Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 21 til 30 av 33 sitater

Eg hadde jobba på sildoljen eit års tid, til det lukta slik av meg at ei skrei med kattar følgde meg kor eg for....

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Han drakk ein slurk kaffi, og fylte koppen att med sprit. -No er det kaffi, sa han. -Slik som han var meint frå skaparen si hand.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Rompa hennar var så vakker at snøen ville koma til å smelta der ho gjekk

Godt sagt! (2) Varsle Svar

-Du som er slik ein språkekspert, sa eg. - Det er noko eg har lurt på. Det der med krikar og krokar. Eg veit jo kva ein krok er, men kva er ein krik? Munk peikte på ein krik. -Det er ein krik, sa han. - Det burde du ha visst. Eg skjemdest, og skunda meg å kome inn på noko anna.

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Då vi vakna visste eg at det hadde vore ei god natt igjen. Restar av draumane våre låg igjen på dyna og i gardinene, dei forma mystiske og fargerike mønster og lukta godt av sjeldne krydder, epleblomster, badesalt og barndommens sommarmorgonar.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Bibelen låg oppslått på profeten Habakuk. Berre ein profet med slikt namn kunne vere til trøyst for meg i slike tider

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Eg opna glaset og drog inn den søtlege augustlukta, som enno inneheldt litt duft av jenter og smørblomar, marihøner og kyr, sjø og jonsokbål og krokanis. Den skulle eg bere med meg og sleppe ut litt av når eg trong det.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Dei rette orda satt for seg sjølve på ein stemningsfull kafé, skåla og drakk og hadde det strålande med kvarandre. Ingen tenkte på at eg kunne trenge dei for å berge meg.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Det var ein fyr som hadde sagt til meg: Kvifor begynner du ikkje på universitetet? Der kan du gå i år etter år og likevel ikkje bli til noko når du er ferdig.

Det var det som gjorde utslaget for meg. Eg måtte finne noko å gjere, det var greitt, men bli til noko ville eg ikkje. Eg var ein type full av sjølvrespekt.

Godt sagt! (21) Varsle Svar

Koffor er det slik at vi som kjem frå slike fitteplassar i Bygde-Norge har slik ein jævlig trong i oss til å skyte folk?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Tor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenKirsten LundRuneAvaHarald KAud- HelenInge KnoffJulie StensethStig TIngunn SHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima MontgomeryKristine LouiseAnne-Stine Ruud Husevågmay britt FagertveitLailaTanteMamiePia Lise SelnesKine Selbekk OttersenGodemineSigrid Blytt TøsdalTralteRisRosOgKlagingPer Åge SerigstadBjørg  FrøysaaLisbeth Marie UvaagHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenMarianne  SkageTor Arne DahlDemeterAnn ChristinDolly DuckJan-Olav SelforsHeidi LMarit Håverstad