Må jo absolutt ikkje vere det :)
Berre ser alle seksarane som blir trilla i avisene og dei høge salstala. Anna kvar krimforfattarar her til lands blir jo utnemnt til krimdronning... Det er berre det at eg ikkje synast at det heilt stemmer med kvaliteten på dei krimbøkene eg har prøvd meg på.
Ja, eg har høyrt mykje bra om den trilogien. Tenker at eg må prøve den neste gong eg prøver meg på ei krimbok.
Du har gode poenger. Synast det er veldig bra at det kjem ut bøker som lesarane vil ha, og som dei kjøper. Synast berre det kjem for få virkelig gode krimbøker, slik som Ekelund skriv i Dagbladet.
Heilt greitt det. Eg vil ha det litt avansert, og eg vil gjerne lese krim. Det er derfor eg spør. Treng all norsk krim vere lett underhalding, kan ikkje nokon norske forfattarar skrive god (eller avansert om du vil) krim?
Eg har ein veldig travel kvardag, men nettopp derfor må all litteratur eg les helst vere god, ikkje berre ok.
Eg må innrømme at eg nok etterkvart har opparbeidd meg ein del skepsis (kall det gjerne fordommar) mot sjangeren. Dette er jo etter ein del skuffelser i samband med lesing av krim.
Eg har heller ikkje lese veldig mykje krim nei (ps! Eg legg ikkje inn bøker eg ikkje fullfører i boksamlinga mi), men det eg har lese skal jo vere blant dei beste. Og når dei ikkje er betre enn middelmådig, ja, då blir eg skuffa. Har lest Stieg Larsson (riktignok ikkje norsk, men dog), og det skal jo vere det beste av det beste innan sjangeren. Middelmådig litteratur. Spennande til tider, men hugsar nesten ikkje kva boka handlar om lenger. Tok jo heilt av etterkvart. Har begynt på Tom Egeland (Lucifers evangelium), Anne Holt (hugsar ikkje kva bok), Jo Nesbø (Panserhjerte) og enkelte andre.
Bøker fulle av klisjear og urealistiske hendingar. Som sagt; heilt greitt, men ikkje meir. Spennande og får tida til å gå, men det er ikkje mitt kriterium for ei god bok.
Hovedproblemet, slik eg ser det, er at poenget er berre å finne ut kven morderen er. Hadde norsk krim prøvd på meir enn berre det å vere ein pageturner så hadde det nok blitt betre litteratur av det og.
Bra du blei provosert, var litt av poenget :)
Tja, er det mange gode krimforfattarar...? Spørs korleis ein ser det. Målt opp mot anna litteratur så er det vel særs få, men målt opp mot krimsjangeren generelt er nok norske krimforfattarar gode. Det er berre å sjå på salstala i forhold til utlandet. Der gjer jo norske forfattarar det bra.
Eg meinar at ein skal måle krimbøker med anna skjønnlitteratur. Og då er mitt poeng at det er for dårleg. Eg skulle ønske ein fann betre krim, for eg vil gjerne lese gode bøker, også innan krimsjangeren.
Lese meir Hamsun.
Ein bør vere stolt over å ha skrive ei bok, ikkje flau, men eg trur eg skjønner kva du meiner.
Eg seier ofte at eg ikkje likar krim. Det er jo ikkje korrekt. Eg likar GODE bøker, uansett (i alle fall nesten) sjanger, men min påstand er at dei fleste norske krimbøker er middelmådige. Korfor skriv ikkje desse forfattarane betre bøker. Mi meining er at dei blir for opptatt av formelen, boka blir forutsigbar og kjedelig (i motsetning til kva ein krim prøver å vere). Mordet blir oppklart (alltid eit mord - få andre kriminelle), skurken blir satt i fengsel/dør og helten blir helt. Du veit liksom korleis det går før du opnar boka. Kjedeeelig...
Torbjørn Ekelund, krimanmeldar i Dagbladet, har nokon interessante tankar om emnet. Har du? Eller blir du sur og sint på meg på vegne av alle middelmådige krimforfattarar?
Norman Davies si bok "Europa i krig" er ei veldig god bok med eit litt anna perspektiv. Antony Bevor si bok, "Berlin" er og god og rystande. Men desse har jo eit europeisk perspektiv, så viss du er ute etter bøker om Noreg så blir det jo litt feil.
Det har eg. Veldig god bok.
"...frykt dem som er villige til å dø for sannheten, for vanligvis blir de årsak til at mange andre dør med dem, ofte også før dem og istedenfor dem."
Ser du har litt forskjellig ja. Lurt på Tour de France-bøkene, men går ut i frå at det er dei same historiene som på sendingane kvart år.
Spor-serien er god, men virkar som dei har slutta med serien no. På sporet av Bysants av William Dalrymple er veldig god. Likar rolege bøker som knyttar reisa opp mot kultur og historie.
Ser bra ut dette. Det einaste eg ikkje finn er oversikten over kva alle eg følger les. Før kunne eg gå inn på " hva skjer?" og så kom alle bøkene som blir lest av dei eg følger opp. Mange gode tips. Er det berre eg som ikkje finn det, eller er denne funksjonen kutta ut?
"Grensetrilogien" av Cormac McCarthy er jo noko som passar her. Noko av det beste eg har lest.
Les meir her: (http://www.dagbladet.no/nyheter/1999/08/02/172868.html)
Takk for tips. Skal setjast opp på ønskelista :)
Nei, er nok den einaste gode sykkelboka eg har lest, men eg har ikkje leita etter mange heller... Trudde undervegs i lesinga at det var memoarane til ein sykkelproff, men skjønte etter ein del googling at det berre var veldig bra dikta.
Har fulgt TdF sidan Indurain sine dagar, og det sluttar aldri å fascinere. Følger med dei vårklassikarane eg har tid å sjå og. Moro det og :)
Pocket kjøper eg berre dersom det er einaste tilgjengelige format. Ja, og så viss eg skal ut og reise då. Pocket er ikkje meint for å vare, og då kan ein jo like greitt lese den digitalt.
Høyrast bra ut. Eg starta i går kveld, virkar bra så langt.
Irriterar meg ekstremt dersom eg har lånt ut ei bok og og eg ser at vedkommande har lest boka med smussomslaget på. Boka er nesten øydelagt. Eg veit godt at det er innholdet i ei bok som gjeld (og det er det jo), men eg likar den fysiske boka. Det at eg kan holde den, bla i den, sjå på den i bokhylla (som skal bli til eit bibliotek). Alt dette er ein del av det å lese bøker. Det er og grunnen til at eg ikkje les bøker på iPad eller Kindle, men likar BOKA. Den eg kan halde i. Den eg kan lukte på. Den som ikkje er virtuell, men her.
Merke i bøker, satt av andre, er forkastelig. Blod, kaffi, snørr, gørr og eg veit ikkje kva - eg likar det ikkje. Ein skal vere forsiktig med bøker. Det er noko dyrebart. Det er ikkje berre ein ting, noko som kan erstattast (tenker ofte på kva eg hadde gjort om huset hadde brent. Hadde eg kjøpt alle bøkene eg har lest på ny - vanskelig).
Behandlar bøkene mine med den største omhu. Les ikkje med smussomslaget på, låner sjelden ut bøker, kjøper stort sett berre innbundne bøker, skriv ikkje i bøker, les ikkje på do (uhygenisk), osv.
Men heldigvis er ikkje alle som meg (sjølv om det kan vere irriterande).