ho mot dei andre og mindre godlynte naturkreftene og dyra, som også har fått mennesklege trekk.

Bayou gjev oss innsyn i ei lita jente sitt liv, og korleis ho lar fantasien løpe av med seg i eit forsøk på å rettferdigjere eit samfunn, prega av rasisme og urettferdighet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Og ikkje minst sympatisk...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det har du sikkert rett i Norah.

Eg hadde litt vanskar med å lese boka som ein "sjølvbiografisk roman". Eg følte ikkje at han utleverte seg i større grad enn andre forfattarar.

Trur ikkje eg kjem til å lese noko meir av Knausgård, skal uansett legge han på is. Eg synes han hadde ein lei tendens til å hengje seg opp i episodar som var kjedelege.

Men kanskje han skal få ein sjangse til, du seier 3 boka også handlar om barndommen. Det var der eg synes han skreiv mest overbevisande, og med mest innsikt. Nostalgien var svært smittsom =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du har noko å glede deg til der Silje =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Trur du har rett i at det fort vert den første boka som gjev det sterkaste intrykket, Ishuset var mitt første møte med Walters og eg vart heilt bergteken. Når det gjelder dei andre bøkene til Walters, synes eg berre "Kjerringbissel" når heilt opp på same nivå som Ishuset, dei andre er gode, men ikkje fantastiske (untatt Plagede sinn som var kjedeleg).

Eg synes i grunnen det er synd at ho ikkje skriver fleire bøker om dei ulike karakterene sine, sidan ein vert så nært knytta til dei på godt og vondt. Men ein kan vel på ein måte seie at ho gjer det sidan karaktertrekka går igjen i stor grad.

Fin blogg forresten, og ja, eg trur nok Olive tok øksa ;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Enig, ei bra bok på mange måter, men den når ikkje heilt opp til Walters si debutroman "Døden i ishuset", DEN er fasinerende ;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Periodevis bra, men i det store og heile var boka langtekkelig og kjedelig. Eg likte best den delen der han skildrar barndommen, men føler at eg har lest mykje av det same før.
Undrar meg over kvifor boka har fått så mykje merksemd i media.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

DemeterLisbeth Kingsrud KvistenSynnøve H HoelAlice NordliKikkan HaugenTonje SivertsenAstrid SæverhagenBente NogvaAnne Berit GrønbechKetilIreneleserElin FjellheimHeidiVannflaskeKirsten LundHeidi Nicoline ErtnæsTove Obrestad WøienG LEvaHilde Merete GjessingBeathe SolbergLeseberta_23PiippokattaIna Elisabeth Bøgh VigreHilde H HelsethKarina HillestadTalmaPrunellaElisabeth SveeAnne-Stine Ruud HusevågKarin BergBård StøreTrygve JakobsenIngeborg GCamillaBenedikteJohn LarsenBjørg Marit TinholtTone Maria Jonassenlillianer