Merkverdig bok.........

Dette er ein av dei mest uvanlege leseopplevingane eg har hatt på lenge. Eg måtte verkeleg konsentrere meg i deler av boka, og likevel veit eg ikkje om eg forstod alt. Eg opplevde den som både fornøyelig og irriterande......

Norsklæraren Aristoteles Kalk får avskjed på grått papir etter ein valdsepisode på skulen, noko som får fatale følgjer, og han må skape seg eit heilt nytt tilvere. Ekteskapet raknar, han får jobb på ein aude, nedlagd sildoljefabrikk - og har planar om å få tid til å fullføre ein uferdig roman. Men, - mystiske personar, og mystiske hendingar fører til mange lange reiser og uventa krumspring , litt for mange til at det kunne vere truverdig, men det var kanskje ikkje meininga?
Parallellt fylgjer vi ein EG-person som eg må tilstå eg ikkje heilt forstod kven var, som også vart vikla inn i meir eller mindre vanvittige hendingar....

Pluss:- mange gode og ikkje minst uvanlege språklege bilete og skildringar, spesielt likte eg godt miljøskildringane frå Cuba - og trur også eg kunne kjenne att litt miljøet frå Egersund (har ein link til desse stadene). For meg var det desse som gjorde at eg ikkje avbraut.

Minus: - Det som drog ned for meg var også skildringar, litt for mange overdrivne, "eplekjekke" skildringar av folk og stader + situasjonar. Ordbruken vart for meg vulgær i ein del tilfelle, litt for mange, faktisk. Eg tok meg i å tenke at korrekturlesaren gjerne kunne ha gjort ein betre jobb! Begynte også å ergre meg over mange! skildringar med som:
- Den metalliske røysta hennar frå telefonrøyret gjentok seg som eit kontinuerlig ekko......
- Litlefyren blinka regelmessig som ein einauga kyklop ...........
- Bygningane kom snart til å ramla saman som ein kortstokk av bølgjeblekk..... osv osv

Om det er forfattaren, eller Kalk som totalt mislikar slips og slipsknutar, advokatar og kvite dukar veit eg ikkje, men dei får iallfall sentral plass i boka, i tillegg til mange sosiale og politiske sleivspark til det etablerte samfunnet...
Karakter er eg svært usikker på, tre pluss, kanskje?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk for tipset! Har sett på opptak, dette vil eg ikkje gå glipp av! :-))

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Å vere på tur i Vestlands-natur ein haustdag med høg, blå himmel, kvite fjelltoppar over gyllen skog - og i tillegg kome over eit "hav" av billige bøker - det er maksimalt for ein bokelskar: For 110 kr fekk eg:

Moni Nilsson: Hoppet
Nick Hornby: 31 Sanger
Monique Truong: Boken om Salt
Kristin Marja Baldursdottir: Måkelatter
Eric-Emmanuel Schmitt: Monsieur Ibrahim og Koranens blomster
Henry Notaker: Andalucia - en reise i sol og skygge
Line Baugstø: Fire dager, åtte år
Mirjam Kristensen: Et rikt liv
Arne Ruste: Piken i bakspeilet
Line Blikstad: New Frontier Hotel
Kerstin Ekman: Urminnes tegn

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Om du vil ha enkle oppskrifter kan eg anbefale "Fra boller til burritos", men der er det ikkje berre om fisk. Ellers så kan du sjekke opp ei av kokebøkene til Ingrid Espelid Hovig, ho har ei grønruta som berre er om fisk, og bøkene hennar brukar å vere ganske jordnære....lukke til, håper du finn noko du får glede av!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Men, bøkene mine får du ALDRI!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg er så heldig å vere med i to lesesirklar - møta der er noko eg alltid ser fram til. Den gode diskusjonen får fram ulike sider ved bøkene!
Lesesirkelen var den første boka vi las då vi starta opp for første gong, men må tilstå at eg ikkje fekk så mykje ut av den .....

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I dag kan vi her oppe i nord-vest verkeleg sjå "ut på det bårute havet"- rikeleg med skumtoppa bølgjer og drivande regn gjorde dagen perfekt til å lese Ibsen: Fruen fra havet.
Og sidan eg vart litt nysgjerrig på Jon O. Lorentzen sin nynorske roman Cafe Gibraltar , så vart den prioritert no....

Godt sagt! (1) Varsle Svar
  • Det grufulle, det er d e t som skremmer og drager.

"Fruen fra Havet"

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei sterk,lita bok - snarlest, men ikkje lettlest; Dei få sidene rommar så uendelig mykje! Eg sit også med inntrykket av scena - teateret - der den eine akta etter den anden andre grip tak i ein....Likte svært godt den knappe stilen, korte, avhogne setningar med mykje innhald, repetisjonane som framheva det monotone i tilveret - og innhaldet som gjer så sterkt inntrykk fordi det er truverdig - trass i at kvinnelivet vert skildra av ein mann!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Men - det är ju två månar. Samma gula skära, fast i tvenne upplagor, placerad ett stycke från varandra. Ja, ja. Jag ligger her i hjärninfarkt och ser ibland fortfarande dubbelt. När neurologen viftar med fingrarna, blir det alltjämt något finger för mycket.

TVÅ MÅNAR av Sven Rosendahl

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Er enig i det, og ein ting er sikkert: Han manglar iallfall ikkje fantasi, den godeste Paasilinna!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I hyllene mine finst der ein del bøker som nesten - men berre nesten - eg er åleine om å ha. Lurer ofte på kvifor.....Og nokre av dei burde kanskje fleire hatt gleda av??


Godt sagt! (6) Varsle Svar

Hyggelig med tilbakemelding, og at vi opplever bøkene litt forskjellig - sånn er det berre! Eg koste meg med boka og med tanta! Men er enig med deg i at Monsignor Quijote var eit hakk betre......
Har ei bok til av GG i bokhylla, men i ein litt annan sjanger: Den dypeste grunn. Har tenkt å gjenlese den også.....om ei stund..

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Klokkene slutta å ringe, og han var med eitt tilbake i det kvelande klasseromet! Framfor dei flirande ansikta han knapt visste kven var. Kor lenge hadde dei ringt? Heile livet eller eit sekund? Tida fanst ikkje, ho hadde stansa, og han hadde levd eit heilt liv i tomromet ho etterlet seg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dei bokomtalane eg likar best, er dei som presenterer boka slik at eg sjølv får lyst til å lese, evt repetere, boka! Tema, miljø og interessante hovudpersonar kan medverke til det.
Med unntak av reine fakta som sidetal, forfattar etc så er meir eller mindre alle omtalar farga av skribenten - omtalane er påverka av alder, erfaringar, sinnsstemining, kunnskapsnivå etc.....Og det må vere ok........

På ein nettstad med nesten 20 000 medl, i alle aldersgrupper, med ulik lesesmak og erfaringsbakgrunn, må ein vere open for det meste. Men, det har iallfall eg lært: Slutten - eller kor det går - avslører ein ikkje!
Eg har gått til innkjøp av mange!! bøker etter ein god omtale her inne!

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Du finn nokre reglar/retningslinjer under "Om bokelskere.no" -sjå Andre Nesse: "Om bokelskere 2.0"

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er akkurat ferdig med boka, og eg vart sjarmert av litt uvanlig bildebruk og uttrykksmåtar, har berre sett det i forbindelse med ein kultur og fortellemåte som er annleis...Boka har gjort inntrykk, enkelte deler rørte meg sterkt, såpass sterkt at eg fekk klump i halsen!

Synest at tyrkisk kultur og historie, mattradisjonar og familieforhold vart skildra godt, så eg tok meg i å lengte tilbake til Izmir - der eg har opphalde meg eit par korte perioder. Det er synd at så få har denne boka i samlinga si!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takka vere denne bokomtalen vart boka innkjøpt, og eg har sett fram til den lenge. Og - den innfridde alle mine forventningar, spesielt det som omhandla dei tidlegaste barneåra til Irfan Orga! Er ganske imponert over ordvalet og skildringane,ein del var både overraskande og uvanlege, så også omsetjar Harald Kjærheim fortener ein blomst for jobben!
Ei god bok som fleire burde få med seg - og ei leseoppleving eg er svært glad for!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For ikkje så lenge sidan oppdaga eg at Aschehoug Netthandel har noko dei kallar Billigkroken. For eit par veker sidan bestilte eg:

  • Paul Auster: Usynlig og Illusjonenes bok ( den eine i paperback)
  • Ma Jian: BEIJING KOMA
  • Atiq Rahimi: Tålmodighetens stein
    Alt til den nette sum av kr 230,- inkl frakt.

Det må seiast at det tok tid, sjølv om dei reklamerte med to dagars leveringstid+ postgang. Men bøkene kom, og eg er fornøgd!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Adjø Istanbul av Irfan Orga har eg heldigvis litt igjen av. Må tilføye at utan Bokelskere .no hadde nok ikkje den boka vorte innkjøpt - så takk for både den og alle andre gode bokomtalar her inne!!

Så blir det litt kaffekos og lydboka Stevningen av John Grisham i selskap med gemalen. Har elles starta såvidt på Ibsen og Fruen fra havet - skal lesast før Riksteateret si forestilling.....

God helg til alle!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaStian AxdalAmanda ACamillaNorahAnne Berit GrønbechReadninggirl30ChristofferVariosaEllen E. MartolToveHarald KKarin BergKirsten LundMathiasPer LundJulie StensethRisRosOgKlagingTom-Erik FallaBente NogvaTone R BLailaIngvild SReidun SvensliTorill RevheimHege LRufsetufsaPia Lise SelnesGunillaLars Johann MiljeMads Leonard HolvikEirin EftevandJohn LarsenHelena ERonnyAvaHeidi LEli HagelundHeidi Nicoline ErtnæsMarianne M