Ny gul duk på bordet.
Og nye kvite ark!
Her må då ordi koma,
her som er so fin duk
og so fint papir!
Isen la seg på fjorden,
so kom fuglane og sette seg.
Etter bare å ha lest noen få sider, visste jeg at denne boken ville sette seg fast i hjerteregionen - og at den ville bli sittende der en god stund.Balansekunst er et mesterverk - mer er det ikke å si. Etter denne trenger jeg lett underholdning - men ikke før om et par dager - mine indiske venner er alt for nærværende ennå..
Hehe, ja lasta ned "På sporet av den tapte tid" som e-bok for nokre veke sidan, men trur eg må vente til eg har blitt vaksen før eg vågar meg ut på den. ;)
Hei du! Nei, den har jeg ikke lest ennå - den ligger på vent her... Jeg legger inn kommentar så snart jeg har lest den - kanskje vi er enige?
Eg synes ikkje det du skriver vert noko anna enn vulgært og tåpeleg uansett kor mange stader du postar det...
Eg veit ikkje om du er ute etter å provosere eller om du oppfattar deg sjølv som morosam, men eg rådar deg til å stoppe å poste slike innlegg.
Denne lista likte eg. No kan eg endeleg skimte tittelen "kultursnobb" i det fjerne, og utan for mykje eigeninnsats!
No tykkjer eg at du vart litt ufin mr Johansen.
Ja det er viktig å gjere det litt vanskeleg, ikkje sant ;). Eg tykkjer at det vert heilt feil å plassere fantastiske forteljingar som Marjane Satrapis "Persepolis" i ein så enkel kategori som "teikneseriar", saman med rølpehumoren til kollektivet og pondus. Og det må no seiast at det høyres betre ut når ein får slengt på eit ...roman. Uansett om ein veljer å kalle det grafisk roman eller "tegneseriroman".
Kva med "Vaaren" av Aasmund Olavsson Vinje? Det innehelde ikkje så mykje alvor, men er svært idyllisk =)
Las dei to første bøkene fant dei svært trøytande, likte ikkje karakterane noko særleg, men plottet var heilt greit. Trur ikkje eg kjem til å lese meir frå Terry Goodkind.
Tykkjer dette var ein spanande tråd.
Det første som slo meg var at skilje på maskulin og feminin litteratur først og fremst er fremtredande i bøker for barn. Då eg var liten (for veldig lenge sidan), var alle jentene i klassa medlem i Pennyklubben, eg ville også vere med i den, men fekk ikkje lov. Eg måtte ta til takke med Hardy guttene, Bobbsy barna, og til nøds frk. detektiv. Ein gong sneik eg meg ned i kjellarstova midt på natta for å lese, og vart tatt på fersken med ei bok frå "Ina-Serien" i fanget. Dette vart slått hardt ned på. Den gongen trudde eg at det var fordi eg hadde lese i ei ungpikebok, men det slår meg no at det kanskje kan ha vore nattevandringa som vart sett på med skepsis.
I vaksen alder trur eg skilje vert mindre, men vi har jo, som mr Garatun var inne på, chick-litten, ein sjanger svært få menn vågar seg inn på. Sjølv las eg 17 sider i "En shopoholiker treffer blink", og det holdt for meg. Trur bøkene stort sett handler om kvinner som bruker alt for mange pengar på sko. Hornby har eg ikkje lese så eg kan ikkje bekrefte eller avkrefte noko maskulint motstykke.
Eg har også inntrykk av at kvinner er meir tilbøylege til å lese bøker av kvinnlege forfattarar, men det kan hende eg baserer dette på at kvinner generelt leser meir enn menn. Då eg var inne på Norli for å kjøpe "Øya" av Hislop, vart eg møtt med det konstanterande "Det er vel en gave" frå ekspeditøren. Ho vart sjokkert då eg avkrefta det.
Når det gjelder mine eigne lesevaner så leser eg like mykje av kvinnlege forfattarar som av mannlege, sjølv om dette er vanskleg å bekrefte sidan ein del kvinnlege forfattarar skjuler seg bak anonyme initialer, kjønnsnøytrale namn og mannlege pseudonym.
Vart mange ord dette her, orsak om nokon føler seg støyt, eg veit ikkje betre.
Fantastisk artig bok =)
Ok, det er mogleg at eg har forstått deg litt feil. Eg hadde i førstninga inntrykk av at du var så konservativ at du med "merkverdige og avskrekkande legning" meinte til dømes homofili, noko som eg ville oppfatte som litt provoserande. Men sidan du siktar til pedofili og nekrofili, er vi meir på linje. Jo - eg er enig at begge desse formane for legning er "merkverdige" og ikkje minst "avskrekkande".
Når det gjelder den kristne nattverden, kjenner eg lite til dens opphav og tradisjon, men eg ser kvar du vil, og med litt fortolkning, kan ein fort forstå nattverden som "kannibalsk magi", der er vi enige. Men fortolkning er jo ofte å setje ting litt på spissen. Kan vi ikkje då på same måten til dømes kalle ein klassefest på barneskulen for eit jomfruball?
Det du skriver høyres fornuftig ut, men eg må krangle litt på det ;)
No har ikkje eg lese Constantin endå, men eg har inntrykk av at den byggjer på Sandman universet, og i den forstand kan tolkast som ei kontinuitet av Sandman, sjølv om ikkje historia byggjer vidare rundt Dream og "the Endless". Eg synes at fleire av bøkene i Sandman hadde preg av å vere periodiske, som f.eks "vol 8 Worlds end".
Likevel skjønar eg kvar du vil, og eg er enig i at grensa er tynn, om det då i heile tatt eksisterar nokon grense. Men å plassere litteratur i sjangrar synes eg generelt er ganske vanskleg.
Eg velgjer sjølv å skilje teikneseriar og grafiske romanar, fordi eg er (ønsker å vere) ein liten kulturell snobb, men ikkje gidder å lese klassiske snobbe romanar.
Eg lurer på om nokon kan forklare meg skilnaden på ei teikneserie og ein grafisk roman.
Slik eg har oppfatta det sjølv, er teikneseriar episodiske. Med det meiner eg at handlinga går føre seg i eit bestemt univers med meir eller mindre faste karakterar, men handlingane i forteljingane har ikkje samanheng med kvarandre, som til dømes i Asterix.
Grafiske romanar på si side har ei kontinuerlig historie, nett som ein roman, der handlinga foregår på eit djupare plan. Ja også er det gjerne meir tekst (som til dømes Sandman).
Nokon som kan bekrefte eller avkrefte dette?
Du skreiv:
"Skal vi f.eks. respektere folk med pedofil livsførsel, eller andre merkverdige og avskrekkende legninger? Må jeg respektere den kristne nadverden - som er symbolsk kannibalisme? Jeg synes ikke man skal RESPEKTERE hva diverse livssyn legger fram for oss - uansett om det er fra vår egen kultur eller fra andre kulturer."
Det eg lurte på var kva du oppfatta som "merkverdige og avskrekkende legninger".
Etter 2 semester med alt for mange fag, og alt for lite kosleg litteratur, ser eg no frem til nokre deilige veke med strandhyggje og sommarlitteratur, og for å kome meg så langt unna pensumet som mogleg, vert det fantastisk (fantasy) litteratur som står på prioriteringslista.
Eg gler meg =)
Vert glad for kommentarar og fleire forslag ;)
Eit fint tallsystem. Eg er ikkje heilt sikker på om eg skjønar det, men så lenge du sjølv har oversikt, så er det det viktigaste =)
Enig =)