Barcelona er ein fascinerande by på mange måtar, og ein by ein gjerne kan besøke meir enn ein gong. Tidlegare har eg lese Vindens skygge av Zafón og Havets katedral av Falcones. ...og i bokhylla står uopna: Fatimas hånd...Er der fleire bøker som gjerne kan lesast før eit Barcelona-besøk?
Er logisk i mange tilfelle det...
....nervøs og med solbriller...skummelt! :-)
Han er glad, som ingenting har å angre på!
Han hadde hørt at kvinner ofte elsker stygge, enkle menn, men det trodde han ikke på eftersom han dømte ut fra seg selv som bare kunne elske vakre, gåtefulle og merkelige kvinner.
Seriøst?
Og faktisk kan det ofte vere slik at det er dei som er mest hjelpsame!
Etter å ha fullført boka sit eg att med blanda kjensler.
I starten vart eg heilt medriven av innhaldet,synest M. Skjelbred skildra svært godt - sett med barneuage - kva vesle Alva opplevde av gleder og sorger dei første leveåra - og ikkje minst kor ho opplevde den tragedien som ramma den vesle familien.
Lenger utover i boka, vart innhaldet her og der noko meir usamanhengande - og for meg - lite truverdig. Innimellom svært gode kapittel kom der deler som eg ikkje heilt forstod formålet med - slik at eg av og til lurte på kva dette har med saka å gjere? Og kapitla heilt mot slutten,kunne eg godt ha greidd meg utan - det verka litt "heseblesande" i forhold til resten.
Det som verkeleg greip tak i meg, var vesle Alva; hennar store sorg over tapet av faren, hennar måte å prøve å takle livet hos den strengt religøse bestefaren og hennar forhold til bestemora og Vakkermannen. Eg vart også fascinert av den rolla eventyret om Tommelise fekk i livet til den vesle jenta - og i romanen. Og sidan eg er vestlending, er ikkje desse svartsynte, religiøse miljøa heilt ukjende...
Det eg likte minst, var den (for meg) ofte ulogiske måten synsvinkelen skifta, dei litt merkelege skifte i tid , og strukturen på innhaldet nokre stader. Nokre kap verka på meg litt meiningslause ( heldigvis ikkje for mange av dei).
Reint språkleg var der også litt å henge seg opp i- med litt for mange klisjear i ein elles god tekst. Eg likte også særs dårleg at mora så lett gav seg over til det livet ho tidlegare rømde frå. Sidan ho ein gong hadde styrke til å forlate det, provoserte det meg at ho aldri får styrken til å vere mor til døtrene sine, sjølv ikkje etter fleire år....
Alt i alt er eg glad eg har lese boka, er fornøgd med at Skjelbred fokuserer på kor negativt det pietistiske og tilsynelatande gledeslause kristenlivet kunne verke på eit lite menneske, og endå vidare på ein heil familie. Så eg endar med terningkast fire pluss!
Sidan den tidlege leseopplæringa stort sett gjekk i kyrkjeleg regi, er det svært sannsynleg at det hadde med konfirmasjonsopplæringa å gjere
Innbiller meg at her til lands fekk born og unge leseopplæring i kyrkjeleg regi ei stund etter reformasjonen, før det hadde det vore katedralskular, men dei var nok ikkje for alle....Utover på 1700-talet vart det etterkvart utvikla eit offentlig skulestell for allmugen. Forordning om allmugeskular kom i 1739....og det var dansk som var tingen...Spennande stoff, dette her..
Enig! Synest boka er tungvint i bruk + tung å ha i veska..vurderer å finne meg ei betre utgåve
No har eg ein ein del igjen, men status pr i dag er at eg ikkje er udelt positiv...vil skrive ei totalvurdering seinare...
Sånn er det nok,ja...der er lite broderskap når det er pengar det handlar om
Har planar om å fullføre "Du skal elske lyset" av Margaret Skjelbred. Om tida strekk til, startar eg på "Anna Karenina".....ser fram til det....
Den der var ikkje heilt enkel...
Ei problemstilling med fleire sider?
Eg innrømmer gjerne at eg har kjøpt "lesarvennlege" utgåver til barn i familien med det formålet at dei skulle få kjennskap "klassikarar" som var overkomelege for dei. Og sånn det ser ut no, så har det hatt sin misjon.
Samtidig har eg sjølv vore irritert og provosert nokre gonger, når det har gått opp for meg at eg har lese ei amputert utgåve. Men kanskje hadde eg ikkje valt den boka der og då, om den hadde vore for tjukk??
Dei bøkene som gjer inntrykk, les eg gjerne igjen - uansett utgåve - men er absolutt mest tilfreds med dei autentiske utgåvene ( Viss ein kan kalle omsette utgåver for autentiske, då..)
Kjøpte denne boka som gåve til ein god ven for eit par månader sidan - men no lurer eg faktisk på om gåvekortet eg har hos Libris må gå akkurat til denne! Flott bokmelding!
Boka er tørka støv av og ligg klar! Leselysta stig!
Kanskje Riksteateret kjem til ein stad nær deg også?
Ser iallfall ut til at dei har fått ein del "habile" skodespelarar med i forestillinga! Gler meg!
Har hatt bøkene ståande lenge, men no skal dei fram......Har nemlig fått billett til Riksteateret. Spennande!