Dette var tittelen på eit av arrangementa under Dei nynorske festspela 2014.
Deltakarar var dei tre nynorske essayistane Jon Hellesnes, festspeldiktar Agnes Ravatn og Gunhild Øyehaug. Jan H. Landro styrte samtalen.
Sjølv om eg ikkje kan skryte på meg å vere nokon "fan" av essayet, var dette svært kjekt å vere med på. Dei tre hadde både samstemte og ulike vinklingar på kva eit essay eigentleg er, og dei tok fram skribentar frå fortid og notid. Alle desse tre deltakarane skriv tekstar i essayform, med svært så personleg stil.
Alle var einige om at "EG" må vere med i eit essay, og at ein kan skrive om nær sagt kva som helst, og at ein kan flette inn synspunkt og kommentarar til emnet frå ulike personlege ståstader.
Sjølv fekk eg eit så positivt inntrykk av dei, at eg enda opp med Stillstand Sivilisasjonskritikk på lågt nivå av Agnes Ravatn. Ho skriv godt, med ein snert av humor og ironi som tiltalar iallfall denne lesaren.
Gler meg til å lese boka, og skal jammen kike i bokhyllene mine om eg ikkje har fleire essay på lur.
No er eg verkeleg spent på kva du og Strindin vil synest om boka, verkeleg spent! Håper at de ikkje vert skuffa :-D
Det som fekk meg frå å gi terningkast seks, var det eg opplevde som ustrukturert, ikkje det at eg nødvendigvis må ha ei historie fortalt kronologisk, meir at eg brukte litt tid på å bla fram og tilbake nokre gonger fordi eg ikkje skjønte kvifor det skifta i tid. Forfattaren har heilt sikkert ei meining med det, og kanskje eg forstår betre om eg les den på nytt..og kanskje gir meg sjølv litt betre tid.
Men - at dette er ei bok vel verdt å bruke tid på, JA - utan tvil! :-)
Er einig i at dette er ei bok som krev litt av lesaren, men jammen er det også ei bok som gir mykje.
Vart nesten heilt "satt ut" under lesinga - både av innhaldet og det svært så spesielle i språk og komposisjon.Boka er eineståande på fleire plan:
Språkleg så rått og brutalt at ein kan ikkje vere fintfølande om ein skal kunne fordøye dette. Komposisjonen kunne til tider verke forvirrande med ulike forteljarstemmer, og ukronologisk innhald. Vart fascinert av måten forfattaren fekk fram kontrasten mellom galskap/vanvit og dei mest kjenslevare skildringar av ein altoppslukande kjærleik.
Alt i alt: Ei sterk leseoppleving eg ikkje ville ha vore forutan!
Ho skriv godt, ja!
Denne ganske unge forfattaren viser god innsikt i menneskelege tankar og reaksjonar.
Første tredelen av boka vart lesen litt i rykk og napp - fekk ikkje nok ro til å samle meg om boka. Fekk endeleg fullført, og må tilstå at eg sit att med nokre spørsmål. Det kan kanskje vere fordi eg ikkje har lese den første boka?
Eg er begeistra over skrivestilen og menneskeskildringane, men Julie skjønar eg meg ikkje heilt på - der må det ligge noko alvorleg bak hennar reaksjonsmønster, meir enn det vi får vite, kanskje...
Kanskje eg får vite meir om eg les hennar neste bok?
Frå meg får boka terningkast 5 :-D
Eg er så absolutt enig i at forfattaren viser innsikt i menneskelege tankar og reaksjonar - trass i at ho er ein ungdom (sett med mine auge).
Første tredelen av boka vart lesen litt i rykk og napp - fekk ikkje nok ro til å samle meg om boka. Men - i dag fullførte eg, og sjølv om eg sit att med nokre (litt mange, faktisk) spørsmål, så er eg begeistra over skrivestilen og menneskeskildringane. Julie skjønar eg meg ikkje heilt på - der må det ligge noko alvorleg bak hennar reaksjonsmønster, meir enn det vi får vite, kanskje...
Kanskje eg får vite meir om eg les hennar neste bok?
Frå meg får boka terningkast 5 :-D
Denne tålte absolutt å bli lest omigjen etter ikkje så alt for lang tid! Skulle diskutere den i lesesirkel, og hadde tenkt å berre skumme igjennom for å vere oppdatert, men vart så gripen både av den vakre, men tragiske historia og ikkje minst av det lyriske språket at eg brukte god tid....og det var det verdt.
Ser ikkje bort frå at den tåler å bli lest mange gonger, og at den gir meg noko kvar gong.
Først så vil eg sei at eg er glad for at Haugtussa vart valt, sjølv om tidspunktet ikkje har vore optimalt for meg.
Eg har kjent frykta hos Veslemøy, eg har gledd meg saman med henne når ho kjende seg så glad og forelska saman med Jon, eg har lide saman med henne når ho måtte innsjå kor ho vert sviken, og eg er glad for at ho ser ei lita von om å bli fri for troll, vetter og haugkallar som tek slik makta frå henne.
Rytmen i dikta varierer, eg har fått assosiasjonar både til Aasen og Sivle undervegs.
Mi gamle utgåve har ein god del notatar/ små kommentarar som har vore til nytte for meg under lesinga. (Har forresten ei nyare utgåve, viste det seg, med mange ordforklaringar, den får eg ta i bruk neste gong - for ein neste gong må det bli).
Men - igjen: TAKK for gjensynet med Haugtussa!
Tingene er aldri akkurat slik man gjerne vil, Wilfred. De er alltid annerledes, særlig når det gjelder kvinner. De er smartere enn menn, de snurrer oss rundt lillefingeren, de lurer oss trill rundt uten at vi merker det.
Stor litteratur kan ein kanskje ikkje kalle denne, men eg må tilstå at eg vart sjarmert.
Har hatt det rett så triveleg i selskap med jentefuten og gravferdsagenten Wilfred og dei to jentene Grace og Flora. Synest Wendy Jones framstiller konvensjonar i det småborgarlege samfunnet i den vesle landsbyen på ein rett så god måte. Enkelte av skildringane av smålege menneskelege reaksjonar har ho treft på kornet, kan ein kanskje seie.
Både personar og romanen i seg sjølv hadde ei positiv utvikling, sjølv om ein til tider skulle ønske at dei kunne ha sagt det som seiast burde..
Har gitt kar 4, og den er heller sterk!
Eg er visst litt bakpå, ser eg, men sånn er det av og til....Har travle dagar både på heimefronten og på jobb.
I går sette eg meg imidlertid ned og las første delen, og sjølv om eg kjenner mange av dikta godt frå før, så vart eg både rørt og engasjert. For meg er "Haugtussa" eit oppkome av bilde, stemningar og kjensler. "Garborgs rikeste diktverk" står det framme på mi gamle bok.
Det er lyrikk
Det er musikk
Det er rytme og ordspel mellom det aller,aller beste.
Eg får sånn godhug for Veslemøy som er så utanfor og einsam - ufrivillig, trur eg. Ho er rar der ho kommuniserer med skrømt og vetter, endåtil ho mor ser det, i diktet "Haugtussa":
Tidt mullande gjekk ho
med mørke ord
og skremde stundom si eigi mor;
dei sa ho vanta på vitet.
Heldigvis er der lyspunkt, optimisme:
Å nei, for himmel rein og klår!
Å sæle meg, no er det vår!
..og det er der her hos oss med i dag! Ein flott dag med sol som varmar!
barn skulle ha ein slik oppvekst som den Lisbeth Pipping skildrar i boka si Kärlek och stålull
Fekk denne boka av ein god venn av meg som meinte eg burde ha interesse for dette sidan eg har tilknyting til barn og ungdom i kvardagen. Og det hevdar eg – utan å blunke – den som ikkje vert påverka av dette, må vere laga av stein.
Lisbeth Pipping fortel om ein barndom der ho som eldste jente i familien må ta ansvar som ein vaksen alt frå fire års alder. Mora var tilbakeståande, faren hadde alvorleg alkoholproblem. Då han flytta ut var det Lisbeth som måtte vere støtte for mora, og ikkje minst for dei to yngre søstrene.
På ein usentimental måte skildrar ho ein kvardag som er vanskeleg å fatte: Lite pengar, dårleg – for ikkje å seie manglande kosthald, dårleg stell og lite eller ingen omsorg. Mora var rett og slett ikkje i stand til det.
«Min mamma kunde inte sköta en tvättmaskin, så derfor fick hon aldrig
någon. Men oss tre flickor fick hon sköta själv».
Følgjene av ein ikkjefungerande heim vart store, både på skulen og i fritida. Hjarteskjærande følgjer!
Men - trass i eit svært så dårleg utgangspunkt greier ho å formidle både håp, optimisme og dei små gledene i ein vanskeleg kvardag. Forfattaren har greidd seg godt seinare i livet, og ho fortel kvifor. Det er viktig at vi kan verte bevisste på det at akkurat eg kan bety ein skilnad for ein som treng det.
Alle som har med barn og ungdom å gjere bør lese denne!
Sluttar meg til din omtale av boka, Rose-Marie! Du får sagt det meste, og sagt det godt!
Om eg skal føye til noko, må det vere at eg vart fysisk uvel av å lese om den bestialske, grufulle, umenneskelege (eg finn ikkje ord som beskriv godt nok) måten å avrette folk på. Lite som harmonerte med kristen tankegang der, ja!
Det var også eit artig innslag at dei norske sjømennene som Vetle Lid Larssen fortel om i boka som eg nyleg har lese: 1001 natt er referert til også her.
Alberte er ei mellomklassejente som bur saman med foreldra og broren Jakob langt oppe i det kalde nord. Og kaldt er det, både ute i ein svært kald nordnorsk vinter, men ikkje minst inne i den vesle familien som ein kanskje kan kalle dysfunksonell? Alberte frys.
Faren er sorenskrivar, mora er heimefrue - og svært så kritisk til Alberte. Ho fortel henne stadig vekk at ho ikkje er fin, at ho burde gjere noko for å sjå betre ut...
Alberte sjølv vil helst gå på skule, noko dei ikkje har råd til , men kanskje aller mest vil ho bort, bort frå alt, bort frå foreldra, bort frå stoppekorga og alle dei holete strømpene.
Opplevde boka som fascinerande på fleire plan: Forholda i den vesle familien, Alberte sitt forhold til broren, hennar tiltrekning til Cedolf som ho eigentleg er litt skremt av, og den utviklinga ho gjennomgår på det personlege planet. Det er ikkje til å unngå at ein får sterk sympati for denne innadvendte jenta som ber i seg så mykje lengt mot noko betre.
Hos meg fekk boka kar 5, og den er ikkje svak!
PS: Og - reint språkleg er dette mellom det aller fremste!
Er heilt enig i at denne er ei bok som kan lesast fleire gonger. Har iallfall lese den minst ein gong før. Synest at både skildringar og språk er mellom det aller fremste innanfor norsk litteratur.
Har omsider leita fram mi gamle, vel-lesne billigutgåve av Haugtussa. Det er ei bok eg er svært glad i, og som eg også har brukt under utdanning.
Konfererte med ein kollega av meg om opningsdiktet, og vi konkluderte med at dette meir personlege diktet -som står litt utanfor historia om Veslemøy -er ein dedikasjon dels til Jærlandskapet som var langt unna Asker, og dels til faren hans.
Bake i mi bok kan eg lese under "Merknader":
Her talar eit eg som vi må tru er diktaren sjølv, til eit du som snart er eit landskap, snart eit menneske som har gått under i livsstriden. Vi kan vel oppfatte diktet som ei tileigning dels til Jæren, dels til Arne Garborgs far.
Haha! No fekk eg meg ein god latter her i øspøsregnveret i nordvest! :-) (Har forresten sansen for lektor Tørdal)
Også lidelsen er en flyktig størrelse. Det er alltid en viss trøst å vite at der finnes noen som har det verre.
Ei verkeleg utruleg historie om trønderen Niels Moss og bergenseren Christian Børs som reiste ut som mannskap på det norske seilskipet «Jomfrue Christina» i året 1769. Skipet vart kapra, og livet deira endra seg radikalt - dei måtte takle eit liv som slavar under svært miserable kår.
Eg er imponert over den formidable jobben forfattaren har hatt mede å leite fram dokumentasjon på historia, som iallfall for meg var heilt ukjent.
Innhaldet er ganske lettlese, med kronologisk handling og korte kapittel.
Synest historia om dei to sjømennene og det arbeidet som vart sett i gang for å berge dei var interessant. Synest også kapitla om detektivarbeidet som Lid Larssen utførte kanskje er minst like spennande som historia om dei to slavane.
Eg enda opp med å gi boka kar: 5
For meg vart dette eit nytt og spennande møte med Aravind Adiga. Eg trur kanskje eg ikkje har fått det maksimale ut av boka sidan vi nokre dagar har vore ganske opptekne av svært hyggjelege hendingar i familien, så lesinga har gått litt i rykk og napp.
Men - eg likte boka, med små glimt av små og store hendingar i Kittur, nokre meir fascinerande enn andre.(Eg vart litt i stuss av slutten på nokre av historiene, veit ikkje om eg forstod...)
Synest han får godt fram det mangfaldet som pregar indisk kultur, eit samfunn som er sterkt prega av krydder på meir enn ein måte. Ei smaksrik bok som er vel verdt å lese.