Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 20 av 33 sitater

Hausten hadde slått seg ned, gjort det makeleg for seg, og såg ut som han følte seg heime. Eg åt berre syltetøy på maten, det einaste pålegget som bar løfte om betre tider.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er på ein måte ei lita trøyst i kråkene. Dei står på, dei. Heng på gatehjøra med sneipar i kjeften, drikk for mykje og riv med seg duk og servise når dei reiser seg frå bordet. Det er sjeldan du ser dei fly saman slik. Då skal dei liksom vere ein slags motorsykkelgjeng og dra ut og stelle i stand noko jævlig med trøbbel ein plass.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er ingenting mot det dei har gjort mot oss, sa Waglen. Der har dei øydelagt frukthausten med regn i fjorten år på rad. Frukta myglar på greinene kvart år, men kva kan du vente med arbeidarpartifleirtal i kommunestyret?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vi kan jo hemne oss med å drikke Bergen tom for øl. Det ville bli litt av ein hemn. Satan for tilstandar det ville bli!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Og kva fekk eg så sjå straks eg nærma meg Fisketorget og såg til venstre opp Strandkaien, om ikkje Kaffistova til Ervingen i eigen høge person? Ho låg på ein lur plass, ut mot hamna, slik at bygdefolket fekk auge på henne straks dei steig i land frå rutebåten. - Der er Kaffistova, ville dei tenkje og straks kjenne seg mindre åleine.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det blei stilt i andre enden. Stilt som eit bomba horehus. Så høyrdest ein nifs lyd. Først var det som om nokon trekte opp ei pilsflaske. Så var det som nokon reiv av etiketten, og deretter var det som eit lokomotiv ville kappkøyre med ei motorsag og ei fiskesløyingsmaskin.

Munk lo. Han hoppa rundt på golvet borte på partikontoret og brølte av lått, så telefontrådane flerra seg opp og det ikkje gjekk an å seie eit ord meir.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

-Då eg var liten ville eg så gjerne ha ein katt, sa han. - Einsam som eg var. Men far min ville ikkje gi meg nokon katt. Han bante og skreik at ein katt skulle eg ikkje få. Før skulle han ta livet av heile familien sin og setje fyr på huset.
-Eg trudde far din var død så tidleg, sa eg.
Munk stirte hardt på meg.
-Kanskje han var det, sa han. - Kanskje det nettopp var derfor han ikkje ville gi meg nokon katt. Kanskje han tenkte slik: Dau som eg er, er det ingen grunn til at eg skulle gi son min nokon katt. Han får klare seg utan. Snart blir han dessutan kommunist, og då treng han ingen katt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Faen til mas og ståk og tenners gnidsel det er på deg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ute regna det apekattar i laus vekt.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Den eines død, den andres madrass.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaFrode Øglænd  MalminJohn LarsenTor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenKirsten LundRuneAvaHarald KAud- HelenInge KnoffJulie StensethStig TIngunn SHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima MontgomeryKristine LouiseAnne-Stine Ruud Husevågmay britt FagertveitLailaTanteMamiePia Lise SelnesKine Selbekk OttersenGodemineSigrid Blytt TøsdalTralteRisRosOgKlagingPer Åge SerigstadBjørg  FrøysaaLisbeth Marie UvaagHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenMarianne  SkageTor Arne DahlDemeterAnn ChristinDolly Duck