Er heilt enig i at hestehandel er eit negativt lada ord...Fekk slike assosiasjonar til Fred Vincy sine intensjonar når han prøvde å få kjøpt hestar billig, og så selje dei dyrt?
Det gjekk ikkje så bra for stakkars Fred, og det var dessverre ikkje berre følgjene av ein dårleg hestehandel han fekk kjempe med.
Er spent på kor det går med han vidare no , og også kva det skal bli til med Hr. Casaubon som har litt av kvart å slite med...
Har akkurat starta på bok 3, og morar meg kostelig over "hestehandlar" Fred Vincy :-)
Det var ikke mer hjelp å få for dette enn det man kan vente å få etter bryllupet når man oppdager ektefellens dårlige gemytt, som vennene selvfølgelig har kjent til på forhånd. S 265
Godt å vere i gang igjen!
Er svært så fornøgd med å kunne levere tilbake denne, sidan eg opplevde at både språk og innhald vart for enkelt! Såpass lite engasjerande at det var vanskeleg å halde konsentrasjonen! Kom meg igjennom ved skumlesing......Terningen landa på 2, dessverre.
Må tilføye no etter at Frihet er gjennomdiskutert av engasjerte damer i lesesirkelen: Betre diskusjon har vi sjeldan hatt! Meiningar og synspunkt var mange og gav oss svært nyansert syn på innhald, komposisjon og språk.
Vi var einige om at boka egna seg svært godt til diskusjon, i motsetning til nokre av dei bøkene vi har tilnærma same syn på.
Så - heilt ypperlig til lesesirkel - trur eg at eg kan seie! :-)
Er glad for også å ha sett filmen. Trass i at historia ikkje er heilt identisk med boka, er bodskapen den same. Synest også at filmen fokuserer godt på den endringa som Tsotsi (= gangster) går gjennom.
Må nesten ta med eit sitat som står på framsida av coveret:
Vi velger ikke vårt livs begynnelse og slutt. Men i øyeblikket imellom kan vi velge hvem vi skal være.
Har no fullført bok 1 og 2.
Dorothea er den eg har mest omtanke for, den som har appellert mest til meg under lesinga, trass i at ho er noko egenrådig og har tatt valg som eg er litt lei meg for.(Ja, eg meiner Edward Casaubon!)
Mr Casaubon er ein merkelig, lite tiltalande kar.Så spesiell....
Trivast framleis i Middlemarch, likar godt dei pikante, humoristiske menneskeskildringane vi får servert, og er fascinert av kunnskapsnivået til Eliot.
Ho har også ein del verkeleg kostelige situasjonsbeskrivelsar. Brukar markeringstapen min flittig!
Er elles glad for personoversikta di, kjell k, den har eg kopiert og har liggande i boka som bokmerke.
Er SÅ enig med deg! Vidunderbarn er ei av mine favorittbøker, likte den så godt at då eg hadde lese ut bibliotekutgåva, så måtte eg kjøpe mitt eige eksemplar som står i hylla.
Fugletribunalet skal lesast...snart...
Tusen takk for gode råd! :-D
Ingen ser verden på samme måte, sies det. Noen ser det store som lite og ubetydelig. Andre, derimot, ser store ting i det lille, og i en liten gatestubb ser de hele verden.
Det er mulig eg har sagt mi meining om dette før her inne...Men, eg er av den oppfatninga at om erotiske scener kjem som ein naturlig del av handlinga, reagerer eg ikkje negativt på det i det heile.
Om eg derimot opplever at sexscener vert presenterte nærmast spekulativt, så opplever eg det ofte som usmakelig, likar ikkje. "Sånn er det med den saken," som ein god kollega av meg brukar å seie!
Spennande liste!
Eg skal heilt sikkert lese Fugletribunalet, for den står på vent i bokhylla, gler meg til å lese den ganske så snart!
De usynlige har eg lese, og likte den, iallfall ganske godt, medan eg trur eg må sjekke opp Setningsskade - kan vere aktuelt for lesesirklane eg er med i.
Leikvoll skal få vente, trur eg, sidan eg enno ikkje har gløymt Fiolinane.
Det blir Middlemarch her hos meg også. Håper eg skal få rett så lang tid i sofakroken - men må nok også bruke litt tid ute i den fantastisk flotte vinterdagen vi har fått i dag her oppe i nordvest.
Skal kanskje også innom "Bankingen fra graven" av Enes Topalovic. Har lese litt i den, og det vesle eg har lese verkar spesielt, litt uvanleg for ein norsk lesar, men med ein del gode språklege formuleringar. Interessant.
Ha ei rett så god helg!
Hm..E-bøker er eit uoppdaga felt for mitt vedkomande. Har rett nok lasta ned to bøker på min I-pad, men så langt er dei uopna. Bør kanskje gi dei ein sjanse?
Har kome eit godt stykke i Bok 1 (sjølv om eg har fått litt mindre lesetid enn først forventa).
Eg synest det eg har lese til no (knapt 100 sider) er triveleg lesnad. Eg storkosar meg med gode skildringar og humoristiske innslag. Artig! Synest Eliot får godt fram kvinnesynet som var rådande i Viktoratida i England:
Vel, Casaubon, tror du ikke sånne studeringer, klassiske språk, matematikk og sånt noe, at det er for krevende for kvinner - for krevende rett og slett.
og
Men du vet, kvinner det er noe visst lett og luftig over deres sinn og tanker - musikk og kunst og sånt - det kan de studere innenfor rimelighetens grenser, mener jeg. Men bare noe lett, ikke sant? s 74 ( begge sitata er frå kap 7)
Er ikkje heilt sikker på om Eliot berre skildra det vanlege kvinnesynet, eller om ho sette det litt på spissen for å ironisere over det dominerande manns-samfunnet?
Var elles på biblioteket i dag og lånte filmen, men skal ikkje sjå den før eg iallfall har lese første bind.
For eit par dagar sidan kunne eg lese her inne at ma ei utgåve av "Middlemarch" var ei utfordring å ha som sengelektyre pga vekta/tjukkelsen på boka.
Dette fekk meg til å fundere over kva bøker som egnar seg som sengelektyre - og kva for nokre passar ikkje?
For min eigen del prøver eg å unngå:
- bøker som er for tunge å halde (Don Quijote egna seg ikkje for mitt vedkomande)
- bøker som er så spennande at eg MÅ lese dei ut, om det så går(nesten) heile natta - spesielt
om eg skal på jobb neste dag....
- bøker som er så morsomme at gemalen ikkje får sove av høglytt latter (kan gå an i feriar, då)
Bortsett frå det, så kan det meste nyttast, alt frå noveller, lyrikk, språkbøker, romanar, faktabøker...Der ligg iallfall alltid ei bok eller to på nattbordet.
Er det fleire som har det slik, tru?
Eg har også Bokklubben sine bøker frå 1996.
For eit par månader sidan kom ein kollega på jobb med eit svært lass med bøker ho hadde fått hand om, og der vi kunne velje dei bøkene vi ville. Dermed vart ma desse to med heim, noko eg er svært glad for no.
( Og eg har faktisk tjuvstarta litt på lesinga....overraskande bra det eg har lese til no, eg rett og slett kosar meg)
Svarte ikkje til mine ganske høge forventningar, dessverre. Historia, eller heller temaet er både interessant, rørande og aktuelt, men både det at innhaldet var så forutsigbart- og det nesten litt for enkle reint språkleg gjorde at eg opplevde boka som middels.
Det var også sært med sekvensar der dei andre familiemedlemmene også var i 1. person. (eller jeg-form).
Så derfor - julegåva som eg hadde sett sånn fram til vart ein liten skuffelse - og enda med å gi kar 4, og det berre såvidt...
Eg har no vore med her inne på bokelskere.no i ca toogeithalvt år, og sidan eg har ei lita stille stund for meg sjølv her, begynte eg å fundere på kvifor eg likar denne nettstaden så godt....
Eg hadde vore innom fleire gonger for å sjekke bøker, før eg fekk ei lang periode der eg måtte halde meg i heimen - og vart freista til å melde meg som bokelskar. Det har eg ikkje angra på, fordi:
Eg har for det første fått registrert alle bøkene, det er lett å finne ut om eg har ei bok eller ikkje (så sant eg ikkje har lånt den ut til ein eller annan eg ikkje huskar...)
Eg slår ofte opp her før eg kjøper bøker, og kan vurdere om dette verkeleg er noko for meg
(med unntak av ein del impulskjøp - som går både i pluss og minus). Og- ein ting er sikkert: boktipsa eg har fått her inne er mange, mange :-D
Eg har lært meg å lese på ein annan måte - der eg prøver å meir reflektere over innhaldet. Det likar eg godt, sidan eg får eit anna syn på innhaldet både i bøker eg les for første gong, og bøker eg les omatt.
Det eg likar - nesten aller best - er bokdiskusjonane! Det er så positivt at vi kan delta i diskusjonar, vurderingar og omtaler som ofte gir meg som lesar eit meir nyansert syn både på språk og innhald. Og - om vi ikkje deltek sjølve, så kan vi lese kva andre meiner om litteratur vi har interesse av.
Derfor: takk til Andre Nesse og Tore Renberg som konstruerte nettstaden - og takk til alle som deltek med gode innspel!
Godt nytt leseår til alle!
Slett ikkje verst! Eg for min del kunne nesten ha kopiert nyttårsforsetta frå i fjor, spesielt det som gjeld kjøping av bøker. Sjølv om eg har faktisk blitt flinkare til å bruke biblioteket..... Så synest eg at talet på uleste bøker i hylla berre aukar.
Dette er ei av dei bøkene eg er aller mest stolt av å ha fullført. Merkelig er den, og tolkingane er mange..Uansett, det er ei bok som har sett spor etter seg, vi seier gjerne at "Det er noko Kafka over det" når det er noko som verkar absurd.