Et crescendo i spenning? Nei!
Dette var ikkje noko for meg, dessverre. Syntest det var kjedelig, rett og slett, så derfor avbraut eg etter å ha lese ca 3/4.....Fredrik Skagen skal få vere i fred for meg.....

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vredens druer er bitre!
Så har også eg avslutta dette meisterverket av Steinbeck, og eg opplevde det som både sterkt og krevjande!
Skildringane av familien Joad i dei harde depresjonstidene gjer noko med meg som lesar. Vert provosert av maktesløysa til den "vesle mannen" - vert fortvila saman med dei i deira store fortviling over alt som skjer som dei ikkje rår over - vert imponert over håpet deira om noko betre som kan ligge der framme, der frukta bugnar og berre ventar på å bli hausta - vert sint og opprørt saman med dei når dei oppdagar kor dei blir utnytta når så mange arbeidslause treng mat.

Steinbeck skildrar mennesket , fortvilinga - og ikkje minst håpet meisterleg. Samhaldet mellom dei fattige og trengande er til ettertanke for nokon og einkvar. Skildringane tyder på stor menneskekunnskap.
Og det å ikkje ha mat - kva det gjer med ein far eller ei mor som må sjå at barnet svelt.

Og i de sultnes øyne vokser vreden. I menneskesjelene begynner vredens druer å svulme og de blir tunge, tunge nok til å høste (s 344)

Det er ikkje kjekt å tenkje på at det finst menneske i dag som har det like vanskeleg, som er prisgitt almisser, eller det å måtte ta til takke med dårleg betalte jobbar. (Sjølv har eg hatt vesle "Maria" frå Romanifolket i minnet mitt medan eg har lese.....)

Sterke mor Joad imponerte meg meir og meir utover i boka - ei kvinne som takla det nesten umulege...
Såg elles at Stephen Spielberg har planar om ei ny filmatisering av boka.

Takk til Lillevi som sette i gang felleslesinga.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Humrar litt...ser ut til å vere ei artig bok, skal huske på den...

Må nesten fortelle - sjølv om det i aller høgste grad har lite med boka å gjere - at vi var i Venezia for ei veke sidan. Gemalen og eg gjekk over Markusplassen og gumla på kvar vår baguett, då ei frekk due stupte over skuldra mi og snappa med seg lunsjen min så lett som ingen ting.
Deretter kjøpte vi oss kvar sin kaffekopp a kr 75.00 som vi prøvde å nyte så lenge vi kunne- og ei triveleg stund hadde vi ....... Venezia er ein vakker by...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Når han nå sto ved livets ytterste grense, var det en del ting som han ikke hadde ant noe om, som begynte å åpenbare seg for ham: At tanker ikke kan gjengis fullt ut, men bare med noe like i nærheten, at det finnes en slags klaring, et slags gap mellom tanke og ord, og at dette gapet fylles igjen gjennom en intens virksomhet fra bevissthetens side, som utfyller de begrensede muligheter som språket gir.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Trur ikkje eg har fått det maksimale ut av denne boka, dessverre - har brukt veldig langt tid, lese litt i rykk og napp, og med litt for lange lesepauser. Det medførte at eg vart noko forvirra av alle namna og dei ulike kvinnene og deira roller.
Men, skildringar av kulturelle og medmenneskelege relasjonar var interessante, spesielt sidan dette er eit område eg har hatt for lite kjennskap til.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er glad at denne vart med på turen, sjølv om eg kanskje ikkje fekk den nødvendige roa til å ta alt innover meg. Ei god- og ikkje minst tankevekkjande historie om sterkt vennskap og lojalitet som gjorde kanskje endå større inntrykk på meg no, enn første gongen eg las den!
Og når den i tillegg har mange gode språklege godbitar som får ein til å stoppe opp og tenkje litt ekstra, så blir lesestunda god, trass i det tragiske! (Mi utgåve er på engelsk)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ei god bokmelding kan vere litt ymse, men i hovudsak bør den (etter mi meining) ha med:

Eit ikkje for langt handlingreferat, sjølvsagt utan å avsløre for mykje av handlinga, eller "korleis det gjekk" i historia.
Ei personleg, subjektiv vurdering av boka, kva ein opplevde som bra, kva som var mindre bra etc - og kanskje prøve å argumentere for kvifor ein meiner slik eller slik.....
For å illustrere det, kan det ofte vere ok å ta med eit sitat eller fleire.

Sjølv les eg bokmeldingar i aviser, og dei siste par åra her i Bokelskere. Her er nokre som som skriv så godt at eg får lyst til å lese både det eine og det andre. Det viser igjen i bokhyllene mine.......

Godt sagt! (1) Varsle Svar

No vart eg jammen inspirert til å putte mi eldgamle utgåve av Of Mice and Men i kofferten. Mange gode innspel i tråden her :-D

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ja, det er spennande! Vi skal ma til Tyrkia, Ukraina og Romania. ....som for oss er område vi aldri har besøkt før.
Ellers så er det veldig hyggelig å "sjå" deg her igjen!
Håper du får ein fin haust!
(Eg for min del prøver å leite opp bøker som skal vere med i kofferten :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sidan helga har vore prega av mykje besøk og festleg lag med mange kjekke folk, så har boka mi lagt tilnærma uopna. Men, eg les for tida Medea og hennes barn - som ei lita førebuing til ei lang, eksotisk reise om berre få dagar!
Det vesle eg har lese verkar ok.......

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er enig i at det er godt språkleg (nokre merkelige formuleringar er der, men likevel....).
Har lese litt i rykk og napp, men likte stort sett det eg las - og synest at for å vere ei debutantbok, er dette ok! Har ei bok til av han som skal lesast ...om litt....

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Venezia - by med særpreg

Kjell Ola Dahl skildrar ulike sider ved denne byen, som han ser ut til å ha eit godt forhold til.
Han tek oss med på karneval, han viser oss arkitektoniske godbitar gjennom mange vakre, eller - ein må kanskje sei - praktfulle, byggverk. Han viser oss personar med særpreg, stor kunst, mat og vin mm - og han fortel om pest som fekk alvorlige konsekvensar også her...pluss mykje meir.
Oddleiv Apneseth er fotografen som har hatt jobben med illustrasjonane .

Det har vore fornøyeleg å lese boka, nokre kapittel meir enn andre, men det har med mine interesser å gjere.

Venezia er ein by ein aldri gløymer. Besøkte byen for mange år sidan og sidan ein ny tur snart står for døra, var denne trivelig lesnad

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vi går opp til Markuskirken. Det er alltid kø for å komme inn i denne kirken. Mens du står i køen kan du se deg rundt. Du står på Markusplassen, et torg som selve Napoleon uttalte var " Europas vakreste salong, verdig himmelen som tak".

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg går i land sist - bak en smekker rekke av italienske kvinnelegger. Det slår meg hvor inspirert designeren Gud må ha vært da han skapte kvinneleggene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hadde nok litt store forventningar etter dei mange positive omtalane om boka.
Historia kunne ha vore god! Starten lova godt, men oppfølginga var ikkje like medrivande for mitt vedkomande.
Fekk assosiasjonar til bøker eg har lese før, og til filmen Forest Gump.
Synest det tok seg litt opp mot slutten, såpass at eg vurderte boka til kar:4, men konkluderte med at litt for mange deler stod fram som litt for banale.....dessverre...så derfor berre terningkast 3

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Er dessverre ferdig med boka om Ove, men vi har alt bestemt oss for å ta ein reprise ei stund fram i tid.
Sære Ove - rar og tragisk - på same tid som han har varme og omtanke. Ein må berre like han, same kor ufin han kan vere.
Må tilstå at vi fekk både "ei tåre i øyekroken" og vart grøtete i stemma på slutten av boka,ja.
Backman er ein kløppar i å få fram menneskelege eigenskapar hos personane , og mange av skildringane er verkeleg tatt på kornet.
Det er ikkje ofte eg gir ein seksar, men det vart det her.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Har hatt fleire gode leseopplevingar i august, men om eg skal trekke fram berre ei, må det bli "Mors og fars historie" av Edvard Hoem. Sterk historie. :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Er midt i denne no.. Lyttar til lydboka saman med gemalen. Dette er kostelig - vil den skal vare lenge, lenge.....

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dramatikk i havgapet

Ungjenta Julie er hovudpersonen. Ho har gått på danselina ved Olav Duun vidaregåande i Namsos. Ballett er livet hennar, og ho ser føre seg ei framtid som dansar.
Om kort tid skal ho til London for å gjere opptaksprøve på ein ballettskule. Julie er svært glad i fiskarguten Runar, som på si side forgudar dansejenta si.
Tida for Julie si avreise nærmar seg, så ein dag reiser dei langt ut i havet, mot Sklinna. Dagen er fin, og saman går dei i land på øya. Dei er lukkelege, har planane klare for framtida.
Så rammar ulykka dei; Runar skadar seg stygt. Julie må skaffe hjelp frå fastlandet, noko som viser seg å verte vanskeleg.

Thorvald Sund skildrar dei to ungdomane med varme.
Det verkar som han kjenner godt til områda han skildrar.
Tidsperspektivet er ikkje langt, men han greier å få ein medrivande intensitet inn i forteljinga. Likevel – eg sat med ei kjensle av at det vart i meste laget med uhell som skulle råke dei to (men, så er eg heller ikkje i målgruppa, berre så det er sagt ).
Ei ungdomsbok, der kanskje spesielt jenter vil like boka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hilda - Kammerpike
Hadde ikkje dei heilt store forventningane til denne, og det var like greit.
Enger fortel om Hilda Cooper som i 1926 kjem til Oslo for å arbeide for dronning Maud som kammerpike.
Eg er ikkje spesielt oppteken av livet ved hoffet, men, hadde likevel venta meg litt meir enn dette.
Opplevde innhaldet som oppstykka og lite engasjerande. Eit liv som er så sterkt prega av kjolar og staffasje verka kjedelig på meg. Men, det må ha vore viktig for Hilda Cooper, sidan ho valde å forsake ganske mykje etterkvart for å bli i jobben.
(Må elles tilstå at det var namnet på hoffdama som fekk meg til å kjøpe boka.... :-D)
Min kar: 3 ..og den er svak

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Beathe SolbergMarit HåverstadTonesen81Hilde H HelsethKirsten LundGro-Anita RoenIngeborg GReidun SvensliAkima MontgomeryKjell F TislevollFarfalleSynnøve H HoelIngvild SJulie StensethBerit RBertyEllen E. MartolAnniken LMarianne  SkageEgil StangelandAmanda ANabodamaPer LundMarit HøvdePiippokattaTerje MathisenBjørn SturødBård StøreIreneleserEivind  VaksvikKaramasov11JoakimMorten Bolstadingar hHeidi LBjørg L.Linda NyrudAnneWangLilleviAstrid Terese Bjorland Skjeggerud