Veldig godt språk. Levande, men kortfatta og enkelt. Om å bli gamal, om parforhold, om å ha hund og om sambandet mellom oss menneske og alt som lever. Boka er stillferdig og kanskje trist, men i mine auger meir oppløftande og vakker.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Lettlest, men morosam og informativ bok om lemen. I tillegg kjempeflotte bilete!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Språket er heilt i toppklasse. Merkar at Saabye Christensen er ein virtuos. Boka er skriven i fyrste person fleirtal. Eit allvitande vi fortel på vegner av Herr Knapp. Han kjente jo ingen, og var i det store og det heile einsam, oppbunden i rutiner og levde i melankolien, minner om det som kunne ha blitt. Dette er ikkje ei lystig bok, men vi får ein slags omsorg for stakkars Herr Knapp likevel, og språket er så godt og dei uforetta sakene til Knapp er så kvardagslege og samstundes sære at det blir tragikomisk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Absolutt verdt å lese. Tjernshaugen er ein kunnskapsrik naturelskar, og fortel om sine eigne møter med reven, men går djupare inn i korleis Mikkel Rev fekk kallenamnet sitt, kva som karakteriserer reven og skil han frå andre dyr, og korleis denne luringen opp gjennom tidene har levd tett på oss menneske, både i naturen og i fantasien vår. Takk til Andreas Tjernshaugen for alle dei flotte bøkene om naturen og dyra som er oss så kjære!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mor har vevd eit teppe med motiv frå Draumkvedet. No er ho borte, og sonen er komen heim etter si eiga vandring i ein mørk draum som starta då verda deira fall saman. Han er blitt 60 år, og tenkjer at han har sove i tredve år, slik som Olav Åsteson sov i tretten. Det er fyrste gong han ser teppet. Vevde mor hans det for han, for å hjelpe han ut av sorga, for akkurat denne augneblinken?
Som Draumkvedet er boka litt mystisk, som om lyset kjem frå måne og stjerner. Velskriven, original og vakker, tidvis rett til hjertet, men eg skulle ønskje ho traff meg endå litt meir, så derfor terningkast 5.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk for innspel! Eg har ikkje lese nokon av dei.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hei!
Eg las for eit par år sidan boka Ulvepuls, der vi følgjer ein ulveflokk gjennom 4 årstider, sett frå deira sitt perspektiv. Elles har eg lese Raudt støv, Når landet mørknar og Hard er mitt lands lov av Tore Kvæven, og her er delar av bøkene fortalde frå dyret si oppleving.

Eg saknar fleire slike bøker! Det ser ut som det stort sett er barn som får sjå verda slik dyr gjer. Kvifor?

Derfor lurer eg på om de her inne veit om gode bøker skrivne frå dyra, eller andre levande vesen anna enn mennesket, sine perspektiv?

Takk!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/45074/Kayser_master.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Svært interessant masteroppgåve om Innsirklingstriologien.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

https://linjene.wordpress.com/2014/09/16/innsirkling/

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg tenkjer at om det var ein ting det heile begynte med som forklarar alt, så ville det likevel ha vore mange andre ting oppgjennom oppveksten og livet som spelte vidare på det og som kunne vere delforklaring, men kort og godt når David har funne ut kor han kjem frå og er tilbake nær der han vaks opp, så gjer han eit val om å prøve ein gong til, slutte å vere i opposisjon til alt og alle, og å seie ja til nye mulegheiter. Sjølv om mange ting framleis er vanskeleg og han grublar og er vrangtenkt. Kanskje det då ikkje er så interessant lenger akkurat kva det var som skjedde då han var liten?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har nettopp lese ut triologien.
Eg er litt usikker på kva eg eigentleg har lese. Kor allvitande er forfattaren?
I den fyrste eller andre boka blir eit barn drepe ved indianarleik, men det kjem aldri fram kven som drap ho vel? Eller var det David? I siste boka snakkar psykiataren og David om det at David har drepe nokon, men det blir ikkje nemnt kven han har drepe, og så plutseleg seier han at drapet var noko han dikta opp for å gjere forsking til ei bok han skriv.
Kva er eigentleg grunnen til at David er blitt som han er blitt? Er også antydning om misbruk i barndomen, men det blir ikkje stadfesta, og så plutseleg sluttar boka med at David har oppsøkt dei biologiske foreldra sine og har takka ja til å jobbe i laksebedrifta til familien.
Eg synes innsirklinga som Tiller har brukt 1500 sider på sluttar før vi eigentleg får vite noko?
Og dessutan har innsirklinga pågått så lenge og omstendeleg, og gjennom så mange personar og nokolunde like stemmer at eg ikkje klarer å få eit overblikk.

Kva tenker de som har lese triologien?

Godt sagt! (1) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kva er grunnen til det trur du? Burde vere marked for det vel?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hei,
Er det nokon som veit om denne boka er omsett til norsk? Synes det er rart at eg ikkje finn The Stand på norsk når eg søker på nett. Skulle tru ei av dei mest kjente Stephen King-bøkene finst på norsk?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hei, og takk for innspel og tips. Ser at maleriet passar veldig godt som framside på boka.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eit langt dikt i fri form, utan rim, som skisserer opp mennesket si utvikling frå Big Bang, til livets opphav, jeger- og sanketida, historia si byrjing, dei store kongerika, den industrielle revolusjonen opp til vår tid, alt saman blanda ilag med notida, 8-4-jobbing, forbrukarsamfunnet, sosiale medium, klimasaka, Donald Trump, den du elskar, kona di, borna dine, tenåringsdottera, deg sjølv på sjukeheimen og så vidare. Tidvis så storslagent og vidspennande og kreativt at eg frydar meg, men også alt på ein gong, og dermed litt forvirrande og ufokusert. Det store alvoret er dessutan blanda saman med satire, og eg er ikkje superbegeistra for litteratur og film der humor er blanda saman med det mørke. Mørk science fiction likar eg betre utan for mykje humor.
Å lese Det framande landet er som å råkøyre i ei tidsmaskin som tek deg gjennom heile mennesket si historie frå urtida til i dag, men heile tida er det ditt eige liv. Ei slags Eldre Edda der Tiller er nornen som spinner skjebnen din, leiar deg mot ei ny endetid. Kult Konsept. Kreativt. Som forventa er språket flott, og diktet kler veldig godt nynorsk som målform.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Den ja. Berre kjærleik og død. Eg har nettopp lese ut Svermeren, og den var bra, men eg hugsar Berre kjærleik og død hadde eit driv og noko tragisk og uunngåeleg ved seg som gjorde inntrykk. Kanskje Tor Jonsson er lettare å ha sympati med enn den Hamsun vi møter i Svermeren? Uansett, Berre kjærleik og død er blant favorittane mine.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg kjem nok aldri til å gløyme Hertug Hans. Stakkars Hans, som drog den lange vegen i barbariske og framande austerled og endte sine dagar der. Lesaren skjønar at det ikkje kjem til å gå bra, og Hans er som ein liten fugl i den trælete neven til ei brutal verd. Meir skremande bok skal du leite lenge etter. Slik opplevde eg det iallefall.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har du lese Kolloen sin biografi om Tor Jonsson? Veldig bra bok!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Levande, kult og fint språk som flyter veldig lett. Litt for lett tidvis, for eg kjenner ikkje heilt att strevet og vanskane til hovudpersonen, Carl, når språket gjev så lite motstand. Eg saknar også ein raud tråd i forteljinga. Han kjem fleire gongar tilbake til besteforeldra si NS-tilknytning, og foreldra sin krig om krigen og prater mykje om Maria, som han elska og som gav håp, men som han mista. Det er berre at han også er innom alt muleg anna, frå broren Abel, som han hevdar tok livet av mor deira på palliativ avdeling, og reiv sund det nyskrivne testamentet der Carl arva huset, karakterar han har kjent, x antal damer han har hatt sex med, møte med legar, helsevesen og skildring av at han rusar seg. Eg merkar meg at Abel og Maria er bibelske namn, og skjønar at det er meint å vere djupt, men det blir nesten fornøyeleg, heile tida litt forvirrande med alt han er innom, og dermed blir eg ikkje rørt av det som skal vere ei tragisk skjebne. Språket er nærmast eit vern. Alt er kult, flyter godt og skapar ein distanse. Har lyst å vite kva han føler inni seg. Lettare å hive inn på med sobril og alkohol og la det flyte. Det endar såklart ikkje godt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågMarianne  SkageHarald KFiolToveBertyKaren RamsvikBerit B LieLailaEli HagelundTanteMamieTove Obrestad WøienMarianne TKirsten LundmgePi_MesonG LKristine LouiseTor-Arne JensenDinaTheaTone SundlandLiv-Torill AustgulenStig TAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJarmo LarsenVannflaskeNinagretemorBente NogvaCarine OlsrødritaolineReidun SvensliGrete AmundsenKjell F TislevollInger-LiseMarit HåverstadEmil ChristiansenTatiana WesserlingBenedikte