Kvinnen i buret kjenner eg til, dei andre er ukjende for meg. Alltid spennande med noko nytt!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fortell, fortell!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne kan framkalle høg latter,ja!

Godt sagt! (0) Varsle Svar
  • Hemingway: Og solen går sin gang
  • S. Sheldon: Planen
  • Z. Shalev: Kjærlighetsliv
  • A.Camus: Pesten
  • K. Capek: Salamanderkrigen
  • J. Blackburn: Daisy Bates i ørkenen
  • J. Scott: Døde menn sladrer ikke
  • M. Higginns Clark: I gaten hvor du bor + Den siste dansen
  • D. Brown: Tapte symbol
  • H. R. Beck: Om så det gjelder
  • A. Sandemose: En flyktning krysser sitt spor
  • T. Mckinley: I skyggen av vingården
  • H. Waugh: En engel i mitt hus
  • N. Shute: En by som Alice
  • G. Chevallier: Et forargelsens hus x4 ( så det blir noken som får - etter mi meining- ei av dei morsomaste bøkene som har vore skrive)

= NOK 40! Trur eg kan vere bra fornøgd :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, det får tida vise, ( og det vil nok ta litt tid,ja) og i motsett fall..så kan eg berre levere dei tilbake :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vakkert er det - eit av dei godt kjende av Vinje.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

So true! Eg for min del har blitt meir enn hekta enn det som godt er?? etter mi deltaking her; og i dag var eg på brukthandel....kom heim med ikkje mindre enn 19 bøker til ein pris av 40kr for alt sammen! Nokre av bøkene ser ut til å vere "sånn midt på treet" etter det eg ser her, men trur kanskje eg gjort eit par kupp også...So I'm also so far behind, I'll never die .-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Beirut, krig, kriminalitet - vold og død - er akkurat det motsette av kva eg likar å lese om. Kanskje derfor denne boka har stått på vent så lenge?

Vi er i Roma, Paris og ikkje minst i Libanon under borgarkrigen- i ei verd der bomber er ein del av kvardagen.Vi følgjer barndomsvennene Bassam og George og deira måte å takle ein krigskvardag på. Og - krigen, marerittet, tek ikkje slutt sjølv om ein forlet det krigsherja landet.

På baksida av boka står det: "I et vakkert, sobert språk skildrer De Niros Spill Bassams drøm og streben etter et annet liv, med en blodig borgerkrig som bakteppe.

Krigen fører til mange tap - store tap - som eg-personen Bassam vil bere med seg resten av livet. Men det er også ei forteljing om vennskap, både på grunn av - og på tross av.

Og når det gjeld språket så er det meir enn grunn god nok til å lese boka: Er fascinert av dei korte, knappe setningane og den overraskande og noko uvanlege bildebruken. Forstår godt at denne boka har vunne fleire prisar.

Tok meg sjølv i å spekulere på om noko av innhaldet kan vere sjølvopplevd... Først i dei siste par kapitla forstod eg tittelen på boka, men er kanskje litt treig i oppfattelsen...

Ser at ikkje mange har denne boka på lista si, men etter mi meining er den vel verd å bruke nokre timar på. Kanskje kan vi forstå litt meir av kva ein del flyktningar ber med seg?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Heten senket seg, bomber landet, og kjeltringer snek i de lange brødkøene, stjal maten til de svake , trakasserte bakeren og kjærtegnet datteren hans. Kjeltringer sto aldri kø.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sit att med blanda kjensler etter å ha fullført boka.

Hovudpersonen Olof Helmersson er ein 83 år gamal tidlegare vekkkelsespredikant som etter ca 40 år vender tilbake til ei lita svensk bygd - for å gjere godt att det som han i ettertida ser på som feilgrep. Det skal vise seg å bli lettare enn forventa.......

Temaet er kjent - for oss som bur på Vestlandet iallfall - predikantar som kom og vekte store deler av bygdefolket. Litt meir uvanleg er det kanskje at predikanten returnerer for å "gjere opp for seg" på denne måten.

Boka er ikkje heilt fri for humor - her er mange humoristiske gullkorn innimellom høg alder, sjukdom og død...til tider vel mykje død.

Eg likte best siste delen, der eg fekk forklaringar på litt av kvart. Spesielt godt synest om eg den "siste nattverden" til Gerda. Den var kostelig skildra.

Alt i alt - ei bok som er vel verd å lese - så eg gir terningkast fire

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du kunne la mannen din gjøre det! sa Olof Helmersson. Han duger ikke til det! sa Kristina. Han er fra Stockholm.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det minner meg litt om - trur det var i Balansekunst - han som hadde fått arbeid i byen og som på besøk heime vart sett så høgt av familie og venner.

Det er vanskeleg å sette seg inn i utvandraren si stilling, sidan vi kjenner så lite til hans/hennar bakgrunn og kultur. Det er så lenge sidan vi hadde utvandrarar frå vårt land. Det vesle eg kjenner, er nokre få innvandrarar som prøver - og som har lukkast - med å tilpasse seg ein ny kultur - men aller mest har eg lært gjennom litteratur, trur eg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Godt nyttår til deg med! Håper på mange gode ordvekslingar og leseopplevingar i 2012! :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sånn er det med den saken!

Og no var det vel også siste arket i almanakken? Godt nyttår!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"Og faktisk, til å ha vært ute av trening i så mange år, var det en herlig latter han presterte, en rent ut sagt berømmelig latter,..." (sitat frå s 141)

Det var befriande å lese Et julekvad igjen, lunt og godt i godstolen, med lett snøver utanfor....Kom reint ut sagt i julestemning og i godt humør - sjølv om jula er på hell..

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er en edel, rettferdig og upartisk side ved tingenes orden, dette at sykdom og sorg riktignok smitter, men intet i verden er allikevel så uimotståelig smittsomt som latter og godt humør.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Aldri har der vært slik en gås. Bob sa han trodde ikke noen slik gås noensinne var satt på et bord. Så mør var den, så velsmakende, så stor og så billig at det var kilde til alminnelig beundring. Godt hjulpet av eplesausen og potetmosen rakk den til å mette hele familien; ja, som fru Krøbel tilfreds sa, mens hun skuet utover ett ørlite fnugg av et ben som lå igjen på fatet: de hadde ikke engang spist opp alt!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Godt nyttår! Eg skal - noke forseinka - lese Et julekvad. Og sidan den ikkje er så lang, og forkjøling etc er på rett veg, så skal eg toppe det heile med Norrlands Akvavit - og det skulle jo passe bra til nyttårsfeiring!

Gler meg til mange gode lesestunder og gode diskusjonar i 2012!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Som eg skulle ha sagt det sjølv! Far min var nordlending..han brukte å sei: "Du ska'kje vør det...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

No står den på ønskelista mi...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaGunillaLars Johann MiljeMads Leonard HolvikEirin EftevandJohn LarsenHelena ERonnyJulie StensethAvaHeidi LNorahEli HagelundHeidi Nicoline ErtnæsVariosaMarianne MSolAlice NordliLena Risvik PaulsenIngeborg GEivind  VaksvikMarit AamdalSigrid Blytt TøsdalBente NogvaLailaReidun SvensliBertyTor Arne DahlBjørn SturødHilde H HelsethStine AskeAnniken RøilIna Elisabeth Bøgh VigreLinda RastenRoger MartinsenHarald KTonje-Elisabeth StørkersenElisabeth SveeStig TTove