Nokon som merka seg dette i kapittel 3:

Fyrste introduksjon av fyrstebetent George Gunn: .... Han hadde på seg mørk dress med hvit skjorte og blått slips under en tung, foret, svart anorakk.

3 sider seinare, etter bilturen frå flyplassen til politistasjonen: Gunn gled ut av bilen med en svisjende lyd fra nylonboblejakken.

Er det dette som blir kalla blooper på film? Nokon som veit uttrykket på norsk og i samband med bøker?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sjette boka av Seljestad. No går han etter mi meining på tomgang. Han har skrive om oppveksten og om foreldra, broren, fabrikken, Bremen og alt det andre han brukar 500 sider på i Eitranes. Fyrste 30 sidene handlar om at han, kona og dei to borna tek båt og køyrer inn til Bremen, så 10 sider om at dei tok feil av etasjane der dei skulle bu, så avsnitt om universitetet i Bremen, avbrote av tilbakeblikk til oppveksten i Eitranes (Odda), og slik held det fram. Dei to beste bøkene av Seljestad er Isberg og Snøen stryk ut alle spor, der han ikkje grev seg ned og forvillar seg inn i eige liv og endringar. Både i Fjorden og Kjære, bror får vi vite om Seljestad sin oppvekst, om familien, fabrikken og generelt korleis det var å vekse opp i Odda, og desse to bøkene likte eg, og dei er begge to svært personlege. Men nok er nok. Det slår meg at Eitranes er meir ei øving for forfattaren sjølv enn det er ei bok å lese for den som alt har vore gjennom 5 av dei føregåande bøkene til Seljestad.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg likar ideen til Renberg, men mi oppleving var at boka er altfor lang. Eg synes slutten er best, for her kjem jo Renberg endeleg til kjernen. Omstendeleg skildring av West Ham-kamp i London og kvardagsprat ispedd samleiescener mellom Jørgen og kona sikkert greitt, men blei kjedelig og for "straight".

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg las 70 sider, så skumma eg fort gjennom resten, fram til siste 10 sidene, då vi får sjå dagboka til Steinar. Det er ei veldig interessant og kjenslefull kjerne her, men boka er altfor lang. Novelleform hadde passa betre, i staden for lange passasjar med til dømes West Ham-kamp i London. Kort og godt ikkje særleg spennande, og eg irriterte meg over stadige skildringar av samleie med kona. Ser at fleire synes slutten er svakaste delen av boka, men det er absolutt omvendt. Her kjem Renberg endeleg til det vesentlege, etter over 200 sider med ei slags lågmælt spaningsoppbygging.
Har iese Tollak til Ingeborg, som eg likte mykje betre, fordi boka er kortfatta og ikkje går rundt grauten.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

No er dette 5te boka eg har lese av Jan Ove Seljestad. Han bevegar seg i same territorium, men her fortel han om sjølve skrivegjerninga, om byen Bremen, der han både arbeidde ved Universitetet og hadde skriverom i mange år, vi får høyre mykje om forfattarvenen, Jan Roar Leikvoll, som brått døydde som 40-åring og om ekskona, sonen og den noverande kona hans. Som vanleg dreier det seg om mørke tankar om å ikkje strekke til, streif av lukke, familierelasjonar og tankar om dauden og om det er verdt å halde fram.
Eg vart hardare treft av Isberg, Snøen stryk ut alle spor og Fjorden, men Ta hand om deg var kortlest i løpet av nokre ettermiddagstimar. No spørst det om eg skal avslutte mi Seljestad-ferd med romanen Eintranes, som han sjølv seier er meisterverket sitt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Svært bra! Tiller både skildrar veldig bra OG er meister i det usagde og såre i mellommenneskelege relasjonar. Tidvis noko forvirrande med stort persongalleri og at skrivemåten er lik i alle dei tre breva og bolkane. Likevel las eg boka ut på kort tid, så derfor terningkast 5..

Godt sagt! (1) Varsle Svar

No har eg lese fire bøker av Lars Ove Seljestad. Fyrst las eg Isberg, så Snøen stryk ut alle spor, deretter Fjorden og no til sist Kjære bror. Dei to fyrste traff meg hardt og var veldig konsentrerte i handling og gjekk rett på sak. Fjorden var meir langdryg, men likevel svært god. I Kjære bror held Seljestad fram med sondering av menneskedjupna. Dei næraste relasjonane og dette evige spørsmål: korleis klare sitt eige liv, og kvifor tek nokre den einsame vegen vekk frå alt?
Eg likar Seljestad veldig godt, men enkelte delar av Kjære bror er ikkje heilt truverdig. Det tette og sterke forholdet mellom storebroren og bestefaren har tidvis eit overjordisk og magisk preg, som om forfattaren smørjer for tjukt på. Faktisk litt irriterande. Elles får vi lese om oppveksten i Odda, mellom anna om rivaliserande gjengar med born som slest om kven som har rett til å bruke den kommunale leikeplassen og om to bilvrak ved elva som i fantasien blir til både fiskerestaurant og fluktbil for bandittar i Amerika. Eg opplevde forteljinga som noko ufokusert. Derimot likte eg slutten, for då var forfattaren nøydd å ro seg i land, og her er Seljestad på sitt beste.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det enkle er ofte det beste. Kan vere ein person som har sett røynda gjennom abstrakte resonnement og teke avstand frå det materielle, men alt rakna etter at ein ordlaus muskelbevegelse opna for ei ny forståing.. Kanskje det minna han om noko frå barndomen?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Minner meg om Jon Fosse innimellom, men med meir flyt og skildringar, mindre kryptisk og meir lesarvenleg. Seljestad nyttar gjentakingar ofte, men språket flyt veldig lett og er lett forståeleg, i tillegg til at detaljrikdomen og dei levande skildringane gjev fylde og rikdom.
Det kan hende boka er litt langdryg, men kanskje måtte det berre til for å fortelje historia om han sjølv og besteforeldra, foreldra, og særleg faren. Hoveddelen av boka er buss- og båtturen han og faren tok for å hente ny trebåt og motor. Då var han 7-8 år, og vi les om det som skjedde frå guten sitt perspektiv, skrive på ein veldig truverdig måte, som om den middelaldrande ser tilbake, men klarer likevel å fortelje gjennom barnesinnet si oppleving.
Resten av boka er refleksjonar rundt kvifor ting blei som dei blei før og etter, og endar med tankar kring det å klare sitt eige liv, klare å leve her og no, og mørket og døden og forfallet som er i oss og tærar på oss.
Dette er ei djuptpløyande bok om det å vere til og det vanskelege forholdet til dei aller nærmaste. Eg beundrar Seljestad for å vise fram sitt innerste på denne måten.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg levde meg heilt inn i denne forteljinga om ein gut i 7-ande klasse som har mista faren, og må ta hand om veslebror sin og vere den vaksne. Mor klarer ikkje å ta seg av dei, klarer ikkje seg sjølv ein gong. Vi får sjå frå guten sitt perspektiv og frå mor sitt. Mor har klart å få uføretrygd. Noko skjedde då ho var lita som gjer at ho ikkje har tru på at lukka er for henne. Ei kort stund opplevde ho glede og tilnærma tryggleik ilag med mannen som alltid var der for ho og venta på ho heilt til ho klarte å opne seg opp. No er han borte, og ho har gjett opp, og trives best åleine, eller på fest om nettene med andre som ikkje fiksar livet. Guten har ingen å vende seg til, og må for einkvar pris halde skjult korleis han har det.
Vakker og lettlest bok. Sår, rørande, djup, med stor empati for denne vesle familien og alle som ikkje heilt får det til.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kort og lettlest roman om ein gut som mister begge foreldra i eit ras medan han ligg i kjellaren og søv. Boka fortel i brotstykker frå tida like etterpå, fyrste skuledagen, seinare når han får jobb på verftet der far hans hadde jobba, og siste scena der vi ser kor øydelagd, agressiv, mørk og destruktiv han er blitt. Kvart av brotstykka er avskilde med valdsam, undergangsaktig, Edda-lydande poesi der raset som urkraft i tilværet kjem til uttrykk, i naturen, menneska og guten fanga i kjellaren medan raset fær med foreldra.
Eg las ut boka i løpet av ein kveld, og har tenkt å lese meir av denne forfattaren.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg gjekk lei og avbraut etter 50 sider. Litt for kult språk, for mange gongar bruk av ordet "pikk". Type sånn: " Vi sat i badekaret, tre gutar med skite hår og tre pikkar." Det er til og med eit kapittel som heiter "Pikkforlenger". Veldig irriterande etter mine begrep.
Tidvis traff det ei nerve, men eg gadd berre ikkje å lese meir. Boka består eigentleg berre av episoder frå barndomen til dei tre gutane. Handling og noko slags heilskapleg forteljing er fråverande. Ikkje verdt det.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Les du virkelig ei side på i underkant av eit halvt minutt? Korleis får du anledning å reflektere over språk og innhald? 😊

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Boka består av 6 noveller. Dama med hunden, Elsklingen, I dalbotnen, Bønder, Den svarte munken og 6. avdeling. Eg likte veldig godt dei to fyrste og to siste. I dalbotnen og Bønder fekk eg ikkje heilt taket på. Livet på ulike høgder av rangstigen i det russiske samfunnet blir skildra på ein levande måte, mest frå landlege delar, men og frå overklassemiljø, som i Dama med hunden. Det er livets harde realiteter som iallefall før eller seinare overraskar hovudpersonane, lesaren eller begge to. Elsklingen blei eg noko overraska over, då eg fann ho vakker, men ser i etterkant at moralen seier noko anna. 6. avdeling er brilliant, og kanskje den eg kjem til å hugse best og lengst.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg leid meg tidvis gjennom boka. Som ein draum, består ho av brotstykker, og skildringane er utmalande og merkelege, tidvis uforståelege. Eg hugsar berre ein og anna ting no etterpå.

Døme: "Desse primitive skapningane var derimot ingenting samanlikna med formrikdommen og storleiken til pseudofaunaen- og floraen som kunne oppstå i visse smalt avgrensa omgivnader. Desse omgivnadene er gamle husvære, metta med utstrøymingar av talrike liv og hendingar - oppbrukte atmosfærar, rike på dei spesifikke ingrediensane i menneskelege draumar - ruinar bognande av minnetung mold, lengslar og karrig keisemd. I dette jordsmonnet spirte pseudevegetasjonen raskt, parasitterte rikeleg og flyktig, dyrka fram kortliva generasjonar som blømde snøgt og strålande for like fort å slukne og visne."

Slik held det eigentleg fram i heile boka, draumeaktige skildringar utan særleg mål og meining. Klart, innimellom kjem det lysglimt der skildringane treff meg, men samla sett ikkje mi greie.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ei av mine fyrste leseopplevingar, og hugsar eg sat som støypt i sakkosekken. Hovudpersonen vaknar opp på eit hotellrom i Oslo, blodig og fæl, og veit ikkje kva som har skjedd eller kor han er, men når han ser seg i spegelen på badet, er det ikkje hans eige ansikt. Perfekt spaning for ein tenåring i starten av sitt leseliv.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Som tenåring elska eg Dean Koontz. Eg var omtrent besatt av han, og syntest han hadde eit veldig levande språk med mange flotte skildringar, i tillegg til spanande handling med innslag av science fiction, seriemordarar med meir. I dag les eg heilt andre typar bøker, men den gong då var det lite som kunne måle deg med Koontz. Derfor gjev eg terningkast 6.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er iallefall 30 år sidan eg las denne boka, men eg hugsar at eg las ho non stop på ein ferietur, og at eg altså var heilt oppslukt i ho. Eg kan ikkje vurdere boka ut ifrå min smak eller erfaringshorisont i dag, men som ung tenåring var ho midt i blinken.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne omtalen er subjektiv, pluss at eg ikkje klarte å lese ut boka. Eg hugsar skildringane var gode, og at det var interessant å lese om eit Norge slik det var før, med uframkomelege bygder og store skogar. Eg slutta å lese på grunn av den tragiske kjærleikshistoria, der to menn ville ha same kvinna. Det vart for opprivande for meg, og tok alfor mykje fokus.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er 7 noveller i boka. Alle handlar om folk som står på utsida av det normale, og som på ulike måtar tek val og følgjer impulsar og idear og eigen kurs der det ikkje er nokon veg tilbake. Interessant konsept, og særleg 3 av novellene funka bra. Eg likte best desse tre: I virvelens makt, om ein som drøymer om usynlege virvlar, og melder seg på fallskjermkurs, med intensjon om å følgje ein slik virvel i eit svev. Utenfor synsfeltet, som er ei svært kort forteljing om sjølvmord, og til slutt I et annet lys, der ei dame bestemmer seg for å slutte å ete. Uhyggjeleg lesnad, og for å vere heilt ærleg hadde eg eit skikkeleg mareritt same natta etter eg las ferdig boka. Dei fire andre novellene fekk eg ikkje heilt taket på. Kanskje var dei litt sære, eller at dei ikkje hadde tydeleg og interessant nok innhald til å gripe meg. Muligens eg les dei ein gong til

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågMarianne  SkageHarald KFiolToveBertyKaren RamsvikBerit B LieLailaEli HagelundTanteMamieTove Obrestad WøienMarianne TKirsten LundmgePi_MesonG LKristine LouiseTor-Arne JensenDinaTheaTone SundlandLiv-Torill AustgulenStig TAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJarmo LarsenVannflaskeNinagretemorBente NogvaCarine OlsrødritaolineReidun SvensliGrete AmundsenKjell F TislevollInger-LiseMarit HåverstadEmil ChristiansenTatiana WesserlingBenedikte