Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 33 sitater

"Eg sat no ved eit bord, med god kjøttkakesmak i kjeften, og såg framtida mi kome rullande mot meg som ei full høyvogn. Det lukta feitt og godt gras av ho, det var både kløver og plenti av timotei og ei sprellande grøn grashoppe sat på kanten med ein liten klarinett."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ingen rev, ingen abstraksjon, en helt ekte sexmaskin. Uforfalsket, firehjulsdreven kåtskap. Svare strev med å finne henne.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Du ser så pen ut at ein skulle tru du ville liggje med meg!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det var dette søndagsskulelærarane mine alltid hadde åtvara meg mot, og no såg ein kor mykje det hjelpte.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg tenkte: Enn om dei skifte, sette dei som sat i kretsfengselet, inn i rådhuset og omvendt, la dei byte jobb. Kva slags forandring ville det medføre? Ingen. Det ville ikkje bli noka forandring i det heile tatt. Forbrytarane var dei same, det kom berre an på kor dei sat.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

James Brown sette i eit grynt og begynte å fortelje at han kjende seg om ein sexmaskin. Det er så mange slags kjensler som kan kome over eit menneske.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg har begynt å få litt erfaring slik, eg kan sjå på folk når dei prøver å tenkje. Som regel kjem det lite ut, men dei har i alle fall prøvd.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Verten skjenkte oppi ein kopp av den typen som er så liten at når du har drukke han, så hugsar du det ikkje, og når dei krev betaling av deg, tar du det for ein spøk, og når du ser at det er alvorleg meint, begynner du å reflektere over kor absurd verda er, og kva som er meininga med alt saman.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Kor kjem vi frå, og kor går vi hen. Dette er to spørsmål. Dei er blant dei spørsmåla eg i det heile tatt ikkje stilte meg denne hausten.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Lykka sat og smilte inne i meg. Ho heldt likevel fast i greina si med ei hand. Ho ville nok sleppe heilt, men ikkje enno. Ho vippa att og fram på greina med morgonsola i ansiktet.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Tor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenKirsten LundRuneAvaHarald KAud- HelenInge KnoffJulie StensethStig TIngunn SHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima MontgomeryKristine LouiseAnne-Stine Ruud Husevågmay britt FagertveitLailaTanteMamiePia Lise SelnesKine Selbekk OttersenGodemineSigrid Blytt TøsdalTralteRisRosOgKlagingPer Åge SerigstadBjørg  FrøysaaLisbeth Marie UvaagHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenMarianne  SkageTor Arne DahlDemeterAnn ChristinDolly DuckJan-Olav SelforsHeidi LMarit Håverstad