Den absolutt beste - og samtidig den verste var Fiolinane av Jan Roar Leikvoll. Den gløymer eg ikkje så lett.
Må også slå eit slag for den morsomme Et forargelsens hus av Gabriel Chevallier. Måtte lese den innimellom for å riste av meg uhyggen i "Fiolinane".
Har to bøker som eg les i denne helga: Først og fremst den ganske tjukke Familien Maia av den portugisiske forfattaren Eca de Queiroz. Men, sidan lufta er full av pollen, så er lesefarta berre så som så....trass i at boka har kvalitetar!
I tillegg kosar eg meg med Duften av Havana av Torgrim Eggen.
Ha ei god helg du med!
De trykket hverandres hender, hjerteligere denne gang - og Craft ville de skulle vanne vennskapets blomst med en flaske enkel champagne.
Det var bare en ting som det var verdt å studere, nemlig språk. Det virket som galskap å torturere et barn med botanikk, astronomi, fysikk.....Hvorfor i himmelens navn skulle man gjøre det? Det var fullstendig unyttig i selskapslivet.
Det håper eg også. Det er sikkert fleire som har gode opplevingar frå nær eller fjærne område som som kunne friste? Eller evt fleire litterære arrangement?
Som barn/ ungdom kjeda eg meg ofte når vi "måtte" innom forfattarbustader etc, men no synest eg det er fascinerande å sjå kva dei skreiv på og med, det var ofte svært enkle kår - imponerande sett utifrå vår digitaliserte verd.
Så,ja - kom gjerne med fleire tips!
Og uansett: Ha ein fin dag der du er - kos deg med boka di om du har tid!
Helsing frå eit fantastisk, grønt og blomstrande nordvest! :-)
Litteraturfest på Røros høyrest spennande ut. Kunne ha vore artig å oppleve det ein gong!
Dei nynorske festspela vert arrangert i slutten av juni (27 - 30) i Volda/Ørsta området. I år vert det fokusert på språkåret 2013, så dei har valt tre yngre festspeldiktarar. I tillegg kjem ma Kjartan Fløgstad og Are Kalvø. Blir nok å delta på eit par arrangement der........
Hadde vore topp å få med Jernbyrden, Karin Jensen, men i år er det iallfall umulig. Har berre lese Kilden av Scott, vakkert! :-)
Feritid er for mange reisetid, mange ulike reisemål som kan gi gode opplevingar og minne å ta fram i kalde, mørke vinterkveldar. Nokre gonger har eg fått med litt ekstra litterære pluss på reisene:
Det aller næraste for meg er Aasentunet – nynorsk kultursenter som i år markerer 200-års jubileet for Ivar Aasen. Har bestemt oss for eit besøk dit i år under Dei nynorske festspela - iallfall ein dag.
Har besøkt mange norske byar og stader som kan vise fram minne etter store diktarar: ma Lillehammer med Sigrid Undset, eit forblåst og kaldt Jæren med Arne Garborg - eller Aulestad og Bjørnstjerne Bjørnson...
Men, det som har gjort aller størst inntrykk på meg er Røros – Bergstaden nesten ER Johan Falkberget for meg, trass i at eg ikkje har besøkt Ratvolden.
Rottneros i Sunne i Sverige var ei positivt «møte» med Selma Lagerløf, ein varm sommardag for nokre år sidan.
Av dei meir eksotiske- og som eg aldri gløymer er besøket på baren La Floridita i Havana – på Cuba – stambaren til Ernest Hemingway. Det var stas!
Turen i år er spikra, og sjølv om eg no ikkje har noko meir enn ei bok om reisemålet , kven veit?
Murakami er også ein av mine favorittar, og denne har eg liggande på vent - no ser eg fram til trivelege lesestunder i late feriedagar!
Fekk lyst til å fortelle om då eg som svært ung (12-13 år) oppsøkte biblioteket for å få hjelp til å finne passe lesestoff. Eg hadde lest alt som fanst av Frøken Detektiv etc, og var moden for noko meir utfordrande. Og det kan ein trygt sei at eg fekk; bibliotekaren leita fram Sandemose sin roman- En flyktning krysser sitt spor!
Men - eg las den, og har alltid sidan hatt referanse til Jante i mange samanhengar.
(Har nylig fått i hus ei ny utgåve av boka, så den skal lesast igjen)
Ellers så har du fått mange gode tips som eg gjerne støttar - spesielt vil eg anbefale Victor Hugo, John Steinbeck, Thomas Mann, Sigrid Undset...... Lukke til - håper du finn noko som gir deg det du er ute etter! :-D
Først mora eg meg veldig, spesielt dei to første kap var fornøyelige - så eg sat faktisk og ergra meg over at eg ikkje hadde kjøpt den neste boka (kunne ha fått den til "gibortpris"). Men - så vart eg meir og meir lei. Det vart litt for mykje om igjen og om igjen.
Men, ser at mange likar boka godt, har full forståelse for det.
Det britiske imperiet kan være verdens hersker eller det kan synke i havet, men britens kjærlighet til blomster - det at han ikke kaller sitt lille jordstykke for en "tomt" men en "hage" - denne kjærligheten er alltid urokkelig.
Hadde ingen forventningar – hverken til bok eller forfattar.
(Utgitt av Den norske bokklubben i 1988, kjøpt i brukthandel.)
Men, sidan vi plutselig fekk sol og sommar her i vest, kunne det passe å gå laus på denne som vert karakterisert som ein «reinspikka grøsser»...
Hovudpersonane er den framgangsrike amerikanske entrepenøren Howard Whelan som er gift med den mykje yngre Angela, ei vakker jente som har røter frå England.
Howard har fått eit stort og langvarig prosjekt i London, og Angela blir med. Angela finn seg ikkje til rette i sitt nye miljø, ho mistrivst både med eit rått klima og med mangel på kontakt. Det går så langt at ho utviklar ein djup nevrose, som ho må ha profesjonell hjelp til å bearbeide. Psykologen hennar anbefaler at dei finn ein høvelig bustad ute på landet, på ein stad som kan gi nødvendig kvile og rekreasjon.
Dei bestemmer seg for det avsidesliggande Heather Cottage som ligg vakkert til ute på ei klippe, nær havet. Huset er enkelt, men ok – sjølv om dei får vite at det vart fråflytta etter at ei datter i huset vart drepen i stygg ulukke.
Angela frisknar til, ho ser ut til å trivast, men så.... Nokre gjester er meir uhyggelige enn andre!
Boka er kort, lettlest og har tilstrekkelig innhald av spenning og grøss i seg – så om du er lettskremt, men likevel skulle få lyst til å lese denne: Les den på høglys dag!
Ikkje før heilt mot slutten kunne eg ane den ganske overraskande løysinga. Det likte eg.
Kar: skummel 4
Hm, det veit eg dessverre ikkje. Wodehouse har eg berre sett på TV, og det er lenge sidan. Kanskje andre veit....:-D
om uvanlege menneske
Hadde eigentleg store forventningar til denne, etter terningkasta som var gitt her inne,og etter det eg kunne lese på coveret...Men, for meg vart dette meir sært enn godt.
Plotet til historia er svært bra, det i seg sjølv kunne apellere til toppkarakter:
Ein svært populær og berømt dirigent bestemmer seg brått for at han vil slutte. Som avskjedskonsert vil han dirigere Stabat Mater av Pergolesi, og han vil ha med dei aller fremste solistar som finst: nemlig den kyniske og sære Rebecca Luanardi, og Marcel Vanut – ein gutesopran som gir foreldra alt dei treng av ære og inntekt.
Av alle stader vert ei lita kyrkje på Island valt som konsertlokale, ei kyrkje som ikkje har plass til meir enn eit halvt hundre tilhøyrarar. Originalt!
Men, det vart ikkje den heilt store opplevinga, dessverre.
I tillegg til dirigenten og dei to solistane får ein svensk dørmann,Oscar, og Hákon, ein islandsk rundbrennar ganske mykje rom i teksten. At deira perifere roller får så mykje plass, var for meg ikkje heilt lett å forstå.
Alt i alt: Det kunne ha blitt ei god historie, men både språklig og komposisjons-
messig er der litt for mange minus. Mange, svært mange, kapittel startar med:
Nå har Sigrid akkurat gått inn i heisen,..
Nå er det morgen, ...
Nå fikser Rósa håret sitt foran speilet osv...
Og: eit moment som medverka til å ta karakteren ned, mykje: Det lever ikkje pingvinar på Island!
Derfor: Kar: 3 minus
Lite hus – store konsekvensar...
Denne boka er nok den som har vore lesen flest gonger, noko den også ber preg av. Sidan det er nokre år sidan forrige morostund, var eg spent på om den verkeleg fortente terningkastet eg hadde gitt...
Boka vart utgitt i Frankrike i 1934 , og den første norske utgåva kom i 1937. Mi utgåve vart utgitt av Den norske bokklubben i 1973, og har kostelige illustrasjonar av Audun Hetland.
Historia startar med at to menn tek ein spasertur og ein viktig samtale i den vesle franske landsbyen Clochemerle-en-Beaujolais . Dei vert einige om at dei vil gjere noko som viser at byen er moderne og framtidsretta. Og – planen dei legg denne dagen vert sett ut i livet: Det vert bygt ein pissoar, og det midt i sentrum. Dette får uante konsekvensar, spesielt lokalt, men også nasjonalt, og endåtil internasjonalt.....Ein pissoar kan føre til så mangt!
Gabriel Chevallier skildrar den vesle byen, og ikkje minst dei mange ulike innbyggjarane både snedig og humørfylt. Han tek mennesketypane på kornet, ironiserer både med personar og etiske normer – og korleis vi er i ulike settingar: smålige, misunnelige, maktsjuke etc.
Kan berre nemne presten Ponosse, som finn utvegar til å få absolusjon for synda si, (stakkars Honorine, eller?), eller Justine Putet som brått må leve med at umoralen brått faldar seg ut rett utanfor huset hennar.
Eg hadde kanskje ikkje landa på terningkast 6 i dag, men det skal få stå sidan eg har hatt så mange hyggelige stunder – og har ledd godt så mange gonger – saman med dei komiske karakterane i Clochermerle.
( Har lagt inn denne omtalen også under Et forargelsens hus, hadde vore ok om desse to kunne slåast saman, sidan det er same boka)
Og korleis har det gått??
Innrømmer at eg sneik meg ut i siste felleslesing av Nattens brød...Det vart litt hektisk ei stund med lesing til lesesirklar, så derfor. Men likte svært godt dei eg deltok i!
Tilgodelappen hos Nordli vart brukt til Mammut, der eg fekk i hus nokre gode bøker. Er svært glad for dei, har framleis litt å gle meg til.
Biblioteket har vore flittig brukt, meir enn vanleg, ca 30% av bøkene i år er derifrå. Framgang!
Men....når eg finn gode bøker (bokskattar) til nesten gibortpris greier eg ikkje å passere. Nokre bokpakkar har det blitt,ja...dessverre, eller kanskje heller eg kan sei heldigvis?
Ser til mi store overrasking at dette sannsynlegvis må vere same bok som eg skreiv bokmelding om i går. Syntest jo det var rart at vi berre var to som hadde boka, men hos meg og ein person til er den lagra under,Et forargelsens hus.
Er det mulig å få slått saman dei to utgåvene, kanskje - trass i at forlaget ser ut til å vere ulikt? Er det kanskje nok å korrigere tittelen?
Eg såg fram til denne boka, og den skuffa ikkje – trass i at eg innimellom måtte ta nokre lengre pauser i lyttinga, ufrivillig. Historia handlar om ein dansk familie som er såkalla dysfunksjonell – ein familie som prøver å fungere på eit vis - på tross av....
Forteljaren er vesle Alan, 11 år gammal – og alt som skjer får vi fortalt gjennom han. Og det er litt av ei historie, trur eg kan kalle den både tragikomisk og truverdig.
Alan brukar å gå saman med faren i begravelsar, noko han likar ganske godt, sidan faren er ekspert i å få folk til å gråte. Det gir den noko nervesvake faren ein slags status, ei lita trøyst sidan den vesle butikken deira går dårleg. Av og til er det for få dødsfall, så Alan må lage ein plan..
Vi møter også mora som er ekspert i snu seg bort når noko vanskeleg skjer i familien, storesøster Sanne som ikkje er ekspert i noko, men som prøver å finne ein måte å takle dei ufrivillige overnattingane ho må ta på sofaen saman med faren, og storebroren Asger? som bur borte, men likevel er ei støtte for Alan.
Alan prøver å leve så normalt som mulig, men sidan kvardagen har litt for mange utfordringar for ein liten gut, søkjer han også støtte frå sterkare makter: På veggen hans heng skulpturar av skytsengelen Gabriel og Tarzan – og med dei to sammen har han tru på at det må gå bra!
Alan er eit klassisk døme på barnet som prøver å ta ansvar når han ser at familien ikkje fungerer, eller har det vanskeleg. Han finn sine eigne, svært originale utvegar til løysingar, han vil så gjerne hjelpe til når han ser at faren er nedfor og deprimert.
Erling Jepsen formidlar historia med innleving. Skildringa av personar og hendingar er varm og usentimental, ispedd ein god dose svart humor.
Opplesar Trond Brænne får godt fram essensen i boka!
Terningkast: 5
Hm..då er det kanskje ikkje dette den første eg bør gi meg i kast med når det gjeld Dostojevskij?
Eg har ei på vent i bokhylla; De besatte. Hadde planlagt den som ferielektyre, men om den egnar seg som det, veit eg ikkje.....
Denne boka er nok den som har vore lesen flest gonger, noko den også ber preg av. Sidan det er nokre år sidan forrige morostund, var eg spent på om den verkeleg fortente terningkastet eg hadde gitt...
Boka vart utgitt i Frankrike i 1934 , og den første norske utgåva kom i 1937. Mi utgåve vart utgitt av Den norske bokklubben i 1973, og har kostelige illustrasjonar av Audun Hetland.
Historia startar med at to menn tek ein spasertur og ein viktig samtale i den vesle franske landsbyen Clochemerle-en-Beaujolais . Dei vert einige om at dei vil gjere noko som viser at byen er moderne og framtidsretta. Og – planen dei legg denne dagen vert sett ut i livet: Det vert bygt ein pissoar, og det midt i sentrum. Dette får uante konsekvensar, spesielt lokalt, men også nasjonalt, og endåtil internasjonalt.....Ein pissoar kan føre til så mangt!
Gabriel Chevallier skildrar den vesle byen, og ikkje minst dei mange ulike innbyggjarane både snedig og humørfylt. Han tek mennesketypane på kornet, ironiserer både med personar og etiske normer – og korleis vi er i ulike settingar: smålige, misunnelige, maktsjuke etc.
Kan berre nemne presten Ponosse, som finn utvegar til å få absolusjon for synda si, (stakkars Honorine, eller?), eller Justine Putet som brått må leve med at umoralen brått faldar seg ut rett utanfor huset hennar.
Eg hadde kanskje ikkje landa på terningkast 6 i dag, men det skal få stå sidan eg har hatt så mange hyggelige stunder – og har ledd godt så mange gonger – saman med dei komiske karakterane i Clochermerle.