Som julelektyre var ikkje dette det optimale valet - og pga diverse i heimen, så vart boka lesen i rykk og napp. Det kunne derfor til tider vere litt vanskeleg å halde tråden - kven var kven osb.

Avslutta boka i dag - og siste delen var nesten utmattande reint innhaldsmessig. Vart heilt lei meg av alle konfliktene, av all sarkasmen og dei giftige kommentarane mellom Silje og Egil.

Det som eg sit att med er kor ulikt dei tre Jon, Arvid og Silje skildrar dei ulike hendingane. Og slik er det vel, utfrå eigen ståstad har vi vår eigen måte å oppfatte situasjonar på. Spesielt var det stor skilnad i måten Arvid vart oppfatta på av dei unge - i forhold til kor han såg på seg seg sjølv og motivet for sine handlingar.

Tiller har greidd å fange og skildre medmenneskelige relasjonar og konflikter på ein svært innsiktsfull måte. Han må vere meir enn vanleg oppteken av psykologi...??
Korleis ein kan såre andre med treffande, spydige giftige kommentarar, - som ein seier med ein flir..

Biletbruken i dei ulike tekstane imponerer meg. Berre dei hadde vore ein grunn til å lese boka oppatt.

Om det skal vere noko å hefte seg opp i, så er der nokre språklege (små!!) minus - han er ikkje heilt konsekvent i formene alltid. Det er muleg at han gjer dette bevisst for korleis personane skal framstå?
Eg er også "imponert" over kor skriveføre - kor flinke å hugse og skildre dei tre brevskrivarane er...

Men...om ei stund ...eg trur eg må lese den neste med!
Her blir det kar fem pluss

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Artig! Mange "personilgheiter" her,ja!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, det stemmer - kan ikkje kome på om eg har lese noke av han..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Med unntak av Yasar Kemal kjenner eg ikkje så mykje til tyrkiske forfattarar..iallfall ikkje som eg kan kome på no. Kanskje eg har litt å hente der,ja!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ok...så må den på ønskelista..

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Er dette ei bok du kan anbefale? Har vore nokre gonger i Tyrkia og Izmir....

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er mulig du har rett i det...Ja, Ivar Aasen er ikkje så fjern for oss

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Men korleis blir då bøyinga...frå vand(t) til vændt?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Mykje bra her,ja!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Trur eg må sette den på lista over bøker som kan lesast igjen...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hm...var litt uvøren der, ser eg...det finst nok berre ei, iallfall hos meg...har no sletta den utgåva eg ikkje har. Takk for hjelpa!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Desse bøkene skal vere mellom dei første eg skal lese i 2012

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det var utan tvil mange som hadde den store skjelven langs kysten her..NIFST! Det gjer noke med ein å oppleve å stå hjelpeslause mot så sterke naturkrefter! :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har nettopp vore hos ein språkmektig nabo, som har sjekka i diverse ordbøker - også etymologisk + gammalnorsk - og vi er litt usikre på den d'en i vændt.Men det kan bety vent...altså vakkert. Då blir det slik:Det som er kjært, er alltid vakkert. Det gir meining. Om vændt er ei bøygd form av vandt (men dette blir berre synsing), så blir det Det som er kjært, er alltid vanskelig..det er ei hake ved det. Eg går for den første forklaringa, men ventar også på fleire forklaringar...artig dette her...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Heilt privat er vi temmeleg uskadde, men i området rundt der vi bur ser det nesten ut som krigssone. Har elles kontakta eit par språkmektige, så vi skal finne ut av den der...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette var ikkje heilt enkelt, så eg har kontakta ein språkmann som kanskje kan hjelpe med å forklare "vændt"

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Lurer på om vi her i vest skulle skaffe oss "Stormfulle høyder" .....eller noko anna om storm - sidan det tek alt fokus no om dagen. Har vore vanskeleg å konsentrere seg om lesing for mitt vedkomande iallfall

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Einarane trur det er berre deira forteneste at dei har lykkast, og taparane trur det er berre deira feil at dei har mislyktes, seier eg, bryt han berre av, gir meg ikkje, veit at eg dummar meg ut endå meir, men eg gjer det likevel, greier ikkje la vere.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ganske...nokre stader liknar det på krigssone...men ikkje den heilt store katastrofen, heldigvis

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sant nok det - men det store som har hendt her oppe i nordvest er Dagmar. Og ho har herja meir enn det som godt er - det meste er ute av funksjon.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Harald KPia Lise SelnesPiippokattaGunillaLars Johann MiljeMads Leonard HolvikEirin EftevandJohn LarsenHelena ERonnyJulie StensethAvaHeidi LNorahEli HagelundHeidi Nicoline ErtnæsVariosaMarianne MSolAlice NordliLena Risvik PaulsenIngeborg GEivind  VaksvikMarit AamdalSigrid Blytt TøsdalBente NogvaLailaReidun SvensliBertyTor Arne DahlBjørn SturødHilde H HelsethStine AskeAnniken RøilIna Elisabeth Bøgh VigreLinda RastenRoger MartinsenTonje-Elisabeth StørkersenElisabeth SveeStig T