Oi...Kor flott! Det skulle eg gjerne ha sett. Kanskje ein og annan bibliotekar kan få gode idear til bokdagen neste år :-)..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I dag lurer eg litt på om det vert gjort noko rundt om sidan det i dag, 23.04. er den internasjonale bokdagen?
Eg var så snarast innom vårt lokale bibliotek, men dei kunne berre tilby eit godt smil og mange nye, spennande bøker.
Eg for min del markerer dagen med gode franske ostar, og ei svært artig russisk bok; nemlig "Døde sjeler" av Gogol.
Ha ein fin bokdag!

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Heia, eller god kveld til dokke alle!
Her var det mange gode bokforslag, må eg sei!
Hadde tenkt å kome med eit forslag eg også, men sidan helsa mi ikkje samarbeider for tida, så...
Eg trur eg må sei det slik at eg kanskje blir med, men "it depends".....
Om eg likevel får lov til å stemme, til tross for det usikre, så gjer eg det.
Uansett: Lukke til med avstemming, og diskusjonen kjem eg til å følge med på :-)

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Jorda gir...

Då ein ven baud meg ei eldre utgåve av denne, takka eg ja - hadde høyrt om den.
Og eg er glad for at eg omsider tok meg tid til å lese.

Dette er historia om Wang Lung som i starten av forrige hundreår bur saman med faren svært så fattegsleg ute på landsbygda i det føydale Kina.
Det heile startar med at han gjer seg klar til å gå for å gifte seg med O-lan, ei heller stygg, fattig tenestejente med store føter!! som han aldri har sett.
Berre skildringa av dette var verdt heile lesestunda for meg! Det rørte meg mykje å lese om desse to på den lavaste rangstigen som møttest for å leve eit heilt liv i lag!

Vi får skildra eit hardt liv, med tungt arbeid, barnefødslar, og eit sosialt system der kvinna ikkje hadde mykje ho skulle ha sagt.
Det går fint med dei, heilt til tørke og uår gjer at dei må flykte sørover. Til alt hell selde dei ikkje jorda, så etter nokre år kunne dei vende tilbake. O-lan hadde heilt tilfeldig funne verdisaker, noko som førte til at Wang Lung vart ein velståande mann, han fekk seg endåtil ei kone til!
Det skal snart vise seg at rikdom ikkje alltid gir meir lykke. Det einste som ikkje taper seg i verdi, er jorda.

Pearl S. Buck fekk nobelprisen i litteratur for denne boka som vart utgitt i 1931 første gong.
I 1937 vart boka filmatisert, og også filmen fekk prisar. Vårt lokale bibliotek skaffa meg nyleg filmen, og også den var vel verd å sjå!
Boka fekk terningkast 5 av meg, og filmen fekk minst like mykje

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Takk for hyggelig tilbakemelding, set pris på det!
Boka har sine positive sider (første delen), og mange likar den svært mykje betre enn meg. Og ein 4ar er no ikkje så ille, då.....

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Når hemnen vert styrande...

Abel Rosnovski (Wladek) og William L Kane er hvudpersonane i denne murstenen på nesten 650 sider. Fattigguten Abel vart fødd i Polen på same dagen som millionærsonen William vart fødd i USA.
Oppveksten og ungdomstida til desse to er diametralt motsette. Medan William er fullstendig ukjend med fattigdom, må Abel kjempe for livet i svært mange ulike, vanskelege miljø; fattigdom, matmangel, krig, arbeidsleir i Sibir mm.
Likevel har begge ein ting felles: dei er sta, og kjempar innbitt for å nå måla sine.
Abel oppdagar også på tragisk vis at han har sterke band til menneske med høg status i heimlandet, og beviset for det er eit tungt, inngravert sølvarmband som han på uforståeleg vis greier å halde på trass alle vanskar.

Vi får delta i immigrasjon, forretningsliv på godt og vondt, aksjespekulasjonar, venskap, deltaking i krigen i Europa, ekteskap, barn og familieliv...

Dei første 300(ca) sidene bergtok meg. Det var fascinerande å lese om dei to og deira miljø som neppe kunne ha vore meir motsette. Likte godt å lese om kampen Abel hadde for å kome seg til USA, og om korleis han arbeidde med kløkt og innsikt for å oppnå suksess - materiell suksess.

Likevel vart det ikkje toppscore her. Her vart litt vel mykje aksjespekulasjonar for min del, ein del klisjear både språkleg og innhaldsmessig, og handlinga gjekk meir og meir over til å bli forutsigbar. Og så hemn, hemn og atter hemn......
Så denne som eg hadde sett slik fram til, fekk av meg terningkast 4..

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Vel å skrive mi vurdering her, sidan eg er svært enig i det du skriv...er også enig med fleire av dei andre, kanskje spesielt med Karin Jensen.
Det er nokre dagar sidan eg fullførte, og gemalen leverte den tilbake til biblioteket. Har vore forhindra for å skrive mi meining før no.
Eg likte boka, spesielt det språklege. Likevel så vart eg både irritert og provosert over den tafatte mora. Det som kanskje irriterte meg mest, var alle repetisjonane av kor usikker og handlingslamma ho var, synest det fekk litt for mykje fokus, vart litt lei av å lese om det.

Eg sat med nokre spørsmål til meg sjølv då boka var ferdiglesen, ma så trur eg ikkje eg oppfatta kva som var "bodskapen", kva forfattaren eigentleg ville sei, anna enn at det var for mykje usagt mellom personane, og at det får konsekvensar??
Trur kanskje at det ikkje er ei bok eg kjem til å huske lenge, dessverre.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ein god porsjon spenning her, absolutt!
Spesielt spennande å lese om den kidnappa, innesperra Alex. Synest også at forfattaren har fått inn ein del uventa vendingar i thrilleren.
Eg fekk assosiasjonar både til "Kvinnen i buret" av Adler Olsen og til Lisbeth Salander i Milleniumtrilogien - iallfall litt.
Fekk sansen for overbetjent Camille Verhoefen, trass i at han ikkje framstår som ein av dei mest sympatiske, akkurat.
Undervegs i lesinga kasta eg terning...4..nei, 6,...nei!, 5, eller?
Trur eg let tvil kome tiltalte til gode....Det får bli 5

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kva er det eg ikkje ser?
Tenkte at denne skulle vere påskelektyre i år, har stått på vent ei stund.
For eit par år sidan vart eg heilt hekta på Maria Magdalena, las fleire bøker om henne.
No hadde eg forventningar til at denne skulle gripe meg på same måten, men nei, det vart ein nedtur. Eg greidde ikkje å finne Eg- forma av Yeshua truverdig, det vart så annleis enn det bildet eg hadde frå før....
Så derfor avbraut eg, dessverre.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Også av meg fekk "Mønsteret rakner" terningkast 5, men ser at eg las den ferdig i februar....
Den aller beste boka i mars var for meg Ned til elva av Leif Enger.
Var nesten lei meg når den var slutt...
Trur eg tillet meg å legge til Lommelyktgutten av Ove Røsbak.
Av ulike årsaker har vi ikkje lytta heilt ferdig, men har svært lite igjen, dessverre! Dette er både poetisk og svært fornøyeleg!

Håper påskeværet er litt betre rundt om enn her hos oss- tjukk snøkave og vinter i dag, og det er ingen aprilspøk! :-)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Tja...
Eg har ikkje lese andre bøker av denne forfattaren, og trur at dette blir "the one and only."
Mange lange, og kronglete setningar og sprikande innhald gjorde at eg tenkte å avbryte heile boka. Men, fullførte på eit vis, og heilt utan gode avsnitt og gode kapittel er den ikkje:

Det var en grense. Den grensen var lekselesing. Det hjalp ikke å lese. Han husket ikke det som ikke angikk ham. Han kunne lese en halv side om snyltevepsens forenklede tarmsystem. Han kunne sitte en hel dag og lese den halve siden. Så ble han hørt, og han husket ingenting.

eller

Tommy hadde lest Ernest Hemingways noveller både på engelsk og norsk. Ernest Hemingways noveller angikk ham. De var lette å lese. De var så lette å lese at Tommy ikke anså dem som litteratur.

Temaet med vanskelegstilte barn på internatskule interesserer meg, men denne greip meg berre delvis. Dessverre...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er heilt enig! Eg vart nesten provosert av den bortskjemde guten, på veremåten hans overfor ei usikker mor med dårleg sjølvkjensle, ei mor som verka sjølvutslettande og nesten litt redd sonen sin? Kan verke oppkonstruert, ja.
Forholdet mellom mor Irene og dotter Linn er heller ikkje det beste - og det same kan ein vel sei om forholdet mellom dei to søstrene Irene og Elisabeth...
Alt i alt verkar det anstrengt og usikkert mellom dei fleste eg har møtt til no i boka. Den einaste som verkar bestemt og handlekraftig er kanskje Elisabeth....
Og så er det videokameraet - det spelar ei større og større rolle, ser det ut til. Eg skal til på kap 7

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Godmorgon! No er også eg omsider i gang med "Hva jeg betyr". Ser at det kan bli interessant, trur skepsisen min vert gjort til skamme!
Når det gjeld tal på lesarar, så finn ein det ganske lett ved å trykke på Finn bøker, og deretter Bøker som leses nå.
Dei aller fleste som les, trykker på "Leser" når dei er i gang med boka, men ikkje alle, ser eg...
Såg at det no er 9 registrerte, men er sikker på at det iallfall er 10.

Ha ein god dag vidare til deg og alle andre lesarar- kos deg med boka di!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg talde lenge på knappane om eg skulle vere med på denne - men, boka er no iallfall komen i hus, biblioteket ordna det fint. (Boka var heilt ukjend for bibliotekaren...)
Eg kjem uansett først til å fullføre Skyggeferden av Sara Azmeh Rasmussen som eg starta på før helga. Ho skildrar oppvekst og tilhøve i Syria på ein fin måte - ein sterk kontrast til det krigsherja landet i dag...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Flotte greier! No ser det ut til at det fungerer! Du er flink Andre! :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Å selje bøker har eg faktisk ikkje tenkt på. Kvar får du selt bøker?
Der eg leverer bøker eg ikkje får gitt til familie eller venner, f.eks. på brukthandelen, betaler dei ikkje, og det synest eg ok. Men, sjølvsagt hadde det vore greit med nokre kroner til kjøp av nye bøker, då...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lurer på kva du gjer når bokhyllene blir overfylte, svært overfylte?
Eg er i gang med litt opprydding....nokre bøker blir her like lenge som meg, medan nokre skal få ein ny "heim". Trur mine næraste skal få førstevalget, deretter blir det vener i lesesirkelen min som skal få, og om det då er nokre att....bruktbutikken er eit alternativ.
Har også levert bøker til bokbyen i Fjærland ein gong.
Men kaste...ALDRI!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ser at nokre av forslaga er bøker eg har lese før, og nokre er ukjende....
Eg trur eg vil foreslå ei bok av ein av våre nye landsmenn, nemlig Sara Azmeh Rasmussen og hennar bok Skyggeferden.
Eg trur at boka er både lettlest og interessant - og kanskje ikkje minst aktuell med alt som skjer i Syria også i dag.
Har såvidt vore innom og lese litt, og likte godt det eg las. Det er ein sjølvbiografisk roman som skildrar både det syriske samfunnet og det å kome til oss som innvandrar.
Bake på boka kan eg lese:
"Forfatteren skildrer problemstillinger som er høyst relevante for et moderne skandinavisk samfunn".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er kjekt å lese det du skriv, Mariann, så då er det dumt at så mange ikkje kan sjå det, fordi det kjem ikkje opp i denne Sist sagt.
Og det som er minst like dumt, er at det gjeld fleire enn deg. Kanskje ein skulle ha kontakta admin, André er vel den som kan gjere noko med det?

Ellers så må både du og andre bokelskere ha ein fin søndag!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ok, då er det ikkje berre her hos meg. Det er ikkje alltid like lett å forstå alt dette med data, men - du har heilt rett i at det meste fungerer eksemplarisk. all ære til dei som administrerer bokelskere. no. Dei gjer ein god jobb til glede for mange :-D

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Julie StensethLilleviAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterOdd HebækAnn-ElinHelena EAnniken RøilAvaChristofferBenedikteTralteMorten MüllerKirsten LundEvaMonica CarlsenmarvikkisBjørg L.PiippokattaMorten JensenDaffy EnglundToveMads Leonard HolvikBertyAlexandra Maria Gressum-KemppiTanteMamieVannflaskeTove Obrestad WøienElisabeth SveeSynnøve H HoelGodemineHeidi HoltanKari FredriksenKjell F TislevollAskBurlefotTrine Lise NormannlittymseKjersti SIngebjørgIngunn S